Børtveit kraftstasjon

Då Sunnhordland Kraftlag (SKL) skulle skrota det eldste av dei to aggregata på Børtveit kraftstasjon, fekk Venelaget for Gruo (VfG) tilbod om å overta aggregatet. Venelaget tok utfordringa og takka ja til aggregatet. Med flid og tolmod bygde VfG aggregatet opp att, utan teikningar men nokre få fotografi til hjelp. I tillegg fekk VfG hjelp frå tidlegare mangeåreig maskinist på kraftstasjonen, Anders Børtveit. Vilkåret frå SKL var at VfG ikkje skulle setja aggregatet i produksjon i tevling med SKL.

Ingeniør Bonde følgde bygginga av Børtveit kraftstasjon tett i byrjinga av 1920-åra og fotograferte arbeidet flittig. Bileta vart seinare eit album som Anders Børtveit i si tid fekk hand om. Då han såg den fine måten VfG tok hand om aggregatet på, gav han albummet til VfG og meinte det høyrte heime der. Venelaget på si side er svært takksam for gåva. Albumet vil ikkje vera tilgjengeleg for ålmenta, men VfG har plukka ut 10 bilete som er laga i storleik A4 og montert på ei tavle. I samband med bileta har Svein Jæger  Koppang skrive denne informasjonen:

«Dette aggregatet kjem frå Børtveit kraftstasjon som vart bygd og eigd av A/S Stordø Kis. Kraftverket produserte elektrisitet til Stordø Kis frå 1922. Frå 1952 måtte verksemda kjøpa elektrisk kraft i tillegg frå Stord kommunale e-verk, det mest kom då frå Vatna kraftanlegg i tillegg til Børtveit.

I 1954 bygde SKL sekundærstasjon på gruveområdet tilknytta Børtveit og leverte tilstrekkeleg elektrisitet til Stordø Kis. I 1972 kjøpte SKL Børtveit kraftstasjon.

Kraftstasjonen på Børtveit hadde to aggregat med ei samla yting på 2,4 MW. I 1992 vart maskinutstyret frå 1919 og 1938 skifta ut og erstatta med ein ny maskinpå 2,6 MW.»

Børtveit 001_redigerad-1

Børtveit 002_redigerad-1

Børtveit 003_redigerad-1

Børtveit 004_redigerad-1

Børtveit 005_redigerad-1

Børtveit 006_redigerad-1

Børtveit 007_redigerad-1

Børtveit 008_redigerad-1

Børtveit 009_redigerad-1

Børtveit 010_redigerad-1

Alle bileta foto ingeniør Bonde ©