Sjakttårnet
Som ein kvitmåla obelisk, ruvande i terrenget og synleg mange kilometer vekke frå Litlabø, reiser sjakttårnet seg midt i gruveområdet. Bygningsmassen rundt tårnet – grovtyggjarhuset med rundtipparen og tomvognstallen – vart rivne på 1970-talet. Til all lukka fekk sjølve tårnet stå. Tårnet er eit flott minnesmerke over gruvedrifta på Litlabø. Sjaktheisen var sjølve livsnerven i gruva – opp og ned med heisen gjekk alt som skulle ut eller inn frå dei lågareliggjande etasjane i gruva. Arbeidarar vart frakta opp og ned, forbruksvarer og materiell vart frakta ned og ikkje minst: alt utskote fjell – kishaldige steinklumpar som verdilaust gråberg – vart transportert opp med heisen og tippa i eit tilbygg til tårnet.
Det første sjakttårnet på Litlabø vart bygt i tre og vart oppført i 1910. Det vart fort for lite, og dagens tårn er støypt i betong og stammar frå 1928. Årstalet prydar framveggen nesten heilt oppe mot toppen.
Venelaget for Gruo har sett inn ny dør i tårnet, bygt nye golv på kvar av etasjane eller nivåa, og i tillegg sett inn nye trapper. På alle nivåa er sjakta sikra med grinder. Arbeidet vart fullført i september 2012.
Inne i tårnet er det fire etasjar eller nivå. Frå øvste nivået er det eit flott utsyn.
På eit lågare nivå står dei to heiskorgene som alt av arbeidarar, materiell og massar i si tid vart frakta i. Korgene får stå som eit minne om den funksjonen tårnet tente.