Raidet på Litlabø

Tyskarane hadde eigarinteresser i produksjonen av svovelkis frå gruvene på Litlabø. Dei hadde bruk for svovelkis i våpenindustrien.

 Det låg kisbåtar ved kaien på Grunnavågen og tok i mot kisen som vart levert med jernbanevogner ned til kaia. På grunn av dette hadde var det strengt tysk vakthald nede på kiskaia.

Engelskmennene ville hindra tyskarane i å få tak i denne svovelkisen, så dei tok kontakt med folk frå Stord som var komne til England for å vera med i motstandsarbeidet. Dette raidet var svært nøye planlagt. Natt til 24. januar 1943 gjekk det sju motortorpedobåtar ut frå England med kurs for Stord.

Om bord i båtane var det både norske og engelske marinesoldatar. Dei hadde berre lov til å snakke engelsk, for dersom dei snakka norsk slik at tyskarane høyrde det, kunne det verte i gangsett hemnaksjonar mot lokalsamfunnet her.

Ein båt gjekk inn til Jensanes og ein gjekk inn til Kiskaia. Dei andre båtane la seg til andre stader i fjorden for å forvirra tyskarane. Ved Tittelsnes sende dei opp skotsalvar. Dei soldatane som vart sette i land var kommandosoldatar som var ekspertar på lynangrep. Det var om lag 35 personar. Dei hadde med seg tunge ryggsekker med sprengstoff. Då dei kom på land på Grunnavågen, kom dei i konflikt med dei tyske vaktene og det vart avfyrt skot. Ein tysk soldat vart drepen og ein annan vart hardt skadd. Han som var skada tok engelskmennene og bar inn i eit hus i Sagvåg.

Det er ca. 3 km frå Sagvåg til Litlabø gruver. Soldatane sprang heile vegen og dei kom heilt overraskande på arbeidarane, som var til stades ved den nye heisen som gjekk ned i gruva. Grunnen til at nokre arbeidarar var der den natta, var at dei skulle finjustera den nye heisen. Det var sagt at det var den beste gruveheisen i Europa . Kommandosoldatane skulle sprengja steinknusaren, reservegrabben, dynamoar, transformatorar, kompressorar, transportband og den nye heisen. Arbeidarane fekk beskjed om å varsle folk i nabolaget om at det kom til å verta eit åtak på området, så dei måtte komme seg til ein trygg stad. Nokre av soldatane sprang vidare og felte store tre over vegen, slik at den vart stengt for bilar. Då ville ikkje tyskarane som køyrde frå Leirvik greie å komme seg fram. Heile operasjonen tok om lag tre timar. Attende til båtane sprang soldatane langs jernbanelina som kisen vart transportert med. Då hadde dei ikkje tunge sekker å bere på så då gjekk det fort. Alle kom seg om bord og mellom motstandsfolket vart denne operasjonen sett på som svært vellykka. Folk i Sagvåg var redde for at tyskarane kom til å straffa nokon her i frå etter dette raidet, men det gjorde dei ikkje. Nokre personar vart innkalla til forhøyr, men ingen vart straffa. Produksjonen av svovelkis vart stansa ca. eit halv år, men då hadde tyskarane fått sett i stand den gamle gruveheisen, slik at den kunne brukast.  Dei engelske soldatane visste ikkje at den var i nokolunde brukande stand.

Ved Nysæter kyrkje vart det ved 50 års jubileet etter raidet sett opp ein minnestein.


Sjå NRK-programmet: Raidet mot Litlabø gruber

Kommandotroppen som raida gruveanlegget 24. januar 1943. Gjeve til Venelaget for Gruo av Svein Jonassen, som fekk det frå familien til commandosoldaten, nr. to frå venstre, som miste livet ved raidet. Foto: Venelaget for Gruo©

Krigsskada anlegg etter kommandoraidet. Foto: Biletgalleri Venelaget for Gruo©

Share by: