Brudlaup i Gruo

Laurdag 25. august 2012 var det brudlaup i Gruo. Vigslinga gjekk føre seg i den store hallen i Høgåsen som Venelaget for Gruo omtalar som «Katedralen». Festen vart avvikla i Heishuset. Brureparet, Marte Rommetveit frå Stord, kjend røyst og andlet i NRK, og Sigurd Sele, skodespelar og trubadur frå Bømlo, hadde bede inn 90 gjester, familie, vener og kjende.

Før turen gjekk inn i Høgåsen vart gjestene utstyrte med ponchoar for mogeleg drypp frå fjellet. Brura kom køyrande med tog i spesiallaga vogn. Brureparet hadde valt humanetisk vigsle med Harry Lunde som vigslar. Før vigslinga var det opplesing, song og musikk. Nina Sele, syster til Sigurd, og Ingelin Skaret las, Camilla Seljebu og Ingjerd Kannelønning Kolstad song. Det same gjorde brudgomen til brura. Heine Totland song då folket gjekk frå vigslinga til utgangen. Musikarar ved vigslinga var Ian Kolstad, gitar, Frode Kvandal, gitar, John Kato Hollund trommer, Helge Lilletvedt, piano, og Jan Kåre Hystad saxofon.

Etter vigslinga køyrde brureparet og forlovarar med toget til Heishuset. Langs jernbanesporet stod gjestene og helsa dei nygifte. Onkel til brura, Magne Rommetveit, var kjømeister ved festen. Det var dekka kring ni runde bord for gjestene. Borda var konstruerte og laga av Venelaget for Gruo.

Ideen til å gifta seg i Gruo fekk brura etter at ho og brudgomen hadde vore på ein open dag i Gruo og ho fann ut at Heishuset måtte vera ein spanande stad å feira brudlaup. Det synte det seg at det vart. Venelaget for Gruo fekk bøttevis med godord frå gjestene og vertane etterpå.

Venelaget 4911

Gjestene på veg inn i gruva.

Venelaget 4916

Brurepar og forlovarar har teke plass på podiet, bygt av pallar for høvet.

Venelaget 4917

Camilla Seljebu og Ingjerd Kannelønning Kolstad song.

Venelaget 4919

Gjestene samla i «Katedralen». brureparet til venstre.

Venelaget 4921

Harry Lunde heldt vigslingstalen.

Venelaget 4926

Marte Rommetveit og Sigurd Sele er sagt for rette ektefolk å vera.

Venelaget 4928

Brureparet og forlovarar vart køyrt i spesialvogn til heishuset.

Venelaget 4941

Brureparet til bords. John Kato Hollund til høgre var forlovar til brudgommen.

Venelaget 4942

Ni runde bord var dekka i Heishuset. Alle bileta  foto Tor Resser ©