Kraftanlegget

I slutten av november 2005 fekk Venelaget for Gruo ei storslått gåve frå Sunnhordland Kraftlag:
Det gamle aggregatet frå Børtveit kraftverk frå 1921 (turbin, turbinregulator, generator, kontrolltavler og div. tilhøyrande utstyr).

DSCF0933 (2)

Foto: Per Ivar Tautra.

Aggregatet er eit svært viktig teknisk kulturminne å ta vare på. Sidan det var Stordø Kisgruber som opphavleg bygde og åtte Børtveit kraftverk, vil det vera ein naturleg del av museet på Litlabø.
I løpet av 2006 er difor heile aggregatet montert oppå golvet i eine enden av Heishuset. Rundt anlegget er det så bygt ei plattform, i høgde med det som originalt var golvnivå rundt aggregatet. Plattforma skal samstundes fungera som scene for framtidige konsertar og andre arrangement i Heishuset.

DSCF0922

Foto: Per Ivar Tautra.

Børtveit kraftverk ligg ved sjøen på austsida av Stord, ut mot Langenuen. Det var kolmangelen under første verdskrigen som tvang A/S Stordø Kisgruber til å starta vasskraftutbygging, og hausten 1918 vart det vedteke å byggja ut ein kraftstasjon på 1100 hk. I juli 1922 vart straumen frå Børtveit slegen på.

I 1938 vart turbinen ombygt for større effekt. Året etter vart krafstasjonen utvida med ein ny Siemens-generator på 2400 hk – ved 750 omdreiingar per minutt.

I 1954 bygde Sunnhordland Kraftlag ein sekundærstasjon på gruveområdet på Litlabø, tilknytt kraftlinja frå Børtveit og i samkøyring med Børtveit. Kort tid før Stord kommune kjøpte gruveselskapet i 1972, vart Børtveit kraftstasjon selt til Sunnhordland Kraftlag.

No har altså Venelaget for Gruo fått «attende» det eldste aggregatet med tilhøyrande anlegg. Utstyret var i bruk til heilt innpå 1990-talet og framstår difor som i god stand. Det representerer ein svært verdfull bit av den tekniske industrihistoria. I Heishuset står anlegget komplett montert. Det eine skjoldet på turbinen er teke av, slik at folk skal kunna sjå korleis turbinen ser ut innvendig. Det er laga trappenedgang på baksida av anlegget, slik at det óg er mogeleg å sjå anlegget frå under- og baksida.

DSCF0926

Foto: Per Ivar Tautra.

Tekniske data for turbin:
Fabrikat: J. M. Voith år 1921, lev. nr. 3630.
Oppr. effekt: N = 1000 hk, n = 750 o/min.
Effekt etter ombygging i 1938: N = 1400 hk.
Horisontal einstråla Pelton.

Turbinregulator:
Fabrikat: Voith år 1921, lev. nr. 3630.

Generator:
Fabrikat: Siemens år 1921, lev. nr. 1182545 IN
Effekt oppr.: 840 kVA, cos Ø 0,8
V = 3150 V. Y I = 154 amp.
Ikkje ombygt i 1938, då han var overdimensjonert og ville klara effekt 1000 kW.

DSCF0930

Foto: Per Ivar Tautra

Bileta på denne sida er tekne medan anlegget stod på Børtveit.

Venelaget 5506

Børtvritaggregatet ferdig montert i Heishuset i Gruo. Foto Tor Resser ©