2018

Måndag 26. november

Dei tre togvognene skal byggjast om og gjerast betre for publikum. I dag er taket boga slik at vaksne folk ikkje kan sitja med rak rygg, men må krøka seg, også når dei stig inn og ut av vogna. Taket skal hevast på sidene slik at dei får same høgda som det høgaste punktet, toppen av takbogen, i heile vogna. Høgare kan ikkje taket verta grunna høgda i gruvegangen vognene skal kjøyra i.

Rune Johannessen losnar taket på den blå vogna.

Taket ar av, dei to midtarste bogane skal bort.

Arbeidet med å strippa den første, blå, vogna byrja måndag. Taket vart teke av, gitteret på sidene vart fjerna og dei to midtarste takbogane vart tekne bort. Sidene på vognene skal kledast med panel og malast.

På sidene vert taket kring 25 cm høgare enn i dag, syner Torbjørn Marthinsen. Veggene opp til den øvste opninga vert panelt.

Rydding og kasting av skrot i lokstallen held fram. Måndag var det ein gamal sirkelsag som tek plass og aldri har vore i bruk av venelaget, som vart skrota.

Knut Inge Øien Hovin nærast og Torbjørn Marthinsen røyner seg ut på og demonterer den gamle sirkelsaga. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 12. november

Ikkje så mykje nytt å melda. Dugnadsarbeiet gåt stort sett som vanleg. Thor Hauglid kløyver ved jamt og trutt. I lokstalen er ryddearbeid byrja. Der er mykje som kan hivast, utfordringa er berre «kor skal me byrja», det er mykje å ta tak i.

Er det gamle varktyet brukande i dag?, undrast Torbjørn Marthinsen til venstre og Rune Marcussen.

Nyleg fekk venelaget ein søyleboremaskin frå anonym gjevar. Det spesielle med maskinen er at han i si tid vart nytta ved mekanisk verksta ved Stordø Kisgruber. Maskinen er med andre ord «komen heim att». Med litt smørjing her og der, fungerer maskinen fint. Elektromotoren følgde ikkje med, heller ikkje reimsystem, men ein god del bor m.m.

Torbjørn Marthinsen til venstre og Wilfred Sætre får søyleboremaskinen på plass i lokstallen. Båe bileta foto Tor Resser ©

Torsdag 8. november

Endå ein gong har barnebokfestivalen Falturiltu inngått eit samarbeid med Venelaget for Gruo. Denne gongen var ønsjet å «leiga» ein gruvegang, litt skummel» der ein forfattar kunne lesa ein grøssar. Valet fall på den store hallen i Sadalen gruve. Forfattaren var Linn Sunne og det innbedne publikum var 7. klassar frå Litlabø, Sagvåg og Tjødnalio skular. Litlabø, åtte elevar og ein vaksen,  og Sagvåg 19 elevar og tre vaksne kom i same pulje, til saman 31 personar. Tjødnalio 29 elevar og tre vaksne, til saman 32 personar. I tillegg fire elevar frå medialina på Stord Vidaregåande skule.

Linn Sunne les frå manuset til den nye boka Mareritt ho snat gjev ut.

Litlabø og Sagvåg skular var i same pulje.

Tjødnalio skule følgjer med når Linn Sunnet les. Alle bileta foto Tor Resser ©

Manus Linn Sunne las frå var frå boka Mareritt som enno ikkje er komen ut. Falturiltu ønskte òg at elevane fekk informasjon om kva Stordø Kisgruber i si tid arbeidde med. Denne delen tok leiar av VfG, Torbjørn Marthisen,  seg av. Heile seansen med togtur inn i og ut frå gruva gjekk på ein times tid. Som vanleg måtte alle som skulle inn i gruva henta hjelm i Heishuset hjå Ansgar Vedå.

Søndag 28. oktober

Den store basardagen kvart andre år. Basardamene har gjort eit imponerande arbeid for å få basaren til. Førre basaren var knapt ferdig og dei hadde fått trekt pusten, før dei tok fatt på basaren for i år. Dei har vore kringom å «tigga» vinstar og fått mange store og fine hjå ulike verksemder. Dagane før basaren var det full fart med å stella alt i stand. Gratis kaker og kaffi/saft var det òg. Mange hadde teke utfordringa på facebokk med å gje kaker.

Basardamene til Venelaget for Gruo, Ingvild Skaret Sortland frå venstre, Britt Furre og Jorunn Skaret Vedå

Søndag ettermiddag vart det smikkfullt av folk som ville støtta opp om VfG. Godt 150 personar hadde teke turen, åresalet gjekk strykande og mange var vinstane som fekk nye eigarar.Men så var det sjølvsagt nokre som aldri nådde opp. Også salet på bok gjekk bra, sjølv om det var selt mykje på bok kringom i forretningar på førehand. Takk til forretningane som slepp VfG til med loddsal på denne måten.

Åresalet gjekk strykande.

Nytt i år var songleg opning av basaren. Ingvild hadde forfatta «basarsong» framført av blandakor med innleigt Kjell Olav Skaret som forsangar.

Koret var frå venstre Kjell Olav Skaret, Thor Hauglid, Ansgar Vedå, Ingvild Skaret Sortland, Jorunn Skaret Vedå og Ivar J. Helleland.

Klar for basar i Heishuset.

Åge Saue var som vanleg leigt inn for å stå for trekkinga elektronisk. Alle bileta foto Tor Resser ©

Inntekta frå basaren går til å driva Venelaget for gruo. Kor stor summen vart er førebels ikkje på det reine.

Måndag 22. oktober

Silregn og vind måndag ettermiddag, vêr til å gjera innearbeid. På omvisingar med born frå barnehagar i ladehallen for el-lok i Høgåsen gruve, fortel omvisarane at der oppe, på den jarnbjelken, gjekk det ein løpekatt då gruva var i bruk. Men borna plar replisera ganske kjapt at «me ser ingen katt». Sant nok,  men no heng det ein løpekatt på bjelken. Det var sjølvsagt Torbjørn Marthinsen, leiaren av VfG, som tenket ut idèen med å montera ein løpekatt. Då får borna verkeleg sjå løpekatten. Måndag vart «katten» montert med talje og det heile.  Marthinsen antyder at løpekatten i si tid venteleg vart brukt i ladehallen.

Torbjørn Marthinsen får hjelp av Ivar J. Helleland med sikringsselen før han entrar stigen.

Løpekatten vert montert på h-bjelken.

Torbjørn Marthinsen kontrollerer at løpekatten og talja fungerer som det skal. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 15. oktober

Dei siste dugnadsdagane er det «rutinearbeidet» som står på timeplanen. Thor Hauglid er trufast ved vedkløyvaren og -saga. Han har ein stor haug ved som skal kløyvast og i sekk.

Thor Hauglid legg kløyvt ved i sekk. Vedhaugen som skal kløyvast, er stor.

Langs vegen ned frå plata ved Sjakttårnet, går arbeidet med nytt, solid rekkverk vidare. Måndag vart to nye bøyler montert. Til saman er det montert sju bøyler. Bøylene vert sveist til kvar andre, og støypt fast.

Sven Lindseth sveiser bøyle fast medan Rube Johannessen bak røyken passar på at bøylen er i lodd.

Ivar J. Helleland støyper fast den sjuande bøylen. Vidare mot venstre Rune Johannessen og Sven Lindseth. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 1. oktober

Forutan arbeid med vedkløyving, var hovudarbeidet måndag arbeidet med nytt rekkverk og sikring av vegen til plata ved Sjakttårnet. Den første bøyla vart tilpassa og festa til alt eksisterande rekkverk rundt plata. Det vart òg drive vedlikehald av varmepumpene i Heishuset.

Vater må det vera, kontrollerer Fredrik Bjørnberg og Rune Johannessen dels løynd. Til venstre Gunnar Almås, til høgre Torbjørn Marthinsen.

Fredrik Bjørnberg sveisar bøylen fast til eksisterande rekkverk. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 24. september

Arbeidet med nytt rekkverk langs vegen til plata ved Sjakttårnet held fram. Sven Lindseth, Torbjørn Marthinsen og Ivar J. Helleland rydda steinane rekkverket skal setjast opp på. Mellom anna vart nokre større røter frå tre som hadde flitrert røtene inn mellom steinane, tekne bort.

Med jekketalje drog Torbjørn Marthinsen nærast og Ivar J. Helleland opp dei kranglevorne røtene.

I kjøkenet i Heishuset sette Rune Marcussen inn ny ventilatorvifte over steamaren. Den som var montert i utgangspunktet, var ikkje god nok.

Litt utanom dugnadstimane har Torbjørn Marthinsen bygt si eiga sagbenk på ein sju meter lang h-bjelke i aluminium.  Litt prøving og feiling vart det før han endeleg fekk det slik han ville, og hadde tenkt seg. «Vogna» han har montert motorsaga på, rullar på åtte rullelager. Sverdet på saga er 105 cm langt og kan saga store dimensjonar. I lang tid har det vore lagra store trestokkar på området. Ein del av dei er lerketre og Marthinsen har plan om å saga dei opp m.a. til bordplater.

Torbjørn Marthinsen med si eiga sagbenk. Sverdet på saga er 105 cm langt. Planen er at den store stokken til venstre skal sagat opp, til bordplater. Stokken han har skore er kring 70 cm i diameter. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 17. september

Lite nytt sidan måndag for ei veke sidan. Sven Lindseth og Ivar J. Helleland held fram arbeidet på vegen opp til Sjakttårnet, der det skal setjast opp nytt rekkverk for betre sikring. Det nye denne måndagen var at Thor Hauglid kunne prøvekøyra ny vedkløyvar. Denne er elektrisk driven  og går dermed stille, i høve til den bensindrivne han har nyta seg av tidlegare. Med den nye kløyvaren kan han arbeida under tak og er ikkje avhengig av vêret. Det var han for så vidt ikkje tidlegare heller, han tok like gjerne ei økt om det regna.

Thor Hauglid prøvekøyrer den nye vedkløyvaren. Foto Tor Resser ©

Fredag 14. september

Endå ein gong har det vore innbrot hjå Venelaget for Gruo. Denne gongen er det låsane på porten til portalen til Høgåsen gruve.  Porten er låst med to solide hengelåsar gjennom 10 mm augeskruar i rustfritt stål. Augeskruene er klypt over. Innbrytarane må ha hatt ein kraftig avbitartong samstundes som dei må vera steke. Styrken kunne den/dei nytta på betre ting enn å øydeleggja for venelaget. Kor langt inn i gruvegangen innbrytarane har vore veit ikkje venelaget. Ikkje noko elles er øydelagt, helller ikkje er noko stole, slikt er det lite av. Men det er farleg for uvedkomande som ikkje er kjent i gruvegangane, å ferdas der. Innbroet må ha skjedd mellom onsdag kveld og ferdag morgon.

No er det komne nye låsar på portane til Høgåsen og til under tårnet. I reie pengar har innbrotet kosta VfG 1000 kroner pluss arbeidstid.

To 10mm augeskrue i rustfritt stål er klypt over. Foto Tor Resser ©

Innbrotet er meldt til politiet.

Måndag 10. september

Arbeidet stort sett det same som sist måndag. På kjøkenet i Heishuset fekk steamaren montert bein og kom opp i normal arbeidshøgde.  Dermed er ferdigstillinga av kjøkenet komplett.

Porten i lokstallen har gått tregt, det har Torbjørn Marthinsen orda. Eit par bord på kledninga ove porten måtte ned, dei dei vart montert att.

Wilfred Sætre til venstre og Sven Lindseth monterer bordkledningen som vart teken ned over porten i lokstallen.

Reinskinga av steinmuren langs øvste del av vegen opp til tårnet heldt fram. Mellom anna vart fleire mindre tre som held på å veksa opp på kanten, fjerna. Røtene hadde kome inn i muren og somme stader sprengt steinane ut.

Torbjørn Marthinsen styrer motorsaga medan Sven Lindseth tek han om treet. I bakgrunnen Ivar J. Helleland grev reint for mold på steinmuren. Bår bileta foto Tor Resser ©

Tysdag 4. september

Tidlegare skriv på heimesidene til Venelaget for Gruo, er Stord kommune i fullt arbeid med ny kommunedelplan for Sagvåg og Litlabø. Kommunen har sett ut arbeidet til konsulentfirmaet ABO plan og arkitrktur. Saman med kommunen var firmaet på synfaring hjå VfG i juni månad. Tysdag var landskapsarkitekt i firmaet, Kari Hope, på ny synfaring. Denne gongen tok Ivar J. Helleland ho med for å gå kanalen som førte vatnet frå Storstemma til vaskeriet. Mykje av kanalen er borte i dag, mellom anna den store viadukten over eit dalføre. Andre stader er kanalen lagt att. Alle demningane som er bygt, står framleis, om tida og vatnet byrjar å tera.

Storstemma der vatnet vart henta til vaskeriet gjennom eit kanalsystem og dammar.

Kanalen er attgrodd, men syner likeve tydeleg i terenget, syner Ivar J. Helleland til Kari Hope.

Kanalen er sprengt inn i fjellet, men utsida er rast ut.

Her frå gjekk vatnet i røyr fram til vaskeriet, fortel Ivar J. Helleland til Kari Hope Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 3. september

Ansvarleg for VfG sine heimesider fekk ikkje så lite pes i dag avdi han ikkje hadde lagt ut noko måndag for ei veke sidan. Årsaka tykte han var innlysande, lite hadde endra seg sidan måndagen før. Han skal skjerpa seg denne måndagen, for det hende ein god del.

For det første vart porten inn til gangen under tårnet og sjakta, endeleg skifta. For ei tid attende vart det gjort herverk på aluminiumsporten og nokon hadde teke seg inn i gangen. Kraftigare og tyngre port, galvanisert jern, vart sett framfor den øydelagde. Måndag vart den øydelagde porten fjerna og jernporten vart montert premanent. Torbjørn Marthinsen hadde førebudd arbeidet, medan han fekk hjelp av tre sterke karar med å få porten tredd ned på hengsletappane.

Ivar J Helleland til høger, Wilfred Sætre, Torbjørn Marthinsen med jekken og Thor Hauglid på innsida, styrer porten på plass på tappane.

Vel gjort med ny port, seier Torbjørn Marthinsen til høgre og Iva J. Helleland.

Gjerde langs den øvste delen av vegen opp til plattinga ved Sjakttårnet har i årevis vore i dårleg stand. Måndag byrja Sven Lindseth arbeidet med å rehabilitera gjerdet. I første omgang må steinane rekkverket skal stå på, reinskast for mold og skit. Det nye gjerdet vert av same type bøyler som er montert rundt plattinga.

Sven Lindseth byrja arbeidet med å rehabilitera gjerdet langs vegen til Sjakttårnet. I første omgang å fjerna mold og skit .

Sisre lista vart «spikra» på kjøkenet i dag, melde Rune Marcussen ved matpausen måndag kveld, til stor applaus . Dermed er rehabiliteringa av kjøkenet i Heishuset gjennomført. Og det er vorte retteleg fint, til glede for damene som har styringa der. Også for dei som leiger Heishuset til samkomer av ymse slag. Jim Fowler har installert det elektriske anlegget. Det er kontrollert av autorisert installatør, utan at det var funne noko å setja fingeren på.

Rune Marcussen spikrar siste lista på kjøkenet.

Dei var slettes ikkje interesserte i å vera med på oppstilt bilete i det ferdige kjøkenet, Rune Marcussen til venstre som har vore primus motor for arbeidet, og den «tredje handa», Knut Inge Øien Hovin. Men dei fortener det. Alle bileta foto Tor Resser ©

Laurdag 1. september

For andre gong ønskte brurepar å få ta brurebileta hjå Venelaget for Gruo. Denne gonegn i Sjakttårnet. Brura, Marita Zakariassen, fortel at det var då dei vitja Sjakttårnet på open dag i vår, idèen om å nytta tårnet til brurefoto vart fanga. Som tenkt så gjort.  For fleire månader sidan tok ho kontakt med venelaget og fekk straks melding om at dei var hjarteleg velkomne.

Å ta seg opp til og i tårnet i lang brurekjole var ikkje berre berre. Men ho samla kjolen i fanget og med god hjelp av ektemannen Kjetil Haraldseid og forlovarar gjekk det etter måten greit. I tårnet styrte fotograf  Vibeke Mjånes seansen som gjekk på ein liten times tid.

Marita Zakariassen og Kjetil Haraldseid gifta seg laurdag. I bakrunne forlovar Trude Nylund.

Fotograf Vibeke Mjånes fokuserer på paret sine ringar.

Brura Marita Zakariassen saman med forlovarane Trude Nylund til venstre og Eirin Landa.

Ein glad gjeng i tårnet, framme brureparet, i midten forlovarane Eirin Landa til venstre og Trude Nylund. Øvst forlovarane Espen Nylund til venstre og Hans Morten Haraldseid. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 20. august

Rune Johannessen og Ivar J. Helleland tok opp jakta på det forsvunne lyset i gruvegangane. I stoll Høgåsen var det væte (fukt) som var syndaren. I stoll Sadalen var det ein armatur som sytte for kortslutning. Syndaren vart funnen ved Stordøbenken. Då armaturen vart kopla ut, vart lyset stabilt att.

Armaturen som sytte for kortslutning vert teken ut i koplingsboksen av Rune Johannessen medan Ivar J. Helleland følgjer med.

Småplukk att i kjøkenet i Heishuset. Fire overskap vart montert og sett på plass. Dermed er alle skap komne opp. Ute på området vart ein del småskog som vart teke ned tidlegare i år, samla og køyrt til kløyveplass. Dei store stammane frå lerketrea som har lege i utkanten av plassen, har Torbjørn Marthinsen byrja saga opp til ved.

Rune Marcussen monterer handtak på overskapa medan Ingvild Skaret Sortland vaskar dei ut. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 13. august

Grasklipping var ein viktig del av dugnaden måndag. Mange stader måtte høgt gras vika for plenklipparen.

Kring Børtveitsmio var det fellesarbeid mellom Thor Hauglid med klipparen og Wilfred Sætre som tok seg av snublestubbar med brakasaks Foto Tor Resser ©

I Heishuset monterte Rune Marcussen og Knut Inge Øien Hovin skap på kjøkenet og skyvedør til kjøkenet. Elles vart det gjort ymse ulike  arbeid. Både i gruvegangane i Høgåsen og Sadalen var det mørkt. Venelaget har ei utfordring med fukt på elanlegget når veret er som i sommar, varmt ute, kjøleg inne i fjellet. Då vert det svært fuktig som igjen slår ut, boktaveleg talt, elanlegget. Det vert eit arbeid å gera her komande måndag.

Måndag 6. august

Då er det på han igjen. Sommaren er over ferien stort sett slutt og hausten er på framsteg.  I alle høve var det haustleg i gruo måndag, yr og vått. Frammøtet var ikkje det største, men det var nok å hengja fingrane i. Rune J. ordna lyset i stoll Høgåsen. Det var mykje fukt på kablar og armatur som førte til kortslutningar.  Rune reinska opp. Også i stoll Sadalen var det mørkt måndag. Om det berre var sikringa som hadde slått seg ut, eller andre årsaker, fekk Rune ikkje tid å sjå på. Han tek tak komande måndag.

Skytja som vart flyta for halvannan veke sidan, vart justert endeleg på plass måndag. Kvar av sidene vart gjekka opp kvar for seg, og fundamentet vart justert inn. Opninga mellom lokstallen og skytja vart lukka med ei plate, plukka ned frå veggen til lokstalen.

Med motorsag og jekk fekk Torbjørn Marthinsen justert skytja på plass.

Torbjørn Marthinsen og Ansgar Vedå får på plass plata i opninga mellom lokstallen og skytja. Båe bileta foto Tor Resser ©

Damene som fører rekneskapen, hadde problem med å koma inn på nettet. Årsaka vart ikkje funne.

Torsdag 26. juli

Ved fleire høve har det vore drøfta å flyta skytja som står på plssen framfor Heishuset. For det første er ho ikkje av det fine slaget, for det andre kan ho gjera betre nytta annan stad. Til sist vart det semje om å flytta skytja til andre enden av lokstallen. Der kan ho nyttast til vedkløyving under tak. Den alltid ivrige og oppfinnsame leiaren av Venelaget for Gruo, Torbjørn Marthinsen, sette dei små grå i aksjon for å finna beste løysinga på utfordringa. Til slutt kom han til at det beste var å setja to små vogner på kvart hjørne av langsidene på skytja, og løfta opp med trucken på motsett side og så skuva det heile til den nye staden.

Godt førearbeid og ekstra avstiving måtet til.

Bjelken mellom dei to vognene vart solid festa med spennband.

På sving ut frå den gamle staden.

«Full fart» mot ny stad for skytja.

Her skal skytja stå med noko finjustering i høve til lokstall og innkøyringsport.

Tommelen opp, oppdrag utført utan problem, kan Torbjørn Marthinsen slå fast. Alle bileta foto Tor Resser ©

Med godt førearbeid, solid festing med spennband til botnstokkane og vognene, sette han i gang. – Får eg flytta skytja ein meter, skal eg klara resten òg, sa han. Den første meteren gjekk fint og på fem minuttar var skytja rulla rundt lokstallen til den nye staden i andre enden. Når dugnaden byrjar att i byrjinga av august, skal skytja plasserast nøyaktig og byggjast litt opp frå bakken.

Tysdag 10. juli

I tre veker er det CISV-leir på Litlabø skule. Ungdomar i 15-års alderen frå ni nasjonar er med på leiren, mellom andre Fillipinane, Columbia, Costarica, USA, Danmark, Polen, Ungarn og Noreg.  Organisajonen arbeider for fred på tvers av landegrensene. Natt til onsdag var ungdomane på telttur, for så vidt ikkje lenger frå skulen enn til Parken på Litlabø. Jostein Sydnes, leiar for leirkomiteen som legg til rette for det praktiske kring leiren, hadde vore i kontakt med Torbjørn Marthinsen, leiar av Venelaget for Gruo, om grasssletta i Parken kunne nyttast for overnattinga. Marthinsen var velviljen sjølv og ungdomame reiste telt og lavoar til overnattinga. Tysdag ettermidag var det fottur i skogen til Fiskarelva og bading i Jappaløken. Leiar for leiren er Anne-Beate Lilletvedt.

Leirdeltakarane ved teltleiren i Parken på Litlabø- Foto: Tor Resser ©

Måndag 25. juni

Noko grese frammøte i dag, fleire er byrja sommarferie. Rododendronbedet i parken er over tid vorte sterkt ovegrodd av ugras, bringebærris og ikkje minst bjørnebærris. Torbjørn Marthinsen meinte det måtte ein ordentleg innsats til for å reinska opp. Som meint som gjort, saman med Thor Hauglod gjekk dei i gang med prosjektet. Særleg bjørnebærriset er vanskeleg å få tak i, mest mogeleg av rotsystemet bør bort, men  er ei utfordring. Mykje av rieset vart fjerna, men nok står att, tida strakk ikkje til, og vert teke seinare.

Torbjørn Marthinsen held ris til sides medan Thor Hauglid nyttar hakka for å finna rotsystemet.

Med godt tak i rota dreg Thor Hauglid mange bjørnebærris utav rododendronbedet. Båe bileta foto Tor Resser ©

Dette var siste dugnadskvelden før sommaren. Neste dugnadkveld vert måndag 6. august.

God sommar til alle lesarane av VfG sine heimesider.

Torsdag 21. juni

Stord kommune har over ein periode arbeidd med kommunedelplan for Sagvåg og Litlabø.  No ser det ut til at arbeidet kan skyta fart. Konsulentfirmaet ABO Plan og arkitektur er leigt inn for å ta arbeidet med planen. Torsdag var Andreas Larsen frå Stord komune, Unni Sjursen får ABO Os og Karoline Eldøy og Kari Hope frå ABO Stord på synfaring på øvre Litlabø. Mellom anna på området  Venelaget for Gruo driv. Her vart planfolka møtta av leiar i VfG Torbjørn Marthinsen, Svein Jæger Koppang som vaks opp i Gruo og Wilfred Sætre som har budd her i snart 50 år og kjenner området godt. Dei gav omfattane informasjon til planfolka som noterte flittig.

Frå synfaringa på området Venelaget for Gruo disponerer. Frå venstre Svein Jæger Koppang og Wilfred Sætre frå VfG, Karoline Eldøy ABO Stord, Andreas Larsen frå Stord kommune og Kari Hope ABO Stord, leiar av VfG Torbjørn Marthinsen og Unni Sjursen frå ABO  Os. Foto Tor Resser ©

Planfolka heldt fram med synfaringa i Rødkleiv. Fart i arbeidet vert det frå august månad, då kan det verta ny  synfaring til området.

Nytt hærverk

Endå ein gong har det vore hærverk på rekkverket på brua over Kiselvo frå parken til vegen opp mot lokstallen framom huset til hundeklubben. Det vart storvøle på rekkverka  på brua for eit par år sidan. Tidlegare i år vart rekkverket på ny vølt etter hærverk. No har det altså skjedd igjen. På båe sider av brua er rekkveket knust. Det er vanskeleg å skjøna kva vitsen er med slik åtferd. Venelaget for Gruo har andre ting bruka tida til enn gong etter gong vøla på unødvendige skader.

Rekkverket på båe sider av brua er knust. Foto Tor Resser ©

Måndag 18. juni

Måndag var det kosedag med grillfest i staden for dugnad. Dei som ønskte hadde med følgje, til saman kring 30 personar var samla i Heishuset. Det var likevel ikkje heilt dugnadsfritt. Damene, Jorunn, Ingvild og Britt pluss Ansgar og delvis Richard, sytte for grillinga. Der var god mat og god drøs.

Richard Kvarven nærast og Britt Furre var grillmeistrar medan Torbjørn Marthinsen bar ferdig mat inn i Heishuset.

Leiar av VfG, Torbjørn Marthinsen, gav ei kort oppsummering av første halvåret. Mykje godt arbeid var utført. Langs Kiselva er det rydda, Børtveitsmio er ferdig, det er strekt «kablar» melom Heishuset og Sjakttårnet, og ikkje minst Heishuset har fått ny kjøkeninnreiing. Til venelaget er det kome 479 personar frå lag, organisajonar, barnehagar og skular til omvising første halvår. Lengst vekke ifrå var familien frå Canada. Tek me med open dag 1. mai, har venelaget teke imot ikkje mindre enn 1808 personar fram til 6. juni.

Kring 30 personar var med på grillfesten i Heishuset. Vèret var litt for kaldt til å sitja ute. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 11. juni

Måndag rauk det frå pipa på Børtveitsmio for første gong etter at ho er bygt opp att. Wilfred Sætre fyrte opp essa og det la seg ein eim av kolos over delar av området. Det var ein merkedag for venelaget, endeleg var arbeidet med Børtveitsmio kome til ein slutt, oppattbygginga var fullført. Wilfred nørte godt opp i kolet, og smidde noko som kanskje kunne vera ein krok, men som han sa, ein stør, kva han no skulle bruka den til??

Essa i Børtveitsmio vart fyrt opp for første gong etter at ho er bygt opp att. Wilfred Sætre tek tak i stålet han skal smi.

Dei første slaga på det raude stålet.

Stålet vert bøygd.

Til smio har Venelaget for Gruo fått ein del utstyr frå familien etter Sverre Heggland, mellom anna to amboltar og eitt bord. Heggland arbeidde på Aker Stord og dreiv som smed på hobbybasis heime.

Dei to «kablane» mellom Heishuset og hjula i Sjakttårnet har sige ein del. Måndag vart dei strekt opp slik at dei heng strammare, om ikkje så stramt som dei originale kablane.

Torbjørn Marthinsen til venstre og Sven Lindseth på toppen av heiskorga klar til å setja fast den strekte «kabelen» . «Kabelen» til høgre er ferdig stramma opp.

Gruo Stasjon har lenge lengta etter maling.  Måndag heiv Gunnar Almås seg på arbeidet og sette same farge på stasjonen som Børtveitsmio og Stigerkontoret har.

Gunnar Almås i bakgrunnen svinga malarkosten på Gruo Stasjon medan Sven Lindseth slår gars og mest ugras bak og på sidene av bygningen. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 4. juni

Etter at orkanen Nina herja i gruveskogen, har det over lengre tid vore meir eller mindre uframkomeleg i området. Skogen vart hoggen for nokre år sidan, men dei tunge maskinane øydela mykje av det tidlegare skogsvegsystemet. Venelaget hadde kontakt med Stord kommune som litt etter kvart har ordna ein del av vegsystemet frå Rødkleiv så langt det har vore mogeleg å nå med maskin. Stigen frå Heishuset opp framom Sjakttårnet mot storsynken i Høgåsen er rydda så mykje at det er rimeleg bra å ta seg fram. Somme av merkestolpane for dei ulike løypene måtte flyttast litt på før stigen når skogsvegen. Likeeins vart skilta turlaget har sett opp flytta og sett opp att der dei var rivne ned. Dette arbeidet tok Svein Jæger Koppang og Ivar J. Helleland seg av måndag.

Somme av merkepålane vart flytta for å gje betre stig fram til skogsvegen. Ivar J. Helleland slår med slegga medag Svein Jæger Koppang held pålen.

Skiltet som syner vegen til storsyken i Høgåsen vert sett opp att. Ivar J. Helleland til venstre og Svein Jæger Koppang.

Somme av skruene var bøygde, men med litt retting vart skruen tvinga inn att.

Av andre gjeremål vart Børtveitsmio ferdigmalt med Gunnar Almås som kostsvingar. Døra til Heishuset fekk òg eit malingsstrok med Ansgar Vedå som penselførar.

Gunnar Almås svinga kosten på Børtveitsmio……

…medan Ansgar Vedå var penselførar på døra til Heishuset. Alle bileta foto Tor Resser ©

 

Måndag 28. mai

Mykje av arbeidet var av det forefallande slaget, mellom anna klyppa gras, ordna sti i området ovanfor sjakttårnet mot storsynken. Det vart henta ut meir okermineral frå gruvegangen. Farginga av t-skjortene var så vidt vellukka at «basardamene» vil gå litt vidare, etter konsultasjon hjå fagfolk på området.I kjøkenet er siste innspurt med plating av taket i gang.

Rune Johannessen…….

…. og Torbjørn Marthinsen spar oker frå rennesteinen.

Ansgar Vedå malar rekkverket langs trappa til Heishuset.

Stolne jernbaneskjener

Leiar av Venelaget for Gruo, Torbjørn Marthinsen fortalde i kaffipausen måndag at det er stole jernbaneskjener frå lageret ved lokstallen. Kva tid tjuveriet har skjedd kan han ikkje seia, han går ikkje å vaktar skjenene kva dag, heller ikkje kor mange. Men dei som har «forsynt seg» av lageret må ha hatt bil, truleg lastebil med krane, då skjenene er 6 meter lange og tunge.

Dei stolne skjenene låg over den bøygde skjena, syner Torbjørn Marthinsen. Alle bileta foto Tor Resser ©

Det er andre gong det vert stole skjener frå VfG. Sist vart dei funne att etter tips frå publikum, og venelaget fekk dei attende.  Venelaget vonar det same kan skje denne gongen òg. Har nokon tips om nokon som til dømes har bygt seg slippopptrekk med skjenetypen som på biletet, i vinter eller vår, er Venelaget for Gruo takksam for opplysningar.

Tysdag 22. mai

Ein ny stor flisedag. Venelaget leigte ein flishoggar hjå littgraving.no. Hoggaren fekk rettelg køyrt seg, men så vart så godt som alle haugane med greiner kringom på området flist opp.  Det meste av grangreinene langs vegen til Sjakttårnet og haugane ned på planet.  Det einaste som ligg att er ein mindre haug på vegen til tårnet og ein større ved Arbeidarbustaden. Men der nekta hoggaren å arbeida meir. Den haugen får liggja inn til vidare.

Thor Hauglid matar flishoggaren

Det vart noko flis på matar Hauglid òg.

Traktortilhengjar full av store grangeriner frå grantrea nedanfor Sjakttårnet, er så godt som fliste. Frå venstre Ivar J. Helleland, Thor Hauglid ved hoggaren og Sven Lindseth.

Men det verkeleg store denne tysdagen var å setja idèen til «basardamen» ut i praksis. I somme av gruvegangane hjå Stordø Kisgruber finst mineralet oker, gruo sin farge, med andre ord. Mineralet er nytta som fargestoff i tusenvis av år attende i soga. Kvifor ikkje farga t-skjorter oker, tenkte damene. Som tenkt så gjort. Med  Torbjørn Marthinsen som kjentmann inn i gruvegangen, henta dei ut ei bøtte fargestoff frå rennesteinen. Gryte vart sett over propanbrennar og stoffet hatt i vatnet. Då vatnet nerma seg kokepunktet vart skjorter lagt i gryta. Etter ei tid, då skjortene såg rimeleg bra ut, vart dei tekne ut av okervatnet , skylt i kalt vatn og hengt til tørk. Om ei veke kan dei sjå det endelege resultatet. Planen til damene er å nytta dei okerfarga t-skjortene på open dag 1. mai, og kan henda ved basaren til hausten. Å ha denne typen t-skjorter til sals, kan verta ei for stor oppgåve?

Torbjørn Marthinsen henter oker opp frå rennesteinen medan Britt Furre bak, Jorunn Skaert Vedå og Ingvild Skaret Sortland følgjer spent med.

Torbjørn Marthinsen har fyrt opp gryta og Ingvild Skaret Sortland tømmer okermineralet i vatnet. Bak Britt Furre til venstre og Jorunn Skaret Vedå.

Dei første t-skjortene går i gryta, frå venstre Jorunn, Britt og Ingvild som var rørar.

Ser bra ut, tykkjer Ingvild

Jorunn heng okerfarga t-skjorter til tørk.  Alle bileta foto Tor Resser ©

Tysdag 1. mai

Det tykkjest som om Venelaget for Gruo har ein etter måten sterk posisjon hjå folk på Stord. I alle høve var det mange som fann vegen til open dag 1. mai. Me trur, utan å vera heilt viss, at dagen vart bort imot rekord av publikum sjølv om veret ikkje var av det beste. Det var stadig «noko som fauk i lufta». «250 nytta høvet til å klatra til topps i Sjakttårnet der Else-Berit Helle det meste av dagen var omvisar.

Publikum fekk gå heilt til topps i Sjakttårnet der hjulet for wiren til nordre korg er.

Til omvisisng i fjellet var det 180 vaksne og bron som løyste billett med Wilfred Sætre, Torbjørn Marthinsnen og Ivar J. Helleland som omvisarar. Tre turara vart det på kvar av omvisarane inn i fjellet.

Wilfred Sætre, i blå kjeledress, med ei gruppe på veg inn i fjellet, men først ein stopp for å fortelja om Sjakttårnet.

Den store vinnaren var, ikkje uventa, togtur inn i fjellet. Lokkførarane Rune Marcussen og Knut Inge Øien Hovin køyrde i eitt i bort imot fem timar. Ansgar Vedå selde ikkje mindre enn 807 billettar til togturane. Til saman vart det løyst 1330 billettar til dei ulike omvisingane.

Stadig kø for å koma med toget inn i fjellet.

Toget i svingen ved Stigerkontoret

Mange vitja gruvemuseet i gamle smiebygget der Svein Jæger Koppang var omvisar og svarte på spørsmål. I Arbeidarbustaden fortalde Johannes Vetås om gamle dagar.

I Arbeidarbustaden skreiv Ingrid Bernes både sitt namn og søster Henny sitt i gjesteboka medan mamma Heidi og pappa Arne Johan ser på. Til venstre omvisar Johannes Vetås.

Seniorkorpset var som vanleg på plass og spelte friske tonar. For borna var det utfordringar både med å gå på stylter og kasta ball på bokspyramide. Her overvaka Knut Ekse at alt gjekk rett for seg.

Fullt hus i kafeen i Heishuset. Alle bileta foto Tor Resser©

Til sist men absolutt ikkje minst skal nemnast damen i kafeen i Heishuset. Kafeen var usedvanleg godt vitja; stinn brakke som dei seier, heile dagen. Damene sto på som «piska rotter». Ein stor takk til dei, og stor takk til publikum som tok turen til Gruo og venelaget. Inntektene går til å driva VfG. Vonar de hadde ein hyggjeleg dag og er gjerne velkomne att om eitt år.

Onsdag 25. april

Sidan i fjor haust har det med ujamne mellomrom vore skrive om rehabilitering av kjøkenet i Heishuset. Arbeidet er så godt som ferdig, berre mindre ting står att. Dermed har kjøkendamene til Venelaget for Gruo teke over. Skuffer og skap er vaska ut, onsdag byrja arbeidet med å vaska kjørler og glas før dei vart plassert i skap og skuffer.

Britt Furre gjer klar ei ny korg til steamaren.

Oppvasken er vorte enkel og lett med ny oppvaskemaskin/steamar. Ei korg i maskinen er ferdig på få minuttar. Damene satsar alt på å verta ferdig i god tid før 1. mai. Då vert det tradisjonen tru open dag hjå Venelaget for Gruo. Med nytt kjøken vil kafeen gå langt lettare enn tidlegare.

Jorunn Skaret Vedå hentar ut ei korg frå steamaren.

Kjøkendamene, med ryggen til diverre, plasserer kjørler og glas i skap, frå vesntre Britt Furre, Jorunn Skaret Vedå og Ingvild Skaret Sortland. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 16. april

Full fart på fleire frontar måndag. I Børtveitsmio monterte Wilfred Sætre og Sven Lindset røykhatten ove essa i Børtveitsmio. Hatten er høgst truleg frå då smio vart bygt kring 1920 i samband med bygginga av Børtveit kraftstasjon og røyrgata til Svartavatnet. Med andre ord tett opp til 100 år.

Røykhatten heng solid, slår Sven Lindseth til venstre og Wilfred Sætre fast.

Innspurtet er byrja i kjøkenet. Måndag vart utstyr montert, både handvask og filter for avtreksvifte over komfyren.

Rune Marcussen monterer batteri på handvasken, Ansgar Vedå følgjer nøye med. For ordens skuld, når batteriet er montert vert vasken snudd rette vegen.

Knut Inge Øien Hovin monterer filter for avtreksvifta over komfyren.

Ved opmvisinga laurdag spora den eine vogna på toget av, like utanfor portalen til Høgåsen. Måndag vart vogna jekka attende på sporet og togsette vart prøvekøyrt. Ei anna vogn spora av to gonger. Årsaka er uviss, men Torbnjørn Marhinsen hadde ein teori om at det har vore turt den siste tida,  at det kan verka inn på skjenegangen som igjen får hjula på vognene til å kliva på skjena og dermed spora av.Ved våte skjener skjer ikkje slike avsporingar. For å hindra at hjula kliv på skjena, var det smurt litt greas på innsida av skjena for å gjera ho glattare og hindra kliving. Ved fleire køyringar såg det ut til at problemet var løyst?

Torbjørn Marthinsen smørjer greas på innsida av skjena for å hinda kliving. På loket Rune Johannessen som prøvekøyrer. Alle bileta foto Tor Resser ©

I tillegg til dette vart det rydda kvist og greiner der det er teke ned tre.

Obs Hugs open dag tysdag 1. mai frå klokka 1000 OBS

 

Måndag 9. april

Over tid har det vore rydda kratt og tre langs Kiselva og parken. I hovudsak har Thor Hauglid vore primus motor for arbeid. Det meste er gjort, att står opprydding av kvist og kvast for flising. Stokkane frå trefellinga skal kløyvast til ved.

Frå planet ved Heishuset er det vorte eit ope utsyn mot parken og arbeidarbustaden. Til venstre Rune Johannessen som ryddar i skråninga ned mot Kiselva.

Frå Parken ved arbeidarbustaden mot planet ved Heishuset. I midten i bakgrunnen Sjakttårnet. Til venstre i bakgrunnen Børtveitsmio. Med saga Thor Hauglid. Båe bileta foto Tor Resser ©

Utvendes arbeid med Børtveitsmio vart ferdig måndag. Dei siste vannbora vart festa. I kjøkenet byrjar arbeidet å gå mot slutten. Litt platearbeid på veggane står att. Benker og noko skap er montert. Luftekanalar er montert over himlinga i kjøkenet.

Måndag 26.mars

Dugnadsarbeidet heldt fram i dag der det slutta sist måndag. Det vil seia i hovusak arbeid på Børtveitsmio og platekle veggene i kjøkenet i Heishuset. Sistnemnde arbeid nærmar seg slutten. I veka kom utstyret som skal monterast i kjøkenet, inn til då lagra i Heishuset. Av utstyr er mellom anna skap med hyller, steamer, oppvaskbenk og med meir.

Utstyret som skal monterast i kjøkenet, er kome i (heis)hus. Foto Tor Resser ©

Neste dugnad vert tysdag 3. april. Til då er det påskeferie. God påske til dykk alle.

Måndag 19. mars

Kveldane vert lysare, meir arbeid kan gjerast ute. Mellom anna vert det utvendes arbeidet på Børtveitsmio intensivert for å verta ferdig med den delen. Særleg å verta ferdig med bordkledninga og vassbord. 

Gunnar Almås til venstre og Sven Lindseth i arbeid med bordkledninga på Børtveitsmio.

I området langs Kiselva vert det rydda for krattskog og anna. Arbeidet med å setja opp veggplater i kjøkenet i Heishuset går framover. Det er «heft» og tek si tid der det må lagast opningar for gjennomføringar for vatn, avløp og el-uttak.

Å vita kor dei ulike bygninga sto  då gruva var i produksjon er alltid interessant, området i dag er noko heilt anna enn den gongen. Såleis vart det synfaring til kor laboratoriehuset sto. Svein J. Koppang, Ivar Helleland og Ansgar Vedå var dei som hadde førstehands kjennskap til kor kjemikar Trygve Urdahl heldt til. Han styrte laboratoriet i mane år og var kjent for å vera ein svært dugane mann  og fekk prøver til analyse også frå andre kantar av landet.

Her, der det no er laga skråning opp mot industribygget, var laboratoriet, syner Svein J. Koppan, midt i biletet. Frå venstre Rune Johannessen, Kim Amlien, Thor Hauglid, vidare Ansgar Vedå, Ivar J. Helleland og Torbjørn Marthinsen.

Inne i stoll Høgåsen, ved det store raset, er det framleis is og saman med avrenning frå fjellet vert det fint fargespel. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 5. mars

Kulden siste veka kan merkast også hjå venelaget. Utløpet for rennesteinen gjennom Høgåsenportalen var frôse 0g bekken på utsida var botnfrôsen, ein stad måtte vatnet ta vegen. Lettast var det å renna mot det lågaste punktet inne i stollen etter kvart som rennesteinen vart fyllt med vatn. Dermed vart ingangen mot Sadalen gruve oversvøymd. Voneleg går det mot mildare vèr slik at isen som tettar utløpet i portalen, tiner. Istappar inne i stollane var det heller lite av, og ein god del var alt falle ned. Det tyder på at mildvèret er på veg.

Ivar J. Helleland ser at vatnet har teke andre vegar, innover mot Sadalen gruve når utløpet gjennom Høgåsenportalen er frôse.

I Stigerkontoret vart det vesle kontoret rydda for bøker og utstyr. Utstyret vart nytta i gruvedrifta og vert flytta til Heishuset der det høyrer heime og skal stillast ut. Det vesle kontoret skal nyttast av rekneskapførarane slik at dei kan sysla med sitt ein roleg stad.

– Kva kan dette vera?, undrast Wilfred Sætre og studerer noko av utstyret som er flytta frå Stigerkontoret, samamn med Torbjørn Marthinsen til venstre, Ansgar Vedå og Rune Johannessen til høgre.

På kjøkenet byrja arbeidet med å setja opp veggplatene. Eit pirkete arbeid der dei vassrette linene på platene må gå i hop langs heile veggen. Det vert nok eit langsamlege arbeid, men som det er sagt vel begynt er halvt fullendt.

Rune Marcussen til høgre monterer veggplatene på kjøkenet saman med hjelpar Knut Inge Øien Hovin. Alle bileta foto Tor Resser ©

 

Måndag 26. februar

Dag for årsmøte 2018 med attersyn på 2017. Eir par og tjue medlemer hadde funne vegen til Heishuset for å vera med på årsmøtet. Leiar Torbjørn Marthinsen ønskete velkomen og gav ordet til møteleiar Iva J. Helleland. Han helsa frå to medlemer og tidlegare gruvearbeidarar, August Isvik (94) og Egil Gullaksen (92). Dei hadde ikkje høve til å koma til møtet. Til å føra referat vart valt Svein Jæger Koppang.

Etter biletserien som synte noko av arbeidet dugnadsgjengen hadde utført  siste året, la rekneskapsførar Sigmund Lorentsen fram rekneskapen for laget. Sjølv om året 2017 enda med eit underskot på litt ove 6000 kroner, ha laget ein solid økonomi. Det trengs for vidare arbeid,med ferdiggjering av kjøkenet og arbeidet med å byggja nytt toalettanlegg. Dette var siste rekneskapen Sigmund Lorentsen var førar for, frå no er det duoen Britt Furre og Ingvild Skaret Sortland som tek over.

Sigmund Lorentsen går gjennom rekneskapen til VfG før han takka av som rekneskapsførar.

Ved vala vart Torbjørn Marthinsen attvald som leiar for eitt år. Thor Haugli vart valt til nytt styremedleme for Ivan Slaggerud som hadde bede seg friteken for vidare verv.Vidare i styret sit Åsta Lorentsen  som òg er kasserar, Richard Kvarven og Rune Marcussen.Vara til styret er Knut Inge Øien Hovin eitt år og Ingebjørg Bosvik. Revisor Svein Ottesen slutta og i staden går Ivar Magne Buchvold inn som revisor.

Torbjørn Marthinsen takka dei tre  som går ut av verva sine, Sigmund Lorentsen, Ivan Slaggerud og Svein Ottesen og gav dei kvart sitt tårnglas som takk for innsatsen. Etter årsmøtet var det drøs, kaffi og kringle.

Etter årsmøtet var det kaffi og drøs. Båe bileta foto Tor Resser ©

 

Måndag 19. februar

Essa i Børtveitsmio vart støypt i førre veke. Sven Lindseth likar best å arbeida i ro og fred utan folk «hengjande» over seg. Måndag vart forskalinga riven, ikkje utan «sverdslag» . Med litt triksing og lirking kom all forskalinga ut av kassen. Eit nytt steg i arbeidet med smio er dermed ferdig, om essa ikkje er komplett endå.

Sven Lindseth forskalte og støypte essa, og sto for rivinga av forskalinga.

Utomhus vart det rydda endeleg opp i stolpelageret ved den opphaveleg smia. Alle spor er borte. I kjøkenet er arbeidet med alle typar røyr, elektrisk og vatn, bak vegg ferdig, og veggplatinga kan byrja.

Røyrleggjar Kenneth Juvik er leigt inn på dugnadsbasis med å hjelpa til med røyrarbeidet. Her koplar han til varmtvasstanken. Båe bileta foto Tor Resser ©

I Heishuset vart det rydda og damene sto for golvvasken slik at alt ser rimeleg bra ut til årsmøtet, i eit arbeidsområde.

Minner om årsmøtet førstkomande måndag 26. februar klokka 1800.

Måndag 12. februar

Arbeidet held fram  der det slutta sist måndag. Resten av stolpelageret vart køyrt inn i stoll Høgåsen. På kjøkenet var det full aktivitet med flislegging, røyr- og elektorarbeid. Lokomotivet Blåmann som hamna utanfor skjenegangen torsdag, vart snøgt teken opp på skjenegangen att måndag. I Børtveitsmio arbeider Sven Lindseth med forskalinga, som krev noko tankeverksemd, til essa.

Stolpane er lagra fleire stader i stoll Høgåsen.

Jim Fowler står for den elktriske intallasjonen på kjøkenet.

Lokomotivet Blåmann vart køyrt av sporet i stoll Høgåsen men vart teke opp att på skjenene måndag..

Ved årsskiftet, då rekneskapen for fjoråret vart gjort opp, gav Sigmund Lortentsen seg som forretningasførar for venelaget. Ny(e) forretningsførar(ar) har to av damene våre teke på seg, nemleg Britt Furre og Ingvild Skaret Sortland. Dermed er det damene som har hand om økonomien i venelaget då Åsta Lorentsen i fleire år har vore kasserar.

Økonomidamene i Venelaget for Gruo, frå venstre kasserar Åsta Lorentsen, forretningsførararne Ingvild Skaret Sortland og Britt Furre. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 5. februar

I lengre tid har venelaget hatt lagra ein del stolpar ved den gamle smiebygningen. Stolpane skal nyttast til å rehabilitera eit rasoverbygg i stoll Høgåsen. Måndag vart stolpane transportert inn i stollen og lagra fleire stader langs skjenegangen.  Ikkje alle stolpane vart tekne inn, det vart tida for knapp til. Resten vert tekne neste måndag. Stolpane vart rulla opp på ei transportvogn og trekt inn i stollen av Geito.

Somme av stolpane var for store til å transporterast heile og Torbjørn Marthinsen skar dei i to.

Ivar J. Helleland til høgre, Thor Hauglid, Torbjørn Marthinsen og Sven Lindsteh rullar ein stolpe på vogna.

Stolpane vart rulla av vogna inne i stollen. Frå venstre Ivar J. Helleland, Rune Johannessen, Thor Hauglid og Gunnar Almås. Alle bileta foto Tor Resser ©

Av anna arbeid måndag kan nemnast at resten av den kløyvde veden var lagt i sekker og transportert til lager for tørking, bak lokstallen. På kjøkenet held arbeidet fram, måndag med røyrarbeid og elekrtoarbeid.

Minner om årsmøtet måndag 26. februar kl 1800 i Heishuset

Måndag 29. januar

Årsmøtet nærmar seg snøgt. Difor var det dugnad måndag med å få sendt ut giro for betaling av medlemskap og skriven årsmelding. (Den vissuelle årsmeldinga for du sjå på årsmøtet). Arbeidet tok «basardamene» seg av saman med forretningsførar Sigmund Lorentsen. Etter mange år som forretningsførar har han bede om avløysing ved årsmøtet.

Fullt arbeid med å bretta og leggja i konvoluttar betalingsblankett og årsmelding. Frå venstre Sigmund Lorentsen, Ingvild Skaret Sortland, Jorunn Skaret Vedå og Britt Furre.

I regnvêr driv det inn ein god del vatn i opningane øvst i tårnet der kabelhjula står. Særleg i den nedste opninga kjem det inn mykje vatn. Det har lenge vore planar om å tetta opningane på best mogeleg måte. Første steg i den lei tok Torbjørn Marthinsen seg av ved å måla opp og teikna skisse av opninagne. Opningane er tenkt tetta med plastplater som vert skrone til etter mål.

Torbjørn Marthinsen tek mål av opninga for det øvste hjulet i tårnet. Båe bileta foto Tor Resser ©

Då dei nye småruta vindaugsrutene vart sette inn i sjakttårnet, vart dei storruta vindaugsrutene tekene ut og lagra i tårnet på ulike avsatsar. Måndag vart dei borne ned og ut for vidare transport til destruksjon. Arbeidet i kjøkenet held fram og i Børtveitsmio er arbeidet med essa så smått byrja.

Måndag 22. januar

Snø ute, arbeid inne. Måndag for ei veke sidan vart det drive arbeid i den store hallen i Høgåsen. Sluttarbeid i dag då Rune Johannessen og Thor Hauglid spikra netting på gangbrua opp til plattingen. Dermed skule brua vera sklisikker.

Gangbrua er sklisikker med netting

I Heishuset går arbeidet for fullt med innreiing av kjøkenet. Torbjørn Marthinsen, Knut Inge Øien Hovin og Rune Marcussen monterte stendarar for veggplatene.

Torbjørn Marthinsen nytta skruer til å festa spikerslag. Båe bileta foto Tor Resser ©

I tillegg til dette vart det utført mindre forefallande arbeid.

Minner om årsmøtet måndag 26. februar klokka 1800 i Heishuset

Måndag 15. januar

Mykje godt arbeid vart gjort i dag. I den store hallen i Høgåsen vart det lagt ny gangbru opp til plattingen. Den gamle var utsliten og gjekk meir eller mindre i oppløysing. No er det lagt finèrplater. Det same er gjort på den vesle plattingen der brurevigslane vert gjort.

Torbjørn Marthinsen nærast og Rune Johannessen passar til platene på den vesle plattinga. Ivar J. Helleleand står klar til å skrua platene fast.

Ny gangbru opp til plattinga. På brua vert lagt netting for å gjera platene sklisikre.

I smio heldt Wilfred Sætre på med å tilpassa kassa kring luftvifta til essa. Etter demonteringa av smio og oppattsetjinga må det nokre justeringar til for å få det heile til å høva i hop.

Wilfred Sætre tilpassar eine veggen i kassa kring luftvifta.

I kjøkenet dreiv Rune Marcussen med snikkararbeid, før han la resten av flisene på golvet.

Kjøkengolvet er ferdig flisa. Alle bileta fotot Tor Resser ©

Minner om årsmøtet måndag 26. februar.
Til orientering vert basaren i år sundag 21 oktober. Har du vinst(ar), gje melding til «basardamene» Jorunn, Ingvild eller Britt.

Tysdag 9. januar

I lang tid, i mange år, har fukt trengt inn i kjøkenet. Når kjøkenet no vert renovert måtte noko gjerast. Tysdag tok Thor Hauglid, Ivar J. Helleland og Torbjørn Marthinsen tak i problematikken. På baksida av Heishuset er det svært mykje vatn som kjem ned langs fjellsida. Difor måtte det grøftast langs veggen for å leia vatnet bort.  Arbeidet vart noko lettare enn tenkt, då det var betongplate lågare enn golvet på innsida. Dermed vart det enklare å få bort massane. 

Torbjørn Marthinsen ved veggen og Thor Hauglid reinskar grøft for vatnet bak Heishuset. Ivar J. Helleland var ikkje til stades då biletet vart teke. Foto Tor Resser ©

Måndag 8. januar

Då er me i gang att. Rune M hadde ei god økt med å leggja fliser på kjøkengolvet. Ei økt til og flisene er lagt. Då er det «berre» fuging att. Vidare vert det arbeidd med planlegging av innreiinga i Børtveitsmio. Der skal støypast esse og montera vifta som gjev luft til essa. På dagtid vart det arbeidd med å leggja kløyvt ved i sekker. Det er framleis ein del att.

Sven Lindseth til venstre og Wilfred Sætre diskuterer korleis vifta til essa skal monterast. Foto Tor Resser ©