Venelaget for Gruo

Venelaget for Gruo vart stifta i mars 1993, for å ta vare på minne – både gjenstandar, foto og historikk – frå gruvedrifta på Litlabø. A/S Stordø Kisgruber vart nedlagt for godt i 1968, etter meir enn 100 år med samanhengjande gruvedrift på Litlabø.

Mange av medlemene i laget er fødde og oppvoksne i ”Gruo”, eller er etterkomarar av gruvearbeidarar, men etter kvart har også andre fått interesse for og glede av å ta del i arbeidet. Laget har i dag om lag 150 medlemer. Kontingenten er 200,- kroner i året for einskildmedlemer, 250,- for familiar.

Første oppgåva for Venelaget var å vera pådrivar til at snikkarverkstaden og stigerkontoret vart berga og restaurert, noko som skjedde med økonomiske midlar frå «Stord i utvikling». Venelaget fekk deretter reist monumentet over gruvearbeidaren, laga av Arne Mæland i Os og avduka 1. mai 1996. I 2004 rydda Venelaget mange turstiar i gruveområdet, og i 2005 sette me lys på sjakttårnet frå 1928, eit minnesmerke som er godt synleg over lange avstandar. Venelaget for Gruo arrangerer ofte guida turar for grupper på gruveområdet og i fleire av bygningane.

Sidan sommaren 2005 har me jobba for fullt med prosjektet «Eit levande gruvemuseum», som er grundig skildra på desse internettsidene. Vårt levande museum skal ikkje erstatta det eksisterande museet i arbeidarbustaden og «Smio», men koma i tillegg. Dei ulike elementa vil representera kvar sine sider av gruvehistoria.

Venelaget 6324_redigerad-1

1. mai bed Venelaget for Gruo alt folket til open dag for å syna anlegget og få merksemd om arbeidet venelaget driv. Bilete: Tor Resser

15 -20 personar i ulike aldrar møtest kvar måndag klokka 18 til aktiv innsats. Elles er folk i sving fleire dagar i veka etter behov. Mellom dei aktive er mange ulike kompetansefelt representert: Røyrleggjar, elektrikar, bygningskyndig, mekanikar, sveisar, maskinkøyrar, landmålar, pedagog, … Det verdfulle mangfaldet gjer oss i stand til å løysa dei oppgåvene me til ei kvar tid støyter på. Trass i mangfaldige timar med dugnadsinnsats, sponsing og gode tilbod frå ulike leverandørar og samarbeidspartnarar, vil Venelaget for Gruo trenga både hjelp, støttespelarar og økonomiske midlar for å kunna nå dei måla som er skisserte. Me vonar at du ser verdien av å nå måla me har for gruvesamfunnet på Litlabø, og difor vil støtta opp om arbeidet vårt.

Me tek gjerne imot fleire medlemer, både aktive og passive. Me har plass til og behov for alle! Vil du ha meir informasjon, verta medlem, eller ha omvisning, ta kontakt!

 

Kontaktpersonar: 

Leiar: Torbjørn Marthinsen inn: Tlf. 99499457/53493403

 Kasserar: Åsta Lorentsen inn: Tlf.951997571/53413699

Adresse
Venelaget for Gruo
Gruva 11
5415 Stord

Epost
stiger@gruo.no

Organisasjonsnummer og bankkonto

Org.nr. 989 633 759
Bankkonto 3520 54 40990

For omvisingar/leige av hus, ta kontakt på e-post : stiger@gruo.no,