Heishuset

Store tromlar med vaierar, aggregat og styrespakar var sjølve maskineriet til gruveheisen. I januar 1943 vart heishuset sprengt under eit kommandoraid. I dag rommar det ei unik fotoutstilling og ei flott mineral- og bergartsamling.

Sjølv om tromlar og aggregat i dag er borte, er heishuset på mange måtar blitt hjarta i gruveområde i dag. I tillegg til fotoutstillinga og bergart-samlinga finn ein og det komplette aggregatet frå Børtveit kraftstasjon, som i si tid forsynte gruvesamfunnet med kortreist straum.


Heishuset er godt eigna til ulike typar arrangement, og gjer ei unik ramme for bryllaup, åremålsdagar, konsertar og andre samkomer. Her er også eit nytt og moderne småkjøken godkjent av Mattilsynet. Ta kontakt med Venelaget for Gruo om du ynskjer å leige heishuset!

Heishuset,heisførar som styrde heisen og framføring frå born, foto: Tor Resser©.

  • Vi har ei flott mineral og stein samling, foto: Geir Magne Hamnes©

    Share by: