Opplevingar

Gruvemuseet på Litlabø er etablert til minne om samfunnet som eksisterte under A/S Stordø Kisgruber. Svovelkis vart utvunne i området frå 1865 til 1968. Då stoppa drifta grunna vanskelege avsetningstilhøve, men framleis er det mykje svovelkis att i fjellet.

Litlabø, eller Gruo som dei seier lokalt, har mykje historie å by på, både geologisk, bygningsmessig, teknisk og sosialhistorisk.

Venelaget 3941

Utsikt frå sjakttårnet.

Det opphavlege gruvemuseet på Litlabø vart opna 29. mai 1984, og er lokalisert i den gamle smia («Smio») på gruveplanet. Her er det samla ein heil del foto og gjenstandar frå gruvedrifta, i tillegg til to flotte modellar av gruveområdet på Litlabø og utskipingskaia på Grunnavågneset.

I den trivelege parken mellom gruveplanet og den ærverdige kontorbygningen frå 1910 står den restaurerte arbeidarbustaden. Huset er restaurert og fullt og heilt innreia med originalt inventar frå dei gamle arbeidarbustadene som fanst ved Stordø Kisgruber. Her kan besøkjande sjå korleis det var å leva og veksa opp midt i gruvesamfunnet i 1950-åra. Museet i smio og arbeidarbustaden er Sunnhordland Museum (lenke) sitt ansvar. Både Sunnhordland Museum og Venelaget for Gruo står for omvisning i Smio og arbeidarbustaden.

Venelaget for Gruo har ved iherdig dugnadsinnsats sett i stand og lagt til rette fleire element for spennande opplevingar: På sporvidde 600 mm køyrer det vesle gruvetoget, og det nydeleg restaurerte lokomotivet «Geito» trekkjer vogner med besøkjande 250 meter over uteområdet og eit stykke inn i fjellet. Jernbanen er det levande bindeleddet mellom mange av dei gamle bygningane som enno står att i Gruo.

Bli med på spennande vandringar inne i dei tronge gruvegangane i fjellet, kombinert med føredrag og soger om arbeidsmetodar og gruveslusken sin kvardag.

Heishuset, som i si tid romma maskineriet for sjaktheisen, er omgjort til utstillings- og forsamlingslokale. Her har mellom anna det originale aggregatet frå Børtveit kraftstasjon fått plass, eit komplett anlegg frå 1921 med turbin, generator, regulator og kontrolltavler. Det var Stordø Kisgruber som bygde og åtte kraftstasjonen.

Venelaget 6730

Orientering i Gruo. Båe bileta foto Tor Resser ©

For omvisingar/leige av hus, kontakt Richard Kvarven, mobiltelefon: 92682452,
e-post stiger@gruo.no,