Sjakttårnet

Tårnet med sjaktheisen ned i gruva var sjølve livsnerva i gruva, og er eit flott landemerke synleg på lang avstand. Heisen si historie rommar både gruvesuksess og tragedie. Ein tur i tårnet er verkeleg ei fasinerande oppleving!

Det første sjakttårnet på Litlabø vart bygt i tre og vart oppført i 1910. Det vart fort for lite, og dagens tårn er støypt i betong og stammar frå 1928. 


Bygningsmassen rundt tårnet – grovtyggjarhuset med rundtipparen og tomvognstallen – vart rivne på 1970-talet. Tårnet er i dag eit flott minnesmerke over gruvedrifta på Litlabø.

Sjå omvisning i tårnet. Bli med NRK ut på tur – NRK Vestland

Sjakttårnet frå 1928 var livsnerven i gruvedrifta og tilrettelagt for omvisingar. Foto: Tor Resser©

Venelaget for Gruo har  gjennomført ein stor restaureringsjobb på tårnet. Det vart då bygt nye golv på kvar av etasjane, og i tillegg sett inn nye trapper. Inne i tårnet er det fire etasjar eller nivå. Frå øvste nivået er det eit flott utsyn. Ved inngangen står dei to heiskorgene der arbeidarar, materiell og massar i si tid vart frakta i.

Sjakttårnet før restaureringa byrja. Utsikt frå toppen av sjakttårnet og omvising i Tårnet. Alle foto Tor Resser ©.

Share by: