2020

Måndag 17. februar

Aktivitet fleire stader måndag. I stoll Høgåsen vart det montert stoppar på enden av sporet, for å himdra mogeleg utforkøyring.

Rune Johannessen monterer stopp på enden av sporet i stoll Høgåsen.

Det vart gjort førebuande arbeid på hengslene til dei to store dørene i Heishuset slik at alt er klart til montering litt seinare i vår, når det vert lysare og lettare i vêret.

Med mal lagar Wilfred Sætre markeringar på hengslene kor det skal borast hòl til boltane.

Over ein lang periode er det kløyvt ved i vedbua og det har samla seg store mengde bork, fliser og anna. Måndag vart bua rydda og alt rasket køyrte vekk.

Sven Lindseth nærast og Thor Hauglid ryddar i vedbua. Alle bileta foto Tor Resser ©

Fredag 14. februar

Thor Hauglid med hjelp frå Ansgar Vedå har denne veka malt dei to store nye dørene til Heishuset. I denne omgangen er det utsida av dørene som vert malt. Fredag vart andre strøket lagt på. Årsaka til at malinga vert gjort i veka og ikkje på dugnadstida måndag, er at skal berre måndagen nyttast går det for seint og tek for lang tid, forklarar Hauglid . Difor ein innsats utanom vanleg dugnad. I det heile er omtalte dører laga utanom vanleg dugnad, på «fritid» av Rune Marcussen.

Thor Hauglid til venstre og Ansgar Vedå legg siste strøk på dørene. Foto Tor Resser ©

Beslaga til dørene er alt ferdig og klare til montering. Hengslene dørene skal henga på vert ikkje montert før det vert lysare i veret.

Måndag 10. februar

Arbeidet måndag var framhald av arbeidet måndag sist veke. I stoll Høgåsen vart ei ny skjenelengde spikra og køyrt på plass og laska. Synfaring vidare inn mot raset, ei skjenelengde eller to til, vart det avgjort at sporet sluttar ved siste skjenelengde lagt måndag. Vidare innover må det ganske mykje arbeid på trasèen for å få han jamn og i rett høgde. Det arbeidet vert utsett inn til vidare.

Rune Marcussen til venstre og Knut Inge Øien Hovin laskar skjenegangen.

Solide boltar vert nytta.

I Heishuset vart dei to dørene, som er ferdigmalte på innsida, snudde med ut-/framsida opp, klare til å verta malt.

Døra er komen ned på golvet og vert reist i loddrett stilling. Dei sterke er frå venstre bak Sven Lindseth, Thor Hauglid, Torbjørn Marthinsen og Ivar J. Helleland.

Døra er snudd med ut-/framsida opp. Thor Hauglid skuvar bord under som døra skal liggja på medan Sven Lindseth, Ivar J. Helleland og Torbjørn Marthinsen held døra oppe. Alle bileta foto Tor Resser ©

Etter ein «kvilepause» har Thor Hauglid teke opp att vedkløyvinga.

 I desse dagar vert innbetalingsblankett for kontingent og gåver sendt ut til medlemene, saman med ei kort årsoversikt. Ver glid og betal snarast råd er.

NB. Hugs årsmøtet 2. mars kl. 1800 i Heishuset.

Torsdag 6. februar

Torsdag var Venelaget for Gruo bede inn til Odd Fellow saman med ti andre lag, organisasjonar og institusjonar i Stord, Fitjar, Bømlo og Halsnøy. Frå VfG møtte leiar Torbjørn Marthinsen. Odd Fellow hadde etter rekneskapen for 2019 50.000 kroner til å etla ut til gode føremål lokalt. Dei ulike mottakarane fekk ulike summar, for VfG sin del vart det 5000 kroner. Kvar av mottakarane av gåvebrevet fekk høve til fortelja om sine lag, institusjonar organisasjoner. Gjesten fekk òg omvising i lokal til Odd Fellow.

Torbjørn Marthinsen fortalde at gåvesummen skal nyttast til kjøp av pukk/grus til lenginga av skinegangne inst i stoll Høgåsen. Der ska leggjast 48 nye meter spor, 24 meterer alt lagt.

Leiar i Venelaget for Gruo, Torbjørn Marthinsen til venstre, takkar leiar nemnd for utadrettet i Odd Fellow Kjell Vetrheim, for gåvebrevet på 5000 kroner. Foto Tor Resser ©

Måndag 3. februar

Arbeidet i stoll Høgåsen med å spikra skjener heldt fram måndag. Effektivt arbeid resulterte i at ei ny skjenelengde vart ferdig og laska. Ein bora hol i svilla, Ivar J. Helleland,, ein spikra dogs, Sven Lindseth. Nok for to menn i denne fasen. Fire var med då sporet vart køyrt til endes og ut på trasèen, Torbjørn Marthinsen, lokførar, og Geir Magne Hamnes i tillegg i denne fasen.

I Heishuset rulla Thor Hauglid malarrulla ut over dei to store dørene med første stròk med innvendes maling. Andre stròket rekna han med å ta ein dag i veka slik at dørene er klare til å snuast komande måndag for maling av sida som skal venda ut.

Thor Hauglid rulla ut maling på innesida av dørene. Foto Tor Resser ©

Måndag 27. januar

Full rulle ei stoll Høgåsen i dag. Fem karar i arbeid med å leggja ny skjenelengde. Skjena vart sydd saman ved skjenelageret kring midt inne i stollen. Sviller vart lagt opp på eksisterande spor og skinna opp på svillene. Ein mann bora fire hôl til spiker (dog) på kvar sville, utsida og innsida av skjena, ein spikra og ein paste på med mal at avstanden mellom dei to skjenen vart rett, 600 mm.

Fart i skjenespikringa, Knut Inge Øien Hovin til venstre slår spiker, Sven Lindseth bak borer hôl og Ivar J. Helleland følgjer med at malen høver på sporbreidda.

Ferdig spikra lengde vart heist opp mot loket i eine enden og ei spesiallaga innretnig rulla på sporet som alt ligg, inn til sporenden. Der køyrde den speiallaga innretningen ned på bakken og vart skôven vidare av lokomotivet til den nye lengda var i kant med den gamle.

Loket skuvar den ferdigspikra skjenelengda på det gamle sporet innover i stollen.

Lengda vart hekta av, justert til det gamle sporet og laska saman med fire boltar på kvar side.

Sjenelengda er komen til «vegs ende» og vert hekta av loket.

Laske og fire boltar på kvar side held skjenene saman. Alle bileta foto Tor Resser ©

Av anna arbeid kan nemnast at Thor Hauglid grunnmåla innsida på dei to ny dørene til Heishuset. I lokstallen koste Knut Ekse og Wilfred Sætre seg med å få motoren på Oksen til å gå.. Då er det «berre» å leggja inn skjener og trilla Oksen ut i friluft att.

OBS Hugs årsmøtet måndag 2. mars klokka  1800 i Heishuset.

Torsdag 23. januar

Rune Marcussen får ting gjort. I dag mønstra ha på ny tre sterke menn saman med bil og tilhengar, heime ved garasjen. Den andre av dei to store dørene til Heishuset var klar til transport. På mindre enn ein time var døra komen på plass i  Heishuset. Båe dørene er klare til maling, så kan diskusjonen byrja om fargeval både på inn- og utsida.

Rune Marcussen til venstre, Knut Inge Øien Hovin, Torbjørn Marthinsen og Ivar J. Helleland til høgre, ber den andre døra inn i Heishuset. Foto Tor Resser©

Måndag 20. januar

Godt i siget på dugnaden i dag. Rune M hadde fått Knut Inge til å køyra den første av dei to store dørene til Heishuset. Fem sterke karar måtte til for å bera døra inn i huset. Der skal ho malast. Litt diskusjon om farge utvendes. Fleire meinte å hugsa noko lunde, at originaldøra var svart.

Dei fem sterke karane er Knut Inge Øien Hovin til venstre framme, Torbjørn Marthinsen bak, Rune Marcussen bak til høgre, Thor Hauglid og Ivar J. Helleland.

I stoll Høgåsen skal det leggjast fire skjelengder, 48 m, frå der skjenegangen endar i dag, til raset inst i stollen. Førebuande arbeid byrja måndag med å finna reiskap, lasker til å skru skjenene saman, boltar og mutrar, dogs (svillespiker), sviller m.m. Arbeidet vil så smått ta til komande måndag.

Torbjørn Marthinsen nærast og Ivar J. Helleland legg reiskap og utstyr til skjenearbeidet på arbeidsvogna. Båe bileta foto Tor Resser ©

Av anna arbeid kan nemnast at Thot Hauglid har teke opp att vedkløyvinga eter ein pause .

NB. Hugs årsmøtet 2. mars kl. 1800 i Heishuset

Fredag 17. januar

I arkivet til Stordø Kisgruber A/S vart det funne teikningar til den store industriporten (døra) til Heishuset.   Styret i VfG har vedteke at det skal byggjast ny dør, maken til den opphaveleg, så langt det er mogeleg å sjå, etter dei gamle teikningane. I opninga i dag er det sett  ei ståldør.  Denne vil verta ståande, mendan den nye vert montert på utsida, slik den opphavelege døra sto. Døra er på kortveggen til Heishuset, som vender mot Sjakttårnet.

Rune Marcussen har teke på seg arbeidet med å snikra det nye (gamle) døra. Rammeverket til den eine delen, døra vert todelt, kvar del er to meter breid og godt fire meter høg, gjorde Marcussen seg ferdig med fredag. Når rammeverka er ferdig bygt, vert det montert fiskebeinpanel på utsida. Den eine av dørene skal ha ei mindre, vanleg dør bygt i seg slik at det ikkje skal vera turvande å opna dei store dørene når folk skal ut og inn. Marcussen snikrar dørene heim i garsajen.

-Det er enklare for meg og går fortare enn om eg skulle drege alt verktyet med til måndagsdugnaden i Gruo. Ikkje så mykje eg hadde fått gjort kvar gong då, er argumentet for å driva heime.

Rammeverket til den ein døra vart ferdig fredag. Rune Marcussen nyttar lim….

… og skruer for å festa rammeverket

Med godt verkty gå det handlaus å snikkra rammeverka. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 13. januar

Velkomne til eit nytt år, de som vil følgja Venelaget for Gruo på heimesidene, og til dugnadsgjengen som møtte kvinne- og mannsterkt fram klare til å gå i gang med nye gjeremål. I Heishuset vart det ommøblering, dei runde borda er ute, vanleg firkanta bord er komne i staden. I Stigerkontoret vart det montert nytt, meir moderne vatenbatteri på handvasken. Styret har hatt møte og sett opp kva dugnadsarbeid som er aktuelt utetter vinteren og våren. Mellom anna er det planar om å lengja sporet i Høgåsen  med tre til fire skjenelengder, inn til raset. Nytt toalettbygg er prioritert høgt og VfG har alt vore i samtale med kommunen om plassering og teikningar. Ein del tre som står farleg til skal takast ned, for å nemna noko. Det store, blå lokomotivet, Oksen, vart teke inn i lokstallen i 2008. No skal det ut att for å frigjera plass i stallen.

Dei runde borda i Heishuset er borte, firkanta bord er komne i staden. Båe bileta fot Tor Resser ©

Oksen vart teke inn i lokstallen i desember 2008. Planen er at loket skal ut att.

Styret har fastsett årsmøtet til måndag 2. mars kl 1800 i Heishuset. Merk dykk dag og tid.