Turstiar

Gruveplanet på Litlabø er eit utmerka utgangspunkt for fotturar til skogs og til fjells. Dei nære skogsområda inneheld mykje variert flora, vakker natur og mange synlege kulturminne frå gruvedrifta.

Gamle synkar frå den tidlege gruvedrifta i perioden 1865-1900 finst det mange av. Det var i den tida då malmen på Litlabø i hovudsak vart broten ut ved at ein skaut og grov seg nedover frå dagen. I 2004 rydda Venelaget for Gruo fleire av stiane i gruveområdet. Nokre stader vart det rydda heilt ny sti, der den gamle stien var for blaut. Løyper av ulike lengder er innteikna på kart-tavle og godt merka med pålar i terrenget. Kvart løype-alternativ har fått sin eigen farge. Tavle med kart over dei ulike alternativa er utplassert mellom stigerkontoret og Heishuset. Benkar til å sitja på er plasserte ved Stordalselvo.

Kartet er sett opp på vaskeriplanet ved innkøyring til gruveområdet. Det er også eit kart ved Stigerkontoret der stien opp i Høgåsen byrjar.

Stord Fitjar Turlag har sett opp skilt som syner vegen til stiane. I skogen er løypene merkt på stolpar med ulike fargar, som stolpen i øvste venstre hjørne.

Tur forslag

Venelaget har dessutan rydda sti fram til ”Storsynken” i Høgåsen, eit imponerande dagbrot frå 1870-1880-åra som er 150 meter langt i dagen. På same rundtur er det vert å ta turen innom Jappaløkjen og demninga der.


Ein tur på stiane i skogen kan godt kombinerast med ein fjelltur. Frå kryssen vestom Stordalselvo kan ein følgja traktorvegen oppover mot Dalskarvatnet. Herifrå finst det mange turalternativ for vidare utflukter innover i Stord-fjella. Dalskarvatnet er regulert med demning i begge endar. Vatnet vart demma opp i 1914-15 for å magasinera vatn til gruvedrifta. Kis-vaskeriet åleine trong sju kubikkmeter vatn i minuttet.


Stord Fitjar Turlag har merka to løyper til fjells, ei rundt Dalsskarsvatn og Rutletjødno på godt to timar; og ein tur til Bjødnahi på 3 – 4 timar.

Stordalselva ein kald vinterdag der isen har lagt seg i stille kulpar og rimfrosten heng tungt på trea

På tur i granskogen i Høgåsen, før skogen vart hoggen.

Storsynken i Høgåsen, 150 meter lang, er imponerande. Det var her kisutvinninga verkeleg byrja i andre halvdel av 1800-talet. Her sett frå sør mot nord.

Jappaløkjen der vaskeriet henta vatn til produksjonen. Alle bileta Tor Resser ©

Share by: