2022

Måndag 17. januar

Arbeidet med toalettbygget heldt fram måndag. Svalgangen vart montert, stendarar, dragar og taksperrer. Arbeidet gjekk stort sett utan problem, utført i hovudsak av Rune Marcussen med Thor Hauglid som hjelpesmann.

Gaffeltruken var ei hjelpande hand, løfta dragaren opp og la han på stendarane. Til venstre Thor Hauglid.
Rune Marcussen spikrar taksperrene på svalgangen.
Toalettbygget med svalgang ferdig reist. Det kjem ein stender til midt under dragaren.

I Høgåsen gruvegang sette Torbjørn Marthinsne og Ivar J. Helleland opp ny koplingsboks for straum, der den nye straumkabelen vart trekt inn på slutten av fjoråret. Boksen har stor kapasitet med 10 uttak. Det heile for å gje stabilt lys i gangen.

Ny koplingsboks for straum i Høgåsen gruvegang.

Steinsamlinga som er montert i Heishuset, fekk ein ny attraksjon måndag. Geologen til VfG, Geir Magne Hamnes, var i den store hallen i Sadalen gruve og fann fleire steinprøver. Ein av dei, ein jerndryppstein, vart sett inn i hjørneskapet. Dei andre steinane vert samla annan stad i samlinga for å syna eit større utval stein frå nærmiljøet i gruo.

Geir Magne Hamnes plasserer jerndryppsteinen i skapet. Alle bileta foto Tor Resser ©

Sven Lindseth heldt fram arbeidet med stativa til dei store Geopark-tavlene.

Årsmøtet i Venelaget for Gruo er i år sett til måndag 28. mars i Heishuset klokka 1800. Veldkomne!

Måndag 10. januar

Hovudarbeidet på dugnaden måndag var å setja opp reisverket til det nye toalettbygget. Veggar og taksperrer var prefabrikert, reisinga gjekk på eit par timar. Gaffeltrucken vart nytta til å halda framveggen medan sideveggene vart montert.

Gaffeltrucken vart nytta til å reisa og halda framveggen.
Andre sideveggen vert montert, frå venstre Fredrik Bjørnberg, Thor Hauglid, Knut Inge Øien Hovin og delvis skjult Rune Marcussen.
Reisverket vart bolta til betongvegg og plate.
Laseren kontrollerte at høgda var rett, på nær ein millimeter.
Knut Inge Øien Hovin skrudde sidene saman.
Rune Marcussen fester taksperrene med skruer.
Reisverket vart pakka inn i presenning, mot regnet. Alle bileta foto Tor Resser ©

I tillegg til toalettbygget kløyvde Thor Hauglid ved med traktorkløyvaren, Ingvild Skaret Sortland og Britt Furre pakka ved i sekker og Sven Lindseth byrja arbeidet med stativa til dei to store geoparktavlene.

Måndag 3. januar

Godt nytt år, då får me gå på med friskt mot. Det skal skje mykje fram mot sommaren.

Plaketten til minne om dei som mista livet i arbeid ved Stordø Kisgruber vart teken ned seinhaustes og gjort rein for eir. I von om at eiret ikkje skal koma attende så snart, vart plakketen lakkert med klar lakk hjå AutoIndustri ved Jens Rune Kyvik og Oddvar Skard, vederlagsfritt for Venelaget for Gruo. Laget takkar så mykje

Slik var plaketten før renoveringa. Foto Britt Furre ©
Plaketten etter renovering og lakkering.

Frå Geopark Sunnhordland har Venelaget fått seks oppslagstavler som skal setjast ulike stader innan området; ved Jappaløkjen Storsynken, Sjakttårnet og oversiktskart. I tillegg to stor tavler som skal setjast opp ved Heishuset, den eine fortel i svært korte trekk om soga til Gruo, den andre om geologien. Tekst og bilete er levert av Venelaget. Måndag vart tavlene og monteringa av dei små, studert. Monteringa skal gjerast etter kvart som vêr, lysare kveldar, og føre tillet.

Sven Lindseth til venstre og Torbjørn Marthinsen prøver seg fram med tavla til Sjakttårnet. Båe bileta foto Tor Resser ©