Gruva

Den 30. april 1968 gjekk siste gruvearbeidar ut av gruvegangen på Litlabø. No kan du sjølv ta turen inn og sjå korleis desse iherdige arbeidarane sin kvardag var inne i fjellet.

Det er eit flott fargespel i gruva og ein omvisning viser godt korleis det var å arbeide i gruva. Alle foto: Tor Resser.

Me kan køyra inn i Høgåsen med tog, og me kan vandra i alle gruvegangane til fots. Publikum kan bli med på spanande vandringar i Høgåsen, Sadalen og Den Blå Grotte.  Endå rullestol kan me få med inn i delar av gruva. På vandreturen vil folk få høyra om arbeidslivet og kvardagen i gruva, arbeidsmetodar og gruveteknikk.

Tryggleiken vert prioritert. Venelaget for Gruo har gjort eit omfattande oppryddings- og sikringsarbeid inne i gruvegangane. Alle som skal inn i gruvegangane må ha hjelm og ha med seg omvisar.

Universitetet i Bergen er flittig brukar av gruvene på Litlabø til undervising for geologistudentane. Mange av skulane på Stord nyttar seg av gruvevandring i undervisinga. Spanande for borna i barnehagane å gå inn til Den blå grotte. Etterpå får dei diplom. Foto: Tor Resser.

Share by: