Det levande

gruvemuseet

Gruvemuseet på Litlabø er etablert til minne om samfunnet som eksisterte under
A/S Stordø Kisgruber.

Svovelkis vart utvunne i området frå 1865 til 1968. Då stoppa drifta grunna vanskeleg avsetningstilhøve, men framleis er det mykje svovelkis att i fjellet.


Litlabø, eller Gruo som dei seier lokalt, har mykje historie å by på, både geologisk, bygningsmessig, teknisk og sosialhistorisk.

Det opphavelege gruvemuseet på Litlabø vart opna 29. mai 1984, og er lokalisert i den gamle smia («Smio») på gruveplanet. Her er det samla ein heil del foto og gjendstander frå gruvedrifta i tillegg til to flotte modellar av gruveområdet på Litlabø og utskipingskaia på Grunnavågsneset. 

Gruvegangane i fjellet

Bli med på spennande vandringar inne i dei tronge gruvegangane i fjellet, kombinert med føredrag og soger om arbeidsmetodar og gruveslusken sin kvardag.

Omvisning i gruva. Foto Tor Resser ©

Det vesle gruvetoget

Venelaget for Gruo har ved iherdig dugnadsinnsats sett i stand og lagt til rette fleire element for spennande opplevingar: På sporvidde 600 mm køyrer det vesle gruvetoget, og lokomotivet «Blåmann» trekkjer vogner med besøkjande 250 meter over uteområdet og eit stykke inn i fjellet. Jernbanen er det levande bindeleddet mellom mange av dei gamle bygningane som enno står att i Gruo.

Gruvetoget, her trekt av lokomotivet «Blåmann». Foto Tor Resser ©

Sjakttårnet

Sjakttårnet frå 1928 er restaurert. Bli med på guida tur til topps! Innvendes er det bygt nye trapper og fire nivå med golv. Frå øvste nivå er det flott utsikt, like til brutårna i Trekantsambandet i godt vèr.

Sjakttårnet og den flotte utsikta frå sjakttårnet, foto: Tor Resser©.

Heishuset

Heishuset, som i si tid romma maskineriet for sjaktheisen, er omgjort til utstillings- og forsamlingslokale. Her har mellom anna det originale aggregatet frå Børtveit kraftstasjon fått plass, eit komplett anlegg frå 1921 med turbin, generator, regulator og kontrolltavle. Det var Stordø Kisgruber som bygde og åtte stasjonen.

Karbid lykter frå utstillinga i Heishuset. Det komplette aggregatet frå Børtveit Kraftstasjon. Informasjon om gruva til skuleelevar før omvising i stollane.  Alle foto Tor Resser ©

Arbeidarbustaden

I den triveleg parken mellom gruveplanet og den ærverdige kontorbygningen frå 1910, står den restaurerte arbeidarbustaden. Huset er restaurert og fullt og heilt innreia med originalt inventar frå dei gamle arbeidarbustadene som fanst ved Stordø Kisgruber. Her kan besøkjande sjå korleis det var å leva og veksa opp midt i gruvesamfunnet i 1950-åra. Museet i Smio og arbeidarbustaden er Sunnhordland Museum sitt ansvar. Både Sunnhordland Museum og Venelaget for Gruo står for omvising i Smio og arbeidarbustaden.

Gruveparken. Den restaurerte arbeidarbustaden til venstre, monumentet over gruvearbeidaren til høgre, bak ser ein sjakttårnet. Foto Tor Resser ©

Omvisning i museet

Forutan gamle gjenstandar frå gruvetida finst her mange historiske foto å sjå.

Omvisning i Smio. Foto Tor Resser ©

Share by: