Gruva – ny turistattraksjon!

Venelaget for Gruo har gjort eit omfattande oppryddings- og sikringsarbeid
inne i gruvegangane, og kan ta publikum med på spanande vandringar i
Høgåsen, Sadalen og Den Blå Grotte.

Gruvegangane vart rydda og reinska med handemakt…
….og maskinelt.
Gruvegangane der publikum skal gå til fots, er gruslagt
Hòl vart bora til dei 18 boltane som sikrar svake område i fjelet.

Me kan køyra inn i Høgåsen med tog, og me kan vandra i alle gruvegangane til fots. Endå rullestol kan me få med inn i delar av gruva. På vandreturen vil folk få høyra om arbeidslivet og kvardagen i gruva, arbeidsmetodar og gruveteknikk.

Gruvegangane er fleire stader tilrettelagt for rullestol.
Universitetet i Bergen er flittig brukar av gruvene på Litlabø til undervising for geologistudentane.
Ivrige studentar studerer geologien i gruvene.
Mange av skulane på Stord nyttar seg av gruvevandring i undervisinga.
Spanande for borna i barnehagane å gå inn til Den blå grotte. Etterpå får dei diplom.
Tryggleiken vert prioritert. Alle som skal inn i gruvegangane må ha hjelm og har med seg omvisar, med gul hjelm, i den store hallen i Høgåsen gruve.
I Høgåsen gruve er det lagt 234 meter skjenegang.
Siste skjenelengda i Høgåsen vert skrudd saman.
Venelaget for Gruo har til saman lagt 684 meter skjenegang på området til Stordø Kisgruber.
Frå den store hallen i Sadalen gruve. Alle bileta foto Tor Resser ©

Gruvemuseet på Litlabø