Heishuset

Heishuset vart oppført i 1942, og romma maskineriet til gruveheisen med dei svære tromlane med vaier , omformaraggregat og styrespakar. No er alt dette borte. Heishuset vart sprengt under kommando-raid i januar 1943, men vart bygd opp att.

Venelaget for Gruo har utført eit omfattande oppgraderingsarbeid frå kjellar til loft.

I Heishuset finn me i dag ei unik fotoutstilling av folk og bygningar frå gruvemiljøet, eit komplett aggregat frå Børtveit kraftstasjo og eit moderne småkjøken godkjent av Mattilsynet. Hovudattraksjonen i bygget er naturleg nok det komplette aggregatet frå Børtveit kraftstasjon. Les meir om kraftstasjonen her.

Utstillinga vil etter kvart verta utvida med nye objekt. Heishuset høver framifrå til feiring av åremålsdagar, konfirmasjonar, skulesamlingar, barnehagesamlingar, basarar og føredrag. Endå konsertar og bryllaup høver huset til.