Omvisingar

På denne sida legg me ut bilete frå omvisingar hjå Venelaget for Gruo. Siste omvising står øvst på sida

2017

Fredag 24. november

17 tilsette ved Statoil Stureterminalen i Øygarden kommune hadde fredag teke turen til Venelaget for Gruo. Her vart dei tekne imot i Heishuset av leiar av VfG, Torbjørn Marthinsen. Han gav ei kort utgreiing om starten for gruvedrifta på Litlabø, og nemnde òg at Heishuset vart sprengt i 1943.Thor Hauglid var lokførar inn i Høgåsen gruvegang. Ute att ved portalen gjekk gjestene av toget og Torbjørn Marthinsen var omvisar og forteljar inn i Sadalen gruve med endestopp på plata.

Gjestene frå Stureterminalen på plata inst i Sadalen gruve. Foto Tor Resser ©

Dette var siste omvisinga venelaget hadde på programmet i år og takkar alle som har vor interessert i omvising hjå oss. Velkomne att neste år.

Laurdag 18. november

FUS Sagvåg Maritime barnehage, personal, valde i år å markera juleavslutning i Heishuset hjå Venelaget for Gruo. 13 tilsette av personalet var med på festen. I Heishuset fortalde Ivar J. Helleland kort om den dramatiske soga til huset som vart sprengt av britiske commandosoldatar ved raidet på Stordø Kisgruber natt til 23. januar 1943. Gjesten vart hjelma opp, gjekk på toget, med Torbjørn Marthinsen som lokførar,  og køyrde dei inn i stoll Høgåsen. Ivar J. Hellenad tok over og fortalde om den store hallen, og om andre interessante ting  på vandringa.

Ivar J. Helleland til venstre var omvisar og forteljar for gjesten frå FUS Sagvåg maritime barnehage. Foto Tor Resser ©

Vel attende i Heishuset heldt gjestene fram med festen utetter kvelden.

Torsdag 2. november

Else-Berit Helle hadde bede medlemer i Mental Helse Hordaland til samkome på Stord og i Gruo. 14 medlemer hadde takka ja til innbydinga. Gjestene vart tekne i mot av Else-Berit Helle og Ivar J. Helleland frå Venelaget for Gruo. I Heishuset køyrde Ansgar Vedå «gruvefikmen» frå 1960 som syner arbeidet ved den gongen Stordø Kisgruber.  Deretter var det opphjelming, togtur inn i fjelet med Torbjørn Marthinsen som lokførar,  og vandring i gruvegangane inn i Sadalen gruve med Ivar J. Helleland som forteljar. Etter turen i fjellet vart det servert betasuppe og kaffi og kaker i Stigerkontoret.

Gjestene frå Mental Helse Hordaland på vandring i gruvegangane. Forteljar Ivar J. Helleland i blå kjeledress til høgre. Foto Tor Resser ©

Måndag 2. oktober

Den store omvisardagen for Venelaget for Gruo. Fire 9. klassar frå Stord ungdomsskule ville på omvising ved Stordø Kisgruber, til saman 115 elevar og 10 vaksne møtte i Gruo måndag morgon/tidleg føremiddag etter sykkeltur om Sagvåg.  Venelaget stilte med 11 omvisarar og hjelparar. Elevane vart delt i tre grupper, ei gruppe (to klassar) fekk sjå gruvefilmen i Heishuset og fekk høyra om raidet på Stordø Kisgruber natt til 23. januar (ein laurdag faktisk) 1943 og litt om dagleglivet i Gruo  like eter krigen. Ivar J. Helleand og Svein Jæger Koppang sto for den delen av opplegget. Koppang hadde òg klassane med på omvising i gruvemuseet i Smio.

Klassane 9 C og D var først ut til å høyra om raidet på Stordø Kisgruber 23. januar 1943 og litt om dagleglivet i gruo då Ivar J. Helleand ( med armen i veret) vaks opp. Til høgre for han Svein Jæger Koppang.

Medan to klassar var i Heishuset vart dei to andre, ein og ein, tekne med på togtur med Thor Hauglid som lokførar, inn i Høgåsen og ut att til portalen. Der gjekk dei av og vart tekne med inn i Sadalen gruve av Wilfred Sætre og Torbjørn Marthinsen som forteljarar. Elevane fekk vita korleis gruva vart bygt opp, om produksjonen og mykje anna.

Wilfred Sætre, til høgre, var omvisar for klasse 9 A, her i den store hallen i Sadalen gruve.

Torbjørn Marthinsen, med ryggen til, var omvisar for klasse 9 B i den store hallen i Sadalen gruve.

Wilfred Sætre med klasse 9 C på veg inn mot Sadalen gruve, med informasjon under vegs.

Klasse 9 D i Sadalen gruve saman med forteljar Torbjrøn Marthinsen til venstre. Alle bileta foto Tor Resser ©

Venelaget for Gruo takkar Stord ungdomsskule for vitjinga og ønskjer skulen velkomen attende ved eit seinare høve.

 

Måndag 25. september

Sagvåg og Litlabø barnehage kom på omvising hjå Venelaget for Gruo måndag. 27 born og åtte vaksne vart ønskt velkomne av Ivar J. Helleland. Han fekk god kontakt med borna frå første stund. Også borna fekk sjå filmen om arbeidet ved Stordø Kisgruber i 1960. Dei sat som lys og følgde levande med på filmen.

Gjestene vart hjelma opp, ikkje så lett å få ein stor hjelm til å sitja på eit lite hovud, men alt går. Dei entra toget der Thor Hauglid var nylært lokførar og tok dei inn i stoll Høgåsen, og ut att til opninga. Der tok Ivar J. Helleand over flokken og leidde dei inn til den blå grotte. Barnehagen kviterte med song før turen gjekk ut att til toget og togtur attende til Heishuset. Det fekk dei diplom for utført tur inn i fjellet. Ute i sola var det tid for nistematen.

Sagvåg og Litlabø barnehage i den blå grotte. Til venstre med gul hjelm Ivar J. Helleland. Foto Tor Resser ©

Søndag 24. september

Kobberverkets Venner frå Vissnes gruber på Karmøy vitja Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo sundag. Ivar J. Helleland fortalde kort om Stordø kis i Heishuset før gjestene, 33 i talet 29 med inn i fjellet, vart hjelma opp og tekne med på togtur med Torbjørn Marthinsen som lokkførar, inn i stoll Høgåsen. Attende ved portalen tok Ivar J. Helleland over og tok gjestene med på fottur inn i stoll Sadalen til plata, samstundes som har fortalde . På plata, endestopp for omvisinga i fjellet, kviterte gjestene med ein rallarsong, eitt vers, om Svarta Bjørn. Kobberverkets venner har gjeve ut CD med rallar- og andre viser dei syng.

Ute Ivar J. Helleland i blå kjeledress nærast til høgre, var forteljar for gjestene i fjellet.  Foto Tor Resser ©

På vegen attened til Heishuset i dagen, fortalde Ivar J. Helleland om dei ulike bygningane dei gjekk framom. Gjestene var svært imponert over kva dei hadde vore med på og fått sjå. Dei vedgjekk at Venelaget for Gruo låg eit hestehovud og vel så det, framføre Kobberverkets Venner av kva me har å by av attraksjon.

Torsdag 7. september

Sju tidlegare kommunalsjefar frå like mange kommunar, Bømlo,Fjell, Os, Radøy, Stord, Sund og Sveio har ei årleg samling . I år var det Gudmund Sørensen frå Stord som var vert for seniorgruppa. Mellom anna tok han gjestene med til Stordø Kisgruber der Venelaget for Gruo tok i mot ved leiar Torbjørn Marthinsen. Gruppa fekk informasjon om Stordø Kisgruber og fekk sjå filmen om arbeidet ved verksemda på 60-talet. Kaffi og noko å bita i vart servert. Gjestene fekk togtur inn i Høgåsen før det vart vandring i stoll Sadalen. Som vanleg vart gjestene imponert av kva dei fekk sjå i fjellet.

Seniorgruppa på veg inn i stoll Sadalen. Til høgre omvisar Thorbjørn Marthinsen. Foto Tor Resser ©

Måndag 28. august

Fitrjar bygdekvinnelag møtest siste måndagen i månaden. Denne gongen tok dei turen til sørsida av øya og vitja m.a. Venelaget for Gruo. Der vart dei tekne i mot av Ivar J. Helleland som i fleire år skulte i Fitjar. Han fortalde òg om ungdomstida då ungdomar frå Litlabø og Sagvåg tok turen nord til Fitjar på motorsykkel og sjarmerte jentene  der.

Fitjar bygdekvinnelag på plata i Sadalen gruve. Omvisar Ivar J. Helleland med gul hjelm i bakgrunnen. Til høgre med gul hjelm Thor Hauglid . Fotot Tor Resser ©

Hjå venelaget vart filmen om arbeidet i Gruo synt, før Torbjørn Marthinsen tok 15 av dei 18 damene med på togtur inn i fjellet. Der guida Ivar J. Helleland dei i Sadalen gruve inn til plata med stogg mellom anna i den store hallen.

Søndag 13. august

Birger Strømsnes markerte 80 års dagen i Heishsuet i Gruo sundag. Eit tjuetals gjester, familie og vener, mange av dei frå Osterøy, var bedne inn. Forutan festleg samkome med tale og gåver, var det tur inn i fjellet med tog der Torbjørn Mathinsen var lokførar. Forteljar i fjellet frå den store hallen i Høgåsen og utover i gruvegangane, var Ivar J. Helleland.

Frå omvisinga i den store hallen i Høgåsen. Midt i biletet, med rulator, jubilanten Birger Strømsnes. Foto Tor Resser ©

Laurdag 29. juli

Lars Mæland hadde leigt Heishuset til å markera 65-års dagen. 22 vener og familie var bedne til middag og fest med god aldersspreiing frå tre til 86 år.  Jubilanten ønskte òg at gjestene skulle få omvising i fjellet, noko Venelaget for Gruo stilte velviljug opp for. Torbjørn Marthinsen toga gjestene, bokstaveleg med toget, inn i Høgåsen gruvegang og ut att til inngangen til Sadalen gruve. Der tok Wilfred Sætre over og var omvisar og forteljar innover i gruvegangane og den store hallen i Sadalen. Mange av gjestene hadde aldri tidlegare vore inne i gruvegangane og var storlegen imponert over kva dei fekk vera med på.

I den store hallen i Sadalen gruve. Jubilanten midt i biletet med nevane i lommene. Omvisar Wilfred Sætre med rygen til i blå kjeledress. Foto Tor Resser ©

Onsdag 14. juni

29 elevar og fem lærarar frå 5. trinn ved Tjødnalio skule i Sagvåg vitja Venelaget for Gruo onsdag. Som vanleg vart dei mottekne i Heishuset der Ivar J. Helleland ønskte velkomen og Ansgar Vedå synte gruvefilmen frå 1960. Gjesten vart hjelma opp og sette seg på toget der Torbjørn Marthinsen køyrde dei inn i Høgåsen. Ute att ved protalen steig dei av og vart tekne med inn i Sadalen gruve med Ivar J. Helleland som omvisar.

Venelaget 7947

5. trinn frå Tjødnalio skule på omvising i den store hallen i Sadalen gruve. Foto Tor Resser ©

Elevane var særdeles spørjeviljuge og omvisaren svarte så godt han klarte utan at dei makta å setja han fast. Etter omvisinga meinte han at dette hadde vore ein av dei absolutt beste klassane han hadde hatt med inn i fjellet. Før elevane sette kursen attende til skulen, skreiv dei seg inn i gejsteboka og fekk eta nista i Heishuset.

Dette var siste omvisinga i vårsemesteret.

Laurdag 10. juni

Alt klokka 1100 byrja første omvising, det vil seia klokka vart godt ein halv time seinare før 13 meir eller mindre spreke syklistar frå I.L. Reno svinga inn på plassen framføre stigerkontoret og Sjakttårnet. Karane hade boma litt på vegen, men som det heiter, betre seint enn aldri. Stussar du på kva I.L. Reno er, har aldri høyrt om det? så er det bedriftsindrettslaget til BIR i Bergen som er det same som SIM i Sunnhordland.

Venelaget 7930

Syklistane frå I.L. Reno framføre Sjakttårnet på Litlabø. Foto: Tor Resser ©

Syklistane har årlege turan  og denne gongen gjekk turen til Stord, dei har vore i Fitjar og mølleparken på Midtfjellet tidlegare. Hjå venelaget fekk dei tur inn under Sjakttårnet der Torbjørn Marthinsen orienterte og oppe i Sjakttårnet der Ivar J. Helleland fortalde.

Familietreff

Om ettermiddagen hadde etterkomarane av Gunhild og Leif Romslo slektsstemne lagt til Stordø Kisgruber. Ikkje mindre enn 65 personar hadde takka ja til innbydinga der sjølve samkoma var i Heishuset. Leif Romslo var i mange år heisførar ved gruvene. Før sjølve festen byrja, var det togtur inn i Høgåsen gruve der gjestene vart tekne imot av Ivar J. Helleland i den store hallen. Han hadde eit nært tilhøve til familien Romslo og var granne til familien som budde på Gjerde. Huset Romslo-familien budde i, står i dag i parken på Litlabø (Arbeidarbustaden). Helleland var personleg og fortalde laust og fast om den tida han vaks opp saman med borna til Romslo.

Venelaget 7933

I den store hallen i Høgåsen fortalde Ivar J. Helleland, med ryggen til i blå kjeledress, laust og fast om oppveksten saman med romsloborna. Foto: Tor Resser ©

Vel ute i dagen att var det høve til å vitja Arbeidarbustaden. I Heishuset vart filmen Glimt frå Stordø Kisgruber 1960 synt før festen heldt fram utetter kvelden.

Fredag 9. juni

Velferdsklubben for tilsette i Fitjar kommune drog på blåtur til grannekommunen i sør. Første stogg på turen var hjå Venelaget for Gruo og Stordø Kisgruber. Vitjinga var sett til ein times tid  og på den tida leia Ivar J. Helleland og Torbjørn Marthinsen dei 49 deltakaren i to grupper på fottur inn i fjellet. Den eine gruppa gjekk Sadalen gruve, den andre Høgåsen gruve.  Som stort sett vanleg er, vart det strekt godt i timen då gjestene skulle få mest mogeleg informasjon om gruva og drifta.

Venelaget 7923

Velferdsklubben vart delt i to grupper med Ivar J. Helleland nærast til høgre i blå kjeledress som omvisar for den eine gruppa.I den andre gruppa i bakgrunnen var Torbjørn Marthinsen omvisar. Foto: Tor Resser ©

Vidare gjekk turen til Samfunnshuset på Litlabø der det vart mat m.m. utover kvelden.

Tysdag 6. juni

12 forventingsfulle seks-åringar frå Bakken barnehage i Fitjar, saman med to vaksne, inntok Heishuset hjå Venelaget for Gruo, tysdag. Barnehagen er trufast vitjar til venelaget med borna som til sommaren byrjar på skulen. Denne gongen er tredje eller fjerde året. Dei vart mottekne av Ivar J. Helleland som òg var omvisar i fjellet. Dit kom dei etter togtur med Torbjørn Marthinsen som lokførar innover i Høgåsen gruve og ut att til opninga. Der gjekk borna av og byrja turen til fots inn til den blå grotte. På vegen var det fleire stogg der Ivar fortalde om kva dei gjekk framom.

Venelaget 7915

Ivar J. Helleland syner korleis gruvearbeidaren bora hòl i fjellet for å få ut kisen. Foto: Tor Resser ©

Inne i blå grotte framførte borna ein skummel song om spøkelser, då sløkte lyset og det vart kolande mørkt. Men det var berre Torbjørn som ville syna kor mørkt det vert i fjellet når lyset går. Vel ute i Heishuset att skreiv brona seg inn i gjesteboka, Ansgar Vedå serverte pinneis før dei spiste nistematen, diplom fekk dei òg. Venelaget takkar for vitjinga og ønskjer velkomen att.

 

 

 

Måndag 29. mai

Åtte ivrige born i «avgangsklassen» ved Tjødnalio barnehage, og to vaksne,  vitja Venelaget for Gruo måndag. Dei vart tekne imot av Ivar J. Helleland i Heishuset. Etter litt prat for å verta kjent, vart gjestene hjelma opp før dei sette seg på toget med Torbjørn Marthinsen som lokførar. Togtur heilt in til enden av sporet i stoll Høgåsen og ut att til portalen. Til fots gjekk turen gjennom gruvegangane til den blå grotte. Der varta borna opp med song om Kaptein Sabeltann.

Venelaget 7901

Ivar J. Helleland, til høgre, var omvisar for Tjødnalio barnehage. Foto Tor Resser ©

Attende i Heishuset, endå ein gong på toget inn til enden av sporet og attende til Gruo stasjon, varta Ansgar Vedå opp med is til gjestene.

Måndag 22. mai

Tradisjonen tru, kan me etter kvart seia, dette var tredje året 8. trinnet ved Nordbygdo ungdomsskule vitja Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo. Til saman 66 elevar og fem lærarar kom til gruo, dei fleste på sykkel om Sagvåg. Ei «tryning» vart det, men utan alvorleg skade etter det me fekk opplyst. Gruvevegen er for farleg å sykla så mange i følgje. Gjestene vart tekne imot ved leiar i VfG, Torbjørn Marthinsen. Som vanleg er vorte, fekk dei sjå filmen Glimt frå Stordø Kisgruber 1960 som i korte glimt syner arbeidet i gruva den gongen.

Venelaget 7889

Gjestene fekk sjå filmen om arbeidet i gruvene i 1960.

Kvar klasse fekk sin omvisar før to av klassane vart tekne med på togtur inn i fjellet og der fottur til Sadalen gruve. Den tredje klassen fekk omvising under heistårnet og som den aller første klassen skuleelevar vart dei tekne med opp i heistårnet. Deretter ein togtur inn i Høgåsen, så langt sporet går.

Venelaget 7890

Wilfred Sætre i blå kjeledress til høgre, var omvisar for klasse 8A.

Venelaget 7892

Ivan Slaggerud i blå kjeledress til høgre var omvisar for klasse 8B i heistårnet.

Venelaget 7893

Sjefen sjølv, Torbjørn Martihinsen i orange jakke, var både lokkførar og omvisar for klasse 8C, her i den store hallen i Sadalen gruve. Alle bileta foto Tor Resser ©

Elevane skal ha all honnør for fin og høvisk framferd då dei vitja VfG. Me ser fram til å få 8. trinnet attende til neste år.

 

Fredag 19. mai

Det nermar seg skuleslutt, og fleire skular har meldt at dei vil vitja Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo. Først ut i så måte var 9. trinn frå Nysæter ungdomsskule. 61 elevar og lærarar frå tre klassar vitja Gruo fredag. Dei vart ønskt velkomne av leiar for VfG Torbjørn Marthinsen. Filmen Glimt frå Stordø Kisgruber 1960 vart synt slik at elevane skulle få eit innsyn i korleis gruvene på Litlabø vart drivne. Tilbakemeldinga frå elevane var at dei tykte vel om filmen.

I to puljer vart elevane køyrt med tog inn i fjellet der Wilfred Sætre var omvisar for den eine gruppa med Ivan Slaggerud som baktropp og sikring. Torbjørn Marthinsen var omvisar for den andre pulja med Sigmund Lorentsen som baktropp og sikring.

Venelaget 7887

Den eine gruppa i den store hallen i Sadalen gruve med Wilfred Sætre, i blå kjeledress, som omvisar.

Venelaget 7886

Den andre pulja, med Torbjørn Marthinsen til høgre som omvisar, på veg inn i Sadalen gruve, og hadde som vanleg ein stog ved «dassen» bak Marthinsen. Båe bileta foto Tor Resser ©

Torsdag 11. mai

Den fjerde gruppa av geologistudentar (19 stk) i mai månad frå Universitetet i Bergen,vitja Stordø Kisgruber torsdag. Dei vart ønskte velkomne ev leiar i Venelaget for Gruo Torbjørn Marthinsen. Etter å ha sett den «obligatoriske» filmen Glimt frå Stordø Kisgruber 1960, vart studentane hjelma opp, fekk varme nordsjøjakkar før turen gjekk mot gruvegangen Sadalen. På vegen vart det stogg ved bjørkene ved Stigerkontoret og Smio med Thorbjørn Marthinsen som forteljar.

I den store hallen i Sadalen gruve føreleste geolog Ingunn Thorseth før studentane fekk nokså frie tøyler med å utforska fjellet.

Venelaget 7876

Geolog Ingunn Thorseth i blå jakke, held førelesing for studentane i den store hallen i Sadalen gruve.

Venelaget 7878

Terje Remmen lyser for Torgeir Fenne Vestly som nytta hammar for å få laus ein bit av fjellet. Båe bileta foto Tor Resser ©

Vatnet i rennesteinen vart analysert for m.a. pH-verdien som ikkje er vorten betre dei fire gongene studengruppene har vore i gruo. Dei avslutta opphaldet med å eta nista i finvêret utanfor Heishuset.

VfG takkar UiB for at dei nyttar gruveområdet på Litlabø i undervisinga. Ny studentar er velkomne att til neste år.

Tysdag 9. mai

Ei ny gruppe geologistudentar frå Universitetet i Bergen køyrde inn på plassen framføre Heishuset tysdag føremiddag. 18 forventingsfulle ungdomar, framleis med Ingunn Thorseth om reiseleiar, kom inn i Heishuset der dei vart ønskt velkomne ved Ivar J. Helleland. Før dei gjekk inn i fjellet, fekk dei sjå filmen Glimt frå Stordø Kisgruber 1960.

Venelaget 7868

Stordjenta Lene Engevik Bukholm til venstre saman med Mari Johnsen har funne interessant stein i Sadalen.

Turen inn i Sadalen gruve vart leia delvis av Ivar J. Helleland, delvis av Torbjørn Marthinsen. I den store hallen i Sadalen heldt geolog Ingunn Thorseth førelesing om aktuelt tema for staden, før studentane fekk undersøka fjellet. Vatnet i rennesteinen vart undersøkt for kor surt vatnet er, målt til kring 2,5 pH. Også der vatnet frå Høgåsen gruve kjem ut i dagen like utanfor portalen, vart pH-verdien målt.

Venelaget 7867

Geolog Ingunn Thorseth føreles i den store hallen i Sadalen.

Venelaget 7870

Kor surt er vatnet som kjem ut frå Høgåsen gruve? Det fann studentane ut ved å måla pH-verdien som låg på kring 2,5. Alle bileta foto Tor Resser ©

Laurdag 6. mai

Ut på tur – aldri sur, heiter det. Det synte 17 tilsette frå Bama daglegvare, Bergen då dei var på vitjing hjå Venelaget for Gruo. Det hadde seg slik at Svein Harald Grov, som har vore tilsett i Bama i mage år, sist helg slutta og gjekk over i pensjonistane sine rekker. Han ønskte at dei tilsette skulle ta ein blåtur til Stord, og mellom anna vitja gruvene. Dei vart hjatreleg mottekne hjå venelaget og fekk først sjå filmen frå 1960 med glimt frå då gruvene var i produksjon. Der etter var det togtur inn i fjellet der Ivar J. Helleland var omvisar i Sadalen gruve. Han fortalde på ein engasjerande måte både sant og litt skrønekrydder som gjekk rett heim hjå gjestene. Dei var storlegen imponert over kva dei fekk sjå og oppleva. Ante ikkje at slikt var å finna på Stord.

Venelaget 7842

Bamatilsette i den store hallen i Sadalen gruve. Bilete foto Tor Resser ©

Venelaget takkar for vitjinga.

Torsdag 4. mai

Ein ny pulje geologistudentar (18) frå Universitetet i Bergen med geolog Ingunn Thorseth som fagleg leiar, vitja Gruo og Venelaget for Gruo torsdag. Som tysdag fekk studentane sjå gruvefilmen frå 1960 før Ivar J. Helleland tok studentane med til fots gjennom uteområdet og inn i Sadalen gruve. Langs vegne vart det orientert om anlegget den gongen  gruva vart driven.

Venelaget 7830

Omvisar Ivar J. Hellelenad tok ein stogg ved snikkarverkstaden.

I den store hallen i Sadalen gruve fekk studentane «fritt spelerom» innanfor tryggingsgrensen og leita ivrig etter mineralar. Vidare gjekk turen inn til plata der dei fekk sjå dryppsteinskolonien. Der målte òg Igunn Thorseth pH’en i vatnet i rennesteinen. I dag var han under 2, ho meinte det kom av at det ikkje hadde regna sidan tysdag.

Venelaget 7835

Rakel Sofie Ellevset til venstre, Hanne Dysvik og Laura Då har tydeleg funne ein stein det er verd å sjå nøgnare på. Båe bileta foto Tor Resser ©

Tysdag 2. mai

19 geologistudentar og ein geolog, Ingunn Thorseth,  frå Universitetet i Bergen kom til Gruo og Venelaget for Gruo tysdag morgon. Studentane skulle på ekskursjon i fjellet der dei skulle sjå og læra om geologi. Før turen inn i fjelet vart filmen Glimt frå Gruo 1960 synt. Ivar J. Helleland frå VfG synte veg og fortalde litt om gruvene og drifta på turen inn til Sadalen gruve.

Venelaget 7821

I den store hallen i Sadalen Gruve vart studentane «slepte lause» for å forska på fjellet og sjå kva dei fann der.

Venelaget 7822

Det vart notert flittig medan geolog Ingunn Thorseth fortalde.

Venelaget 7828

Geolog Ingunn Thorseth måler pH verdien i vatnet i rennesteinen i gruvegangen til 2,45. Alle bileta foto Tor Resser ©

Laurdag 1. april

Laurdag hadde Kim Amlien bede inn likesinna til Geocaching  i gruveområdet. Han er medlem i Venelaget for Gruo og ville også slå eit slag for kva venelaget har å by på. Samlinga, eller event som det heiter på deira mål, hadde tittelen «Inn i berget det blå». 34 deltakarar, av desse fem born saman med føresette, samla seg i Heishuset . Der fekk dei sjå film om korleis det var å arbeida i gruo i 1960, åtte år før produksjonen vart lagt ned. Det kom tilreisande frå Bergen, Haugesund, grannekommunanen og fleire til.

Venelaget 7771_redigerad-1

Deltakarane på Geocach-samlinga i den store hallen i Sadalen gruve. Omvisar Ivar J. Helleland i blå kjeledress til venstre.

Etter å ha vore ein runde under tårnet for å sjå der arbeidarane tok heisen ned og kom opp etter arbeid, gjekk turen med tog inn i Høgåsen. Fotturen, med Ivar J. Hellend som omvisar, gjekk til den store hallen i Sadalen gruve og vidare inn til plata. Returen gjekk til den blå grotte, med andre ord inn i berget det blå. Dei av deltakarane som ikkje hadde vore i Gruo før, og det var dei fleste, vart storleg imponert over kva dei fekk sjå.

Venelaget 7772_redigerad-1

Gruppebilete i den blå grotte. Innbydar Kim Amlien på kne framme til venstre Båe bileta foto Tor Resser©

-At me har noko slikt i vårt nærområde visste eg ikkje, heilt utruleg, var det ei som sa. Samlinga vart avslutta med matøkt og grilling utanfor Heishuset.

2016

Torsdag 6. oktober

For andre gong kjem geologistudentar frå Universitetet i Bergen til Venelaget for Gruo for å sjå ei ordentleg gruve på innsida. I denne veka er det Nord Min Cours 2016 ved UiB. Kurs tek for seg mineralar i havdjupet.  Med på kurset er geologistudentar frå mange land i Europa, til saman 22 studentar med professor Rolf Birger Pedersen som leiar og forelesar. Han seier gruvene på Litlabø er ein svært god stad å ta studentar med for å studera fjellet frå innsida. Det såg det ut til at studentane òg tykte, fleire fann steinar med tydeleg svovelkis dei tok med seg for nærare studie og analyse. Trass alt lettare å finna mineralar på turre landet enn i havdjupet, enno.

venelaget-7600

Studentane fekk omvising i Sadalen gruve og her ved sjakta under tårnet. Omvisar var Wilfred Sætre med professor Rolf Birger Pedersen som tolk. Bilete foto Tor Resser ©

Fredag 23. september

Fredag middag tok Venelaget for Gruo imot ei seniorgruppe på 28 tidige bergensarar frå Odd Fellow losjen i Bergen. Ivar J. Helleland kåserte om livet og oppveksten i gruvesamfunnet. Deretter var han omvisar for gruppa inn i Sadalen gruve og inn under heistårnet til sjakta. Gruppa let vel om omvisinga og turen inn i fjellet.  Frå Gruo reiste gruppa til Leirvik der dei møtte brødre frå den lokale losjen på Stord i Dampgården.

venelaget-7569

Seniorgruppa frå Odd Fellow losjen i Bergen i den store hallen i Sadalen gruve. Fotot Tor Resser ©

Tysdag 23. august

Arbeidet med Johann Sverdrup-plattforma Kværner Stord og Apply Leirivk har fått kontrakt på, er byrja hjå dei to verklsemdene. Apply Leirvik skal som kjent byggja den store bustadmodulen.  Tysdag var dei Statoil-tilsette som følgjer opp arbeidet ved Apply Leirvik, på vitjing hjå Venelaget for Gruo. 11 personar pluss ei svært så forseg 10 år gamal jente, vart mottekne i Heishuset av leiar for laget, Torbjørn Marthinsen.Han gav ei orientering om samfunnet på Litlabø då gruvene var i drift. Deretter var det omvising både ute og i Sadalen gruve i fjellet med Wilfred Sætre som omvisar. Attende i Heishuset vart filmen Glimt frå Stordø Kisgruber 1960 synt.

Venelaget 7498

Wilfred Sætre i blå kjeledress, var omvisar på turen inn i fjellet. Her ein stopp ved snikkarverksaden. Foto Tor Resser ©

Laurdag 20. august

Laurdag kom borna, Merethe, Nina og Carl,  til den siste direktøren ved Stordø Kisgruber, Carl Carstens, på vitjing til Venelaget for Gruo. Dei ønskte å sjå att området der dei vaks opp og gjekk på skule. Hjå VfG vart dei mottekne av leiar Torbjørn Marthinsen, Ivar J. Helleland og Svein Jæger Koppang. Dei to sistnemnde vaks òg opp i Gruo, på eit anna «plan» enn direktørborna. Tonen vart funnen med ein gong og mimringa om «gamle dagar» sat laust. Forutan tur i parken, i arbeidarbustaden og smio, var det rusletur i Sadalen gruve med Ivar J. Helleland som omvisar. Gjestene var svært oppglødde for mottakinga dei fekk hjå venelaget.

Venelaget 7488

Frå omvisinga i Sadalen gruve, Frå venstre Nina Carstens, Carl Johan Amundsen, Merethe Carstens, Carl Carstens og Svein Jæger Koppang.  Nærast Ivar J. Helleland. Foto Tor Resser ©

Fredag 24. juni

– Imponerande, kom det spontant frå Tommy O. Sande då han kom attende til Heishuset etter omvising i Sadalen gruve. Sande, som er dagleg leiar for Landås Hage og Boligservice på Nesttun, hadde teke tilsette med på blåtur mellom anna til Stord og Venelaget for Gruo.  Her vart dei 15 gjestene tekne imot i Heishuset og servert kaffi og noko å bita i medan Ivar J. Helleland kåserte om gruvesamfunnet som ein gong var. Etter å ha vorte hjelma opp, sette dei seg på toget inn i fjellet  med Torbjørn Marthinsen som lokkførar. Frå inngangen til Høgåsen gruve var det rusletur til Sadalen gruve med Ivar J. Helleland som forteljar og omvisar. Gjestene var imponert både over arbeidet gruvearbeidarane hadde drive då gruva var i produksjon, og kva venelaget hadde fått gjort etter at gruvene vart opna att for 12-15 år sidan.

Venelaget 7446

Ivar J. Helleland til venstre, orienterer gjestene i den store hallen i Sadalen gruve. Foto Tor Resser ©

Dette var den siste omvisinga før VfG tek ein pause i juli månad. Neste omvising vert i slutten av august.

Torsdag 16. juni

I dag sto femteklassane ved Tjødnalio skule i Sagvåg på programmet for omvising hjå Venelaget for Gruo. Elevane kom på to-hjulingar til Gruo, det er ikkje så lange biten frå Tjødnalio. I Heishuset fortalde Torbjørn Marthinsen om gruvene den gongen då det produksjon av svovelkis ved anlegget. Dei 30 elevane og etter kvart fem lærarane, fekk hjelm på hovudet før dei entra toget med Ivan Slaggerud som førar. Denne gongen gjekk turen til Høgåsen og vandring mot utgangen med Ivar J. Helleland som forteljar.Med på «lasset» var òg eit par frå Amerika med norsk tolk. Dei fekk vidare omvising inn i Sadalen ved Ivar J. Helleland.

Venelaget 7441

Femteklassingane frå Tjødnalio skule i den store hallen i Høgåsen gruve. Forteljar Iva J. Helleland i blå kjeledress og gul hjelm til høgre i biletet. Foto Tor Resser ©

Måndag 13. juni

Endå ein barnehage med tidinge og spørjelystne born. Denne gongen frå Sagvåg maritime barnehage, avdelin Flyndre, det vil seia dei som går ut av barnehagen i sommar og til skulestart til hausten. Ivar. J. Helleland tok borna imot i Heishuset og snakka litt om gruvene. I barnehagen hadde dei alt hatt litt om gruvesamfunnet på Litlabø, og kom såleis ikkje «på bar bakke». Ikkje alle har budd seg så bra.

Etter å ha fått hjelm på hovudet, entra dei17 borna og fire lærarane toget og Torbjørn Marthinsen køyrde det trygt og sikkert inn i fjellet, først langt inn i Høgåsen deretter ut til opninga der dei gjekk av og vandra inn til den blå grotte. Ded var det song, Kaptein Sabeltann, denne gongen, før lyset gjekk og borna fekk oppleva det store mørkret. Litt skummelt.  Toget vart entra på nytt, og turen gjekk  inn i Høgåsen ein gong til, før det gjekk ut att til Heishuset. Der skreiv borna seg inn i gjesteboka og fekk diplom for å ha vore i den blå grotte.

Veneløaget 7438

Borna frå avdeling Flydre ved Sagvåg maritime barnehage på vandring til den blå grotte Foto Tor Resser ©

Torsdag 9. juni

Somme barnehagar har etter kvart gjort det til tradisjon å ta avgangskullet av born som skal byrja på skulen til hausten, med på ein tur til gruvene på Litlabø. Bakken barnehage i Fitjar er ein av desse og vitja Venelaget og Gruo for fjerde året, 16 engasjerte born saman med fire lærar. Etter å ha kledd seg godt, dei hadde vinterklede med for det er kaldt i fjellet, fekk dei hjelm på hovudet og entra toget der Torbjørn Marthinsen var lokførar.

På turen dei gjekk i fjellet til den blå grotte, var Ivar J. Hellenad forteljar. Vel framme i grotta avslutta borna med ein «skummel» song, som vart endå skumlare då lyset vart sløkt, for å syna kor bekmørkt det er i ein gruvegang utan lys.

Venelaget 7436

Bakken barnehage i den blå grotte med Ivar J. Helleland, heilt til venstre, som forteljar og omvisar. Foto Tor Resser ©

Vel attende i Heishuset skreiv borna seg inn i gjesteboka før dei fekk diplom og is og kunne eta nistematen. Me takkar for vitjinga og ønskjer barnehagen velkomen att neste år.

Tysdag 7. juni

For første gong har Venelaget for Gruo teke imot ei gruppe frå «by`dn». Kjell Gytri frå Osøyro som driv turbusselskap, emnar på nye opplegg for turbusskøyring, og ville freista ein tur til Stord med omvising i Gruo. Med seg på opplegget hadde han fått ei gruppe på 15 avinorpensjonistar; personar som hadde reist både i innland og utland og sett det meste. For å seia det først som sist, alle var svært nøgde med turen til Gruo og venelaget, og var imponert over kva dei fekk sjå og oppleva.

I Gruo vart dei mottekne av Ivar J. Helleland som kåserte om gruvesamfunnet då han vaks opp, samstundes som gjestene fekk kaffi og litt å bita i. Turen inn i fjellet gjekk med tog og sidan til fots inn i Sadalen gruve med Torbjørn Marthinsen som omvisar.

Venelaget 7431

Avinorpensjonistane på tur inn i Sadalen gruve med Torbjørn Marthinsen, til høgre, som omvisar. Her ein stogg ved to-setardassen. Foto Tor Resser ©

Alt om eit par veker er Kjell Gytri attende med ei gruppe. Mykje tyder på at Gruo kan verta ei meir eller mindre fast stoggestad for desse turane.

 

 

Måndag 6. juni

«Avgangsklassen», dei borna som skal byrja på skulen til hausten, frå Tjødnalio barnehage i Sagvåg, vitja Venelaget for Gruo måndag. Ni ivrige born, tre hadde ikkje høve til å møta, og tre lærarar vart tekne imot og ønskt velkomne av Ivar J. Helleland. Etter ei svært kort orientering om kva Stordø Kisgruber bala med i gamle dagar, fekk gjesten hjelm på hovudet. Små barnehovud og store hjelmar er ikkje alltid det beste kombinasjonen, men med å strama hjelmane til absulutt minste storleik, passa hjelmane så noko lunde.

Venelaget 7426

Ni born og tre lærarar hadde Ivar J. Helleland, til høgre, med på omvising inne i fjellet. Foto Tor Resser ©

Ivan Slaggerud var lokkførar og køyrde toget inn i fjellet der Ivar på ny tok over og var omvisar inn til den blå grotte. Litt kaldt og litt skummelt tykte somme det var. I den blå grotte takka borna for turen med ein song, før dei gjekk ut att til toget og køyrda attende til Heishuset. Der fekk dei is og diplom for å ha vitja den blå grotte og åt nisteskiva ute i det fine sommarveret.

Onsdag 25. mai

To omvisingar i dag, og ein i går tysdag 24. Då var det 25 elevar og lærar frå 5. klasse frå Sagvåg skule  som var på vitjing. Togtur inn i stoll Høgåsen og vandring til den blå grotte.

Onsdag føremiddga kom det to 5. klassar frå Rommetveit skule med lærarar og eit par foreldre, til smana 41 personar. Først var det orientering i Heishuset  ved Torbjørn Marthinsen før det var togtur inn i stoll Høgåsen og vandring til den blå grotte med korte stogg på vegen. Der song elevane to vers av Herlege Stordøy.

Venelaget 7418

Torbjørn Marthinsen i orange jakke til høgre, var omvisar for rommetveitelevane, her i den store hallen i stoll Høgåsen.

Onsdag ettermiddagen kom «ei busslast» med pensjonistar frå Bergen maskinistforening, til saman 53 personar medrekna busssjåføren. Dei hadde diverre kort tid, hadde vore i Mosterhamn først, då dei kom til Venelaget for Gruo. På ein times tid vart det orientering i Heishuset ved Torbjørn Marthinsen om gruvesamfunnet i si tid. Deretter tok Ivar J. Helleland gjesten med på ei kort omvising inn under tårnet. Gjestene tykte særs godt om mottakinga, men var leie seg for at dei hadde så kort tid og fekk med seg så pass lite som tida la opp til. Dei er velkomne att.

Venelaget 7421

Pensjonistane frå Bergen maskinistforening får oreintering Heishuset. Båe bileat foto Tor Resser ©

DCIM100MEDIADJI_0021.JPG

Bussjåføren er dronefotograf og sende nokre bilete frå vitjinga i Gruo til Venelaget. Her er gjestene på veg ut av heishuset etter å ha vorte «hjelma». Foto Terje Moldskred ©

DCIM100MEDIADJI_0027.JPG

Ved den store bjørka ved Stigerkontoret fortalde Ivar J. Helleland kvifor stamma er så knudret. Til venstre sjakttårnet, til høgre heishuset. Foto Terje Moldskred ©

Måndag 23. mai

Tradisjonen tru, etter kvart, kjem dei tre 8. klassane ved Nordbygdo ungdomsskule til Venelaget for Gruo i slutten av mai, då det er eksamen på skulen. Slik også i år, 87 elevar og åtte lærarar. Gruppa fekk først ei orientering i Heishuset om gruvesamfunnet «i gamle dagar» ved leiar av venelaget, Torbjørn Marthinsen. Deretter vart dei hjelma og kvar klasse fekk sin omvisar. Turen gjekk med tog inn i stoll Høgåsen, deretter til fots i stoll Sadalen til plata, der dei snudde og gjekk ut att.

Venelaget 7411

Klasse A hadde Wilfred Sætre, til høgre,til omvisar.

Venelaget 7412

Klasse B hadde Wilgot Lorentsen, i blå kjeledress til venstre, til omvisar.

Venelaget 7413

Else-Berit Helle, til høgre, var omvisar for klasse C. Alle bileta foto Tor Resser ©

 

Tysdag 26. april

Tysdag var 19 lærarar frå Nysæter ungdomsskule med konstituert rektor Anne Beate Sunde i brodden, på omvising hjå Venelaget for Gruo. Gruppa tok turen, etter arbeidtid, mellom anna for å gjera seg kjent i nærområdet til skule, då det er komne fleire nye lærara til skulen, fortalde rektor. Ho har budd på Stord i mange år og har vore lærar ved Litlabø skule. I Heishuset fekk gruppa orientering om litlabøsamfunnet i gamle dagar og drifta ved gruvene ved Wilfred Sætre. Leiar i laget, Torbjørn Marthinsen, tok gruppa med på togtur inn i stoll Høgåsen og fottur inn i stoll Sadalen der han var omvisar.

Venelaget 7365

Lærargruppa frå Nysæter ungdomsskule i den store halllen i Sadalen. Omvisar Torbjørn Marthinsen til høgre i biletet. Foto Tor Resser ©

Måndag 22. februar

I samband med at stortingsrepresentantane Helge Andrè Njåstad og Laila Reiertsen frå FrP vitja stor, ønskte Sigbjørn Framnes, kommunestyremedlem frå FrP i Stord, å ta gjestene med til ei omvising i Gruvene på Litlabø. Her vart dei orientert om gruvesamfunnet, om svovelkisproduksjonen og fekk ei omvising inne i gruve Sadalen, til den store hallen. Med på omvisinga var òg Tobias Brännstrøm, sekretær for Njåstad, og lokallagsleiaren i Stord FrP Linda Grundtvig. Omvisinga var ein lekk i å syna rikspolitikarane kva Stord har å by, som eit turistmål, gjennom Venelaget for Gruo, når det vert aktuelt å søkja om statlege midlar til drift av gruvene. Då Framnes var med i fylkeskulturnemnda i Hordaland, var han ein sterk talsmann for Venelaget for Gruo.

Gjestene vart storlegen imponert av kva dei fekk sjå og fortalt av omvisar Ivar J. Helleland.

_MG_6038

Gjestene i den store hallen i Sadalen gruve, frå venstre Sigbjørn Framnes, Laila Reiertsen, Helge Andrè Njæstad, Linda Grundtvig og Tobias Brännstrøm. Foto: Tor Resser ©

2015

Torsdag 5. november

IFER hadde leigt Heishuset til samrådingsmøte. Møtet drøfta mellom anna utfordringa i framtida for energiselskapa. Med i organisasjonen IFER er 15 energiselskap frå Lyse i sør til BKK i nord. Tilskipar for møtet var SKL. Til saman 46 representantar var med på møtet.

Etter møteslutt kåserte Iva J. Helleland om å veksa opp i gruvesamfunnet på Litlabø. Deretter  var 20 av deltakarane med på omvising i fjellet med vandring inn til plata i Sadalen gruve.

Venelaget 7210

I stollen, ved dassen, fortel Olav Hellesfjord, til høgre, kor stor og feit aure han fiska i Hustredalen ved skittippen. Foto Tor Resser ©

Måndag 2. november

Også i år ville barnebokfestivalen Falturiltu ha ein aktivitet i Gruo. Denne gongen vart tre sjuandeklassar frå tre barneskular bedne til tur inn i fjellet med Venelaget for Gruo som omvisar, og forfattar og journalist Atle Hansen som opplesar, i Den Blå Grotte. Dei tre skulane som var bedne inn, var Litlabø skule, Sagvåg skule og Tjødnalio skule., med ein times mellomromm mellom skulane.

Atle Hansen har skrive 13 bøker, og las frå den sist utkomne, Svartedalen. Det vil seia, han meir fortalde enn las frå boka, på ein fengjande måte, reine skodespelet tidvis. Han hadde elevane, dei vaksne òg for den del, meir eller mindre i si hule hand. Han fortalde òg om korleis boka kom til, ei soge som hadde lege i hovudet på han i mange år, før han fann ut korleis han skule nytta seg av soga.

Venelaget 7205 - Kopi

Forfattar Atle Hansen les frå boka Svartedalen for elevane i 7. klasse ved Litlabø skule. Foto Tor Resser ©

Elevane fekk òg ei kort innføring Stord Kisgruber og gruvesamfunnet ved Olav Hellesfjord og leiar av VfG, Torbjørn Marthinsen.

Fredag 11. september

Verksemda Opero på Heiane hadde denne gongen lagt velferdsturen for tilsette med ektefeller/sambuarar, til Gruo. Der lånte dei Heishsuet til festleg samvær. Dei 18 delstakarane vart tekne imot av Ivar J. Helleland frå Venelaget for Gruo. Han fortalde om korleis det var å veksa opp i gruvesamfunnet på slutten av andre verdskrigen og utover i 1940 og -50 åra; og korleis gruvesamfunnet fungerte, og arbeidet  for dei tilsette.

Då gruvegangane for tida er mørklagte grunna omlegging av og jordfeil på det elektriske anleget, vart det rusletur  framom stigerkontret og inn under tårnet til heissjakta, og vidare inn i gruvegangen Ekebrekken Søndre. Ein gruvegang som vart opna for om mogeleg å finna ei kisåre, som det synte seg ikkje var der. Gruvegangen endar i fjellveggen 50-60 meter inn. Helleland fortalde om dei to store bjørketrea utanfor stigerkontoret og kvifor dei var så knudrete i borken. Før gruvearbeidarane fekk elektriske hovudlykter på -50 talet, nyta dei karbidlykter som lyskjelde nede i gruva. Når arbeidaren kom opp og skulle inn på kontoret å registrera seg, hengde dei karbidlykta med den spisse piggen på tret.

Venelaget 7157

Ivar J. Helleland til høgre, forklarar kvifor borken på treet er vorten så knudret. Foto Tor Resser ©

I andre verdskrigen var det fleire tilfluktsrom i gruvegangane på såle 2, mellom anna ved byrjinga av stoll Ekebrekken Søndre. Der hadde Ivar Helleland vore mang ein gong då flyalarmen gjekk , særleg det siste året av krigen. Han fortalde om opplevingane frå den tida.

 

Laurdag 29. august

Sjøfartsdirektør Olav Akselsen hadde samla familie og vener for å markera 50 års dagen, som var fredag. Gjestene byrja med vitjing på Stord Maritime Museum før det vart transport med veteranbuss til Litlabø og Gruo. Hjå Venelaget for Gruo vart dei mottekne av leiaren Torbjøtn Marthinsen. Han gav ei innføring i gruvesamfunnet og drifta ved gruvene. 42 av dei 46 gjestene, delt i to grupper,  vart hjelma før turen gjekk med tog inn i fjellet.  I Høgåsen gruve var det jordfeil på lyset slik at gangen var mørk. Dermed gjekk båe gruppen i Sadalen gruve.

_MG_0692

Torbjørn Marthinsen i blå kjeledress, var omvisar og forteljar for den eine gruppa. Jubilanten står som nummer tre, bakerst , frå høgre.

_MG_0685

Wilfred Sætre, i blå kjeledress til venstre, var omvisar for den andre gruppa. Båe bileta foto Tor Resser ©

Laurdag 8. august

Astrid Larsen hadde bede inn familie og vener til samling laurdag. Ein del av programmet var ein tur til Gruo og omvising hjå Venelaget for Gruo. Dei knapt 30 gjestene vat tekne imot av Ivar J. Helleland. Dei vart tekne med på togtur med Torbjørn Marthinsen som lokførar, inn i Høgåsen. I den store hallen fortalde Ivar J. Helleland om gruvene og arbeidet. Vidare var det vandring ut gruvegangne og attende til Heishuset, men korte stogg på vegen for meir forteljing. Wilfred Sætre sytte for baktroppen.

Venelaget 7069

Vel ute av gruvegangen i Høgåsen fortalde Ivar J. Helleland, med ryggen til, om mellom anna snekkarverkstaden som ligg like til venstre utanfor biletet. Foto: Tor Resser ©

Laurdag 11. juli

Etterkomarane etter Knut Larsson Øgård og kona Anna Larsdotter Åse var samla til familietreff i Gruo på Litlabø laurdag. Heishuset var leigt frå Venelaget for Gruo som òg sto for omvising i gruvegangane. Ikkje så underleg at familietreffet vat lagt nett til Gruven på Litlabø. Øgård var opphaveleg frå Jølster og kom til Stord der han fekk kjøpt bnr. 6 Øgårde frå grn 32 Dale.  Opphaveleg var det ein husmannsplass på kring 50 da. Øgård fekk arbeid i kisgruvene på Litlabø.

Venelaget 7058

Trongt i Heishuset med over hundre personar på familiesamlinga. Foto Tor Resser ©

Til treffet var det kome familie frå Skaun i Sør-Trøndelag til Sapsborg, til saman godt over hundre personar med smått og stort. Med på omvising på togtur inn i fjellet og vandring i gruvegangane ver det 70 personar, delt på to grupper. Olav Hellesfjord var omvisar og forteljar for den eine gruppa, med Thor Hauglid som ankermann. Torbjørn Marthinsen var omvisar og forteljar for den andre gruppa med Knut Ekse som ankermann. Lokkførar var Ansgar Vedå.

Svein Jæger Koppang opna museet i Smio og viste rundt.

Tysdag 7. juli

Heilt frå Ringsaker kommune i Hedemar, på «hi sida» av Mjøsa, var dei komne til Litlabø på Stord for å sjå gruven. Kvifor så langt? For å helsa på bror, svoger og onkel. Onkel er Torbjørn Marthinsen, leiar av Venelaget for Gruo. Han fekk vitjing av familien for, som dei sa «kvar gong han er heime skryt han uhemma av gruvene på Litlabø». No ville dei bort å sjå om det er sandt. Og sandt var det, og vel så det. Dei var storlegen imponert over kva dei fekk sjå, og høyra om slitet det hadde vore i gruva, og arbeidet VfG har lagt ned for å få litt av det som var attende.

Venelaget 7057

Torbjørn Marthinsen fortel familien om slitet i gruvene som ein gong var. Foto: Tor Resser

Sundag 5. juli

Aina Koppang og Thomas Stensletten Nerhus gifta seg i Stord kyrkje laurdag, og hadde leigt Heishuset i gruo av Venelaget for Gruo der dei heldt bryllaupsfesten. Innvendes var huset «stivpynta» til fest. Det var tredje gongen venelaget leigde ut huset til bryllup. 80 festkledde og -pynta gjester var med på festen.

Venelaget 7043

Heishuset var «stivpynta» til bryllaupsfest der 80 personar var sessa kring småbord med brureparet på langbord bak til høgre

Sundag var gejstene bedne med på omvising i gruvene. 55 hadde takka ja. Dei vart delt i to grupper som vart tekne inn i fjellet med tog. Der var det vandring med Olav Hellesfjord og Torbjørn Marthinsen som omvisarar og forteljarar.

Venelaget 7050

Brureparet Aina Koppang og Thomas Stensletten Nerhus med sonen Fillip til høgre på omvising i den store hallen i Høgåsen, saman med gjester. Båe bileta foto Tor Resser ©

Fredag 19. juni

25  tilsette med ektefeller/sambuarar frå Tveit regnskap avd. Stord og Fitjar var på omvising hjå venelaget for Gruo fredag kveld. Tilsette plar ha ei samkome i juni månad etter at knallhardt arbeid frå januar til 31. mai. Då skal alle rekneskap vera avslutta. Anna kvart år er det samling ved hovudkontoret i Ølen, anna kvart år meir lokale samlingar. I år altså til Gruo. Normalt er det berre tilsette som samlast, men då turen i år vart lagt til Gruo på øvre Litlabø,  «grein» ektefeller og sambuarar seg til å vera med. Det angra dei tydeleg vis ikkje på.

Gjestene vart mottekne av Ivar J. Helleland som kåserte om Gruo då der var produksjon. Togturen gjekk først inn under sjakttårnet der Torbjørn Marthinsen fortale om produksjon og heis. Togturen gjekk vidare inn i Høgåsen gruve der Ivar J. Helleland var forteljar og omvisar.

_MG_2575

Tveit regnskap på omvising i Høgåsen gruve, her i den store hallen med opning opp til storsynken, i bakgrunnen. Foto: Tor Resser ©

Vel attende i Heishuset att vart det servert betasuppe og det var hyggjeleg samvær vidare utover kvelden.

 

Torsdag 18. juni

Storinnrykk frå Nordbygdo ungdomsskule. 74 elevar og fem vaksne frå åttande klasse, A, B og C, hadde teke den lange vegen frå Prestagardsskogen til Gruo om Sagvåg.  Dei fleste på sykkel. Dei vart tekne imot av Venelaget for Gruo i Heishuset der Olav Hellesfjord ønskte velkomen og orienterte om Gruo og gruvene. Elevane vart delt i tre grupper, etter klasse, og tekne med inn i fjellet, to grupper til Sadalen gruve, ei gruppe til Høgåsen gruve. Elevane var dei første som fekk køyra dei nye 80 metrane lenger inn i Høgåsen då eit rasovebygg vart ferdig sikra sist måndag. (Sjå dagbok 2015). Vel ute i dagen att, vart nista eten i Heishuset før sykkelturen byrja attende til skulen, motsett veg av den dei kom. Med andre ord, gruvevegen fekk dei ikkje sykla.

Venelaget 7016

Klasse 8A gjekk til plata i Sadalen med Else-Berit Helle som omvisar og forteljar. Med seg hadde ho Ivan Slaggerud som baktropp.

Venelaget 7014

Klasse 8B gjekk Høgåsen, her i den store hallen, med Ivar J. Helleland som omvisar og forteljar. Med seg hadde han Sigmund Lorentsen som baktropp.

Venelaget 7015

Klasse 8C gjekk òg Sadalen med Torbjørn Marthinsen som omvisar og forteljar. Med seg hadde han Knut Ekse som baktropp.

Men dagne var ikkje slutt med ungdomsskuleelvane. Om ettermiddagen vart det ei langt yngre aldersgruppe som var på vitjing. Nemleg gode grannar  frå Sagvåg Litlabø Barnehage avd. Litlabø. Dei ønskte å ha sommaravslutning på området ved Heishuset, og ikkje minst togtur inn i fjellet. Lokførar var Torbjørn, som mange av borna kjende frå før, då dei rett som det er tek seg ein tur til området. 16 born og fem vaksne møtte fram, pluss føresette og besteforeldre. Borna hadde pynta trappa opp til Heishuset og underheldt med song før togturen. Etterpå var det grilling av pølser og anna godt.

Venelaget 7019

Sagvåg Litlabø Barnehage avd. Litlabø la sommaravslutninga til området ved Heishuset. Alle bileta foto Tor Resser ©

 

Måndsg 15. juni

To klassar frå Langeland skule, 5A og5B, på Stord vitja Venelaget for Gruo  i dag. Elevane, 49 i talet og fem vaksne, sykla frå skulen til Sagvåg langs vegen  og der frå tok dei Banevegen, der jernbanen mellom Gruo og kiskaien i Grunnavågen gjekk, vidare til Gruo. I Heishuset fekk dei orientering om gruveanlegget og drifta av Ivar J. Helleland. Kvar klasse vart teken inn i fjellet på toget med Torbjørn Marthinsen som lokførar. I fjellet var Helleland omvisar og forteljar for den eine gruppa inn i Sadalen gruve, Marthinsen tok den andre gruppa i Høgåsen gruve.

Ute i dagen att fekk elevane eta nista i Heishuset før dei sette seg på syklane og sykla attende til skulen.

Venelaget 7003

Ivar J Helleland, til høgre, tok den eine gruppa inn i Sadalen gruve.

Venelaget 7004

Torbjørn Marthinsen, med gul hjelm, tok den andre grupa inn i Høgåsen gruve, her i den store hallen. Båe bileta foto Tor Resser ©

Laurdag 13. juni

Søskenborna etter Kaia og Olai H. Storebø frå Austevoll hadde sett kvar andre stemne i Gruo på Stord.  Samkoma plar vera kvart andre år, denne gongen var det søskena Skaret som var vertar. Dei hadde leigt Heishuset hjå Venelaget for Gruo til samkoma. 26  søsken møtte, saman med ektefeller/sambuarar vart det til saman 40 personar. I Heishuset vart dei servert lunch midt på dagen der òg Ivar J. Helleland frå venelaget, kåserte om gruvesamfunnet då han vaks opp.

30 av gjestene entra toget med Ivan Slaggerud som lokkførar og tok dei først inn under tårnet. Der orienterte Olav Hellesfjord om gruvene, sjakttårn og sjakt med meir. Vidare gjekk turen inn i Høgåsen der Ivar J. Helleland fortalde og var omvisar. For dei som ikkje ville ta turen inn i fjellet var Svein J. Koppang forteljar og omvisar utomhus og mellom anna i museet i Smio.

Om kvelden var det middag i Heishuset.

019

Søskenborntreffet samla utanfor Heishuset i Gruo. Foto: Tor Resser

Onsdag 10. juni

10 tilsette i prosjektgruppa ved Nyhamna Aukra der Kværner Stord har storarbeid med å oppgradera gassanlegget for oljeselskapet A/S Norske Shell, var hjå Venelaget for Gruo på omvising. I Heishuset fortalde Ivar J. Helleland  om gruvesamfunnet, korleis det var og fungerte då gruvene var i produksjon. Olav Hellesfjord som hadde arbeidd saman med fleire av gjestene på Aker Stord (no Kværner Stord), fortalde om gruveanlegget og oppbygginga. Torbjørn Marthinsen tok gjestene på togtur inn i fjellet der han var omvisar og forteljar.

Venelaget 6988

Gjestene frå prosjektgruppa ved Nyhamna Aukra på ein stogg på veg inn i Sadalen gruve. Foto Tor Resser ©

Tysdag 9. juni

14 kjekke born og tre kjekke vaksne frå Bakken Barnehage i Fitjar vitja Venelaget for Gruo. I Heishuset fortalde Olav Hellesfjord  om gruvene og kor turen inn i fjellet skulle gå. Borna kledde seg i varme klede dei hadde med, følgde dermed oppmodinga om å ta med varme klede, sjølv om temperaturen ute var bra tysdag er det alltid kladt i gruvegangane. Hjelm fekk dei på hovudet før toget vart entra og turen gjekk inn i fjellet. Der var Ivar J. Helleland forteljar og omvisar inn til den blå grotte. Ute att fekk borna diplom og is.

Venelaget 6983

I krysset Sadalen gruve og blå grotte fortalde Ivar J. Helleland til høgre, om dei rustne lastevognene. Foto Tor Resser ©

Fredag 5. juni

43damer og ein kar frå heimebaserte tenester i Stord kommune hadde blåtur til Gruo og Venelaget.  Ikkje berre var dei heldige med stadvalet, vêret var òg det beste som har vore så langt i vår/tidlegsommar. Temperatur tett opp mot 20 grader. Utanfor Heishuset vart dei ønskt velkomne av Ivar J. Helleland.

Venelaget 6971

Heimebaserte tenester i Stord kommune på blåtur til Gruo.

Der vart dei delt i to grupper, fekk hjelm på hovudet og «nordsjøjakkar» på kroppen før togturen gjekk inn i fjellet der tempen berre var fire grade. Eine gruppa gjekk i Høgåsen gruve med Ivar  J. Helleland som omvisar og forteljar. Den andre gruppa gjekk Sadalen gruve med Torbjørn Marthisen som omvisar og forteljar.

Ute att vart det servert betasuppe utomhus på langboret i det fine vêret. Med på omvisinga var òg den til no yngste deltakaren, to månader gamle Nathaniel saman med mor Karine Høviskeland Eide. Det er berre tre veker sidan den til då yngste deltakar var på omvising, Frida Jæger, sju månader, saman med mor Solveig.

Venelaget 6980

– Oi for ein tur me hadde i fjellet, tykkjest to månader gamle Nathaniel å tenkja saman med mor Karine. Båe bileta foto Tor Resser ©

Tysdag 2. juni

Venelaget for Gruo tok imot Eldreråda i Sunnhordland. Ein gong i året samlast Eldreråda i kommunane Etne, Kvinnherad, Bømlo, Sveio, Fitjar og Stord til sammøte. I år var det Stord Eldreråd som var vertskap for 17 utsendingar, som vart helsa velkomne til Stord av ordførar Liv Kari Eskeland. Sjølve møtet var lagt til Gruo. Der orienterte Torbjørn Marthinsen og  Olav Hellesfjord om Gruo og drifta fram til avviklinga i 1968. Det var togtur inn i fjellet og vandring i gangane. Etter turen vart det servert betasuppe i Heishuset med påfølgjande kaffi.

Venelaget 6969

Medlemene i eldreråda i Sunnhordland på tur ifjellet i Gruo. Her i ladestallen for lokomotiv i stoll Høgåsen. Omvisar Torbjørn Martinsen med blå kjeledress. Foto Tor Resser ©

Laurdag 30. mai

Venelaget for Gruo fekk ei utfordring då døvblinde ønskte å vitja venelaget med omvising i fjellet. Laurdag kom seks døvblinde saman med fire tolkar frå Døvblinde Forening Norges Døvblinde (Bergen) til Gruo. Dei vart tekne i mot av Olav Hellesfjord og Torbjørn Marthinsen. I Heishuset fortalde Hellesfjord om verksemda Stordø Kisgruber A/S og opphavet.  Deretter vart det togtur inn i fjellet og vandring til plata i Sadalen gruve. I fjellet var Marthinsen forteljar og vegvisar. Dei av gjestene som hadde trong for det nytta høyreapparat og to av deltakarane var heilt blinde, likevel gjekk turen svært godt. Då dei kom ut att til Heishuset var det berre gode ord å høyra.

Venelaget 6962

I den store hallen i Sadalen gruve fortalde Torbjørn Marthinsen med gul hjelm på steinen, om kor mykje svovelkis som vart teke ut av gruvene på Litlabø. Til venstre Olav Hellesfjord som fortalde om Stordø Kisgruber i Heishuset. Foto Tor Resser ©

Tirsdag 26. mai

Endå ein barnehage har vitja Gruo og venelaget. Denne gongen Ås Barnehage på Leirvik. 14 born som går ut av barnehagen til sommaren og byrjar på skulen til hausten, var med saman med fire tilsette. Det var ein livleg gjeng som likte å preika, stilla spørsmål og å syngja.

Venelaget 6947

Veldig populært å få prøva «gassmaska» av Olav Hellesfjord.

I Heishuset fortalde  Torbjørn Marthinsen og Olav Hellesfjord litt om Gruo og kva dei dreiv med der før det var togtur inn i fjellet og vandring til den blå grotte. Der varta borna opp med song som hausta stor fagnad. Også på turen ut  att til toget var det song i rekkene. Alle borna fekk diplom som prov på at dei har vore i den blå grotte.

Venelaget 6949

I den blå grotte var Olav Hellesfjord til venstre, forsongar for borna. Båe bileta foto Tor Resser ©

Torsdag 21. mai

Også i år hadde 5. klassinagne (A og B) frå Rommetveit skule teke turen til Gruo og Venelaget. 33 elevar, 16 i den eine og 17 i den andre klassa saman med fire lærarar og to fedre som sjåførar. Dei vart tekne i mot av leiar i Venlaget for Gruo, Torbjørn Marthinsen som både orienterte om gruo, var lokføarar og omvisar inne i gruvegangane. Turen gjekk i Sadalen gruve, innom den store hallen, til plata inst i gangen og ut att til den blå grotte.

Venelaget 6944

5. klassingane frå Rommetveit skule i den store hallen i Sadalen gruve. Omvisar Torbjørn Marthinsen med gul hjelm. Foto Tor Resser ©

Tysdag 19. mai

Sæ barnehage hadde bede inn foreldre til born i barnehagen til foreldremøte i Gruo. 38 foreldre var med på møtet som vart opna og leia av styraren i barnehagen, Hilde Grindevik. Møtet var lagt til Gruo for at foreldra mellom anna skulle få ei oppleving av nærmiljøet iblanda litt kultur. Mange av foreldra hadde ikkje vore i Gruo. Ho fortalde om planar o.a. for barnehagen framover.

Venelaget 6935

Møtet byrja i Heishuset leia av Hilde Grindevik ståande framme.

Spesielt, særleg for Venelaget for Gruo, var det at Solveig Jæger hadde med seg dottera Frida på sju månader på møtet og til omvisinga i gruvegangane. Det har seg nemleg slik at farmor til Solveig Jæger og oldemor til Frida, Solveig Jæger, drog i gang Venelaget for Gruo i 1993.  Ho var aktivt med i Venelaget så lenge helsa heldt. Møtte på dugnaden kvar måndag ofte med nysteikte vaflar. Dagens Solveig Jæger vedgjekk at det var første gongen ho var inne i gruvegangane.

Venelaget 6938

Solveig Jæger og dotter Frida djupt inne i Sadalen gruve. Frida er den yngste som har vore på omvising i gruvegangane og tykte tydeleg det var spanande.

Leiar for Venelaget for Gruo Torbjørn Marthinsen fortalde om Stordø Kisgruber, opphavet og drifta, før turen gjekk inn i Sadalen gruve. Der var det møte både med troll og gruvearbeidarar. Vel ute att serverte tilsette ved barnehagen betasuppe.

Venelaget 6940

Fem troll dansa for gjestene.

Venelaget 6941

To «gruvesluskar» arbeidde med å slå sund fjell. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 11. mai

Måndag 11. mai var 16 born og tre vaksne frå Tjødnalio barnehage i Sagvåg på vitjing hjå Venelaget for Gruo. Borna var «avgangsklassen» frå Tjødnalio, det vil seia at til sommaren sluttar dei i barnehagen og byrjar på skulen.For Tjødnalio byrjar det å verta tradisjon at borna som sluttar for å byrja på skulen, tek turen til Gruo. Det er tredje året Venelaget tek imot born på dette nivået. Før borna kom til Gruo hadde dei hatt tema om gamle dagar.

Omvisar og forteljar var Ivar J. Helleland. Toget tok gjestene med inn i fjellet der det var avstiging på Høgåsen stasjon. Turen gjekk til fots først inn i den store hallen i Høgåsen, så gjennom gangane til den blå grotte der borna kviterte med ein song for omvisar og resten av følgjet frå venelaget. Særleg var det stor interesse om flaggermusa som held til i gangane, men som ikkje synte seg denne gongen heller.

Bortsett frå open dag 1. mai med omvisingar, var dette den andre omvisinga i Gruo i 2015.

Venelaget 6925

Flaggermusa er ikkje større en så og er slettes ikkje farleg, syner omvisar og forteljar Ivar J. Hellenad med raud hjelm til høgre. Foto: Tor Resser ©

2014

Fredag 28. november

14 lærlingar frå Kværner Stord  og to følgjarar frå fagrørsla var hjå Venelaget for Gruo fredag kveld.  Lærlingane skulle få eit innsyn i kva som var industrien på Stord i «gamle dagar», noko heilt anna enn den industrien lærlingane er på steg inn i etter tre-fire månader ved Kværner Stord. Ivar J. Heleland fortalde om verksemda og korleis det var å veksa opp i Gruo den gongen.  Han nytta si pedagogiske røynsle til å innprenta lærlingane kor viktig det er å ta læretida på høgste alvor. Det vart togtur inn i Høgåsen  og vandring ut stollen mor Sadalen. Attende i Heishuset vart det servert biff stroganof.

Venelaget 6742

Lærlingane i storhallen i Høgåsen med Ivar J. Helleland i blå kjeledress, som omvidsar. Foto Tor Resser ©

Dette var siste omvising i år. VfG takkar alle som har vore på omvising i 2014 og ønskjer velkomen til nye omvisingar frå mars månad 2015

Tysdag 25. november

Venelaget for Gruo hadde retteleg fint besøk i dag. Frå Kvinnherad kom Rosendal gang og spatzer og ville sjå og få omvising. 10 menn godt opp i sin beste alder hadde teke turen over fjorden. I Gruo vart dei mottekne av leiar Ivar J. Helleland. Han fortalde om gruvesamfunnet som han hugsar det då han vaks opp, og kva industristaden førte til ut i lokalsamfunnet. I Gruo var dei først med det meste i Stord kommunen, eller herad som det heitte den gongen. Det var togtur inn i fjellet med avstiging på Høgåsen stasjon. Derfrå var det vandring ut stollen mor Sadalen. Det var tydeleg at gjestene fekk ei god aha-oppleving. Dette var noko dei ikkje visste særleg mykje om, om noko i det heile. Som ein av dei sa, – dette med skipsbygging og liknande har me høyrt mykje om, men gruvene, nei.

Venelaget 6730

Rosendal gang og spatzer på omvising i gruvegangane. Til venstre omvisarane Ivar J. Helleland nærast og Torbjørn Marthinsen, båe med gul hjelm. Foto Tor Resser ©

Laurdag 22. november

Laurdag møttest 10 elevar som gjekk ut frå Litlabø skule for 50 år sidan, til gjensyn med kvar andre og meir til. Først møttest dei på gamleskulen som skal rivast. Deretter kom dei til Venelaget for Gruo for å få omvising inne i fjellet. Sjølv om dei vaks opp i og nær Gruo og gruvene var i full drift den gongen dei gjekk påp skulen, hadde dei aldri vore inne i fjellet og sett korleis der var som arbeidsplass. Det fek dei no saman med omvisar Ivar J. Helleland.

Venelaget 6718

50 års jubilantane på omvising . Foto Tor Resser ©

Torsdag 6. november

Klasse 4c frå Langeland skule på Stord vitja Venelaget for Gruo saman med føresette og søskjen for å ha sosialt samvær i Gruo. Til saman var 35 personar med på turen. I Heishuset fortalde Olav Hellesfjord om då kisgruvene vart drivne frå 1907 til dei vart lagde ned i 1968. Kva kisen vart nytta til m.m. Deretter var det togtur inn i Høgåsen og vandring i gruve Sadalen , innom den store hallen «domkyrkja» til endestopp på plata. Attende i Heishuset var det medbrakt nistemat med kaffi og brus.

Venelaget 6700

Frå «domkyrkja» med omvisar Wilfred Sætre i blå kjeledress og orange hjelm til venstre. Bilete Tor Resser ©

Torsdag 23. oktober

For andre gong var velferdsklubben Ve og Vel i Stord kommune på vitjing hjå Venelaget for Gruo. 31 medlemer hadde funne det interessant å vera med på turen. I Heishuset fekk dei  kåseri ved Ivar J. Helleland om Gruo i gamle dagar og det å veksa opp i gruvesamfunnet. Gjestene vart hjelma opp og plassert på toget som tok dei inn i fjellet, først under tårnet der Olav Hellesfjord fortalde om sjakta og heisen som var det avgjerande for å halda produksjonen i gang. Deretter gjekk togturen inn i stoll Høgåsen og «katedralen». Vidare var det vandring ut att med ein liten sving inn mot stoll Sadalen.

Venelaget 6681

Medlemene i Ve og Vel i «katedralen» i Høgåsen, med Ivar J. Helleland som omvisar, med gul hjelm og regnjakke. Fotot Tor Resser ©

Torsdag 16. oktober

Torsdag 16. oktober var det retteleg folksamt hjå Venelaget for Gruo. Om føremiddagen kom fem niandeklassar frå Stord ungdomsskule til Gruo, 109 elevar og ni lærarar.  Dei fleste sykla, om Sagvåg,  nokre valde å gå gjennom skogen.  I Gruo vart dei mottekne i Heishuset av Ivar J. Helleland. Han gav ei orientering om «gamle dagar»  før elevane vart delte i fire grupper der Else-Berit Helle, Wilfred Sætre, Ivar J. Helleland og Torbjørn Marthinsen var omvisarar. Så vart det togtur inn i fjellet og vandring i gangane.

Venelaget 6667

109 elevar og ni lærarar frå Stord ungdomsskule samla i Heishuset med orientering ved Ivar J. Helleland, i blå kjeledress.

Sein ettermiddag, tidleg kveld, kom 11 medlemer av Museumsgjengen på vitjing. Dei var VfG sine gjester, gjengen har drive med ulike arbeidsoppgåver utomhus som maling av Stigerkontoret, rydding i parken m.m. Som takk for hjelpa fekk dei togtur inn i fjellet og omvising ved Ivar J. Helleland. Attende i Heishuset vart det servert betasuppe.

Venelaget 6674

Ivar J. Helleland fortel Museumsgjengen om heissjakta under Heistårnet, kor viktig heisen var for produksjonen i gruva. Båe bileta foto Tor Resser ©

Kværner Stord

Tysdag 14. oktober hadde Venelaget for Gruo vitjing av ein delegasjon på 11 personar frå Kværner Stord. Då eit par av deltakarane ikkje var norskspråklege, måtte informasjonen gjevast på engelsk. Gjestene fekk togtur inn i Høgåsen med stogg i «domkyrkja» før det vart vandring ut gruvegangen og inn mot Sadalen. I Heishuset vart det servert biff stroganof etter omvisinga.

Venelaget 6664

Omvising i Høgåsen gruvegang. Omvisar Ivar J. Helleland i blå kjeledress. Bilete foto Tor Resser ©

Engelsen Entreprenør

Engelsen Entreprenør A/S hadde litt å feira fredag 10. oktober. Då vart det markert at arbeidet firmaet har hatt på det nye store parkeringshuset i tilkyting til Amfisenteret på Leirvik, var ferdig.

Første steg på markeringa var tur til Gruo der Venelaget for Gruo orienterte om gamle dagar før det vart togtur inn og vandring i fjellet. Omvisar for dei 22 som var med,  var Ivar J. Hellenad. Det var ein interessert og lydhøyr forsamling som stilte relevante spørsmål, slik omvisarane ønskjer, og svarte på beste måte.

Frå Gruo gjekk turen til Udnadalen der det vart servert middag m.m.

Venelaget 6631_redigerad-1

Tilsette ved Engelsen Entreprenør A/S på omvising i gruvene på Litlabø. Omvisar var Ivar J. Helleland i blå kjeledress i bagrunnen til høgre. I framgrunnen med blå hjelm leiar av firmaet Bernt Øyvind Vad. Foto Tor Resser ©

Fitjar Vidaregåande

Tysdag 30. september vitja 18 lærarar frå Fitjar vidaregåande skule Venelaget for Gruo. Det vart servert betasuppe og orientering om Gruo som det ein gong var, i Heishuset. Deretter vart det togtur inn i Høgåsen, så langt sporet går, før det vart stogg i Høgåsen stasjon. Der vart det orientert om fjellanlegget. Gjesten gjekk vidare i stollane til krysset Sadalen/Blå grotte. Omvisar var Torbjørn Marthinsen.

Venelaget 6603_redigerad-1

Frå omvisinga i Høgåsen gruve, Omvisar Torbjørn Marthinsen i blå kjeledress midt i biletet. Foto Tor Resser ©

Gullbryllaup

I helga høgtida Gerd Torunn og Kjell Vestrheim gullbryllaup. Dei ønskte å by gjestene, familie, vener og kjende frå nær og fjern, ei ekstra oppleving. Naturleg då var det ein tur til Gruo der VfG tok imot med togtur inn i fjellet og omvising rundt i gruvegangane. Turen vart avslutta med kaffi,  te og rundstykke i Heishuset. Omvisarar på vandringa var Wilfred Sætre og Ivar J. Helleland. 54 gjester var med, 49 inn i fjellet  medan fem fekk omvising i smiemuseet og arbeidarbudstaden med Svein J. Koppang som omvisar.

Venelaget 6558_redigerad-1

Wilfred Sætre til venstre var omvisar for den eine gruppa, her i katedralen i Høgåsen.

Venelaget 6565_redigerad-1

Ivar J. Helleland til høgre var omvisar for deg andre gruppa, og fortel her ei historie som tydeleg slår godt an hjå gjestene. Båe bileta foto Tor Resser ©

Engelsen Anlegg A/S

39 tilsette frå Engelsen Anlegg A/S vitja Venelaget for Gruo fredag 20. juni. Etter generell informasjon om gruvesamfunnet, var det togtur inn i fjellet og vandring i gangane. Gjesten vart delt i to grupper ved omvisinga. Attende i Heishuset vart det servert betasuppe.

Venelaget 6536_redigerad-1

Den eine gruppa hadde Torbjørn Marthinsen, i blå kjeledress, som omvisar. Her i «domkyrkja».

Venelaget 6538_redigerad-1

Olav Hellesfjord, til høgre, var omvisar for den andre gruppa. På biletet er gruppa på «plata» i Sadalen grube. Båe bileta foto Tor Resser ©

HR Gruppa Kværner Stord

Venelaget 6522_redigerad-1

19 tilsette ved HR Gruppa (personal) ved Kværner Stord vitja Venelaget for Gruo torsdag 19. juni.Det vart gjeve generell informasjon om det tidlegare gruvesamfunnet og gruveanlegget. Etter togtur inn i fjellet og vandring i gangane med Ivar Helleland og Olav Hellesfjord til venstre i biletet, som omvisarar, vart det servert gryterett i Heishuset. Underhaldninga sytte sentralsjef Øystein Olsen og Sentralbande for. Bilete Tor Resser ©

Bømlo Røde Kors Besøkstjenesten

Venelaget 6517_redigerad-1

14 medlemer frå Bømlo Røde Kors Besøkstjenesten vitja Venelaget for Gruo torsdag 19. juni. Dei fekk togtur inn i fjellet og vandring i gangane med Torbjørn Marthinsen, med blå kjeledress til høger. Deretter vart det servert betasuppe i Arbeidarbustaden i Parken. Bilete Tor Resser ©

Lærarar frå Rimbareid skule

Venelaget 6507_redigerad-1

Onsdag 18. juni hadde 20 av lærarkolegiet ved Rimbareid skule i Fitjar valt å ta avslutninga på skuleåret hjå Venelaget for Gruo. Først var det informasjon om gruvesamfunnet i Heishuset, Sidan togtur og vandring i gruvegangane med Ivar Helleland, til høgre i biletet, og Olav Hellesfjord som omvisarar. Bilete Tor Resser ©

Nordbygdo U-skule

Torsdag 12. juni vitja åttandeklassane B og D frå Nordbygdo Ungdomsskule Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo. Dei 39 elevane og tre lærarane sykla heile vegen om Sagvåg til Gruo. I Heishuset fekk dei generell informasjon om gruveanlegget. Elevane tok turen inn i fjellet klassevis, først med tog, deretter til fots inn i Sadalen om «domkyrkja» til plata.

Venelaget 6503

Omvisar Torbjørn Marthinsen i blå kjeledress til venstre, orienterer klasse B om stigort og ventilasjonssystemet i gruo.

Venelaget 6504

Else Berit Helle til venstre, fortel klasse D om «domkyrkja». Båe bileta foto Tor Resser ©

Onsdag 11. juni vitja åttandeklassane A og C frå Nordbygdo Ungdosskule Venelaget for Gruo. Elevane hadde sykla frå skulen til Gruo om Sagvåg. Der er sykkelveg det meste av vegen. Til saman 48 elevar og fire lærarar var med. I Heishuset fekk dei generell informasjon om gruveanlegget. Elevane vart delt klassevis før togturen inn i Høgåsen. Der var Olav Hellesfjrod omvisar for klasse A medan Else Berit Helle var omvisar for klasse C.

Venelaget 6495

Klasse A i ein gruvegang der det mellom anna vert orientert om toalettilhøva nede i gruvene. Omvisar Olav Hellesfjord til høgre.

Venelaget 6493

Klasse C i «katedralen» i Høgåsen Båe bileta foto Tor Resser ©

Venelaget 6487

5. klassetrin ved Tjødnalio skule i Sagvåg vitja Gruo fredag 6. juni. 24 elevar og fire lærarar var med på togtur inn i Høgåsen der det var vandring frå katedralen, bilete,. til starten av stoll Sadalen. Omvisar var Torbjørn Marthinsen med blå kjeledress. Bilete Tor Resser ©

Eksklusiv vitjing

Torsdag 5. juni hadde Venelaget for Gruo eksklusiv vitjing av Margit Engen som markerte 99 års dagen med omvising i Gruo. Utan samanlikning den eldste personen venelaget har hatt på vitjing. Mannen til Margit, Magne Engen, arbeidde i Gruo frå 1933 til -45 som benklastar på såle ni. Så drog han til sjøss. Då ha kom heim skulle han berre ha eit par veker på Stord Verft men vart der i 17 år. Inne i gruvene hadde Margit aldri vore, og hadde ønskje om ein tur. Ho har nærast i «alle år» vore med i Røde Kors, no bad ho med seg seniorar frå Røde Kors som møtest fast i tysdagsklubben i Hagerupshuset, på tur til Gruvene.

– Me plar alltid avslutta  semesteret med ein tur om våren og då høver det som oftast på min fødselsdag, seier Margit Engen som var strålande nøgd med dagen i Gruo.

Etter turen i Sadalen, vart det servert betasuppe, kaffi og stor blautkake i Heishuset.

Venelaget 6457

Margit Engen, i midten på tur i gruvegangen, med eit godt tak i armen til Borgny Fatland. Omvisar på turen var Olav Hellesfjord.

Venelaget 6458

Gjesten i «domkyrkja» i Sadalen. Margit Engen nr. to frå venstre saman med Borgny Fatland og Kari Kristiansen

Venelaget 6461

Tysdagsklubben samla kring festbordet i Heishuset. Jubilanten til venstre ved enden av bordet. Alle bileta foto Tor Resser ©

Venelaget 6437_redigerad-1

Ni tilsette frå Advantec avdeling elektro kontrollsystem, var i Gruo onsdag 28. mai om ettermiddagen. Etter ein kort, lett sein lunch (betasuppe), med informasjon om det tidlegare gruvesamfunnet, gjekk turen med tog inn i fjellet. Der var det vandring i Sadalen og dei var innom «domkyrkja» (biletet). Omvisar var Ivar J. Helleland, til venstre med blå kjeledress. Bilete Tor Resser ©

Venelaget 6423_redigerad-1

Stord vatn og avlaup KF og Stord kommunale eigedom KF la ut på blåtur 23 mai. Første stopp for dei 38 som var med, var Gruo der Venelaget tok dei med på omvising i gruvegangane. For mange vart det ei aha-oppleving. Dei hadde aldri vore inne i fjellet før. Kor turen gjekk vidare var ukjent for venelaget. Bilete Tor Resser ©

 

Venelaget 6420_redigerad-1

27 born og 26 foresatte frå trin 6 ved Rimbareid skule i Fitjar tok turen til Gruo 22. mai om ettermiddag/kveld. Først fekk dei informasjon om og tur inn i gruvegangane. Deretter var det grilling og hyggjeleg samvær utomhus i det fine sommarveret.. Bilete Tor Resser ©

 

Venelaget 6409_redigerad-1

12 medlemer frå historiegruppa Leirvik Sveis fekk informasjon om Stordø Kisgruber, den største industriverksemda på Stord fram mot 1960-talet, då gruppa var på omvising 22. mai. Omvisar Ivar J. Helleland, til venstre. Bilete Tor Resser ©

 

Venelaget 6403_redigerad-1

Trin 5 frå Rommetveit skule, 29 elevar, to lærarar og tre foresette, vitja Venelaget for Gruo 22. mai. På biletet er dei i «katedralen» i Høgåsen. Omvisar Olav Hellesfjord med gul hjelm i framgrunnen. Bilete Tor Resser ©

 

Venelaget 6395_redigerad-1

24 personar frå Lundin sitt Egvard Grieg-prosjekt på Kværner Stord vitja Venelaget for Gruo 20. mai. Dei fekk togtur inn i fjellet og vandring i Sadalen via «domkyrkja» inn til plata. I Heishuset var det dekka bord og servert gryterett med garnityr frå Vest Catering. Bilete Tor Resser ©

Venelaget 6380_redigerad-1

Grannar på vitjing hjå Venelaget for Gruo. 15. mai . 5. klasse med 18 elevar og tre lærar frå Sagvåg skule ville sjå korleis det var i gruene på Litlabø.Mellom anna var dei i «domkyrkja» i Sadalen der Ivar J. Helleland, til venstre i blå kjeledress, fortalde. Bilete Tor Resser ©

Venelaget 6376_redigerad-1

Hyggjeleg vitjing frå Haugesund i gruo 15 mai. Skår barnehage med 16 born og 5 vaksne skulle «gjera Stord». Først til Venelaget for Gruo der det var togkøyring langt inn i fjellet. Der etter vandring inn til den blå Grotte. Borna fekk diplom som prov på at dei hadde vore der. Sidan gjekk turen til Eventyrvegen i Landåsenområdet med avslutting med grilling i gapahuken. Bilete Tor Resser ©

Venelaget 6360_redigerad-1

Frode Mehammer leigte Heishuset av Venelaget for Gruo og bad inn 52 gjester for å feira 50 års dagen sin. Før festen byrja, var det omvising i gruvegangane. Jubilanten står midt i biletet med blå jakke. Bilete Tor Resser ©.

Venelaget 6338_redigerad-1

17 personar i leiinga i Eldfiskprosjektet frå Conocophillips og Kværner Stord var på omvising 8. mai. Til høgre omvisar Olav Hellesfjord. Bilete Tor Resser ©

Venelaget 6302_redigerad-1

12 medlemer frå Sveio Lions Club vitja Venelaget for Gruo 29. april. På biletet er dei i ladestallen til batterilokomotiva som vart nytta inne i gruva, vart lada natta over. Bilete Tor Resser ©

Venelaget 6198_redigerad-1

Sofie Flatebø hadde bede inn 58 gjester til å høgtida 70-års dagen sin i Gruo. 41 av gjestene var med på omvising i fjellet. Jubilanten like til høgre for midten i biletet. Omvisar Olav Hellesfjord til venstre. Bilete Tor Resser ©

Venelaget 6137_redigerad-1

Kommunikasjonssjef ved Kværner Stord Alf Terje Myklebust til høgre, var einaste representant frå industrien som møtte til synfaringa, her i tårnet. I midten Johanne Øvstebø Tvedten frå Sunnhordland Museum. til venstre prosjektleiar for tårnet Øyvind Koppang. Bilete Tor Resser ©

Venelaget 6133_redigerad-1

33 medlemer frå Stord Fitjar Lions Club 4. februar 2014. Omvisar Olav Hellesfjord i blå jakke til høgre. Bilete Tor Resser ©

Venelaget 6118_redigerad-1

12 medlemer frå Norsk Arbeidsmannsforbund 25. januar. Omvisar Ivar J. Helleland til høgre. Bilete Tor Resser ©

Venelaget 6109_redigerad-1

19 gjester i 60 års dag til Lars Helge Sørheim, i svart jakke til venstre. Omvisar Ivar J. Hellend til høgre Bilete Tor Resser ©