Ny bok lansert 4. desember 2008

Bok jpg_edited-1

Då A/S Stordø Kisgruber sin tre km lange jernbane vart sett i drift i 1911, var han mellom dei første elektriske jernbanane her i landet. I 56 år var den smalspora banen i drift før traseen vart omgjort til veg og ein diger trailer erstatta toget. Traileren køyrde i tre kvart år – så vart gruvedrifta på Litlabø innstilt for godt i mai 1968. Mange vil minnast dei øyrsmå lokomotiva med dei lange rekkjene av vogner fulle av svovelkis og singel. Nesten kontinuerleg pendla eit togsett mellom gruvene på Litlabø og utskipingskaien på Grunnavågneset.

I den nye boka på 136 sider med format 22×21 cm vert soga om den elektriske jernbanen presentert, i tillegg til dei små toga som frakta steinmassar og varer i og utanfor gruva. Og endeleg er soga om korleis Venelaget for Gruo ved iherdig dugnadsinnsats klarde å rekonstruera ein del av gruvejernbanen nedteikna. Temmeleg nøyaktig 40 år etter at gruvedrifta var innstilt, byrja dugnadsgjengen å prøvekøyra lokomotiv og vogner på nylagde spor i Gruo.

Forfattar Per Ivar Tautra har skrive boka på dugnad. Han har vore aktivt med ved oppbygginga av den nye banen og kjenner difor arbeidet frå innsida. Tor Resser har stilt ei rekkje interessante foto til disposisjon for boka, og i tillegg er mange eldre foto henta inn frå museum og private samlingar. Arnfinn Haga har skrive føreord til boka, om sine personlege minne frå banen i oppvekståra.

Utgjevinga er eit samarbeid mellom forfattaren, Venelaget for Gruo og Mediehuset Sunnhordland. Mediehuset Sunnhordland er utgjevar av boka, medan overskotet frå salet vil gå uavkorta til Venelaget for Gruo.

Pris: 299,-.

Sjå reportasje frå lanseringa her (Sunnhordland 05.12.2008).
Les lesarmelding av boka her (Sunnhordland 12.12.2008).
Les bokmelding her (På Sporet nr 137, desember 2008).

Kjøp boka av Venelaget for Gruo
Boka kan du kjøpa ved å ta kontakt med Venelaget for Gruo, eller ved å stikka innom heishuset på Litlabø. Det er folk til stades kvar torsdag frå klokka 12 til 18 og kvar måndag kveld frå klokka 18 og utetter.

Andre utsalsstader:
Mediehuset Sunnhordland, servicekontoret, Borggata 15, Leirvik
Sunnbok AS, Torgbakken 10, Leirvik
Notabene Amfi Stord, Amfi Senter, Leirvik
Ark, Osen 3, Leirvik
Ark Heiane, Ringvegen 43, Heiane
Europris, Ringvegen 43, Heiane
Vikse Libris, Sams Senter, Bømlo