2011

Her legg me ut informasjon og små notisar om korleis arbeidet skrid fram og om spesielle hendingar som elles finn stad i Gruo.

Måndag 12. desember: I sjakttårnet er siste stillaset rive. Det var bygt opp på nivå 3 for å sikra golvet på nivå 4, toppnivået, frå undersida. Det gamle golvet der vert ikkje fjerna slik det er gjort på dei andre nivåa. I staden vert ny plank lagt oppå det gamle, då det gamle golvet var i god stand.
Elles pågår bygging av ei låg jernbanevogn på små hjul som det skal vera lett å få ein rullestol opp på. Tanken er å leggja til rette for at funksjonshemma kan vera med på togturar.

Måndag 21. november: I tårnet er trappa frå 2. til 3. nivå snart ferdig. Trinn vart monterte i dag, men då det var seks trinn att til 3. nivå, var det slutt på boltane til trinna. Komande måndag skal trappa vera ferdig og klar til å nyttast. Då vert det mykje lettare å få opp materialar til siste trapp og golvet på nivå 4. Dei nye vindaugo vart ferdig monterte for nokre veker sidan. Opninga ved det nedste hjulet for wiren er tetta så godt som råd er. Når golvet er ferdig lagt på 4. nivå, skal det tettast ved hjulet der òg.

Venelaget 4186

Wilgot Lorentsen med slegga og Thor Haugli monterer trinn i trappa til 3. nivå

Det er laga skilt som er hengt opp ulike stader i stollane, som «Tårnet stasjon» ved sjakta.

Venelaget 4192

Tårnet stasjon er vorte skilta. Båe bileta foto Tor Resser ©

Torsdag 27. oktober: I dag vart dei to siste vindaugo på nivå fire i sjakttårnet sett inn. Dermed er sjakttårnet tett, idet alle vindaugo er skifta. Det står att å gjera noko med opningane der dei store hjula for wiren står, der regnar det inn.
Fleire bord i gangbrua over Fiskarelva i Stordalen vart skifta i dag.

Måndag 17. oktober: I løpet av dei siste vekene er det spikra nye spor-lengder, til saman sju lengder á 6 meter lange. Dette gir 56 meter spor som skal transporterast inn i hovudstollen og leggjast vidare innover i stollen i Høgåsen. Rydding i stollen pågår. Det vert fresa skilt med stadnamn som skal plasserast ulike stader langs jernbanen.
Nokre av hjula på passasjervognene var slitne. Nokre av hjula er skifta ut, på andre hjul er det fora på med nytt stål.
Stigerkontoret er teke i bruk som opphaldsrom for Venelaget for Gruo. I stigerkontoret er det lettare å få det godt og varm enn i heishuset. Ein liten vedomn, som er ei gåve Venelaget har fått som gåve frå omnsmuseet på Huglo, er sett inn i stigerkontoret.

Venelaget 4067

Dugnadsgjengen kosar seg i stigerkontoret.

Venelaget 4057

Nye sporlengder i produksjon i vedbuo. Frå venstre Kenneth Johannesen, Thor Haugli og Kim Amlien. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 3. oktober:
Sjakttårnet har hatt førsteprioritet på dugnadskveldane i haust. No er det kome inn i alt ti ny glasruter i tårnet, som byrjar å verta tett. Det står att å setja inn tre vindauge heilt oppe i toppen. Inne i tårnet er arbeidet kome så langt at ryddinga har starta på øvste nivået, nivå 4. På golvet her ligg det m.a. store mengder grease, sikkert grease som har vorte kasta av hjulet frå heis-wiren. Stillast er bygt frå nivå 3 til underkant av golv på nivå 4.
I gruva er det ved sjakta hengt opp stålwire for permanent lys i den mindre stollen som går austover frå tilkomststollen.
Stigerkontoret er teke i bruk som opphalds- og pauserom.

Laurdag 17. september:
Venelaget for Gruo arrangerte open dag i Gruo. Det var tre doble guida turar i gruvegangane, der folk vart transporterte inn i gruva med tog, før den vidare ferda innover gjekk til fots. Til saman var 180 personar med på vandreturane inne i fjellet. I tillegg køyrde toget meir eller mindre kontinuerleg med folk inn og ut av gruva. Til saman var det noko mellom 400 og 500 vitjande i Gruo denne dagen. Venelaget for Gruo seier seg godt nøgde med arrangementet.

Venelaget 3729

Vandretur i fjellet med stopp i Høgåsen og utsikt til storsynken . Foto Tor Resser ©

Onsdag 7. september:
I dag kom dei første glasrutene i tårnet på plass. Ei rute veg 33 kilo, så det er litt plunder å få dei opp og på plass.

Venelaget 3951

Den andre ruta på nivå 1 sett på plass. Foto: Tor Resser ©

Måndag 5. september: På nivå tre i sjakttårnet er golvet no ferdig lagt. Det vert meldt om flott utsyn! Inne i gruva er stollen som tek av til høgre frå stollen som går inn mot sjakta, rydda, reinska og grusa.

Venelaget 3933

Det eine hjulet som wirane til sjaktkorgene gjekk rundt, over nylagt golv på nivå 3 i tårnet.

Venelaget 3941

Utsynet frå tårnet. I klårver kan ein sjå brutårna på Stordbrua. Båe bileta foto Tor Resser ©

Onsdag 17. august: Eit nytt klenodium har funne vegen til Gruo. Frå Terje Fjellhaugen i Kvinnherad har Venelaget for Gruo motteke i gåve ein liten skjenegåande kastelastemaskin av typen Atlas LM30. Maskinen tilhøyrde i si tid Sunnhordland Kraftlag og vart nytta på Blåfalli-anlegget, til Fjellhaugen, som sjølv jobba på anlegget, tok maskinen med heim for å ta vare på han då maskinen vart overflødig og skulle skrotast. Lastemaskinen har sporvidde 600 mm og kunne setjast rett på sporet i Gruo då han vart løfta av lastebilen i ettermiddag. Eksakt alder på maskinen er ikkje kjent, kraftlaget kjøpte han brukt i 1961.

Venelaget 3926

Kastelastemaskin av type Atlas LM30. Foto: Tor Resser ©.

Måndag 15. august:
I tårnet er det meste av golvet på nivå 3 lagt, arbeidet heldt fram så lenge det var materialar tilgjengeleg. Meir materialar er tinga og vil verta levert til neste dugnadsmåndag.

Venelaget 3915

Kurt Angeltveit til venstre og Ivar J. Helleland spikrar golv på nivå 3. Foto Tor Resser ©

Måndag 8. august:
I tårnet er det gamle golvet på nivå tre rydda ut. Mykje av planken til det nye golvet er allereie skore i rette lengdar og bore opp til nivå to.

Venelaget 3894

Golvet på nivå 3 er fjerna. Thor Haugli måler avstanden frå vegg til vegg til ny golvplank. Foto: Tor Resser ©.

Måndag 1. august:
Første dugnadsøkt etter sommarferien. Det meste av arbeidet føregjekk i sjakttårnet.

Måndag 27. juni:
Oppsummering av arbeidet dei siste vekene:
I stollane pågår komplettering av lysarrangement kontiunerleg, i tillegg til fortløpande vedlikehald og reingjering av kulvertar og dreneringsgrøfter. Det er mykje avrenning som avset mudder. Spettrensk har vorte utført sporadisk, men er på veg inn i faste rutinar.
I tårnet er golv ferdig lagt på både nivå 1 og nivå 2, og tre trapper er ferdig monterte, berre rekkverk manglar. Montering av nye vindauge har starta. Arbeidet med å leggja golv på nivå 3, det øvste nivået, startar snart. Dei store hjula for heis-wiren går framleis rundt, og planen er å lyssetja dei. Under det eine hjulet låg det eit lass med gamal grease, som no er boren ned.
Stigerkontoret, som tidlegare vart disponert av Sunnhordland Geologiforening, er no overteke av Venelaget for Gruo. Venelaget har i mange år hatt ein del materiell ståande lagra i det gamle administrasjonsbygget frå Stordø Kisgruber, og dette materiellet er no flytta over til stigerkontoret.

Søndag 1. mai:
Venelaget for Gruo arrangerte «Open dag» frå klokka 10 til 16. Veret var strålande, og mykje folk var innom Gruo. Omsetninga i kafeen var stor, og det vart løyst heile 347 billettar til togturar. To lokomotiv var i drift; «Blåmann» trekte passasjervognene, medan «Geito» dreiv rein oppvisningskøyring med gamle gruvevaggar.

Venelaget 3595

Kø ved kafeen i Heishuset

Venelaget 3600

Omvising i hallen i Sadalen. Omvisar Wilfred Sætre i blå kjeledress.

Venelaget 3604

Medan nokre tok toget inn i fjellet, slappa andre av ut i solskinnet. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 11. april:
I sjakttårnet vart trapp til nivå 2 festa. I tillegg vart det arbeidd med å opna eit vindauge som har vorte murt att. med Lecasteinar. I den tidlegare vindauge-opninga skal det inn ny ramme med glas. I stollen som går i austleg retning frå stollen inn til sjakta, er ein gamal vegg riven ned, og det er reinska eit stykke innover. På fotoet t.v. er trappa til nivå 2 i sjakttårnet.

Venelaget 3522

Wilgot Lorentsen og Endre Solheim fjrenar lekastein i eit tidlegare vindauga.

Venelaget 3520

Trappa til nivå 2 i sjakttårnet. Båe bileta foto Tor Resser ©.

Måndag 4. april:
I tårnet er golvet på nivå 2 snart ferdig lagt. Trappa vart teken inn og sett i posisjon. Siste passasjervogna er ferdig ombygt med nye hjulgangar og nye benker.

Venelaget 3471

Kurt Angeltveit og Olav Hellesfjord legg golv på nivå 2 i sjakttårnet. Foto Tor Resser ©

Måndag 28. mars:
I sjakttårnet er bjelkelaget på nivå to ferdig lagt og legging av golvplankar har byrja.

Måndag 28. februar:
Dei nye benkane i vognene vart måla. Boksar som skal nyttast i rehabiliteringa av sjakttårnet, vart transportert frå gruveplanet og opp til tårnet:

Venelaget 3379

Traktoren klar for transport av boks til plata ved sjakttårnet. Til venstre Rune Johannessen.

Venelaget 3380

Lossing ved tårnet, Kim Amlien, Rune Johannessen og Olav Hellesfjord. Båe bileta foto Tor Resser ©

Tysdag 15. februar:
Venelaget for Gruo hadde møte og synfaring med representantar frå Stord kommune og Sunnhordland Museum. Møtedeltakarane var mellom anna med på vandretur inn i gruva og såg seg elles om i lokomotivstallen og sjakttårnet. Møtet gav nokre viktige avklaringar, mellom anna semje om forenkla prosedyre for utbetaling for arbeid som er utført av innleigde aktørar. Dette er aktuelt for vedlikehalds- og reparasjonsarbeid på bygningsmassen i Gruo, då slike tiltak skal finansierast av forsikringspengane for badet som kommunen disponerer. Møtet resulterte óg i at kommunen var villig til å la Venelaget disponera ein større del av vedbuo enn berre den delen som i dag vert nytta til lok- og vognstall. Vidare vart aktørande samde om å arbeida saman for å skaffa midlar frå fylke og stat. Tilbakemeldingane til Venelaget var gode.

Venelaget 3342

Kommunal synfaring i gruvegangane, frå venstre leiar i VfG Ivar J. Helleland, ordførar Liv Kari Eskeland, Rune Hansen bak, Olav Hellesfjord VfG, leiar Sunnhordland Museum Jane Jünger og Rune Johannessen, VfG. Foto Tor Resser ©

Onsdag 9. februar:
I dag vart Gruvebrødet lansert.
Brødet vert produsert hjå Leirvik Dampbakeri og selt i dei butikkane som bakeriet leverer brød til. Ei krone frå kvart selde brød vil gå til Venelaget for Gruo.
Lanseringa av brødet fann stad på Rema 1000 på Bjelland. Gruvesluskane stilte mannsterkt ved lanseringa for å dela ut smaksprøver. På fotoet ser du frå venstre: Torbjørn Marthinsen, Olav Hellesfjord, Rune Johannessen, Ansgar Vedå og Ivar J. Helleland.

Venelaget 3333

Fem «gruvesluskar» presenterer det nye Gruvebrødet. Frå venstre Torbjørn Marthinsen, Olav Hellesfjord, Rune Johannessen, Ansgar Vedå og Ivar J. Helleland. Foto Tor Resser ©

Venelaget 3328

Måndag 7. februar:
Arbeidet med ombygging av passasjervognene skrir framover. Hjulgangane vert flytta opp i ramma og det vert difor laga hjulkasser oppe i vogna. Under lagerhuset vert det lagt inn ei gummiplate som skal gjera vogna mindre stiv. I heishuset pågår framleis renovering i underetasjen, mellom anna vert det lagt kablar og opplegg for faste lysarmaturar inne i lagerrommet og tilsvarande i det rommet som skal vera elektrisk verkstad. Vidare vert diverse lamper som har vore i bruk, no sjekka og klargjorde for ny bruk. Det vert laga seks kraftige bærbare lamper som skal nyttast av guidane i gruva og elles ved fjellreinsk og inspeksjonar. Lampene er baserte på ekstralyskastarar til bilar og motorsykkelbatteri som vert plassert i ei mageveske.

Venelaget 3324

Hjulgangane på personvognene vert heva. Foto Tor Resser ©

Måndag 31. januar:
Rydding i det nye verktøyburet i kjellaren i heishuset.

Venelaget 3321

Ansgar Vedå ordnar i verktyburet i kjellaren i Heishuset. Foto Tor Resser ©

Måndag 24. januar:
I sjakttårnet er alt klart til å byrja utlegging av nye bærebjelkar på nivå 2. Trappa som skal gå frå nivå 1 til nivå 2, ligg klar under presenning ute på platået. Nye vindauge til tårnet er tinga. Passasjervognene er under ombygging. Vognene vert seinka litt, og føremålet er å minska risikoen for avsporingar. Vidare vert dei gamle busseta fjerna frå samtlege av vognene. Dei vert no erstatta med trebenkar. Resultatet vert at lastekapasiteten vert auka frå seks til ti personar per vogn. I underetasjen i heishuset vert det laga verktøybur og sett opp reolar for å skapa betre orden på reiskapar og utstyr. Etter tidlegare utført synfaring kom det fram at det var mykje råte i taket på heishuset, og det var byrja renna vatn inn på baksida av bygningen. Eit eksternt firma har difor på oppdrag frå Venelaget for Gruo reparert taket.

Måndag 3. januar:
Første dugnadsøkta i 2011. I Gruo heldt arbeidet fram der det slutta i 2010. Det inneber at bygginga av stillas i tårnet heldt fram, og stillas for å koma til på nivå 2 er no så godt som ferdig bygt. I lokstallen er det montert dieseltank, i hjørnet over hovudporten. Tanken er på ein halv kubikk, og det er no mykje enklare enn tidlegare drivstoff på lokomotiva.

  • 2014
  • 2013
  • 2012
  • 2011
  • 2010
  • 2009
  • 2008
  • 2007
  • 2006