2021

Måndag 22. november

Ved inngangen til gruvegangen til sjakta under Sjakttårnet er det montert ei minneplate over dei som mista livet i Gruo frå 1865 til 1968 då gruva vart lagt ned. Plata er laga i bronse, og var sterkt eira. Mest umogeleg å lesa kva der sto. Dei siste par måndagane er det drive restaurering av plata. Mange «kjerringråd» er freista men det som ser ut til å verta mest vellukka er salt og sitron. Det vert undersøkt plata kan smørjast/sprøytast med klar lakk for å sleppa eiret.

Britt Furre skrubbar plata med salt og sitron

I Høgåsen gruvegang byrja arbeidet med å skifta stikkontaktane ut med boksar. Til saman vart det skifta seks kontaktpunkt , det heile for å få stabilt lys i gangen.

Elektrikar Svein Egil Johannessen skifta stikkontakatr med boksar. Ivar J Helleland er medhjelpar.

I stigerkontoret vart handvasken flytta ut i garderoben der arbeidstøyet heng. Noko nytt røyropplegg måtte til men med dugande røyrleggjar i laget gjekk det handlaust unna.

Rune Marcussen dreiv røyrarbeidet……
…medan Knut Inge Øien Hovin og Ivar J. Helleland, på ryggen på golvet, monteret handvasken. Alle bileta foto Tor Resser ©

Dugnaden vert avslutta måndag 6. desember og juleavslutninga vert måndag 13. desember klokka 1800. Meld frå på stiger@gruo.no at du kjem, seinast 6. desember. Dugnaden vert teken opp att måndag 3. januar 2022.

Måndag 15. november

Storarbeid i Høgåsen gruvegang måndag. Trekkrøyret for el-kabelen vart ferdig festa og trekkinga av kabelen byrja. Kabelen vart trekt gjennom det første 50 meter lange trekkrøyret direkte. Så vart det trekt ut 50 meter kabel til som så vart trekt gjennom neste røyr og same prosedyren vart gjort med dei to siste trekkrøyra. Til saman 200 meter kabel vart trekt ut, litt tungt på slutten, men med sterke menn gjekk det fint.

El-kabelen vert styrt inn i det første trekkrøyret, frå venstre Thor Hauglid, Fredrik Bjørnberg, og Ivar J. Helleland. Med ryggen til Torbjørn Marthinsen.
Rune Johannessen sto i andre enden av røyret og drog i trekklina.
Kabelen vel gjennom trekkrøyret.
Trekkrøyret vert kopla. Alle bileta foto Tor Resser ©

I Heishuset skar Rune Marcussen og Knut Inge Øien Hovin til borda til sutaket på toalettbygningen.

Dugnadsgjengen i VfG skal avslutta haustsemesteret med juleavslutning måndag 13. desember klokka 1800. Dei som vil vera med må melda frå seinast 6. desmeber til stiger@gruo.no.

Måndag 8. november

Dugnaden måndag heldt fram der arbeidet slutta for ei veke sidan. I Høgåsen gruvegang vart trekkrøyret, lengder på 50 m, festa til sviller med monteringsband bøygd rundt røyret og skrudd i svilla. Arbeidet vert venteleg avslutta komande måndag.

I heishuset vart taksperrene kutta og profilskorne klare til montering. Ytst på betongplata til toalettbygget vart det monter tre stolpesko der det skal monterast søyler for å bera det utoverliggjande taket.

Knut Inge Øien Hovin monterer stolpesko ytst på betongplata til toalettbygget. Foto Tor Resser ©

Måndag 1. november

Ei god økt ved dugnaden måndag. I Høgåsen gruvegang vart det rulla ut 200 meter trekkrøyr for el-kabel. Ny kabel skal leggast frå koplingsskapet ved inngangen av gangen til nytt koplingssakp lenger inne i gangen. Årsaka er å få eit meir stabilt og sikkert lys inst i gruvegangen. Leiaren i VfG, Torbjørn Marthinsen, hadde laga ei enkel med svært så effektiv utleggsplattform hengt i ei arm på lokomotivet.

Trekrøyret går ut frå leggeplattforma, eigen konstruksjon av Torbjørn Marthinsen som køyrer loket. Rune Johannessen styrer utlegginga.

Trekkrøyret vart lagt på utsida av sporet mot drensgrøfta og festa til kvar fjerde sville .

Rune Johannessen og Ivar J. Helleland med skrudrillen, festar trekkrøyret til svilla.

I Heishuset byrja arbeidet med å byggja reisverket til det nye toalettbygget. Rune Marcussen skar til materialane, Knut Inge Øien Hovin styrte spikerpistolen og spikra delene saman. I dugnadstida vart reisverket til dei tre sidene, framsida og endeveggane, ferdig montert. Planen er at dei tre veggane skal gjerast ferdig plata og sperrene til taket skorne til før dei vert tekne ut og montert på ei økt.

Rune Marcussen skar til materialane……..

…. og Knut Inge Øien Hovin spikra dei saman med pistol.
Rune Marcussen nærast, passar til sideveggane. I bakgrunnen arbeider Knut Inge Øien Hovin med framsideveggen. Alle bileta foto Tor Resser ©

Torsdag 28. oktober

Aldri før har me sett så mykje vatn i gangane i Gruo som torsdag. Drensgrøfta i Høgåsen gruvegang rann som ei elv og røyret under portalen i Høgåsen klarte ikkje å ta alt vatne. Det fann seg ny lei langs portalveggen mot skjengangen. I gangdelet mot Sadalen sto vatnet så høgt at det var problem å koma forbi med vanlege sko. Korleis det var lenger inne i sjølve Sadalen gruve veit me ikkje då gangen var mørklagt, det fuktige vêret gjekk hardt ut over det elektrikse anlegget.

Røyret i portalen inn til Høgåsen makta ikkej å ta lt vatnet som fann seg ny lei på utsida av veggen.
I gangdelet like innanfor portalen var det stor samling vatn og nærast umogeleg å ta seg fram utan støvlar. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 18. oktober

Måndag vart den siste jordhaugen ved Smio (Gruvemusee) køyrt bort. Materialane til toalettbygget kom for ei veke sidan og vart bore i Heishuset måndag . Det kunne ikkje gjerast før då det var tilskipingar i huset både laurdag og sundag. Større tilskipingar vert det ikkje utetter hausten og vinteren. Heishuset har ikkje varmekapasitet til det.

Fredrik Bjørnberg med hjelm og Torbjørn Marthinsen ber inn materialane til toalettbygget.
Rune Marcussen og Wilfred Sætre kontrollere teikning til toalttbygget.

Venelaget for Gruo har fått kjøpa rimeleg ein høgtrykkspylar/steamar frå Engelsen Anlegg A/S. Spylaren hadde stått ubrukt over ein periode, og han vart nøye gjennomgått og sett over då spylaren kom til venelaget. Til slutt vart det «liv å finna». Spylaren er god å ha når mellom anna gravemaskin og traktorar skal reingjerast.

Rune Marcussen med hjelm og Knut Inge Øien Hovin går over høgtrykkspylaren/steamaren. Alle bileta foto Tor Resser ©

Det vart òg drive vedkløyving med traktorkløyvaren måndag.

Sundag 17. oktober

Fonna Live ved Ole Jonny Almås hadde leigt Heishuset til konsert sundag. Utøvande musikarar var visesongarane Terje Formoe og Frode Johansen. 17 betaland tilhøyrarar hadde funne vegen til Heishuset og høyrde Formoe og Johansen småsnakka og syngja døgnfloger og andre klassikarar.

Terje Formoe til venstre og Frode Johansen småsnakka og song viser. Foto Tor Resser ©

Måndag 11. oktober

Vesentleg lysarbeid i dugnaden måndag. I gruvegangane Høgåsen og Sadalen var det bekmørkt. Mykje nedbør og fukt i gangane var i hovudsak årsak til straumbrot. Høgåsen vart først opplyst så langt sporet går. I Sadalen var det å ta for seg fleire av koplingsbokasen. Feilen vart til slutt funne inst på plata i Sadalen; noko så enkelt som ein våt stikkontakt. Lyset i den store hallen i Sadalen var borte og vart ikkje ordna måndag. Det vert arbeidd med å installera eit betre lysanlegg i gruvegangane.

Rune Johannessen kontrollerer ein av koplingsboksane medan Ivar J. Helleland følgjer med.

Lyslekkja som først var prøvehengt i Høgåsen gruvegang, seinare i taket i lokstallen for ei veke sidan, vart måndag montert permanent langs veggen på den mørkaste staden i stallen, området der lok og vogner er parkert. Endeleg har dette området fått ordentleg lys.

Knut Inge Øien Hovin og Rune Marcussen festar lyslekkja i lokstallen.
Den mørkaste delen i lokstallen har endeleg fåt godt lys. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 4. oktober

Mykje handla om lys på dugnaden måndag. VfG hadde ei lyslekkje, 25 meter, på prøve. Først vart lekkja hengt opp i Høgåsen gruvegang som inndirekte lys, for å sjå korleis det tok seg ut. Reint synsmessig var det spektakulert, som det heiter i dag, men høver det i ein gruvegang der det helst skal vera litt dunkelt og svakt lys? Høgst truleg vert det ikkje montert lyslekkje i gruvegangen, i alle høve ikkje med det første. Meininga var delte om dette er noko å satsa vidare på. Treng kan hende litt mogningstid?

Lyslekkja montert på baksida av det gamle luftrøyret i Høgåsen gruvegang.
Frå venstre Svein J. Koppang, Thor Hauglid, Ingvild Skaret Sortlland, Ivar J. Helleland og Britt Furre drøftar kva dei tykkjer om lyslekkja.

Lekkja vart teken ned i gruvegangen og montert i lokstallen for å sjå om ho gav betre lys enn lysarmaturen som alt heng. Konklusjonen vart vel at lekkja åleine ikkje gjev godt nok arbeidslys.

Armatur og lyslekkje i samspel i lokstallen
Lyslekkja gav bra lys, men ikkje godt nok som arbeidslys åleine. Alle bileta foto Tor Resser ©

Elles måndag vart det drive vedlikehald, mellom anna av lysarmatur i Høgåsen gruvegang. Også i stigerkontoret vart det drive vedlikehald, og det vart montert gardiner i vindaugskarmane som er nymalte.

Tysdag 28. september

Tysdag var ein merkedag for den nye toalettbygningen Venelaget for Gruo skal reisa. Plata vart støypt. Jonas Sjølin og Stian Isaksen frå Engelsen Entreprenør byrja forskalingsarbeidet på bakveggen tysdag 21. september om morgonen. I middagstida same dag rulla betongbilen frå Ølen Betong opp og veggen vart støypt.

Stian Isaksen monterer kassett på bakveggen, delvis løynd Jonas Sjølin.

Fredag 24. september vart plata forskalt og isopor og matte vart lagt i.

Plata klar til å verta støypt.

Tysdag 28. september rulla på ny petongbil med pumpe opp framom byggjeplassen, på ein times tid var betongen pumpa i forskalinga. Det vart òg støypt dragar på bakveggen ankra i fjellet. Ølen Betong leverte betongen vederlagsfritt til Venelaget for Gruo. Laget kviterer med å takka på det hjertelegste.

Gediminas frå Ølen Betong styrer pumpa, til høgre Jonas Sjølin.
Jonas Sjølin kontrollerer med laser at det vert rett høgde på betongen. Til venstre Gediminas frå Ølen Betong.
Jonas Sjølin grovpussar betongn for litt seinare, når betongen er hard nok, skal stålpussa. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndagndag 27. september

Det store grantreet som vart delt i kubbar for ei tid attende, men som det ikkje vart gjort noko vidare med, vart for nokre veker sidan samla i ein stor haug, klar til å verta brendt. Måndag vart haugen tent på og etter kvart vart det eit stort bål utan dei høge flammane.Ein del buskar og småtre som var klipt i området vart òg hive på bålet.

Geir Magne Hamnes var ein periode «guten i røyken» som forte bålet med buskar og småtre.

Ved Smio heldt ryddinga fram, mellom anna med å dra opp ei stor eikerot. Solid stropp vart lagt rundt og trukken hadde ikkje problem med å «trekkja visdomen».

Rune Johannessen til venstre i bakgrunnen og Ivar J. Helleland følgjer med når rota vert trekt opp.

Kringom på bruket skal det setjast opp fleire skilt som mellom anna fortel om stadene. Wilfred Sætre er skiltmakaren, freser namn inn i solid furuplank. Namnet vert malt før heile skiltet får ein ordentleg omgang med impregnering.

Wilfred Sætre freser nanet Juahòlet på eitt av skilta. Kor det ligg skal me avsløra når skiltet vert sett opp.

I stigerkontoret malte Britt Furre og Ingvild Skaret Sortland vinduskarmane på innsida. Ved dei store dørene til Heishsuet vart forskalingslistene etter fuginga fjerna. Der listene var skal det monterast tilsvarande gummipakning for å gjera dørene heilt tette.

Ivar J. Helleland i stigen losnar forskalingslista varsamt medan Sven Lindseth som har stått for fuginga, har kontroll på lista. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 20. september

Langs fronten på Smio og tverrveggen mot Snekkarverkstaden, er det vakse opp rikeleg med småbuskar og gras. Måndag vart det meste av området rydda. Gravemaskinen til VfG med Rune Marcussen bak spakane, gravde og lasta skuffa på den store traktoren der Rune Johannessen styrte. Ei lita økt til så skal området vera klart til å verta plannert.

Rune Marcussen på gravemaskinen lastar skuffa til traktoren. I bakgrunnen Thor Hauglid til venstre og Rune Johannessen

På anlegget til det nye toalettet var Engelsne Entreprenør byrja med å setja opp forskaling til bakveggen. Veggen skal støypast først før plata vert støypt. To sluk vart montert på stussar i rett høgde i høve til golvet.

Knut Inge Øien Hovin og Ansgar Vedå kontrollere med laser at slukane er i rett høgde.

Stigerkontoret får etter kvart oppussing, i første omgan vinduskarmar både inne og ute.

Britt Furre vaskar vinduskarmane i Stigerkontoret før dei skal målast. Ingvild Skaret Sortland sopar bos etter ein benk som er teken bort. Her skal monterast handvask.
Gunnar Almås måla vinduskarmane utvendes. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 13. september

Mykje av arbeidet frå førre måndag vart halde fram denne måndagen. Sven Lindseth med fuging av dørene i Heishuset, Gunnar Almås med maling der det vart kitta for ei veke sidan. Vaggevogna med skjener vart køyrt til parkområdet på vaskeriplanet med trukken og plassert som planlagt. VfG har vore i samtale med Stord kommune som eigar av parkområdet, og der fått klarsignal til plasseringa. Det skal koma plansje på vogna som fortel kvifor ho står på denne staden og kva type vogn det er.

Ivar J. Helleland til høgre dirigerer skjenedelen på rett stad. Trukkførar er Rune Marcussen.
Rune Johannessen styrer vogna på skjenene.
Vogna skal stå på same staden der vognvekta til Stordø Kisgruber i si tid var. Frå venstre Knut Inge Øien Hovin, Rune Marcussen, Ivar J. Helleland og Rune Johannessen.

Personellkorga vart kopla på trukken og Thor Hauglid vart løfta i veret for å klippa ein del greiner på det eine bjørketreet ved Stigerkontoret. Greinene var så store at dei kunne koma i konflikt med ein kraftleidning framom huset.

Thor Hauglid første mann i den nye personellkorga til trukken då han klipte greiner på bjørka. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 6. september

Det vart den store utpakkingsdagen av flate pakkar hjå venelaget måndag. Det var ønskt ny, kraftigare vedkløyvar, og personellkorg til trukken. Båe var klare til utpakking og montering. Personellkorga var enkel og grei og vart montert på kort tid.

Thor Hauglid til venstre og Rune Marcussen prøver den nye personellkorga som vert montert på gaflane til trukken.

Vedkløyvaren vart det litt meir skruing på. Kløyvaren skal monterast til traktor og og nytta hydraulikken der frå. Men, å få nytt moderne utstyr til å passa saman med gamal traktor er ikkje alltid berre berre. Heller ikkje her då kolpingssystema til slangane hadde ulike dimensjonar; og kor skulle slangane til kløyvaren koplast til traktoren? Det var gjenstand for diskusjon og av og til synsing. Ikkje heilt vellukka måndag.

Diskusjon om kor slangane til kløyvaren skal koplast til traktoruttaka. Stempelet er kome delvis ut, men ville ikkje inn att. Frå venstre Torbjørn Marthinsen, Rune Marcussen, Rune Johannessen og Knut Ekse.

Men det vart utført vedlikehaldsarbeid òg, måndag.

Kittet på glasrutene til Stigerkontoret var gamalt og hadde trong for fornying. Gunnar Almås sprøytar nytt kitt .

Langs dei nye store dørene til Heishuset er det ei open spalte mellom murveggen og døra. Spalta må tettast med fugemasse.

Sven Lindseth har byrja arbeidet med å tetta spalta mellom døra og murveggen med fugemasse.

Vaskeriplanet skal få ein ny attraksjon. Muren etter vognvekta der vognenen med svovelkis, og anna, vart voge, er framleis synleg på plenområdet. Der skal det setjast ei vaggevogn på skjener for å syna kva fundamnetet i si tid vart nytta til. Det skal òg koma plansje med forklarande tekst.

Torbjørn Marthinsen til venstre og Thor Hauglid spikrar skjenene til svillene med dogs. Bak Rune Johannessen som bora hôl til dogs’en.
På dette området på vaskeriplanet skal vaggevogna setjast. Alle bileta foto Tor Resser ©

Torsdag 2. september

Venelaget for Gruo var bede inn til informasjonsmøte hjå Stord kommunalteknikk torsdag, i samband med at forprosjekta til Jappaløkjen og Fureåsdammen vart offentlege. For VfG møtte leiar Torbjørn Marthinsen, styremedlemene Geir Magne Hamnes og Thor Hauglid, og Tor Resser. I hovudsak gjekk møtet på lover og forskrifter for demningar utarbeidd av NVE, bore fram av Ole Dan Lundekvam. Han synte òg døme på gamle dårlege steindemningar og lagnaden deira. Somme vart rivne, andre restaurert, etter dei omfattande reglane i dag. Lundekvam er kommunen sin kontaktperson andsynes konsulentfirmaet Multiconsult som har arbeidd ut forprosjekta.

Frå vesntre Ole Dan Lundekvam, ekspert på gamle steindammar, Torbjørn Marthinsen frå VfG, einingsleiar Stord kommunalteknikk Roy-Sverre Amundsen, Arnstein Hetlesæter frå kommunalteknikk, Geir Magne Hamnes og Thor Hauglid frå VfG.

Det ligg ikkje føre tilråding frå einingsleiaren i forprosjekta. Administrasjonen i Stord kommune må dermed leggja fram sak for politikarane som må ta stode til kva som må/skal/kan gjerast med demnigane. Konsulentfirmaet har tre alternativ for båe demningane. To nye demningar (dei gamle vert i tilfelle rivne) for Jappaløkjen er kostnadsrekna til 11,3 mill. kroner, ny demning Furuåsdammen 7 mill.kroner. Båe forprosjekta finn du på kommunen sine heimesider.

Torbjørn Marthinsen til venstre og Ole Dan Lundekvam studerer gamle teikningar av demningar og renner i gruo. Thor Hauglid og Geir Magne Hamnes følgjer med. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 30. august

Arbeidet med å reinska og rydda etter gravearbeidet held fram, og går mot slutten. Mykje stein er samla og køyrt bort. Området byrjar å ta seg bra ut.

Fredrik Bjørnberg nærast og Sven Lindseth samlar stein som går i den store skuffa til traktoren for å verta køyrt bort.
Gunnar Almås strør fin sand ved benkene framfor Stigerkontoret.

Lokomotivet Bukken fekk VfG av Sunnhordland Kraftlag og vart henta ned frå Matrefjella ved Møsvatn i oktober 2006 . Venelaget endra sporvidda på lokomotivet til 600 mm, frå 750 mm, eit storarbeid leia av Torbjørn Marthinsen. Han laga m.a. ein ters for å få hjula av akslingen. Lokomotivet har vore lite i bruk, er stort og tungt og har stort sett stått parkert i lokstallen. Det tykkjer lokentusiast Per Ivar Tautra, som var aktiv i VfG då han budde på Stord, og med på å få loket ut av gruvegangen i 812 m høgde ved Møsvatn, ikkje er bra. Han har pusja på for å få «lufta loket» som han seier. Dei siste dugnadsdagane har Knut Ekse gått over motor og anna og måndag trilla det ut, og inn, for eigen motor.

Knut Ekse luftar Bukken i frisk luft etter fleire år gøymt og gløymt i lokstallen. Til høgre Torbjørn Marthinsen. Alle bileta foto Tor Resser ©

I tillegg vart det rydda og samla i ein haug, eit par grantre som har lege sagde opp, klare til å verta kløyvde til ved. Av ulike årsaker har det ikkje vorte noko av. Seinare i haust, når det vert lov, skal trea brennast på bål.

Måndag 23. august

Måndag vart grøfta, for røyret til fiberkabelen, og røyret, ført fram til koplingspunktet. To trekkrøyr er avdekka og arbeidet med koplingsboksen kan ta til frå Haugaland Kraft si side.

Trekkrøyret for fiberkabelen er ført fram til koplingspunktet, dei to gule røyra lengst til venstre i grøfta.

Stord Hesteskolag har arena på del av vaskeriplanet. Der er det gjennom vinteren og våren sett opp ein gapahuk. Frå hesteskolaget si side ønskte dei å markera kva som ein gong var på dette området. Venelaget for Gruo vart kontakta med spørsmål om laget kunne koma med kort historisk tekst og bilete om Stordø Kisgruber. VfG vart svært oppglødd for tanken og kom med turvande materiale. Infotavla er kosta av Sagvåg Bygdalag og nyleg vart tavla montert inne i gapahuken. Tavla er stor og lettlest, gjev god informasjon, også på engelsk, om det som ein gong var på staden.

Stord Hesteskolag har bygt gapahuk på arenaen på del av vaskeriplanet.
Infotaval om Stordø Kisgruber som er montert i gapahuken.

På dugnaden måndag vart det rydda stein frå anleggsområda for toalettbygget og grøftegravinga. Som ein ekstra spiss på kvelden vart dei tre benkene som er sett samman i lokstallen, flytta ut framfor Stigerkontoret.

Sven Lindseth til venstre, har montert , og Torbjørn Marthinsen sit godt på dei nye benkene. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 16. august

Det alt omfattande arbeidet måndag var å grava grøfta til trekkrøyret for fiberkabelen. Grøfta vart grave på utsida av jernbanesporet til vegen opp til øvingsområdet for Stord Fitjar hundeklubb. I dette området skal koplingsboksen for fiberkabelen stå. Jamt med gravearbeidet vart røyret rulla ut og lagt i grøfta etter kvart som singel vart fylt i, over røyret vart det meir singel.

Trekkrøyret for fiberkabelen vart rulla ut samstunde som Rune Marcussen, på gravemaskinen, grov grøfta til endes.
Då røyret vart lagt ut, måtte det ordnast opp i snurren før det vart lagt i grøfta. Frå venstre Geir Magne Hamnes, Torbjørn Marthinsen og Svein J. Koppang. I bakgrunnen Ivar J. Helleland og Ingvild Skaret Sortland.

Sven Lindseth målte og borra hôl for boltar i fotdelane og seta til dei nye benkene. Som den særs nøyaktige mann han er, stemte alt då lim vart pressa i hôla og delane sette saman.

Limet er lagt på og Sven Lindseth trer foten ned på boltane i setedelen. I bakgrunnen Ansgar Vedå. Alle bileta foto Tor Resser ©

Det vart òg rydda noko stein i anleggsområdet for det nye toalettbygget.

Måndag 9. august

Dugnaden byrjar koma i siget. I Høgåsen gruvegang vart det ordna i lys, m.a. skifta lamper og lysrøyr. I dagen byrja arbeidet med å grava grøft for fiberkabelen frå Heishus/Stigerkontor til koplingsboks, grøft på kring 100 meter.

I lokstallen byrja Sven Lindseth å montera nye benker som skal plasserast framfor Stigerkontoret. Dei er i betong med relieff i fotdelane Det vert bora hòl til festeboltar som vert gyst både i fot og sete, og avstivingsstag i botn av fot.

Sven Lindseth borer hòl for festebolatne i fotdelen av benkene.

VfG er med i Geopark Sunnhordland. Måndag vart det lese andre gong korrektur på infotavlene som skal setjast opp på ulike stader på gruveområdet. Geir Magne Hamnes er kontaktprson for VfG i høve til Geopark Sunnhordland ved Brynjar Stautland. Hamnes har stått for utarbeidinga av infotavlene for VfG. Det er venta at tavlene vert montert i haust ein gong.

Svein Jæger Koppang til venstre og Geir Magne Hamnes les korrektur til dei seks infotavlene som skal setjast opp i gruveområdet. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 2. august

Dugnaden vart teken opp att måndag, etter stopp i juli månad. Ikkje så mange møtte, ferien heng nok litt i for somme framleis. Grunnarbeidet til det nye toalettanlegget vart ferdig, singla og planert i rett høgde for vidare arbeid.

Knut Inge Øien Hovin nyttar nivelleringslaser for å får jamn høgde.

Vidare vart det ordna lys som var ute av drift, i Høgåsen gruvegang og køyrt ein del vedkubbar til kløyving. Framfor Stigerkontret vart det jamna og planert der det var grave grøfter i samband med bygginga av toalettanlegget. Etter kvar vert resten av graveområdet planert.

Thor Hauglid fjernar stein og planerer framfor Stigerkontoret. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 26. juli

Grunnarbeidet til det nye toalettbygget til Venelaget for Gruo nærmar seg slutten. Måndag vart grovarbeidet ferdig, att står finjustering, eit arbeid som vert gjort førstkomande måndag når dugnadsarbeidet vert teke opp att etter ferien.

Grunnarbeidet til det nye toalettbygget er på det næraste ferdig. Frå venstre leiar i VfG Torbjørn Marthinsen, Rune Marcussen og Knut Inge Øien Hovin

I Stigerkontoret vart trekkrøyr for el-kabel og fiber trekt opp frå blindkjellaren, eit svært trongt og kronglete arbeid Torbjørn Marthinsen sleit med. Det er så trongt i kjellaren at han måtte krypa og åla seg fram til punkta.

Trekkrøyra for fiberen er komne opp i kontoret.
Trekkrøyret for el-kabelen endar like nedanfor sikringsskapet i gangen i Stigerkontoret. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 19. juli

Fridagar er til for å brukast til ulike aktivitetar. Generelt er det dugnadsfri hjå Venelaget for Gruo i juli månad. Men det er ivrige personar som likevel vil ta eit tak, når det gjeld arbeidet med det nye toalettbygget. Måndag var Rune Marcussen og Knut Inge Øien Hovin i Gruo og la ned røyr for vatn, avløp og trekkrøyr for straum til grunnen for bygget. Litt fjell måtte meislast bort og grøft reinska for større steinar før røyra vart lagt med singel under, rundt og over, slik det skal gjerast.

Den enklaste måten å få gravemaskinen opp til anleggsområdet på, var å løfta han med den nye trucken.
Måla må vera nøye når røyr vert lagt i grunnen, og skal stemma med nedløp frå bygget, Rune Marcussen nærast, og Knut Inge Øien Hovin måler nøyaktig ut avstanden.
Rune Marcussen kontrollerer at det er fall på avløpet. Alle bileta foto Tor Resser ©

Det skal òg leggjast til at leiar av VfG, Torbjørn Marthinsen, dreiv grasslått.

Måndag 28. juni

Den fysiske dugnaden vart lagt bort måndag, det sosiale sto i sentrum med grillfest og prat med gode historiar. Mange som kan den sorten i Venelaget for Gruo. Kring 30 frå dugnadsgjengen med kjende og/eller famile møtte . Sjefsgrillar var Thor Hauglid med Ansgar Vedå som andregrillar. Primus motor for det heile er «basardamene» med Ingvild Skaret Sortalnd, Britt Furre og Jorunn Skaret Vedå. I strålande sommarvêr gjekk det heile føreseg utanfor Heishuset.

Grillfesten gjekk føre seg ved langborda utanfor Heishuset.

Overraskinga denne kvelden var utdelinga av venelaget sin eigen Eldsjelpris. I år var det, i eit vanskeleg val skulle me tru, Thor Hauglid, den arbeidsmaur som han er, som vart den heldige med krus med namn og diplom. Han sa mellom anna at frå å vera ein hobby å gå på dugna hjå venelaget, har det etter kvart vorte ein livsstil der han kunne stilla fleire dagar utanom den faste måndag ettermidag. Han sa som dei fleste før han som har fått prisen, det er så mange andre som fortener prisen, men han vedgjekk at han vart både glad og stolt.

Leiar i Venelaget for Gruo, Torbjørn Marthinsen gjev diplomet til prisvinnaren Thor Hauglid. Båe bileta foto Tor Resser ©

Det vert stogg i dei faste dugnadsdagane i juli månad, men måndag 2. august «brakar» det laus att.

Måndag 21. juni

Dugnadsarbeidet måndag heldt fram der det vart avslutta førre måndag. I dag skulle to fiberkablar, eitt trekkrøyr for el-kabel og vassleidning inn i Stigerkontoret. Først i blindkjellaren som knapt er blindkjellar, så lågt at det berre er mogeleg å krypa. Der ålte/kraup Thor Hauglid til hôlet i ringmuren der kablane vart stukke inn og stakk dei vidare opp i Stigerkontoret. Trekkrøyret for el-kabelen måtte han trekka med seg til luka der han gjekk ned og kom opp. Arbeidet gjekk for så vidt greit, men det var heller dårleg luft der ned, sa Thor då han endeleg kom opp att. Ein god halvtime og vel så det måte han ver i «kjellaren».

Rune Marcussen var på utsida og stakk kablane inn der Thor Hauglid tok tak og stakk dei vidare opp i Stigerkontoret.
Lite plass for Thor Hauglid til å koma seg ned i og opp frå «kjellaren». Men som den tøffingen han er gjekk det greit.

Resten av kvelden vart nytta til å grusa over kablar og leidning før gravemaskinen lukka grøfta. Det står ein del finplanering att, men stien opp til Sjakttårnet, Høgåsen og Gjerde er brukande framkomeleg.

Rune Marcussen køyrer gravemaskinen og lukker grøfta. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag komande vert det grillfest som markering på avslutning av første halvår og pause i dugnadeni juli månad, for dei som ønskjer det.

Måndag 14. juni

Hovudarbeidet for dugnaden måndag var å grava vidare på grøftene til toalettbygget og leggja røyr for avløp, vatn, trekkrøyr for el-kabel og fiberkabel mellom Stigerkontoret og heishuset, fiberen skal vidare til koplingsboks.

Vassleidningen vert trekt av Rune Marcussen, Knut Inge Øyin Hovin og lengst bak Torbjørn Marthinsen
Røyra skal liggja på og i grus, til venstre Rune Marcussen, til høgre Knut Inge Øien Hovin.

Av anna arbeid vart takrennene på lokstallen reinska for skit, gamalt lauv o.a. Det vart òg laga lettare innkøyring for traktoren med gravemaskintilhengaren til lokstallen.

Rune Johannessen i stigen, reinska takrennene på lokstallen. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 7. juni

Mineral- og bergsamlinga Venelaget for Gruo fekk hjå Bjørn Angell Bergh er ferdigmontert i reolar og skap. Geir Magne Hamnes har gjenom det meste av vinteren arbeidd med å få samlinga synleg. Måndag vart det på enkelt vis markert at samlinga er tilgjengeleg i Heishuset. Børn Angell Bergh var til stades og gav uttrykk for at det var rette staden han hadde gjeve samlinga då han fekk sjå utstillinga. Han var eit stort smil og sa seg svært nøgd med kva han såg . Leiar i VfG, Torbjørn Marthinsen, takka Bergh og sa seg svært glad for at venelaget hadde fått hand om samlinga.

Bjørn Angell Bergh til vesntre med ein Tillitt – forsteina morene- i neven funne i Korlebotn, Varangerfjorden. Tillitt’en er ikkje mindre enn ein milliard år gamal. Til høgre ansvarleg for utstillinga Geir Magne Hamnes.

Utomhus vart det grove grøfter til området for det nye toalettbygget. Grøft for vatn frå Stigerkontoret som møter grøft for avløp og går samla til toalttbygget.

Thor Hauglid fyller singel i grøfta for vassleidnig medan Rune Marcussen grev i grøfta for avløp, Grøftene skal møtast om lag der maskinen er. Båe bileta foto Tor Resser ©

Tysdag 1. juni

Samarbeidet mellom Litlabø Skule og Venelaget for Gruo vert stadig tettare. Skulen «lever» midt i historia til Stordø Kisgruber. Klassane på skulen har alt vore på mange omvisingar på Stordø Kisgruber sitt område. Tilbodet vert utvida med å synleggjera for elevane kor stort anlegget er. Eldsjel for å få dette til er leiar i VfG, Torbjørn Marthinsen i samarbeid med entusiast og rektor på skulen, Kesia Palmer.

På ein betongvegg på skulen har Emma Plamer Venaas malt Sjakttårnet. Frå foten av tårnet har Torbjørn Marthinsen målt opp 15 meter på asfalten, slått ned ein dog (svillespiker) og markert med raudt. 15 meter er høgda frå plattinga framfor Sjakttårnet ned til såle 2 (området der Stigerkontor, Heishus og andre bygningar står). Ved å leggja høgda ut horisontalt kan det vera lettare å skjøna avstanden. Med å plussa på 25 meter til , med ny dog i asfalten, vert avstanden 40 meter, høgda frå såle 2 til såle 3.

Torbjørn Marthinsen måler ut 15 meter på asfalten frå måleriet av Sjakttårnet.
Dog’en vert slegen i asfalten av Torbjørn Marthinsen. Til venstre rektor Kesia Palmer.

Rektor Kesia Palmer fortel at skulen skal årleg nytta veke 35 til å læra om Stordø Kisgruber. Historia er viktig for elevane, og lærarane for den del. Mange har ikkje tilknyting til Litlabø i det heile.

I andre verdskrigen 1940-45 var det viktig for den tyske okkupasjonsmakta å hald svovelkisgruvene på Litlabø i gang. Mellom anna vart det bygt ei vaktbu ytst på kinohaugen, der skulen står i dag. Kva tid bua vart bygt er uvisst men det skal ikkje ha vore vakter der før frå 26. desember 1944. Bua vart ikkje fjerna etter krigen, tre og buskas vaks opp og løynde ho. No er ho «plukka» fram att. Med hjelp av VfG der Sven Lindseth, Gunnar Almås og Thor Hauglid har vore ivrige med motorsag og brakasaks, er bua komen til syne att. Skulen har drive smårydding kring, høgtrykkspylt og malt bua, i same farge og maling som Sjakttårnet.

Vaktbua får siste strøk maling av ass.rektor Hege Karin Havn på bakken og rektor Kesia Palmer på taket. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 31. mai

Hovudtyngda av dugnaden måndag var gravearbeid for det nye toalettbygget. Venelaget sin gravemaskin, med Rune Marcussen som førar, fekk retteleg køyrt seg då han grov ut tomta der bygget skal stå. Ein god del vart gjort, men litt meir graving og finplanering står endå att før arbeidet med røyr o.l. kan ta til og plata støypast.

Graveabeidet til det nye toalettbygget for venelaget kom godt i gang på dugnaden måndag. Rune Marcussen fyller skuffa til traktoren med steinmasse som vert køyrt til deponi.

Rammeverket til sandkassen som har lege ved hjørnet til Stigerkontoret, ved stien opp til Sjakttårnet, har sett sine beste dagar. Måndag vart tømmerstokkane som etter kvar var vorte rôtne, fjerna. Sanden i «kassen» kan nyttast i samband med bygginga av det nye toalettet.

Thor Hauglid til venstre og Rune Johannessen fjernar rammeverket til den gamle sandkassen. Båe bileta foto Tor Resser ©

Frå klasse 3Stb, på omvising 21. mai, har VfG fått denne attendmeldinga:

Hallo «Gruegjengen»!

Klasse 3Stb takkar mykje for det flotte opplegget de hadde med oss 21.05.21! Det er verdifullt med interesserte og engasjerte forteljarar! Framifrå jobb de gjer i Gruo!

Helsing 3Stb og lærar Jens Litlabø

Torsdag 27. mai

LHL Stord fekk låna Heishuset hjå Venelaget for Gruo for å halda repetisjonskurs i hjarte-lungeredning. Til saman 10 personar frå tre lag møtte på kurset. Kursleiarar var Sigmund Borkner og Kjell Vestrheim frå LHL Stord, som er vorte godkjent til å halda denne typen kurs. Dei som går repetisjonskurset har alle tidlegar gått det første kurset då med medisinsk personell som kursleiarar.

Kurset torsdag var delt ein teoretisk del og ein praktisk del så langt smittevernreglane tillot. Mellom anna fekk kursdeltakarane prøva seg på den «tunge» biten i hjarte-lungeredning, brystkompresjon på dokker, utan innblåsing denne gongen. Ein demonstrasjonsutgågve av hjertestartar vart òg synt.

Deltakaren på kurset er frå venstre bakarste rad kursleiar Kjell Vestrheim, Gerd Torunn Vestrheim Anne K. Eldøy og Birger Taranger, alle tre frå Stord Fitjar Turlag. Framste rad frå venstre Geir Magne Hamnes og Karin Folvik Bergenhus frå Venelaget for Gruo, Thore Waage og Erling Lie frå Gutta på tur, Gerda Malene Øen, Marit Cruickshanks og Vivian Hernar Gullberg frå Stord Fitjar Turlag. Bakarst til høgre kursleiar Sigmund Borkner. Foto Tor Resser ©

Tysdag 25. mai

Mykje av arbeidet tysdag heldt fram der det slutta for ei veke sidan. Noko rydding av visna gras o.l.. Langs fjellet der det nye toalettbygget skal stå, vart det reinska for lausmassar m.m. Den vesle kummen som vart montert på avløpsleidninga frå Stigerkontoret og får avløpet frå toalettbygget, vart justert litt i høgda slik at toppen kjem jamt med terenget.

Ivar J. Helleland held vateren medan Knut Inge Øien Hovin finles høgda til røyret som skal ned.

Frå hallen i Høgåsen vart resten av pallane som er kassert då dei var ròtne og utslitne, køyrt ut og lagra for seinare å verta brende.

Rune Johannessen losser vogna med utslitne pallar frå Høgåsen. Båe bileta foto Tor Resser ©

I Heishuset vart to av stråleomnane flytta lenger mot utgangsdøra for å gå klar reolane med steinsamlinga. Strålinga frå omnane kunne turka ut steinane slik at dei vart øydelagde. I Heisuset vart det òg rydda og vaska golv. Frå neste veke byrjar sesongen for omvisingar, i hovudsak av skuleklassar. Første halvdel av juni vert svært travel i så måte.

Tysdag 18. mai

Mykje god rydding ute tysdag. Bak vognene som står parkert ved Smio, der det tidlegare er teke ned ein del tre og kratt, vart det rydda for greiner o.l.som ikkje kan nyttast til så mykje, særleg ikkje no når dei held på å gå i oppløysing. Også i svingen ved Snikkarverkstaden vart det rydda.

Thor Hauglid gjorde storarbeid med å rydda opp kvist og kvast bak vognene ved Smio, i bakgrunnen. Med ryggen til Ivar J. Helleland.
Ingvild Skaret Sortland til venstre og Britt Furre rydda tørt gras og klunger.

Arbeidet med nytt toalettbygg skrid fram. Tysdag vart komande avløpsleidning frå bygget kopla til eksisterande avløpsleidning frå Stigerkontoret. Leidninga vil verta lengd vidare til området for toalettbygnigen komande dugnader.

Avløpsleidningen frå den nye toalettbygningen skal koplast på den grå stussen. Gravemaskinen grev grøfta røyret skal liggja i. Alle bileta fot Tor Resser ©

Måndag 10. mai

Ikkje den heilt store driven på dugnaden måndag. Styret i VfG hadde møte der kommunedelplanen for Litlabø vart drøfta. Styret kom til at mange av innspela Venelaget for Gruo var komne med ved utarbeiding av planen, var tekne omsyn til. Difor meinet styret det ikkje var turvande å senda merknader til planen slik han ligg før no.

Det meste av dugnaden gjekk innomhus, ute var det kuling og regn, nærast haustvêr. Inne vart det putla med det eine og hitt. I lokstallen vart det bygt tak over førarsetet på gravemaskinen slik at føraren skal kunna halda seg nokolunde tørr når det regnar.

Rune Marcussen bygde tak over førarplassen på gravemaskinen.

VfG har sin eigen Eldsjelpris som vert gjeven til ein som har stått særleg på i dugnadsarbeidet. Med den bakgrunn burde kvar og ein i dugnadsgjengen fått kva sin pris. Slik vert det nok òg før eller seinare, men det vert berre gjeve ein pris om gongen. Så den som ventar på noko godt……..

Fem eldsjelprisar er gjvene så langt. Ivat J. Helleland monterer den siste, til Sven Lindseth, på «skryteveggen» i Stigerkontoret. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 3. mai

Venelaget for Gruo har vore så heldig å få kjøpa ein teleskoptruck type Cat TH514 2013 modell hjå Aker Solution. Trucken vart levert i Gruo fredag og hadde sitt første oppdrag måndag. Då fekk VfG ei ny ladning Europallar som trucken, med Rune Marcussen som førar, lett løfta av lastebilen og plasserte der dei skulle lagrast. Teleskopbommen har ei løftehøgde på 13,7 meter. Trucken fekk namne GruveCat’en. Den gamle trucken er selt og er borte frå VfG.

Teleskoptrucken har ei løftehøgd på 13,7 meter
Første arbeidsoppgåva til teleskoptrucken var å lossa paller frå lastebil. Båe bileta foto Tor Resser ©

Det har ei tid vore på det reine at uvedkomande har teke seg inn i gruvene på urettvis, utan at Venelaget for Gruo har makta å finna kor innbrytarane er komne inn. Måndag vart det ved eit tilfelle funne at ein av portane som ikkje er i bruk, og festa med kjetting og hengelåsar, var opna. Innbrytarane hadde kutta kjettingane og kome seg inn. Porten vart mellombels sikra på ein måte som gjer det vanskeleg å ta seg inn den vegen.

Elles vart det gjort ymse forefallande arbeid. Gravinga i området for det nye toalettbygget heldt fram.

Måndag 26. april

Palleplattinga i den store hallen i Høgåsen gruve er etter mange år, gått ut på dato, som det ofte heiter. Heile plattinga får over fleire dugnadskveldar nye pallar. Måndag for ei veke sidan vart gamle pallar fjerna og køyrt inn eit lass brukte pallar, men nye for venelaget. Pallane har venelaget fått hjå sprengstofffirma som ikkje har bruk for dei. Måndag vart dei nye lagt i staden.

Ivar J. Helleland midt i biletet og Thor Hauglid legg nye pallar til plattinga. I bakgrunnen Rune Johannessen.

Lenge har det vore tale om å byggja nytt toalettanlegg for VfG. Løyve og godkjenning for å byggja, er henta inn for. Måndag byrja arbeidet så smått å ryddja og leggja til rette for bygget. Venelaget har stor trong for nytt toalettbygg, brakka som tener trongen i dag er utsliten for lenge sidan. Det er så langt ikkje sett ferdigdato for bygget, full fart i bygginga vert det venteleg ikkje før til hausten. Venelaget skal gjera mest mogeleg av arbeidet sjølv.

Rune Marcussen, på gravemaskinen, er byrja ryddja området der det nye toalettanleggt skal byggjast.

Måndag vitja Bjørn Angell Bergh venelaget. Han fekk sjå kor langt Geir Magne Hamnes var komen med utsillinga av steinsamlinga Bergh har gjeve til venelaget. Han var svært nøgd med kva han såg og fekk innføring om, av Hamnes. Ikkje berre har Bergh gjeve den verdfulle samling til venelaget, måndag vart det opplyst at han i tillegg har gjeve 6000 kroner til venelaget, sett inn på konto. Venelaget takkar på nytt for storstilt gåve

Bjørn Angell Bergh i samtale med Geir Magne Hamnes om steinsamlinga. I tillegg har Bergh gjeve pengegåve til venelaget. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 19. april

Litt av kvart vart ordna og fjelga måndag. Damene gjekk inn for å pynta litt med blomar. Blomekassar ved Smio, Stigerkontoret og Heishuset vart planta til med vårblomar. Triveleg og kjekt ikkje berre for venelaget men òg for folk som går framom.

Ingvild Skaret Sortland til venstre og Britt Furre plantar i blomekassen ved Smio.

Rennesteinen i gruvegangen inn til under Sjakttårnet går seg stadig tett med okerslam. Røyr for å få ut vatnet er lagt ned, men fungerer ikkje. Måndag vart det byrja grava krøft frå porten inn til gruvegangen ut i terrenget for å freista få bort vatnet. Grøfta vart ikkje heilt ferdig måndag, men arbeidet held fram.

Det gamle drenrøyret i rennesteinen inn i gruvegangen vart teke opp og ny grøft grove.
Grøfta er komen ut i terrenget. Maskinførar Rune Marcussen.

I den store hallen i Høgåsen er mange pallar tekne bort frå plattinga då dei var utslitne, og nye skal leggjast inn. På biletet under lastar Rune Johannessen pallar på lastevogna lokomotivet skal trekkja inn i Høgåsen

Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 12. april

Stor aktivitet måndag, greiner og kvistar vart køyrde bort frå området ved Smio, der er rydda bra opp, òg nedst ved stien til Sjakttårnet. Alt var køyrt med den gule traktoren til»tømmeplass» ved Kiselvo der det vert brent.

Ved Heishuset, der oljetanken vart teken opp seint i haust, vart hòlet fylt att med hjelp av gravemaskinen.

Rune Marcussen køyrde gravemaskinen då hòlet vart fylt att.

Frå Venelaget for Gruo vart det særdeles dårleg motteke då Stord kommune punkterte demningen på Jappaløkjen for å senka vatnet eit par meter, særleg fordi Stord kommunalteknikk ikkje informerte på førehand.Dette førte til eit heller kjøleg tilhøve mot kommunalteknikk og einingsleiar Roy-Sverre Amundsen. Leiar av VfG Torbjørn Marthinsen tenkte at dette ikkje kunne halda fram og invierte eingingsleiaren til ein kopp kaffi og samtale over borde, Amundsen takka ja og måndag ordna partane opp og vart samde om å ha god kontakt framover for å ordna opp i Jappaløkjen

Einingsleiar i Stord kommunalteknikk Roy-Sverre Amundsen til vesntre takka ja til møte med leiar i VfG Torbjørn Marthinsen for å leggja kontroversane død. Noko dei tydeleg har fått til. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag fekk VfG vitjing av Lars Mugaas. Med seg hadde han ein video han tok opp då gruvearbeidarmonumentet vart avduka 1. mai 1996. Ein historisk viktig video for Venelaget. Det var VfG med leiaren den gongen, Svein Jæger Koppang, som tok initiativet til å få reist monumentet. Venelaget takkar på det hjartelegste for gåva.

Venelaget for Gruo kjem ikkje til å ha open dag 1. mai i år heller. Årsaka er koronarestriksjonane.

Tysdag 6. april

Ikkje det heilt store frammøtet i dag, etter påskehelga. Mykje av arbeidet var å vaska og rydda i Heishuset etter snekkararbeidet og montering av monter og reolar til steinsamlinga. I lokstallen vart det gjort mindre justeringar på vogna til gravemaskinen.

Utomhus var det rydding av tre og buskar som er tekne ned langs vegen ved Kiselvo nedanfor brua ove til parken.

Sven Lindseth nærast og Wilgot Lorentsen eit par meter bak, ryddar i greiner og småkratt langs vegen ved Kiselvo. Den store bygningen i bakgrunnen er lokstallen. Foto Tor Resser ©

Måndag 29. mars

Ikkje heilt påskefri, det vart dugnad måndag òg, og nok å hengja fingrane i. Frå Aker Solution Stord har venelaget fått «ein haug» med utdaterte stropper. Til saman 80 stk i lenger 1 meter, 1,5 meter 2 meter, 3 meter 4 meter og 6 meter,. Stroppene kjem godt med i arbeidet ved VfG, om dei er utgått for verftet er dei fullt brukande for VfG. Venelaget takkar på det hjartelegste.

Rune Marcussen og Thor Hauglid sorterte, systematiserte og plasserte stroppene etter lengde.

Gjennom vinteren er det sagt opp ein god del ved. Måndag tok Britt Furre og Ingvild Skaret Sortland tak i den store haugen og pakka ikkje mindre en 26 sekker på godt halvannan time

Britt Furre til venstre og Ingvild Skaret Sortalnd pakkar ved i sekk.
Torbjørn Marthinsen måtte i avløpskummen og plukka opp kvistar og greiner som var hivne ned i, og tetta utløpet.

I Heishuset byrja Geir Magne Hamnes med å leggja ut steinsamlinga VfG har fått av Bjørn Angel Bergh. Det vert juvelen til venelaget. Du treng ikkje vera speiselt interessert i stein for å lata deg imponera, eller kan hende nett difor. For her vil du sjå at stein ikkje berre er stein. Utruleg mykje fint. Om kort tid er samlinga komplett i monterane. Venelaget gled seg til å syna samlinga, når den tida kjem.

Geir Magne Hamnes er byrja leggja ut steinsamlinga i monterane.
Samlinga har stein frå heile verda, denne ametysten frå Brasil.
Labradoriserende Feltspat, ukjent opphav. Alle bileta foto Tor Resser ©

Neste dugnad vert 3. påskedag, tysdag 6. april

Måndag 22. mars

Dugnadsarbeidet held fram , med koronaavstander mellom folket. Ute er det framleis rydding i skråninga mellom Sjakttårnet og Snikkarverkstaden i tilleg til platået ovanfor.

Sven Lindseth ryddar greiner nedanfor skråninga, saman med Thor Hauglid, utanfor biletet.

I lokkstallen la Rune Marcussen siste sveisepinne på traktortralla til gravemaskinen. Då har maskinen fått to transporttraller, ein skjenegåande for lokomotiv og ein hjulgåande for traktor. Gravemaskinen vert dermed lett å flytta frå stad til stad anten i gruvegangane eller i dagen.

Gravemaskinen på den hjulgåande tralla. Båe bileta foto Tor Resser ©

I Heishuset arbeidde Geir Magne Hamnes med å få orden på lyset og dimminga på reolane til steinsamlinga, medan Wilgot og Jarle Lorentsen dreiv forefallande arbeid.

Ivar J. Helleland gjekk ein runde i gruvegangane for å sjå at alt var som det skulle.

Måndag 15. mars

20 medlemer av Venelaget for Gruo møtte til årsmøtet for venelaget i Heishuset måndag. Alle smittevernreglar vart følgde med smitteliste, antibac og avstand. Leiar Torbjørn Marthinsen opna møtet og spurde om det var merkander til innkalinga. Ikkje nokon mèlte imot og Marthinsen kom med framlegg om Ivar J. Helleland som ordstyrar og Svein Jæger Koppang til skrivar.

Første post var den visuelle årsmeldinga, av bilete og video, laga av Tor Resser. På 27 minuttar vart det synt eit tverrsnitt av aktiviteten til VfG gjennom året, om det vart eit annleis år grunna covid-19.

Rekneskapen, revidert av Ivar Magne Buchvold, vart lagt fram av kasseraren Ingvild Skaret Sortland. Også det annleis grunna koronaen, men økonomien er trass alt bra takk vere at det er gjeve kompensasjon grunna bortfall av inntekter frå open dag 1. mai og basaren om hausten som måtte avlysast. Det var ikkje merkander til rekneskapen.

Kasserar Ingvild Skaret Sortland til venstre legg fram rekneskapen for årsmøtet.

Ved valet held styret fram. Det vil seia at Torbjørn Marthinsen vart attvald for eitt år og Ingvild Skaret Sortland og Rune Marcussen attavlde for to år. Vidare i styret sit Geir Magne Hamnes og Thor Hauglid, dei var ikkje på val i år. Vara til styret vart attvalde for eitt år, Britt Furre og Knut Inge Øien Hovin. Revisor Ivar Magne Buchvold. Ny valnemnd vart Ivar J. Helleland og Svein Jæger Koppang.

For femte gong vart «Vår eigen Eldsjelpris» delt ut. Denne gongen til Sven Lindseth for eit mangfald av «yrke» han vartar opp med i venelaget. Stort sett alt er mogeleg å få til. Prisen er diplom og krus med namn og VfG-logoen.

Sven Lindseth til høgre får diplomet «Vår eigen Eldsjelpris» av leiar i laget Torbjørn Marthinsen. i neven held Lindseth kruset. Båe bileta foto Tor Resser ©

Etter møtet vart det servert kaffi, kringle og drøsen gjekk.

Måndag 8. mars

Ettermiddagane vert lysar, det kan arbeidast ute lenger på dugnadskveldane. Måndag vart det rydda opp og køyrt bort ein del greiner og kvistar der det er hogge i svingen bak Smio. Det bortkøyrte vart brent ved Kiselvo like ved brua over til parken.

Traktoren leverer den siste skuffa med greiner til bålet.

Medan traktoren var i «siget» vart skuffa fyllt med grus og ein del hôl i vegen der jernbanesporet kryssar vegen, vart fyllte i, og nokre mindre på planet framfor Heishuset.

Thor Hauglid fyller hôl med grus, i traktoren Rune Johannessen. Båe bileta foto Tor Resser ©

I Heishuset vart det rigga for årsmøtet komande måndag. Bord og stolar vart palssert om slik at det er ein meter fråstand mellom folk. Når folk kjem vert det skrive smitteliste, nevane får omgang med antibac og kvar får dildelt sin stol der dei må sitja så lenge årsmøtet går. Til saman skal det vera plass til kring 20 personar.

I skrivande stunde er det ikkje kjent kva dei nye, strengare tiltaka styrsmakten kjem med i dag i høve til pandemien. Difor er det ei viss spenning i om årsmøtet kan avviklsast eller må utsetjast til seinare på året. Men altså førebels årsmøte måndag 15. mars kl. 1800 i Heishuset

Måndag 1. mars

Leiar Torbjørn Marthinsen i lag med Ingvild Skaret Sortland og Britt Furre skulle ned til Arbeidarbustaden for å sjå om det var frostskader på vassleidningane i huset etter vinteren. Det var det ikkje, det var heilt andre skader som møtte dei innomhus.

Ein gong gjennom vinteren har ei kattugle klart å koma seg inn i huset, men fann aldri veg ut att. Korleis fuglen kom seg inn er litt uklart. Det er ikkje hòl korkje i vegger eller vindauge. Mest truleg har fuglen kome inn gjennom eit lufteløp i skorsteinen til andre høgda i huset.Der er ei luke , som må ha stått på gløtt, inn til lufteløpet og fuglen har teke seg inn gjennom luka. Det er uvisst kor lenge fuglen har vore i huset. Til slutt døydde han truleg av matmangel.

Mest truleg er fuglen komen inn i huset gjennom denne luka.
Fuglen vart funnene død i ei av stovene i første høgda
Fuglen har i desperasjon floge rundt i huset og knust mange gjenstandar……
…og skite på dører og golv.
Ingvild Skaret Sortland vaskar fugleskit på golvet.
Britt Furre vaskar bort fugleskit på veggen.

I lokstallen gjekk arbeidet vidare med å byggja vogn, som kan trekkjast av traktoren, til gravemaskinen.

Rune Marcussen sliper blankt på bjelke før sveising.
Fredrik Bjønberg «hjelper» saga med å saga ein stålbjelke. Alle bileta foto Tor Resser ©

Fredag 26. februar

Fredag fekk Venelaget for Gruo ei stor og verdfull gåve etter John Lindland. Lindland var kontorsjef ved Stordø Kisgruber i mange år fram til verksemda vart lagt ned. I avviklingsperioden i åra etter 1968 var han disponent for verksemda. Seinare flytta Lindland til Haugesund. Han døydde i november månad 2020.

Familien til John Lindland, ved dottera Jorunn Lindland Ødegård, ønskte at det John Lindland hadde teke vare på av dokument og anna som omhandla Stordø Kisgruber, skulle gjevast til VfG. Laurdag var familien på gjennomreise på Stord frå Haugesund til Molde. Dei gjorde kort stogg på Heiane der leiar i VfG, Torbjørn Marthinsen, fekk overteke to kartongar med rikt innhald. Marthinsen takka på det hjartelegste for gåva og vedgjekk det var noko han visste eksisterte og hadde vona på å få tak i. Han har eit stort arbeid framfor seg med å gå gjennom alle papira.

Familien Ødegård med frå venstre Randi, Jorunn Lindland Ødegård og Otto Ødegård overleverte to fulle kartongar med papir John Lindland hadde teke vare på frå Stordø Kisgruber, til leiar i VfG Torbjørn Marthinsnen til høgre. Foto Tor Resser ©

Måndag 22. februar

Ein etter måten roleg kveld. Det går føre seg ein del trefelling på dagti, det mørknar trass alt tidleg om ettermiddagen, men dagane vart heldigvis lengre. Venelaget for Gruo fekk tilbod om brukte, men godt brukande, Europallar. VfG takka ja og 48 pallar vart lossa måndag kveld. Kjem godt med på ulike område hjå venelaget, som takkar på det hjartelegste.

Fire pallar à 12 Europallar vart lossa hjå venelaget måndag kveld, og vart tekne imot av m.a. Sven Lindseth til vesntre og Ivar J. Helleland. Med pallejekken Pål Resser.

I Heishuset vart det rydda og vaska, Barnas Røde Kors kjem for omvising tysdag kveld. I tillegg var det innspurt med reolane og skap til steinsamlinga. I reolane er det kome lys og kring skapet vart det lista.

Jarle, til venstre, og Wilgot Lorentsen listar kring skapet. Båe bileta foto Tor Resser ©

Elles vart punkteringa av demningen på Jappaløkjen samtaleemne utetter kevlden. Det store spørsmålet er/var kvifor ikkje nokon vart varsla på førehand, heller ikkje grunneigarar i omdåret visste noko.

Hugs årsmøtet måndag 15. mars klokka 1800 i Heishuset

Laurdag 20. februar

Hòlet i demningen på Jappaløkjen er utført etter pålegg frå NVE etter synfaring av konsulent seinhaustes 2020. Synfaringa synte at sabilteten på dei to demningane, hovuddemningen og sekunderdemningen, er så dårleg at det måtte gjennomførast tiltak straks. Som mellombels tiltak må vatnet senkast så lågt som råd er ved at sekunderdamninga vert punktert og fundament blir fjerna ned til fjell. Det skal skje innan 15. januar 2021, heiter det i ein e-post frå 16.12 2020. Attendemelding til NVE om at arbeidet er utført, skal skje innan 15.2. 2021. Alt i 2018 fekk kommunen melding om kor dårleg demningane var. I år skal det lagast eit forprosjekt som grunnlag for å avklara kva altenativ som skal veljast ved fornying av demningane. Fornying vil verta gjennomført innan 2026.

Journalist Herik Mundal Andreassen til høgre, formann i VfG Torbjørn Marthinsen til venstre og Ivar J. helleland ved Jappaløkjen. Foto: Tor Resser ©

Dette er i korte trekk årsaka til at demninga vart riven. Det leie i heile saka, sett frå VfG si side, er at venelaget ikkje på noko tidspunkt vart kontakta. VfG hadde hausten i fjor sagt seg viljug til og var interessert i å vera med på synfaring, som lokalkjent. VfG vart heller ikkje kontakat før rivinga av demningen. For å få VfG sitt syn på saka ut til publikum vart journalsit Henrik Mundal Andreassen beden om eit møte, som vart halde ved demningen på Jappaløkjen laurdag.

Tysdag 16. februar

Øydelegg kulturminne i Gruo

Stord kommune har øydelagt kulturminne i Gruo på Litlabø. Ein del av demningen på Jappaløkjen (Lappetjørn) er teken bort og tjørna tømt for vatn. Kvifor kommunen har øydelagt eit 100 år gamalt kulturminne er ukjet. Ingen visste noko før det ved eit tilfelle vart nemnt mellom medlemer i Venelaget for Gruo måndag.

Demningen i Jappaløkjen er øydelagt av Stord Kommune.

Etaten som har stått for arbeide, kan ikkje på nokon måte vera kjent i området, er oppfatninga. Berre 60-70 meter lenger borte, bak ein liten haug, ligg den eldste demningen for Jappaløkjen. På denne demningen er det vassrenne for overvatn og det er montert luke som kan (kunne) opnast/stengjast etter trong. Hadde kommunen halde dette vedlike, var det enkelt å regulera vasstanden i tjørna. No er det populære turområdet langt på veg øydelagt.

Sørgjeleg syn å sjå eit kulturminne øydelagt på denne måten. Båe bileta foto Tor Resser ©

Personar som er kjent i området, meiner at kulturetaten hjå Statsforvaltaren i Vetsland må inn i biletet og påleggja kommunen å byggja opp att demninga, og vøla den gamle reguleringsluka. Øydelegginga er meldt til politiet.

Området er breitt omtalt i Stadanalyse Litlabø gruver arbeidd ut av ABO plan & arkitektur, ført i pennen av Kari Hope. Særleg kapittel 4, 4.2 og 4.3, der det òg er eit instruktivt kart med bilete side 27.

Måndag 15. februar

Arbeidet held fram der det slutta sist måndag. I lokstallen med arbeidet med ny «traktorvogn» til gravemaskinen. I Heishuset med monterane og reolane til steinsamlinga.

Geir Magne Hamnes dyttar og trekk leidningar gjennom små hòl til lyset i monterane.

Inn til vidare vert det ikkje opna for publikum i fjellet. For det første er det mykje is og istappar som må bort. For det andre har det vore noko steinfall i dei to hallane i Høgåsen og Sadalen. Her må fjellet stabilisera seg først.

Mykje is i fjellet, her frå den store hallen i Sadalen. Båe bileta foto Tor Resser ©

På dagtid har det vore arbeidd med å gjera opp trea som er tekne ned. Framleis står det noko att, som skal ned, i svingen ved Snikkarverkstaden

Tysdag 9. februar

På dagtid, nokre dagar, har Torbjørn Marthinsen og Thor Hauglid arbeidd med å ta ned ein del større tre i området frå Smio rundt svingen inn mot portalen til Høgåsen. Att sto eit par furutre som hadde fellingsvinkel motsett av slik dei måtte takast ned. Årsak, ein kabel frå Smio til Snikkarverkstaden

Wire vart trekt ut, kasteblokk festa til ei bjørk lenger oppe i skråningen og traktor kopla til wire for å dra. I utgangspunkte hadde Marthinsen tenkt å gå opp med stolpesko, men stamma hadde for stor diameter til slike skor, var ikkje mogeleg å få grep. I staden vart det nytta stige.Thor Hauglid tok med wiren og entra stigen for å fest wiren høvande høgt på stamma.

Thor Hauglid entra stigen for å festa wiren kring treet. Kabelen frå Smio til høgre opp i biletet var bøygen. Torbjørn Marthinsen og Sven Lindseth støttar stigen.

Thor Hauglid førte motorsaga for å skjera ned treet, Torbjørn Marthinsen styrte traktoren og strekte wiren. Ganske raskt vart treet lagt i bakken, der det var tenkt.

Thor Hauglid styrte motorsaga.
Traktoren har gjort jobben, treet på veg ned.
Treet vart lagt i bakken som tenkt. Treet til venstre vart teke ned like etter. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 8. februar

Innearbeid i dag, kaldt utomdørs, 11 minusgrader. I lokstallen vart det arbeidd vidare med vogna til gravemaskinen. I Heishuset vart måleria som vart meir eller mindre løynt bak skap og reolar for steinsamliga, flytta til ein betre stad, høgare på veggen.

Ivar J. Helleland til vesntre, Thor Hauglid og Rune Johannessen monterer det store måleriet med tittel Løningsdag ved Stigerkontoret. Måla av Olav Wilhelmsen datert 1955.

Arbeidet med å få lyssett skap og reolar til steinsamlinga held fram. Visse utfordringar kjem til syne. Nye lys, dei gamle kan ikkje brukast, passar ikkje i hôla der dei gamle var. Men utfordringar er til for å løysast.

Utfordringa vert å få nye lys til å høva inn i gamle fatningar. Frå venstre Wilgot Lorentsen, Geir Magne Hamnes og Jarle Lorentsen. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 1. februar

10 medlemer stilte på dugnad i dag 1. februar. Det vart arbeidd effektivt. Rune Johannessen entra den gule traktoren og brøytte plassen framfor Heishuset. I mangel av brøyteskjer, gjorde den store lasteskuffa eit godt stykke arbeid.

Rune Johannessen rydda snø med den gule traktoren.

I heishuset vart det sett opp sponplate, Ivar J. Helleland som bas, på høgre sida av den store teikninga av gruveområdet. På plata vart montert to bilete inne frå gruva. Eitt som syner den 450 millionar år gamle fjellformasjonen med opphav i Karibien, og eitt bilete av lokomotiv som trekk vogner. Geir Magne Hamnes og Wilgot Lorentsen heldt fram arbeidet med reolar og monter der steinsamlinga skal stillast ut. Måndag vart platene som er sette opp beisa.

Geit Magne Hamnes beisar platene på baksida av monterane.

Å belta gravemaskinen over avstander er ein tolmodsprøve og slit òg på beltene. Til transport inn i gruvegangen er det alt bygt ei skjengåande vogn. Neste steg er å byggja ei vogn med hjul for transport ute, etter traktor. Dermed måtte ein eldre tilhengjar mista hjula og monterast på den nye vogna. Torbjørn Marthinsen og Rune Marcussen gjekk på med krum hals, for det var ikkje berre berre å få av hjula på den gamle tilhengjaren. Med vinkelslipar, slegge og spett måtet hjula til slutt gje seg.

Rune Marcussen i arbeid med vinkelslipar for å få av hjula på den gamle tilhengjaren. Alle bileta foto Tor Resser ©

Hugs årsmøtet til VfG måndag 15. mars kl 1800 i Heishuset. I desse dagar ver det sendt ut innbetalingsblankett for kontingent for 2021 og årsmelding for 2020.

Måndag 25. januar

Styret i Venelaget for Gruo hadde møte i dag måndag føremiddag og gjekk inn for at dugnadsarbeidet så smått kan takast opp att, etter å ha vore stogga sidan 4. januar, med visse avgrensingar. Som at kaffipausen ikkje vert som tidlegar, men meir spreidd. Alt grunna koronaen.

Gruvenlegget meir synleggjort. Foto Tor Resser ©

I dugnadspausen har likevel leiaren i VfG, Torbjørn Martinsen kost seg med å gjera gruveanlegget meir synleg over kor stort det eigentleg er, med milevis av gruvegangar nedover i fjellet. Søyla på biletet til høgre syner sjakta. Øvst Sjakttårnet med sjakta og dei ulike sålane nedove til botnen , på golvnivå. Alt er i målestokk med meteravstand mellom sålane og samla djupne på 750 meter. Den lyssette lina øvst syner kor langt inn i fjellet det er lagt spor for togkøyring, symbolisert med toget til venstre for lyset. Den kvite lina vidare mot venstre endar opp langt borte på tverrveggen for å syna lengda på dei lengste gangane. Med dette vonar Marthinsen at publikum lettare skal skjøna dimensjonane på anlegget. Det er berre ein brøkdel som er synleg i dag, alt 10,4 meter under såle 2 står under vatn.

OBS – Styret i VfG gjekk på møtet i dag måndag inn for at årsmøtet 2021 vert halde måndag 15. mars klokka 1800 i Herishuset, dersom koronasitusajonen tillet.

Måndag 18. januar

Styret i Venelaget for Gruo sende i dag ut denne meldinga:

Pga videreføring av tiltaka fra regjeringa i dag ser me oss diverre nøgd til å vente med dugnad til det vert endring i vilkåra. 
Rune

Sundag 3. januar

Velkomen til eit nytt år!

Styret i Venelaget for Guo har vedteke at dugnadene måndag 4. og måndag 11. januar vert avlyst. I vedtaket frå styret heiter det:

Pga dei nye smitteverntiltaka som regjeringa la fram i dag, 3/1-21, ser Venelaget diverre det ikkje verken forsvarleg eller forskriftsmessig å gjennomføra dugnad 4/1 eller 11/1.

Det er varsla nye retningslinjer 18/1, så dugnaden den dagen må me koma attende til.

Det planlagde styremøtet 4/1 må sjølvsagt også utsetjast.

På vegne av styret, Rune Marcussen