2013

Her legg me ut informasjon og små notisar om korleis arbeidet skrid fram og om spesielle hendingar som elles finn stad i Gruo.

Måndag 2. desember

Ein liten merkedag for Venelaget for Gruo og ikkje minst for Knut Ekse. Sidan april månad har han stått i lokstallen til venelaget og «putla» med motor og det elktriske systemet til det store loket Oksen. «Putling» har det sjølvsagt ikkje vore, han ar arbeidd målmedvite for å få motoren i gang, og i kveld vrei han om tenninga og Oksen gav lyd frå seg. Dermed er første steg på restaureringa av loket meir eller mindre ferdig. Lokket var i si tid i arbeid ved Odda Smelteverk, sidan ved Urskog-Hølandsbanen og seinare ved Lommedalsbanen før det kom til Gruo, finn me å lesa i Per Ivar Tautra si bok Nye og gamle spor i Gruo

Venelaget 5410_redigerad-1

Oksen, ein kraftig plugg på 8 tonn av merke Levahn bygt i 1955

Venelaget 5504_redigerad-1

Knut Ekse i arbeid med motoren

Venelaget 5751_redigerad-1

Eit virvar av elektriske leidingar å finna fram i. Alle bilete foto Tor Resser ©

Venelaget for Gruo hadde siste dugnadskvelden i dag. Då kan det vera på sin plass å koma med litt statistikk for året som går mot slutten. I 2013 vart det registrert til saman 2434 personar på omvisingar , 1594 i første halvår og 840 i andre halvår. I 2012 var det til saman 2560 registrerte personar på omvising. Til saman opp gjennom åra er det lagt 606 meter spor, eller 101 sporlengder det vil seia at det er spikra 1212 meter skinnelengder. Med medel ni sviller for kvar sporlengde har det gått med 909 sviller, på kvar sville er det spikra fire dogs. Til saman 3636 dogs (spesialspiker). I Høgåsen er det lagt 198 meter spor inn i fjellet frå portalopninga.

Venelaget for Gruo takkar alle som har vitja oss i år, og vonar mange tek turen til neste år. Ha ei god julehøgtid og så kjem me att ein gong i januar månad 2014.

Måndag 25. november

I dag byrja arbeidet med å fuga fasaden på Heishuset i Gruo, eit arbeid Venelaget for Gruo har venta lenge på. Det er murarmeister Sigurd Tyse A/S som har teke på seg arbeidet. Det kan verta omfattande, fasaden på huset er sterkt medteke og det er mykje gamal og morken fugemasse som må bort før ny masse kan leggjast inn. Kor lang tid arbeidet vil ta er uvisst, mykje avheng av veret framover. Vert det kuldegrader må arbeidet stogga så lenge.

Venelaget 6096_redigerad-1

Arbeidet med å fuga fasaden på Heishuset byrja måndag.

Torsdag 21. november møtte leiar av VfG Ivar J. Helleland og prosjektleiar for restaurtering av heistårnet, Øvind Koppang, på høyringa til komitè for kultur, næring og miljø i Stord kommune. Der la dei to fram stoda til heistårnet. Leiaren av VfG gjekk så langt som å seia at vert det ikkje gjort noko alvorleg no, rotnar tårnet på rot. Med andre ord er situasjonen nærast dramatisk for tårnet. Den usminka uttalen nådde fram til lokalavisa Sunnhordland og måndag, i dag, stilte journalist Atle Hansen og fotograf Per Egil Larsen i Gruo. Der fekk dei førstehands  informasjon først og framst frå prosjektleiar Øyvind Koppang. Han fortalde om kva som må gjerast, og kva dei stipulerte kostnaden er.

Venelaget 6099_redigerad-1

Prosjektleiar for restaurering av heistårnet Øvind Koppang til venstre orienterer om stoda. Vidare mot høgre leiar av VfG Ivar J. Helleland, journalist Atle Hansen og fotograf Per Egil Larsen. Båe bileta foto Tor Resser ©

Torsdag 21. november

Elevar krå klasse 5b ved Langeland skule saman med foreldre, føresette og nokre søskjen vitja Gruo torsdag kveld. Dei ville ha ein litt anleis sosial samling enn dei til vanleg la opp til. Til saman var det 47 personar som vart tekne imot i Heishuset av medlemer frå Veneleget for Gruo. Der vart gjeve informasjon om gruvedrifta og samfunnet generelt i Gruo. Deretter var det togtur inn i fjellet, først under heistårnet, deretter inn i stoll Høgåsen der det var vandring både i Høgåsen gruve og i Sadalen. Gjestene vart delt i to like store grupper med Olav Hellesfjord og Torbjørn Marthinsen som omvisarar for kvar sine grupper. Omvisinga for båe gruppene enda i den blå grotte samstundes. Der var det song , Mikkel rev, frå elevane og frå venelaget song Olav Hellesfjrod eit vers av ei rallarvise, med god hjelp av rallarkoret. Det heile hausta stor fagnad.

Venelaget 6089_redigerad-1

Torbjørn Marthinsen i blå kjeledress var omvisar for ei gruppe, her i «katedralen» i Høgåsen gruve

Attende i Heishuset nytte gjesten nistemat dei hadde med. Somme hadde vore i Gruo tidlegare, men dei fleste var der for første gong. Dei var imponert over arbeidet venelaget har lagt ned og tykte turen på ingen måte var bortkasta, snarare tvert om, det vart ein svært interessant kveld.

Venelaget 6091_redigerad-1

Olav Hellesfjord med gul hjelm var omvisar for ei gruppe. Her i «domkyrkja» i Sadalen

Venelaget 6094_redigerad-1

Omvisinga enda i den blå grotte der det vart heller trangt om plassen med eit femtitals personar. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 18. november

Dugnaden vart nytta til ulikt forefallande arbeid. I Stigerkontoret vart det rydda betre plass i det vesle kontoret, mellom anna vart ein reol teken ut. Øyvind dreiv storproduksjon av infoskriv om sjakttårnet om stoda i dag og oppgraderinga i framover.

I stoll Høgåsen går arbeidet med å leggja skjener vidare innover. Måndag vart endå ei skjenelengde på seks meter spikra, lagt ut og laska. Frå portalen og inn i stollen er det så langt lagt kring eit par hundre meter skjener.

Venelaget 6081_redigerad-1

Thor Hauglid planerer trasèen for sporet.

Venelaget 6072_redigerad-1

Skjenene, med fråstand 600 mm, vert spikra med dogs på svillene. Nærast Wilgot Lorentsen, Ivar J. Helleland med rygen til. I bakgrunnen Magne Røssland og Sven Lindseth.

Venelaget 6075_redigerad-1

Lokomotivet har skuva skjenelengda fram til enden av sporet og Ivar J. Helleland dirigerer stopp. Til venstre Rune Johannessen.

Venelaget 6073_redigerad-1

Skjenelengda klar til å skuvast ut på trasèen.

Venelaget 6077_redigerad-1

Den gamle skjenegangen frå då gruvene var i drift ligg i vegen for den nye. Sven Lindseth spettar bort den gamle for å få den nye på plass. Til venstre Rune Johannessen.

Venelaget 6079_redigerad-1

Skjenegangen ligg rett, laskene er komne på og bolten er på plass. Ivar J. Helleland festar mutteren medan Wilgot Lorentsen er klar med skiftenøkkelen. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 4. november

Endå ein gong har Sparebank 1 Stiftinga Kvinnherad, sett med velvilje til Venelaget for Gruo. Etter søknad har stiftinga gjeve 25.000 kroner til venelaget, midlar øyremerkt til hjartestartar – for sikkerheitsskuld som det står på gåvebrevet. Leiar i laget Ivar J, Helleland og skrivar Svein Koppang møtte på kontoret til Sparebank 1  måndag kveld for å ta imot gåva. Til saman åte lag frå Stord fekk gåvebrev frå stiftinga. I dei 25.000 kronene ligg òg midlar til kurs i opplæring av 10 personar i bruk av hjartestartaren.

Venelaget for Gruo takkar Sparebank 1 Stiftinga Kvinnheard på det hjartelegst for gåva, men vonar det ikkje vert bruk for ho. Er først ulukka ute, er hjelpa mykje nærare no til profesjonell hjelp kjem til staden.

Gåvebreva vart delt ut av dagleg leiar i banken Åsmund Kåre Rørvik

Venelaget 6031

Skrivar i venelaget, Svein Koppang, med gåvebrevet frå Sparebank 1 Stiftinga Kvinnherad. Foto. Tor Resser ©

Måndag 28. oktober

Det hender ikkje så mykje frå veke til veke i gruo, difor kan det gå noko tid mellom kvar gong de høyrer frå oss. No måndag hadde me vitjing av freelancejournalist Irene R. Mjelde frå magasinet Megafon i Bergen.Ho skal skriva ein reportasje om Venelaget for Gruo til magasinet. Reportasjen kjem tidlegast i januarutgåva. Den som ventar på noko godt…………..

Megafon er eit gatemagasin som kjem ut i Bergen ein gong i månaden. Utgjevar er avdeling av senter for arbeidslivsforberedelse med Thomas A. Nielsen som redaktør, i følje Wikipedia.

I tillegg til skinnearbeid i Høgåsen og motorarbeid på loket Oksen, byrja arbeidet med å byggja stelling  på Heishuset. Fasaden skal restaurerast der fugene er byrja gå oppløysing fleire stader. Arbeidet er  sett bort til utanforståande firma som byrjar arbeidet i nær framtid.

Venelaget 6024

Freelancejournalist Irene R Mjelde intervjuar Rune Johannessen frå venelaget. Han tok Mjelde med på synfaring i stollane.

Venelaget 6026

Richard Kvarven og Øyvind Koppang (nærast) festar ein vang til spir.

Venelaget 6028

Richard Kvarven ser om vangen er i vater.

Venelaget 6030

Magne Røsland festar stag til spir medan Olav Hellesfjord til venstre og Anskar Vedå støttar. Alle bilete foto Tor Resser ©

Måndag 7. oktober

Det hender ikkje så all verda frå den eine veka til den andre i Gruo. Me har hatt ei gruppe frå Kværner Stord som hadde seminar, omvising og middag. Det same skal me ha litt seinare i månaden for ei gruppe frå Apply Leirvik.

Av dugnadsarbeid  går det mykje på forefaldane arbeid. Til dømes måtte den eine skåla på toalettet skiftast ut med ny då den gamle hadde lekkasje. I stoll Høgåsen vart det måndag lagt ut endå ei skinnelengde på seks meter og laska til sporet. Lengda vart spikra for eit par veker sidan. Ut over dette er det lite å melda denne gongen.

Venelaget 5971

Ivar J. Helleland til vensrte og Ivan Slaggerud laskar den nye skinnelengda til det liggjande sporet. I bakgrunnen Thor Hauglid. Foto: Tor Resser ©

Måndag 23. september

Kaffipausen i dag vart nytta til å evaluera open dag laurdag.  Stort sett var det få ting å setja fingeren på. Eiit var loddsalet i Heishuset. Det synte seg at premien til dei som vann var heller småleg. For framtida skulle premie vera bok, t-skjorte, caps o.l. Hestekøyring med vogn låg noko på sida av kva venelaget eigentleg driv med, og vart vedteke ikkje å ha fleire gonger. Leiar Ivar J. Helleland reiste spørsmålet om open dag om hausten skulle gå ut. Han grungav det mellom anna med at det er svært vanskeleg å stilla nok folk til å ta seg av tilskipinga. I år måtte dagen utsetjast ei veke då det var umogeleg å mønstra nok folk den 14. slik planen opphaveleg var. Laurdag hadde han klart å få 26 hjelparar med smått og stort, m.a. elevar frå Litlabø skule. Det var ikkje ein person for mykje. Han kom med framlegg om at open dag om hausten går ut, og at det berre vert open dag 1. mai. Alle slutta seg til det.

Frå 2014 vert det altså open dag i Gruo berre 1. mai

Utomhus vart hekken i parken klypt. Plakketten  til minne om dei som mista livet på arbeid i Gruo, på muren mellom inngangen til sjakta og stigerkontort, vart «shaina» opp. Lakken vart fjerna og koparen pussa. Det vart mykje lettare å lesa kva som står på plaketten.

Venelaget 5936

Øyvind Koppang pussa plaketten Fotot: Tor Resser ©

 

Måndag 16. september

Heistårnet i Gruo må rehabiliterast. Øyvind Koppang er prosjektleiar for førebuingane og har ei tid drive undersøkingar om kva som må  og korleis arbeidet skal gjerast. Skal tårnet stå i framtida må åtak av rust på armering, der det kjem fram i dagen, stoggast. Arbeidet kan verta stort, utan at han i dag kan seia kor omfattande. Nye undersøkingar skal gjerast, i samarbeid med fagfolk på området. Seinare i haust reknar han med å kunna leggja fram endeleg resultat av undersøkingane. Eit par års tid vil tårnet vera stengt for publikum, kostnadene, slik det ser ut i dag, kan liggja på frå 1,2 til 1,5 mill. kroner. Midlar Venelaget ikkje har i dag.

Venelaget 5903

Heistårnet må gjennom ei grundig rehabilitering før det vert opna for publikum

Før open dag laurdag 21., vart det måndag rydda for kratt og tre ved innkøyringa frå Gruvevegen til Gruo. Stasjonsbygningen vart malt utvendes. Så får me vona at vergudane spelar på lag med venelaget laurdag. Sjå prgram for dagen annan stad på heimesidene våre

Venelaget 5905

Ivar J. Helleland, til venstre, Torbjørn Martinsen og Sven Lindseth ryddar ved innkøyringa til Gruo frå Gruvevegen. Båe bileta foto: Tor Resser ©

Måndag 2. september

Hausten har så smått byrja syna seg, og i september har VfG som vanleg open dag. Sjå framsida for program.

Måndag vart såleis ryddedag. Mellom anna vart ein del rister som låg lagra utanfor portalen til Høgåsen fjerna. Dermed ser det reinare ut. Rune Johannessen og Ivar Helleland, med ryggen til, lasta ristene på pallar og køyrde dei til planet ved lokstallen for vidare lagring inn til vidare. Sjå bilete under

Venelaget 5868

Innvendes i gapahuken ved Gruo stasjon vart det montert sitjebenker. Langs bygningen innanfor jernbanesporet vart det gjort klart for å leggja skiftespor. Området var alt grove ut, måndag vart dei første svillene lagt ned og grusa. På biletet reknar Torbjørn Martinsen til vendtre og banemeister Sven Lindseth ut den rette fråstanden dei nye svillene må ligg i i høve til bygningen og det gamle sporet.

Venelaget 5875

Båe bileta Foto: Tor Resser ©

Måndag 26. august

Ved ulike høve har Venelaget for Gruo hatt inntrykk av at det har vore personar , som har teke seg inn på urett vis,  inne i gruvegangane. Alle inngangane er stengde med portar og låst med kjetting og hengelås. Likevel er det nokon som ser ut til å ha som sport å ta seg inn. Det gjeld i inngangen til Høgåsen. VfG trur dei tek seg inn over portalen. Det er svært farleg for ukjende å ta seg inn på denne måten og VfG åtvarar på det sterkaste om at uvedkomande tek seg inn.

For å gjera det endå vanskelegare for uvedkomande å ta seg inni gruvegangen, er det montert gjerde og stenge over og ved portalen i Høgåsen. Med det vonar VfG å få slutt på at uvedkomande tek seg inn. Nyleg er gjenstandar stolne frå ein av gangane.

Venelaget 5860

Ved portalen til stoll Høgåsen er det sett opp gjerde og stenge for å hindra uvedkomande å ta seg inn

I lokkstallen har Knut Ekse i mange veker arbeidd med motorsystemet på det sørste lokomotiver Oksen. Den siste tida har han konsentret seg om å finna ut av og få orden på det elsktriske systemet. – Elektrikar er eg igrunne ikkje, seier den pensjonerte maskinistet. Og legg til at som maskinist må han kunna litt om mangt. Han har segla for det meste i utanriks fart, mykje på gasstankskip. Han er etter måten ny i venelaget og vart «hanka inn » av Torbjørn Martinsen, dei er grannar i Hillarhaugen.

Venelaget 5858

Knut Ekse får orden på det elktriske anlegget til lokomotivet Oksen. Båe bileta Foto: Tor Resser ©

Nemnast skal det òg at «stasjonsbygningen» nermar seg fullføring. Veggene er bordkledde og Ansgar Vedå fekk med seg Anita Ånderå Aga, endå eit nytt melem, i malararbeidet. Også taket er kome på.

Måndag 19. august

Vergudane spelte på lag med venelaget i dag. Dermed vart det aktivitetar ute. Ved Gruo stasjon vart stasjonsbygningen bordkledd.

Skinnegangen for togkøyring treng ettersyn år om anna. Denne gongen var det strekninga frå sporvekslaren til togstallen mot Smio som vart justert. Det er kring fire år sidan sporet vart lagt på denne strekja På ei skinnelengde hadde sporet sige  godt tre centimeter, som vart retta opp under leiinga av banemeister Sven Lindseth. Tidlegare er sporet i kurva ved Snikkarverkstaden justert. I tillegg vart det lagt inn sporbitar ved ein skinneskøyt der det var litt for stor fråstand mellom skinnene. Med desse justeringane vert togturen rolegare.

Venelaget 5820

Thor Hauglid nærast og Magne Røssland bordkler stasjonsbygningen

Venelaget 5823

Banemeister Sven Lindseth til venstre og Wilfred Sætre pakkar svillene med grus etter justeringa

Venelaget 5824

Nøyaktig skal det vera, aldeles i vater. Alle bilete foto Tor Resser ©

Måndag 12. august

Arbeidet med å reisa satsjonsbygningen ved Gruo stasjon skaut fart  måndag. Som tidlegare omtalt vart plata støypt i byrjinga av juli månad. Alt i middagstida måndag byrja arbeidet med å leggja ramma og kutta stendarar. Då dugnadsgjengen kom utpå ettermiddagen, byrja reisinga. Dugnadsleiar Olav Hellesfjord hadde med seg Ivan Slaggerud, Magne Røssland og Rune Johannessen som handlangarar. Karane gjorde eit kjempearbeid, og til kaffipausen i 20-tida var sperrene lagt og det kunne markerast kransaskål. Det vart gjort i stigerkontoret med kvit dame og sjokoladekake, som var restar etter ei 75-års markering laurdag, gjeve av «bursdagsbarnet». Ho hadde lagt feiringa til Gruo og Heishuset der VfG sto for informasjon om gruvesamfunnet og guiding ved stollvandring. Attendemeldingane frå gjestene var berre positive og mobilbilete frå turen flagra ut på facebook utpå laurdagskvelden.

Venelaget 5811

Stendarane vert sette opp

Venelaget 5814

Sperrene er montert Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 5. august

Dugnadgjengen var attende i gruo i dag etter ein månad ferie. Spesielt mykje arbeiod utomhus vart det ikkje, då veret var særs vått, med andre ord det regna. Ved inngangen til «katedralen» ved Høgåsen statsjon, var det falle ned noko stein. Venelaget for Gruo ser heile tida på tryggleiken for publikum og dugnadsgjengen. Difor vart hovudinngangen til hallen stengt. Samstundes vart det spetta ned litt fleire lause blokker over inngangen.

I kaffepausen orienterte Olav Hellesfjord om omvisingane dei næraste par månadene. Slik det ser ut, kan det verta ein travel haust i år òg. Leiar Ivar J. Helleland orienterte om takkebrev han har sendt til Oktan reklamebyrå som gav VfG nye heimesider, til Sparebanken 1 Stiftinga i Kvinnherad for pengegåva  og for betongen frå Fitjar Betongindustri.

Venelaget 5793

Rune Johannessen spettar ned laust fjell

Venelaget 5798

Rune Johannessen, Ivan Slaggerud og Olav Hellesfjord stengjer hovudinngangen til «katedralen» ved Høgåsen stasjon. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 29. juli

Plata er støypt

Venelaget for Gruo har ei tid hatt planar om «stasjonsbygning» ved Gruo stasjon på Litlabø. Plata vart støypt 3. juli då Fitjar Betongindustri leverte betongen nøyaktig på avtalt tid. Ikkje nok med det, då driftsansvarleg ved betongverksemda, Kjartan Sæbø, hadde gjort rein betongrenna frå trommelen, gav han gladmeldinga til dugnadsleiar Olav Hellesfjord at verksemda leverte betong og køyring gratis til venelaget. Hellesfjord vart gledelg overraska og takka på det hjartelegste.

Venelaget 5763

Kjartan Sæbø styrer betongen til ramma medan Olav Hellesfjord jamnar ut.

Venelaget 5767

Olav Hellesfjord stryk ut betongen med rettholt

Venelaget 5772

Plata ferdig støypt Alle bileta foto Tor Resser ©

Stasjonsbygningen vert  ikkje noko prangande hus, snarare meir lik ein gapahuk. Bygningen skal gje ly, i dårleg vèr, til reisande før dei går på toget for transport inn i fjellet. Der skal òg billettsalet til togturane på opne dagar vera. Målet er å få bygningen ferdig til open dag midt i september.

Måndag 22. juli

Omvisingar 1. halvår 2013

Venelaget 5728

Barnehage på omvising i den blå grotte. Foto: Tor Resser ©

Første halvår 2013 vart travelt med omvisingar. Det byrja alt i slutten av januar, var roleg i februar og til dels i mars, men tok seg opp i april, mai og juni. Fleire dagar hadde opp til tre omvisingar. Klassar frå 10 skular hadde me vitjinar av; Bremnes u-skule som byrja alt i januar, Rimbareid u-skule og Øvrebygda skule frå Fitjar. Sagvåg skule, Nysæter u-skule, Nordbygda u-skule, Rommetveit skule og Hystad skule. Fire barnehagar fekk me òg vitjing av, Bakken frå Fitjar, Tjødnalio (bilete), Ås og Sæ frå Stord. Barnehagane avslutta i den Blå grotte og alle borna frå barnehagane får diplom etter turen inn i gruvegangane.

Til saman hadde VfG 1594 registrerte personar med på omvising på anlegget. Mest var det på open dag 1. mai med 736 selde billettar, til togtur inn og ut av gruva og omvisingar med guide. I tillegg vart  Heishuset leigt ut eit par gonger til private tilskipingar. Første halvår 2012 var det registret 1259 personar på omvisingar.

Pengegåve til venelaget

Venelaget 5636

Venelaget for Gruo søkte i vår SpareBank 1 Stiftinga Kvinnherad om støtte til vøling/vedlikehald av heistårnet. Stiftinga støtta søknaden med ikkje mindre enn 100.000 kroner. Med gåva følge det diplom som vart motteke av kasserar Trine Kyvik (biletet) og dugnadsleiar Olav Hellesfjord. Heistårnet treng omfattande vøling og rehabilitering, og midlane vert såleis ein startkapital. Kor mykje arbeidet vil kosta er enno ikkje på det reine, men det er antyda at millionen nok vil rundast. Endeleg kostnad vil liggja føre til hausten.

Venelaget for Gruo var eitt av fire lag på Stord som fekk gåve frå Sparebank 1 Stiftinga Kvinnherad, som dei siste tre åra har gjeve 7,5 millionar kroner i gåver til ulike lag i Kvinnherad, Odda og Stord kommunar.

Venelaget for Gruo takkar på det hjartelegste for gåva.

Tysdag 14. mai

Venelaget 5617

Ivar Helleland fortel om arbeidet i Høgåsen. Frå venstre: Valeriano Pichiyà, Jan Morten Nesse, Josè Brigido Tomàs, Josè Lèon Chali og stordrådmann Magnus Mjør.

Gjennom 24 år har Stord hatt San Juan Comalapa, Guatemala, som venskapsby. Delegasjonar frå Stord har vore på vitjing i Comalapa, og delegasjonar frå Comalapa har vitja Stord ved fleire høve. I år kom det fem representantar til Stord, og tre av dei vitja Venelaget for Gruo tysdag 14. mai. Dei tre var ordførar i Comalapa Valeriano Pichiyà, varaordførar JosèLèon Chali og rådmann Josè Brigido Tomàs. Gjestene vart mottekne i Gruo av leiaren av Venelaget for Gruo, Ivar Helleland, som helsa gjestene på spansk. Han gav ei kort orientering om Gruo og raidet mot anlegget i 1943. Deretter vart gjestene tekne med på togtur inn i Høgåsen, der Helleland orienterte om anlegget og kva dei fekk sjå på vandringa i stollane. Tolk var, på ein framifrå måte, Jan Morten Nesse. Eit par timar varde omvisinga, som vart avslutta i heistårnet. Gjestene synte stor interesse for historia som vart fortalt om gruvedrifta på Litlabø, og ordførar Valeriano Pichiyà takka på det hjartelegaste for mottakinga og omvisinga.

Venelaget 5619

Frå venstre Josè Brigido Tomàs, Valeriano Pichiyà, Jan Morten Nesse og Josè Lèon Chali. I bakgrunnen Rune Johannessen og Torbjørn Marthinsen frå Venelaget for Gruo.

Venelaget 5626

Frå venstre Josè Brigido Tomàs, Valeriano Pichiyà og Josè Lèon Chali saman med figurane som Grete Angen har laga.

Venelaget 5628

Omvisning i sjakttårnet der heiskorgene står lagra. Alle Bileta foto Tor Resser ©

Onsdag 1. mai: Ny suksess for Open dag 

Venelaget 5573

I kø for billett og hjelm til tur inn i fjellet.

Onsdag 1. mai opna Venelaget for Gruo endå ein gong dørene for publikum. Frå å ha hatt nydeleg vårver dei siste fire åra, vart den opne dagen i år kjøleg og etter kvart regnfull. Men det skremde slettes ikkje publikum. Interessa for Gruo ser ut til å halda seg; då dørene vart stengde, var det selt i alt 736 billettar, til guida omvising i stollane og ikkje minst togtur inn i fjellet og ut att. Mange av dei besøkande var ungar, men ikkje så ratt få vaksne òg. Kafèen i Heishuset gjekk så det suste, der var det lunt og godt, og kafeen vart utselt for det meste.

Arbeidarbustaden i parken og Smio var opne med god vitjing. Tårnet var ikkje ope i år. Seniorkorpset spelte i Heishuset. Det fungerte bra.

Ein gjeng frå Osbanens Venner hadde innstallert seg i ein veteranbuss og teke turen til Gruo. Tilbakemeldingane som kom til leiaren av Venelaget frå Gruo gjekk på at turen hadde vore svært vellukka og interessant.

Ei overraskande vitjing var Leif Sandberg med familie, frå Stavanger. Han er son av tdlegare direktør ved Stordø Kisgruber, Per Sandberg. Leif Sandberg budde på Litlabø dei første barne- og ungdomsåra, til faren vart direktør ved nefelinsyanittgruvene på Sternøya i Finnmark kring første halvdel av 1960-talet. Han tykte det var svært interessant å koma attende til Litlabø og få sjå gruvene på innsida, og mimra om gamle dagar.

Venelaget 5574

Ventar på toget inn i fjellet

Venelaget 5577

Omvising i «domkyrkja» i Sadalen gruve. Omvisaer Torbjørn Marthinsen i blå kjeledress

Venelaget 5579

Skattejakt i sandkassen

Venelaget 5594

«Alle mann i arbeid» for å få den blå passasjervogna på sporet att etter avsporing. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 11. mars
Som tidlegare meldt fekk Venelaget for Gruo Stord kommune sin tilgjengepris for 2012. For å gjera tilgjenge endå betre for brukarar av rullestol, søkte laget om støtte til å få rastebord spesielt for rullestolbrukarar til uteområdet. Etter søknad til KLP har laget no fått tre rastebord, to av dei til bruk for rullestolar. Midt på bordet er langbenken teken bort, og det er opning til å køyra inn ein rullestol, slik biletet nedanfor syner. Til saman er det plass til fire rullestolar ved dei to borda. Benkene vart levert fredag i veke 10, og er alt plassert ut i området, i første omgang ved stigerkontoret.
For eit par år sidan vart det sett inn nye vindauge i sjakttårnet. Sidan har det tidvis vore etter måte mykje kondens inne i tårnet, noko som kan tyda på at det har vorte for tett. For å få betre gjennomstrøyming av luft, er det øvste vindauga no teke ut og rist sett inn i staden. Så får tida syna om kondensproblemet vert mindre.
Dugnadsleiar Olav Hellesfjord og Torbjørn Marthinsen er 12. og 13. mars på fjellsikringskurs ved Norsk Bergverksmuseum på Kongsberg. Det er andre gongen dei deltek på slikt kurs for å læra korleis dei skal undersøkja fjellet for mogeleg laus eller usikker stein i gangane og hallane.

Venelaget 5459

To rastebord for rullestol frå KLP til Venelaget for Gruo. Foto Tor Resser ©

Måndag 18. februar – årsmøte i Venelaget for Gruo:
Årsmøtet i Venelaget for Gruo vart avvikla stille og roleg. Årsmelding vart synt med foto og videosnuttar med kommentarar ved Olav Hellesfjord. Rekneskapen syner eit driftsresultat i 2012 på 68.098,- kroner. Ivar Helleland vart attvalt som leiar, Olav Hellesfjord som dugnadsleiar, Svein J. Koppang som skrivar og Trine Kyvik som kasserar. Åtte medlemer utanom dugnadsgjengen var møtt til årsmøtet.

Venelaget 5423

Frå årsmøtet 2013. Foto: Tor Resser. ©

Måndag 18. februar:
Det kalde veret over ein lengre periode har ført til noko lågare aktivitet på dugnadene så langt i år. Innandørs har det vore gjort noko, særleg i togstallen. Der er det rydda over ein periode, og lokomotivet «Oksen» (8 tonn) er kome ned på “golvet” . Loket var plassert på skinner på sviller, no står det på skinner rett på betonggolvet slik dei andre loka og vognene har stått i alle år. «Oksen» skal inntil vidare, på uviss tid, ikkje sporast om slik at det kjem ned på 600 mm sporvidde som er “normalsporet” i Gruo. «Oksen» vert nytta som demolok, publikum får sjå det, anten i stallen eller på spor utanfor. Planen er om litt å leggja ei skinnelengede utanfor stallen som loket kan trillast ut på.

Venelaget 5410_redigerad-2

«Oksen». Foto: Tor Resser. ©

Laurdag 26. januar: Pris for godt tilgjenge
For andre gong har Venelaget for Gruo fått heider og ære frå Stord kommune. Denne gongen fekk Venelaget tilgjengeprisen. Like før jul i fjor gjekk kommunen sin Komitè for næring, miljø og kultur inn for at Venelaget for Gruo skulle få prisen for godt tilgjenge for 2012. Prisen vart delt ut, saman med dei andre kommunale prisane, målpris, eldsjelpris og kulturpris, ved nyttårskonserten til Stord musikklag laurdag 26. januar 2013 i ein nær fullsett kinosal i Kulturhuset. Komiteen sa i si grunngjeving for utdelinga at:
“kommunen har som mål å gjera Stord til eit samfunn med likeverd, deltaking og valfridom for alle. For den som har nedsett syn eller høyrsle, er astmatikar, går med krykker ein periode eller sit i rullestol, er det ikkje likegyldig korleis samfunnet er utforma. Kommunen deler ut ein pris til den butikken, banken, serveringsstaden, kulturinstitusjonen, hotellet, organisasjonen eller andre som har planlagt og gjort ein innsats for å skapa eit samfunn for alle. Komitèen har vedteke å gje prisen for god tilgjenge til Venelaget for Gruo for det arbeidet som er lagt ned for å gjera det fantastiske området og gruvene tilgjengeleg for alle, òg for rørslehemma”.
Venelaget har bygt ei spesiell jernbanevogn for rullestolar og har òg skaffa ein spesielt robust rullestol til bruk i stollane i gruva. Toalettbygningen er tilrettelagt for rullestolar, og til heishuset er det eigen inngang for rullestolar. Prisen vart delt ut av ordførar Liv Kari Eskeland. Hjernen bak spesialvogna, Torbjørn Marthinsen, tok imot prisen på vegner av laget og takka for utmerkinga. I utgangspunktet er prisen eit kunstverk, men etter ønskje frå Venelaget for Gruo vart prisen i år ei pengegåve. Grunngjevinga frå Venelaget for Gruo var at ei pengegåve skal nyttast til betre lyssetjing i stoll Høgåsen, noko som kjem alle som vitjar gruvene til nytte og gode.
Venelaget for Gruo fekk kommunen sin kulturpris i 2008.

Venelaget 5392

Ordførar Liv Kari Eskeland overrekte prisen til Torbjørn Marthinsen.

Venelaget 5394

Torbjørn Marthinsen tok imot prisen på vegner av Venelaget for Gruo.

Venelaget 5037

Rullestolvogna i bruk hausten 2012. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 21. januar:
Vinteren stramar grepet, måndag var det ikkje mindre enn minus 11 gradar i Gruo, ute på planet ved stigerkontoret. Etter ein så lang periode med kuldegradar syner det også att i gruvegangane, særleg inn til under tårnet og Ekebrekken, slik fotoa under syner. Det ser ut som dryppsteinar langs skinnegangen, medan istappane veks seg lenger og lenger langs veggane.
Kulda har òg laga problem med avløpet frå toalettbrakka, der røyret var frose. Det vart eit langt og tungt arbeid å få tina røyret. Det vart vikla varmekabel kring røyret med isolasjon utanpå, slik at toaletta er klare til bruk torsdag 29. januar, då to klassar frå Bømlo uungdomsskule skal koma på vitjing.
Det kalde veret førte vidare til arbeid innandørs, med hovudsak rydding i togstallen og kjellaren i heishuset.

Venelaget 5374

«Dryppsteinar» langs skinnegangen.

Venelaget 5377

Istappane hang lange lang fjellveggen. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 14. januar:
Eit nytt år er så smått kome i gang. Det er tid for litt oppsummering av kva som hende i 2012. Det vart eit år med fleire store hendingar, der brudlaupa nok toppa på mange måtar. Dugnadsinnsatsen då, i brudlaupa, men òg generelt for året var høg. Til saman 4600 timar er notert i loggboka. Opp gjennom åra frå loggføring av dugnadstimar tok til i 2003, er det ved starten av 2013 loggført ikkje mindre enn 32.000 timar. Det er Venelaget litt byrge av, endå meir då det ikkje har vore skader av alvorleg art, korkje store eller små. Litt plaster ein og annan gong har det vore trong for, men ikkje anna.

Venelaget for Gruo i samarbeid med Sunnhordland Museum og Stord kommune har etter søknad til Hordaland fylkeskommune fått innpass i prosjektet LivOGLyst. I første omgang gjeld det for eitt år. Med i prosjektet er òg Bygdebloggen. Prosjektet skal verta eit langsiktig samarbeid for utvikling av lokalsamfunnet på Litlabø. Prosjektet får i første omgang 70.000,- kroner frå fylkeskommunen, og Stord kommune må i tillegg yta 30.000,- kroner. Midlane kan ikkje nyttast til drift av Venelaget for Gruo, men skal nyttast til å løna ein person som på deltid skal administrera prosjektet lokalt. Tidlegare einingsleiar i sosial- og førebyggjande teneste i Stord kommune, Else Berit Helle, er tilsett i stillinga.

I det nye året 2013 er det alt tinga omvisingar, dei to første i byrjinga av mars. Første dugnaden i det nye året, 7. januar, vart det køyrt inn mange uspikra skinnelengder i hovudstollen. Skinnene skal spikrast på staden. Sviller er kappa, klare til transport inn.

Venelaget 5365

Skinnelengder vert køyrt inn i stoll Høgåsen. Foto Tor Resser ©

 

  • 2014
  • 2013
  • 2012
  • 2011
  • 2010
  • 2009
  • 2008
  • 2007
  • 2006