Bryllaup i Gruo 3

Marith og Jørgen gifta seg i Gruo

Laurdag 24. juni 2017  gifta Marith Hauglid Hildal og Jørgen Bakke Skauge seg i Gruo på Litlabø. Vigslinga var i den store hallen i Høgåsen gruve, og bryllaupsfesten var i Heishuset der 70 gjester vad bedne inn. Vigslar for høvet var Anneli Olsbø frå Human-Etisk Forbund. Gjestene, hjelma opp, vart synt inn i gruva av Ansgar Vedå og Ivar J. Helleland frå Venelaget for Gruo som sto for den tekniske gjennomføringa i fjellet. Brureparet vart køyrt inn i brurevogna trekt av lokomotivet Geito med leiar i venelaget, Torbjørn Marthinsen som lokførar.

Ansgar Vedå framme til venstre og Ivar J. Helleland synte gjestene inn i Høgåsen gruve.

Marith og Jørgen i brurevogna med Torbjørn Marthinsen som lokførar.

Seremonien i fjellet byrja med diktopplesing etter inngongsmarsjen Radical Face «welcomme home, son». Diktopplesinga var favorittsongtekstar lesne av forlovarane Ragnhil Grødem, Jan Christian Johannessen Liby og Anita L. Williams. Musikkinnslaget var «Hjerteknuser» framført av Kristina F. Haugli med tonefølgje av Sander H. Askeland på gitar.

Diktopplesing ved forlovarane, frå venstre Ragnhild Grødem, Jan Christian Johannessen Liby og Anita L. Williams

Musikalsk innslag ved Kristina F. Hauglid song og Sander H. Askeland på gitar.

Vigslar Anneli Olsbø heldt tale for brureparet før den endelege vigslinga då paret svara kraftfullt og klårt ja, og ho kunne seia dei for rette ektefolk å vera. Jørgen sette ringen på Marith sin finger og Marith på Jørgen sin finger. Så var det duka for det første kysset som ektefolk, til stor applaus frå gjesten.

Vigslar Anneli Olsbø frå Human-Etisk Forbund heldt talen for brureparet.

Det første kysset som nygifte.

På togturen ut att vart paret heidra og ønskte lukke til av gjesten langs sporet i nydeleg fint solskin. Under Sjakttårnet var det mottaking før festen byrja i Heishuset med middag, prat og dans til langt ut i dei små timar.

Eit stolt brurepar.

Gjestene tok oppstilling langs toglina då brureparet kom ut etter vigslinga. Alle bileta foto Tor Resser ©