Bli med på guida vandring i gruvehistoria. Turane høver for både ungar og vaksne.
Me har guiding etter avtale utanom sommarsesongen.
Ta kontakt på e-post: stiger@gruo.no for bestilling og informasjon.
Håpar å sjå deg!
Foto: Ranveig Nesse
Gruvene på Litlabø har ei svært spennande historie. Men kor godt kjenner du til kvifor Litlabø vart ein attraktiv stad for gruvedrift?
I denne podkastserien får du eit unikt innblikk i gruvehistoria.