New Paragraph

New Paragraph

New Paragraph

Dugnader 2026

av Kim Amlien

På denne sida legg me ut bilete og informasjon frå dugnadar hjå Venelaget for Gruo. Siste dugnad står øvst på sida

Måndag 13. april  2026


Arbeidet i Høgåsen grube heldt fram i kveld. Gravemaskina var køyrd inn, og arbeidet med å planera i katedralen var i gang.


I Sadalen grube gjekk sikringsarbeidet føre seg. Ved ein tidlegare sjekkrunde vart det oppdaga nedfall av stein, og i kveld vart to store blokker tekne ned under kontroll av geologane våre.


Skiltet som blei omtalt for nokre veker sidan, er no stort sett ferdig. Første strøket med olje vart påført i kveld, og vil truleg snart bli hengt opp.


På gruveområdet var det både oljeskift, vedkløyving og planting på gang. Lokomotivet «Blåmann» var blitt heist av sporet og sett på bukkar for oljeskift. Trucken blei etterpå brukt til å kløyva ved, noko som viste seg å vera svært effektivt. Kjekt å ha utstyret i orden.

Gunnar Strand utfører oljeskift på "Blåmann".

Thor Hauglid til venstre og Torbjørn Marthinsen i gong med å kløyva ved.

alle foto: Kim Amlien ©

Rune Marcussen i arbeid med å planera underlaget.

Geolog Martin Røyrvik er på veg opp stigen for å ta ned blokka oppe til høgre. Geolog Geir Magne Hamnes til venstre, og Tor Inge Bøthner sikrar stigen.

Wilfred Sætre tar første strøk på det nye skiltet.

Ingvild Skaret Sortland i gong med å vatna blomane, som er sett ned, slik at området ser fint ut til 1. mai.

Tysdag 7. april  2026


Våren viste seg frå alle sider når dugnaden vart teken opp att etter påske.


Inne i Høgåsen Grube blei pallane som har vært brukt som gulv i katedralen fjerna, dei held ikkje stand som underlag pga. det fuktige miljøet som er i gruva, og er blitt skifta ut før. No blir dei fjerna og erstatta med grus som drenerer betre.

Det er ikkje lenge igjen til 1. mai og open dag. På gruveområdet blei da rydda, fleire var i gong med å raka løv og fjerna kvist etter hausten og vinteren har gjort sitt.


Omvisningar er no i gong igjen, hvis ein ønskjer omvisning så kan ein gjera da ved å senda forespørsel til: stiger@gruo.no.


alle foto: Kim Amlien ©


Ingvild Skaret Sortland til venstre og Britt Furre rakar lauv framfor Stigerkontoret.

Rune Marcussen, Ivar J. Helleland og Torbjørn Marthinsen fjernar pallar.

Rune Marcussen til venstre, Ivar J. Helleland og Torbjørn Marthinsen i Høgåsen Grube.

Geir Magne Hamnes renskar takrenna på Stigerkontoret.

Ivar J. Helleland i gang med å fjerna ein pall.

Rune Marcussen fjernar gongvegen opp til platået.

Gunnar Almås i sving med øksa.

Måndag 16. mars  2026


I kveld var det tid for årsmøtet i Venelaget for Gruo, møtet blei halden i Heishuset og 17 stk møtte opp. Referatet kan lesast under:

Årsmøte Venelaget for Gruo 16.03.2026


1. Styreleiar Torbjørn Marthinsen ynskte velkommen

2. innkalling og dagsorden. Godkjent

3. Gunnhild Høgås vart vald til møteleiar

4. Geir Magne Hamnes las opp årmeldig. Denne vart godtkjent

5. Årsrekneskapen vart gått igjennom av Ingvild Skaret Sortland. Godkjent

6. Val:

Leiar: Torbjørn Marthinsen 1 år

Styremedlem: Geir Magne Hamnes 2 år

Styremedlem: Thor Hauglid 2 år

Vara til styret:

Gunnar Strand 1 år

Britt Strømsnes 1 år

Revisor

Sigurd Buchvold

Valnemnd

Gunnhild Høgås

Kim Amlien


Sagvåg 17.03.20226

Else-Berit Helle

Referent

Ingvild Skaret Sortland går igjennom rekneskapet.

Møteleiar Gunnhild Høgås

Geir Magne Hamnes les årsberetninga

alle foto: Kim Amlien ©

Måndag 2. mars  2026


Dugnad måndag 2. mars


I snikkarverkstaden heldt Ivar J. Helleland og Wilfred Sætre på med å laga eit nytt skilt som skal monterast ved den eine inngangen til tårnet, som i dag er stengd.


I lokstallen er hestevognene no flytta opp på mesaninen, og éi av vognene heng i takbjelkane. På denne måten er det blitt frigjort meir plass til endå ein pallereol, som òg blei montert i kveld.


Venelaget har skaffa til vegar ein brøyteplog som har vore montert på ein lastebil. Her må det gjerast litt arbeid før den kan brukast av den store gaffeltrucken vår.


På BearCat-en, eller fliskuttaren vår, arbeidde Toni Vik med å få han i gang, sidan han ikkje vil starta. Han vil vera til stor hjelp når me skal kutta opp all kvisten som er klar til å matast inn.


Dugnaden blei avslutta med nysteikte lappar og kaffi. Britt Furre hadde laga lappar og stod òg for steikinga.


foto: Kim Amlien ©




Wilfred Sætre til venstre, og Ivar J. Helleland overfører bokstavar til treskiltet ved hjelp av blåpapir

Toni Vik prøver å få fliskuttaren i gang igjen.

Gunnar Strand sikrer hestevogna til takbjelkane

Venelaget sin "nye" brøyteplog

Torbjørn Marthinsen til venstre, og Rune Marcussen monterer pallereol

Britt Furre steikar lappar.

Måndag 19. januar  2026


I smia skal det òg kome opp fleire bilete, og Ivar J. Helleland og Wilfred Sætre heldt på i snikkarverkstaden med å lage biletlister som bileta skal stå i på veggen. Dei har no fått god dreis på arbeidet, sidan dei allereie har produsert fleire lister som heng på veggen i Heishuset.


I Heishuset vart pallereolane som stod i kjellaren, borne opp og ut til trucken for vidare transport til Lokstallen. Når dei er sette opp der, blir det lettare å halde orden i Lokstallen, sidan ein då kan stable ting i høgda.


alle foto: Kim Amlien ©


Ivar J. Helleland til venstre, og Wilfred Sætre produserer biletlister.



Toni Vik til venstre, og Thor Hauglid fjernar pallereolane frå trucken.



Randi Sofie Vik og Toni Vik i arbeid med å bera pallereolar opp frå kjellaren.



Thor Hauglid til venstre, Torbjørn Marthinsen i midten og Toni Vik i arbeid med å montera reolen.



Måndag 5. januar  2026

Godt nyttår til alle våre følgjarar.


Eg heiter Kim Amlien og har no overtatt ansvaret for nettsida etter Tor Resser. Frå før har eg også oppdatert Venelaget for Gruo si facebook side.

Når ein startar eit nytt år, er det ein god del som skal planleggjast og drøftast, og kva for oppgåver som må utførast i løpet av året. Ein del av kvelden gjekk difor med til dette.

Dei fleste har nok kjent at me har fått ein litt lågare temperatur, og i venelaget tek me titt og ofte ein sjekk inne i fjellet. Underteikna slo følgje for å sjå litt på korleis kulda påverkar inne i fjellet. På laget var Ivar J. Helleland og Geir Magne Hamnes.

Å komma seg inn i fjellet var ikkje berre berre. Hengelåsane var godt forfrosne, så det blei lange minutt med gassbrennaren før me fekk opna porten og vandra innover.

For ein fotograf er dette ein magisk verd – fargespelet i fjellet er heilt fantastisk, og ein ser istappar hengja frå taket, nokre plassar frå golv til tak. Inne i krysset mot Sadalen og den blå grotta blei det målt +1 °C.


Elles blei det halde på med ymse arbeid i Lokstallen og Stigerkontoret. Kvelden blei som vanleg avslutta med kaffi og litt å bita i.


alle foto: Kim Amlien ©

Ivar J. Helleland til venstre og Geir Magne Hamnes prøvar å tina hengelåsen.