Gruvejernbanen

Jernbanen var viktig for effektiv drift av gruvene. I dag kan du sitte på med toget inn i dei mørke gruvegangane. Me kan love ein heilt spesiell og annleis togtur enn du er vant til.

Lok Blåmann med skuleklasse på tur inn i fjellet og parkert ved stasjonen. Foto Tor Resser ©

Jernbanen er ein viktig del av eit levande og spennande gruvemuseum. Dei små toga på gruveplanet og på banen mellom vaskeriet og utskipingskaia på Grunnavågneset var eit markant innslag som mange på øya vil minnast med glede. Samstundes representerer banedrifta ein viktig del av den tekniske kultursoga.


Banen er smalspora med sporvidde 600 mm, som alltid var brukt ved Stordø Kisgruber. Venelaget har bygt tilsaman 250 meter bane frå Gruo stasjon til stoll-opninga bak Snikkarverkstaden, pluss sidespor inn til lok- og vognstallen. Vidare kan det køyrast tog 250 meter inn i stollen og 50 meter inn i stollen ved sjakttårnet.


Jernbanen knyter på ein naturleg måte saman mange av dei gamle bygningane som ligg på rekkje og rad på gruveplanet og som alle fortel kvar sin del av historia frå gruvetida: Heishuset, stigerkontoret, sjakttårnet med steinknusar, smio og snikkarverkstaden.


Tre vogner til persontransport og spesialvogn for rullestolar er bygde på dugnad. Graving, grusing og legging av sviller og skjener er og gjort ved dugnadsarbeid. Me har fått i gåve ei god mengde jernbaneskjener frå Nittedal Torvindustri i Solør og frå Os kommune i Hordaland. Sviller vart kappa ved Litlabø sag.


Meir detaljert om jernbanen kan du lesa i boka  -  Nye og gamle spor i Gruo av Per Ivar Tautra. 


Lokomotiva

«Geito» er imponerande restaurert frå vrak av Matthias Richter og Feldbahnschauanlage Glossen i Tyskland. Loket er prikk likt den gamle «Geito» som gjekk på Litlabø på 1940- og 50-talet. Geito: O&K Montania 11921/1942-1943. Diesel type MD2. 4 tonn. 

Blåmann – Levahn 476/1972 Diesel – hydrostatisk 3,5 t Operativ

«Blåmann» har me fått i gåve frå Spenncon Nordvest i Hjørungavåg. Loket har opphavleg tilhøyrt entreprenørselskapet Høyer Ellefsen. 

Bukken – Levahn 160/1953 Diesel – «6TD» 6 t Operativ

«Bukken» er ei gåve frå Sunnhordland Kraftlag og kjem frå tunneldriving i Blåfalli i Kvinnherad. To make lok var i si tid brukte til skifting på vaskeriplanet og kaia på Grunnavågneset.

Oksen – Levahn 179/1955 Diesel – «8TD» 8 t Til rep.

«Oksen» fekk me frå Lommedalsbanen. Loket har opphavleg vorte brukt på Odda Smelteverk. Tommelen opp syner Torbjørn Marthinsen etter første start på motoren

Oksen på skinner inn i lokstallen etter mange år utomhus. Til venstre Wilfred Sætre. Alle bileta foto Tor Resser ©

Share by: