Suvenirar
Suvenirane og effektane er å få kjøpt i heishuset på Litlabø, der det m.a. er folk til stades kvar måndag frå kl. 180o til 2100. Spørsmål om kjøp utanom kan sendast til stiger@gruo.no
DVD «Glimt frå Stordø Kisgruber 1960»
Ny DVD – utgitt 2011 – med unike filmopptak frå Stordø Kisgruber. Tor Resser dokumenterte gruveanlegget med 16 mm fargefilm i 1960. No, 50 år seinare, er opptaka digitaliserte og redigerte. Det vert lese kommentarar til filmen, og kombinasjonen av film og kommentarar gir ein flott presentasjon av gruveanlegget. Det vert synt unike opptak frå både heishuset, lasting i gruva, tipping av vogner i sjakttårnet, kvinnene som plukka ut gråberg på skeideanlegget, vaskekassar og herdebord i vaskeriet, og ikkje minst av den elektriske jernbanen og utskipingskaien.
Filmen har 7,5 minutt speletid. Pris: 250,-
Boka «Nye og gamle spor i Gruo»
I boka på 136 sider med format 22×21 cm vert soga om den elektriske jernbanen mellom Litlabø og Grunnavågneset presentert, i tillegg til dei små toga som frakta steinmassar og varer i og utanfor gruva. Og endeleg er soga om korleis Venelaget for Gruo ved iherdig dugnadsinnsats klarde å rekonstruera ein del av gruvejernbanen nedteikna. For nærare presentasjon og omtalar, sjå her.
Pris: 300,-.
Øyvind Bjørnson si bok Gruva – Litlabøsamfunnet gjennom 100 år er til sals for kr. 300,oo
Boka vart i utgangspunktet gjeve ut av Stord kommune i 1991. Venelaget for Gruo fekk overta restopplaget frå kommunen for nokre år sidan. No er det ikkje så mange eks. att før boka er utselt. Er du interessert i tett lokalhistorie frå eit fare samfunn, sikra deg boka.
Temahefte: Stordøkis historie, skrive av Svein Jæger Koppang.
Kr. 50,00
T-skjortene er anten svarte eller kvite og finst i barnestorleikar frå 6 – 12 år, og som vaksenstorleikar i small – medium – L – XL – XXL.
Prisar:
Kvit i barnestorleik: 60,-.
Svart i barnestorleik: 80,-
Kvit i vaksenstorleik: 120,-
Svart i vaksenstorleik: 140,-
Tøymerke
Tøymerke med Venelaget for Gruo sin logo.
Pris: 30,-
Pins
Fire ulike pins.
Pris for hjelm-pins: 50,-.
Bor, reiskap eller sjakttårn: 30,-
Flott teikning av Litlabø
Teikninga syner gruveområdet på Litlabø i fugleperspektiv slik det tok seg ut i driftstida. Format A4 eller A3.
Pris: A4 kr. 30,-
A3 kr. 60,-
Kunstnar Alma Kjærland har utforma Sjakttårnet i glas. Det vert ma.a selt hjå Venelaget for Gruo for kr. 400,00. Kr. 100,00 av kvart selde tårn går uavkorta til venelaget.