Frå soga om gruvene på Litlabø

Gruvedrifta 1865-1903

Det første funnet av svovelkis på Stord vart meldt til lensmannen 10. oktober 1864 av Gotskalk Nilsen Evanger. Funnet gjorde han på Rossneset ved Litlabø. Dagen etter melde Tørres Dale om funn på Nysæter. Fleire meldingar om funn følgde raskt. Både på Nysæter og på Øvre Litlabø fann dei store førekomstar av svovelkis som låg slik til at dei kunne drivast i dagbrot. Førekomstane låg dessutan nært Storavatnet.


Gruvedrifta på Nysæter og Litlabø reknar ein med starta i 1865. Dei første åra var dei største gruvene på Rossneset og Nysæter. Frå 1874 var det drift i Høgåsen. I Nysæter-gruva sleit dei med dårleg ventilasjon i den store synken, og dei gav til slutt opp drifta i 1874. I Rossneset var det drift ut 1875, med 25 tilsette dei to siste åra. Seinare var gruva i Høgåsen den einaste i drift. Ho vart til gjengjeld ei svært viktig gruve og var i drift til september 1900. Ein heil del andre skjerp vart drivne i kortare periodar. Mange av skjerpa låg langt frå Storavatnet, som var den beste utførslevegen.


Det Bergenske Grubeselskab er eit sentralt namn i denne tidlege perioden. Selskapet vart formelt stifta i Bergen i mars 1866, men hadde då vore aktivt alt året før. Konsul Peter Jebsen og sivilingeniør Nils Henrik Bruun frå Bergen og sakførar Christian Fredrik Heidenreich på Stord stod bak. Selskapet kjøpte i 1866 halve Øvre Litlabø for 1260 spesiedalar. Dei stod for drifta av mellom anna gruva i Høgåsen. Det var dessutan dette selskapet som i 1876 starta dynamittproduksjon på Litlabø, truleg for å spe på inntektene i ei tid med dårlege konjunkturar på svovelkismarknaden. Ei kortare tid var óg eit haugesundsk gruveselskap inne på Litlabø. Haugesundarane kjøpte i 1867 andre helvta av Øvre Litlabø. Dei dreiv med utvinning og skeiding av kis ein eller annan stad i innmarka, men utan at me veit nøyaktig kvar. Det Bergenske Grubeselskab kjøpte i 1876 Haugesund-selskapet sine partar i Øvre Litlabø og vart då einaste gjenverande gruveselskapet på garden.


Eit interessant trekk ved gruvene på Litlabø i denne perioden er at eigarane heile tida var norske. Mange andre norske gruver hadde eller fekk etter kvart utanlandske eigarar. I 1894 vart gruveselskapet selt til Stordøens Dynamit Compagnie, som igjen var eigd av Nitroglycerin-Compagniet i Oslo. Selskapet heldt fram med både dynamittproduksjon og gruvedrift i Høgåsen, men det gjekk diverre nedover med gruvedrifta. Tidleg på 1890-talet kom dessutan ein ny aktør på banen. Det var ingeniør Hans Olaf Lind som tidlegare hadde vore gruvestyrar for Det Bergenske Grubeselskab. I 1884 hadde han selt seg ut av selskapet, men sidan byrja han eta seg inn på selskapet sine gamle rettar. Mellom anna var skjerpet i Rødkleiv falle i det fri, og Lind var snar med å sikra seg mutingsbrev på det og starta opp med prøvedrift. Lind fekk i 1902 mutingsbrev på alle dei gamle gruvene. Og i mai året etter fekk han endeleg kjøpa heile Litlabø-garden med gruvene. Diverre, Lind rakk ikkje gjera stort, for i mai 1904 døydde han.


Det gjekk i det heile ikkje slik investorane hadde trudd på midten av 1860-talet. Uvanleg lågt svovelinnhald i kisen gjorde at aktørane på Stord sleit hardt på marknaden i konkurranse med kis av betre kvalitet frå både norske og særleg produsentar ute i Europa. Alt i 1870-åra stod svovelkisgruvene i Spania og Portugal for det meste av verdsproduksjonen. Prisane på Stord vart etter kvart pressa nedover, og drifta vart marginal. Selskapa sleit med å finna førekomstar som var drivverdige under dei låge konjunkturane. I 1903 var det difor stopp for gruvedrifta på Stord. Den vesle gruva som Lind hadde i Rødkleiv, var den siste i drift.


Totalt var det i åra 1865-1903 skipa ut 108.909 tonn stykkis utvunnen av ikring 85.050 m3 fjell frå gruvene rundt Storavatnet. Chr. A. Münster nemner i sin rapport nokre av avtakarane av kisen på 1880-talet. Me ser at svovelkis frå Stord vart eksportert både til ulike verksemder i Göteborg, Stettin og Memel, i tillegg til norske Hafslund og Stavanger kemiske fabrik.

Vaskeriet på Litlabø

A/S Stordø Kisgruber vert skipa

Etter 1903 låg gruvedrifta på Stord nede, men snart kom heilt nye, utanlandske, aktørar på banen. Ein finansier i Antwerpen, H. Fasting, hadde fatta interesse for svovelkisførekomstane på Stord og vurderte å investera større summar i oppstart av moderne gruvedrift på øya. I 1905 kom difor, på oppdrag frå Fasting, bergingeniør Christian Münster til Stord for å studera førekomstane inngåande. Münster sine studium enda opp i ein omfattande rapport som han så sende til Antwerpen i 1906. Me kan ta med oss at Münster såg ei lysande framtid for Stord-gruvene og rekna samla anleggskostnader for heile det moderne gruveanlegget til 600.000 kroner. Med i beløpet låg både oppreidningsverk med stort vaskeri, sjakt med heisemaskineri, stor og moderne kai med lagringsbunkarar, og elektrisk jernbane frå gruvene til kaien.


Med Münster sine tilrådingar i ryggen våga belgiaren Fasting å setja midlar inn i Stord-førekomstane. Alt i 1904 hadde Münster på Fasting sine vegner sikra seg opsjon på gruvene på Stord. Fanny Lind, enkja etter gruvepioneren Hans Olaf Lind, selde garden Øvre Litlabø med alle rettar til Münster for 11.216 kroner. Fasting hadde i tillegg sikra seg eigedomsretten til fleire andre kisførekomstar på Stord, men også dei i Münster sitt namn, sidan utlendingar ikkje kunne ha mutingsbrev. I 1907 skøytte så Münster alle grunneigedomar og rettar til det nyskipa selskapet A/S Stordø Kisgruber.


A/S Stordø Kisgruber var stifta 11. februar 1907. Aksjekapitalen var på 300.000 kroner, og Fasting sitt selskap, Compagnie Minière Belge-Norvégienne, sat med aksjemajoriteten. Den 17. juni same året vart Stordø Kisgruber meddelt konsesjon på gruvedrift.Det belgiske selskapet oppdaga fort at anleggsarbeidet ikkje kunne gå så raskt som førespegla, og langt frå så rimeleg som tenkt! Dei tekniske ideane til Münster vart følgde, og desse heldt stort sett mål. Men på dei økonomiske sidene hadde Münster vore alt for optimistisk. Tysk kapital vart redninga for anlegget. I februar 1908 vart det nemleg inngått avtale mellom Compagnie Minière Belge-Norvègienne og tyske Zellstoff-Fabrik Waldhof. Det tyske selskapet fekk to tredjedelar av aksjane i Stordø Kisgruber, mot å stilla 300000 kroner til anleggskapital. Waldhof var ein stor papirmassefabrikk som trong mykje svovel. Ved å sikra seg eigarpartar i svovelkisgruvene på Stord sikra dei seg leveranse av svovel til eige forbruk. Opp gjennom åra kom Waldhof til å leggja ned nærmare 15 millionar kroner i gruvene på Litlabø, men ikkje eitt år henta tyskarane ut overskot av gruveselskapet sitt. På den andre sida var det dei sjølve som sette prisane på kisen som dei selde til seg sjølv! Samarbeidet mellom det belgiske og det tyske selskapet fann i grunnen aldri skikkeleg form. I 1912 trekte Fasting og selskapet hans seg ut av Stordø og overdrog dei resterande aksjane til Waldhof. Waldhof kom til å stå som eineeigar av Stordø Kisgruber heilt frå 1912 til etter siste verdskrigen, berre avbrote av eit kort intermesso i åra 1917-1924, då Nordisches Ertzkontor i Lübeck sat med halvparten av aksjane.


Eit tidleg foto frå gruveplanet.

Stordø-tida under tysk eigarskap

Heile tida medan Münster dreiv undersøkingsarbeid, og sidan medan anleggsarbeidet pågjekk, pågjekk det prøvedrift i gruvene. Våren 1906 oppgav dei å ha om lag 20 mann i arbeid. Året etter skal arbeidsstoken ha auka med 10-20 mann. Den offisielle bergverksstatistikken for 1908 fortel at hovuddrifta føregjekk ved strossing i Høgåsen. I siste halvdel av året var stigerbustad, sju arbeidarbustader og landhandel med bakeri oppført. Året etter vart det óg arbeidd i Høgåsen og den nærliggjande førekomstan Sadalen. I tillegg vart det drive noko i Rossneset. Like ved innslaget for grunnstollen til Høgåsen vart arbeidet med å senkja ei sjakt for dei djupareliggjande etasjane påbyrja. Skjerpa på Nysæter, Rossneset og Bjørnåsen såg Münster på som reserver. Dei øvrige funna skulle alle utvinnast ved stoll og ortar frå den nye sjakta.


I årsrapporten for 1910 heitte det at ”Det forløpne aar kan betragtes hovedsagelig som et byggeaar. Arbeidet i gruben har været drevet for at undersøke malmforekomstenes mæktighed samt for at forberede avbyggingen.” Det meste av byggjearbeidet tok til i 1910. Då vart utskipingskaien bygt, og på Litlabø kom vaskeribygningen, kompressoranlegg og dampsentral opp. I 1911 bygde dei sjakttårn og hus for heismaskineriet, og på Grunnavågneset vart tre bunkarar med lagringskapasitet på til saman 6000 tonn oppførde.Både jernbane, vaskeri og kai vart sett i prøvedrift våren 1911, men stoppa etter kort tid på grunn av ein arbeidskonflikt. I september starta drifta opp att. Ein reknar ofte 1912 som det første skikkelege driftsåret, med ein produksjon på 20.000 tonn kis. Det var mindre enn ein tredjedel av den årsproduksjonen Münster hadde rekna med.


Leiinga ved Stordø Kisgruber hadde sant å seia nok å stri med. Ein ting var det at selskapet hadde fått ein trong økonomisk start. Når drifta kom i gang, synte det seg òg at kisen var mykje fattigare enn Münster hadde kalkulert med. Råmalmen hadde ein gehalt på 22-23% svovel, og 2,2 tonn råmalm gav eitt tonn eksportmalm. Det er sagt at inga anna gruve i verda er driven på så mager malm! For Stordø Kisgruber var det av den grunn vanskeleg å få avsetnad og oppnå gode prisar for det ferdige produktet. Eit anna problem var sjølve oppreidningsverket. Vaskeriet svarde ikkje til forventingane og gav for liten kapasitet. Fleire gonger vart dette forsøkt ombygt. Først etter ei større ombygging i 1938 sa leiinga seg nøgd med oppreidningsverket.Trass vanskane, eigaren Zellstoff-Fabrik Waldhof gav likevel aldri opp selskapet som dei hadde investert så stort i. Opp gjennom åra tilpassa dei sine eigne maskineri til den fattige kisen frå Litlabø, og i mellomkrigsåra var Waldhof praktisk talt einaste kjøparen av kisen.


Først i 1926 nådde Stordø opp i 70.000 tonn eksportkis, som var den årsproduksjonen Münster hadde kalkulert med. Produksjonen auka ytterlegare, til ikring 130.000 tonn før krigen. I 1937 vart det såleis utskipa 124.259,6 tonn kis og 17.005,8 tonn vaskeri-avgang som singel. I 1938 hadde verksemda 329 arbeidarar og 38 fastløna funksjonærar.

Bygging av jernbanebrua frå Litlabø til Holtangen. Foto ca. 1909.

Frå dagbrot til gruvegangar

På 1800-talet hadde dei fleste gruvene på Stord vore drivne som dagbrot. I tråd med Münster sin plan gjekk det nye selskapet straks i gang med underjordsdrift. Stordø tok ut malm frå dei aller fleste av dei gamle førekomstane, men tok seg fram til desse og dreiv avbygginga ved hjelp av gruvegangar, strossar og ortar. Dei ti første åra skjedde avbygginga frå såle 2, altså frå same nivået som stollen. Sjakta ned til dei djupareliggjande nivåa var påbyrja i 1911, men ikkje teken i bruk. Då første verdskrigen braut ut, vart pumpene tekne opp. I fleire år kom så sjakten og tredje såle til å stå under vatn, til dei i november 1920 lensa på nytt og byrja utvida.Utover i 1920-åra vart fleire såler tekne i bruk. Det utvikla seg etter kvart til eit edderkoppnett av gruvegangar, med sjakten som eit slags sentrum. Ingen av gangane skal ha vore særleg lengre enn ein kilometer lange, men dei gjekk ut i alle retningar. I 1965 var samla lengd av sjakt, stollar og ortar heile 8,25 mil! Heisesjakten nådde ned til 16. såle, 720 meter djup.

Nede til høgre det gamle sjakttårnet, midt i biletet til venstre kontoret, i bakgrunnen vakseriet.

Gruvene vert krigsbytte og Staten tek over

Gruvene på Litlabø var i drift stort sett under heile siste verdskrigen, men måtte stoppa drifta etter eit britisk-norsk raid natt til 24. januar 1943. Det at kisen vart eksportert til Tyskland, var ein viktig årsak til sabotasjen. Fleire sprengladningar gjekk av i ymse bygningar på Litlabø, og mellom anna vart både heisemaskineriet, kompressorhuset og lokomotivstallen sprengt. Åtaket førde til stans i produksjonen fram til 15. mars 1943, men etterverknadene sat lenge att og forseinka produksjonen mykje. Særleg hemma var selskapet av at heisemaskineriet var øydelagt. Den gamle heisen var framleis intakt, men var i dårleg stand og hadde altfor liten kapasitet.


A/S Stordø Kisgruber vart i juni 1945 meldt som fiendtleg eigedom, og i oktober same året vedtok Direktoratet for fiendtleg eigedom å leggja ned drifta ved verksemda. Seinare skifta Direktoratet oppfatning, og regulær drift vart teken opp att frå september 1946. Den norske Staten kjøpte så Stordø Kisgruber og stod som eigar frå 1. januar 1948. Kjøpesummen var ein million kroner. Samstundes vart all gjelda til Tyskland sletta, ikkje mindre enn 5,8 millionar kroner! Dermed var det økonomiske grunnlaget for vidare drift lagt godt til rette. Samstundes hadde selskapet store malmreserver å ta ut. I krigsåra var nemleg meir innsats enn naudsynt sett inn på undersøking og unaudsynt mykje gråberg sprengt ut. Det var ei godt tildekka form for krigssabotasje. Då krigen var over, stod store reine kislag klare til å avbyggjast.


I etterkrigsåra vart det utført diverse moderninseringsarbeid og kjøpt inn ein heil del nytt materiell. Mellom anna vart kisknuseriet ombygt, sjakta utvida for nye og større gruvevogner, den gamle dampsentralen ombygt til oljefyring, kaia fekk skrapespill, gruva ni nye lastemaskiner og nye akkumulatorlokomotiv, og vaskeriet fekk eit nytt flotasjonsmaskineri. Trongen for modernisering hadde meldt seg over fleire år, men krigen hadde forseinka arbeidet. Ein del utstyr var utslite og forelda. Anna utstyr måtte fornyast rett og slett for å betra produksjonskapasiteten.


Perioden 1947-1960 vert gjerne rekna som Stordø Kisgruber sin gullalder. Eksportmarknaden for kis var i dette tidsrommet svært god, og då klarde Stordø seg godt sjølv med sin normalt sett lite konkurransedyktige kis. Viktig var det at den gamle Stordø-eigaren Waldhof i 1950 på nytt melde seg som stor-kjøpar av kis frå Litlabø, og heldt fram som kunde i femten år til. I 1948 var produksjonen på 7360,9 tonn svovelkis med 41,2% svovel og 51631,5 tonn vaska kis med 39,2% svovel. Same året vart det selt 39545 tonn singel. Fram til 1965 vart det totalt brote ut 7,53 millionar tonn råmalm. Av dette var det produsert 3,32 millionar tonn eksportkis.


Elektrisk lok med malmvogner framfor vaskeriet på Litlabø. Fotoet er truleg frå ca. 1950

Den store omlegginga i siste time

Mot slutten av gullalderen merka selskapet meir og meir at produksjonsanlegga var gamle og nedslitne. I 1959 stoppa drifta så ofte på grunn av reparasjonar at det førde til vesentleg svikt i produksjonen. På same tida opplevde heile bergverksindustrien ein stor og rask nedgang i prisane på svovelkis. For Stordø sitt vedkomande var utgiftene per tonn kis større enn inntektene frå og med året 1959. Selskapet gjekk difor med underskot. Stadig betre tilgang på rein svovel nede på kontinentet var årsaka.


Hausten 1963 fremja styret for Stordø Kisgruber tre alternativ: Å innstilla drifta snarast, driva vidare med underskot i von om betre konjunkturar, eller gjera verksemda konkurransedyktig. Styret gjekk inn for det siste alternativet. Dei ville halda produksjonen på 70.000 tonn kis i året, men med redusert arbeidsstokk. For å nå dette målet måtte det investerast 4,5 millioner kroner i sjakt, heiseinnretningar, oppreidningsverk og lasteanlegg. Industri- og finansdepartementet var på si side skeptisk til om Stordø ville oppnå den ønska produktiviteten. Året etter la eit nytt styre fram ein ny moderniseringsplan. Denne var mykje meir pessimistisk enn den første, som vart trekt tilbake. Endå eitt år gjekk, og så vart det lagt fram ein oppdatert plan. Styret såg ikkje at det totalt nedslitne oppreidningsverket ville kunna gå gjennom heile året 1966. Departementet venta framleis med å godta planen for å sjå korleis prisutviklinga gjekk, men til slutt godtok dei modernisering.


Den store omlegginga skjedde i fellesferien 1967. Endringane kom i vaskeriet, der alt maskineri vart nymontert, med unnatak av to knusarar og flotasjonsavdelinga. Alle dei gamle setzmaskinene vart erstatta av fire nye remer-jiggar. Jernbanen vart riven vekk og traseen omgjort til bilveg, og ein boggitrailer tok over transporten ned til kaia, der ein hjullastar erstatta skrapespill og transportband. Samla vart det i 1967 modernisert for tre millionar kroner.


Gruveområdet rundt 1950.

Nedlegginga

Den omfattande moderniseringa av transportvegen og oppreidningsverket hadde gått bra, men førde til trong for modernisering av dei andre delane av anlegget i dagen. Mellom anna var det 30 år gamle skeideanlegget i svært dårleg stand. Ytterlegare naudsynte utbetringar vart rekna til om lag 2,2 millionar kroner. Samstundes var det endå vanskelegare enn før å få avsetnad på kisen. Prisnivået låg hausten 1967 vesentleg over kva det hadde vore berre to-tre år tidlegare, men det var altså vanskeleg å få selt produktet![2]I 1968 opplevde dei fleste norske svovelkisprodusentane store avsetnadsvanskar. Stordø sin desidert største avtakar, Waldhof, gav dessutan definitiv melding om at dei ikkje trong meir kis, på grunn av at dei skulle leggja om drifta. Aktivt arbeid med å undersøkja marknaden gav dårlege resultat. Det var dårlege utsikter til å få selt kisen, ikkje berre i 1968, men også på sikt. Driftsstans vart etter kvart uunngåeleg. Argumentet mot full stopp var at stoda på marknaden kunne endra seg att og at det alt utførde moderniseringsarbeidet ville vera heilt bortkasta. Dessutan vart Stordø rekna som ein viktig arbeidsplass.


Den 30. april 1968 var siste dagen med ordinær drift ved Stordø Kisgruber. Produksjonen av singel heldt likevel fram ei tid vidare, ved å knusa stein frå gråbergtippen i Hustredalen. I løpet av 1969 vart det produsert 52.000 tonn singel, men i januar 1970 var det slutt også på denne delen av verksemda. Då var det ikkje meir brukbar stein att. Det vart vurdert å starta ny singelproduksjon med nytt eller modernisert anlegg, men ein fann at singelprisane var for låge til at det ville løna seg. Nokre tusen tonn kis hadde lege lagra på kaien, men vart endeleg skipa i juni 1970.


Meininga hadde vore at gruveutstyret skulle haldast intakt inntil vidare, til gruva si framtid var avklara. Diverre måtte ein til slutt innsjå at det ikkje var lett å få ny industriverksemd til Litlabø. Det var nok berre kisførekomstane som peika ut Litlabø som naturleg industristad. Frå 24. oktober 1969 vart lensinga av gruvene innstilt.


Stord Verft var til slutt den einaste som ønskte å kjøpa gruveselskapet. Dei ville leggja del-industri til Litlabø. Kontrakt kom på bordet, men så fann fleirtalet i kommunestyret at kommunen skulle nytta forkjøpsretten sin. Det var eit knapt fleirtal som avgjorde saka, etter votering på i alt fire kommunestyremøte, mange meiningsutvekslingar og bråtavis med engasjerte avisinnlegg. Den 2. desember 1972 vart Stordø Kisgruber formelt teke over av Stord kommune. Kommunen sanerte utover på 1970-talet mange av dei gamle verksbygningane. Både vaskeri, skeidehus og knusar vart jamna med jorda, til liks med mange av dei gamle arbeidarbustadene. Bustadhus som vart sett på som brukbare, vart selde til private. Næringsverksemder har fått leiga rom i dei attverande større bygga.


Tekst: Per Ivar Tautra


Share by: