Grasrotandelen

No kan du gi di støtte til Venelaget for Gruo kvar gong du spelar hjå Norsk Tipping, utan at det går ut over korkje innsats eller premie!

Grasrotandelen er ei ordning frå Norsk Tipping, der du som registrert spelar kan veja ei foreining som du ønskjer å støtta – din Grasrotmottakar. Me oppmodar deg om å støtta Venelaget for Gruo !

Tenk deg at du kan spela favorittspela dine – til dømes Lotto, Tipping og Joker – og samstundes gi noko til den foreininga du sjølv ønskjer å støtta. Det er no mogeleg frå 1. mars via Grasrotandelen. Ved spel hjå Norsk Tipping vil 5% av innsatsen gå direkte til foreininga (gjeld ikkje Extra og Flax). Merk at Grasrotandelen ikkje på nokon måte går ut over innsatsen eller premien din – du mistar ingenting fordi du er grasrotgjevar.

Me oppmodar deg om å knytta deg til ordninga alt no i dag, og du gjer det ein av fleire måtar:

Norsk-tipping.no:
Logg deg inn med kort og kortlesar og vèl «Min side», deretter Grasrotandelen. Her kan du søkja opp den mottakaren du ønskjer å støtta og enkelt knytta deg til.

Norsk Tipping Mobilspill:
Last ned den siste versjonen av Norsk Tipping Mobilspill – det gjer du under «Min Side», deretter «Oppdater». Deretter kan du søkja opp den mottakaren du ønskjer å støtta og knytta deg til direkte frå Norsk Tipping Mobilspill.

SMS:
Send kodeord GRASROTANDELEN + organisasjonsnummer til 2020.
Døme – Venelaget for Gruo: GRASROTANDELEN 989633759.

Kommisjonær:
Søk opp den mottakaren du ønskjer å støtta på www.grasrotandelen.no – skriv
deretter ut strekkoden og ta han med til kommisjonæren. Alternativt kan
kommisjonæren søkja opp mottakaren for deg på terminalen.

Meir informasjon finst på www.grasrotandelen.no. Her vil du òg kunna følgja
med på kor mykje Grasrotandelane genererer for dei einskilde
Grasrotmottakarane.

Organisasjonsnummeret som Venelaget for Gruo er registrert med i ordninga:
Venelaget for Gruo – org.nr 989633759.