2017

Måndag 11. september

Dugnaden i dag var «den store flisedagen». Me hadde leigt fliskuttar for å få flist opp mest mogeleg av buskar, kratt og greiner som var skore ned i skråninga mot Sjakttårnet og stigen til tårnet. Fem seks menn byrja arbeidet tidleg føremiddag og heldt på meir eller mindre samanhengande til kvelden. Då var det meste gjort. Att å flisa er  greinene frå grantera som er tekne ned. I tillegg til at det siste av dei store granrtera, som vart teke ned sist måndag, skal skjerast opp til ved.

Fliskuttaren fekk retteleg køyrt seg måndag. Her er det Kim Amlien som matar.

Langs stien opp mot Sjakttårnet vart det òg rydda.

Store dimensjonar på den siste store grana som vart teken ned sist måndag, syner Thor Hauglid. Alle bileta foto Tor Resser.

I Heishuset vart «våtdelen» av kjøkenet rydda for å gjera klart til å laga ny døropning i mursteinsveggen.

Måndag 4. september

Ingenting er så gale at det ikkje er godt for noko, vert det sagt. Måndag var ein stor dag for Venelaget for Gruo. Vegen frå motorsykkelklubben til skinnegangen, som kryssar vegen før stigerkontoret, vart asfaltert. Langt over to år har venelaget venta på asfalten. Og det var ikkje kva asfalt som helst som vart lagt.  Det hadde seg nemleg slik at asfaltverket på Karmøy skulle levera ei båtlast av typen motorvegasfalt til E39 ved Kristiansand. Leveringa vart avbestilt dagen før, utan at folket på asfaltverket fekk melding og asfalten vart produsert. Difor vart m.a. venelaget tilgodesett med den kraftige og slitesterke asfalten utan auka kostnader for venelaget. Ei lise å sleppe den hôlete vegne i framtida.

Gjengen frå Lemminkäinen legg asfalten.

Glimrande med ny asfalt, kan Knut Inge Øien Hovin slå fast.

Slik var vegen.

Det skjedde mykje meir på dugnaden måndag. Den siste av dei store granane opp mot sjakttårnet måtte i bakken. Treet var ikkje heilt viljug til å ta farvel med rota, men Torbjørn, som kan dette med trefelling, var likevel lurast og til sist låg tre flatt. Det kryssa gangvegen frå Gjerde, men greiner vart rydda slik at vegen vart open for ferdsle.

Grana midt i biletet vart teken ned.

Opnare og lysare då grana var nede.

I Heishuset skal kjøkenet fornyast og oppgraderast. Arbeidet med å riva delar av ein vegg byrja. Når arbeidet er ferdig utpå seinhausten/vinteren er kjøkenet voret meir moderne og med betre plass.

Arbeidet med å oppgradera kjøkenet i Heishuset tok til måndag. M.a. skal delar av veggen til høgre fjernast.  Alle bileta foto Tor Resser ©

 

Måndag 21. august

Hovudarbeidet i dag var å laggja attende skjenegangen, som kryssar vegen til Heishuset, som vart teke opp sist måndag. Sven Lindseth  reingjorde skjenegangen for grus og sand, og lagt ned kring 5 cm høgare enn han låg. Årsaka for å heva skjenegangen, er asfalten som skal leggjast på vegen frå motorsykkelklubben Neverminde til skjenegangen.

Knut Inge Øien Hovin ryddar trasèen for skjenegangen.

Rune Marcussen køyrer kompaktoren.

Venelaget er så heldig å ha ein dugande anleggsarbeidar, Knut Inge Øien Hovin, som medlem. Han hadde fått låna liten gravemaskin og kompaktor hjå arbeidsgjevaren Engelsen Anlegg. Han grov, nivelrte og fann rette høgda på trasèen før skjenegangne vat lagt ned att. Til det var Richard Kvarven til god hjelp med lastebil med krane. Etter godt tre timar arbeid var sporet på plass att med grusing ferdig.

Rett høgde slår Knut Inge Øien Hovin fast. Bak Richard Kvarven. Med kompaktoren Rune Marcussen.  

Skjenegangen vert lagt ned i trasèen, til venstre Rune Marcussen, Knut Inge Øien Hovin styrer.

Laskene vart festa med boltar. Rune Marcussen skruer mutteren medan Knut Inge Øien Hovin hald mot på bolten. Alle bileta foto Tor Resser ©

Venelaget for Gruo takkar Engelsen Anlegg for velviljen med utlån av utstyr til arbeidet.

Måndag 14. august

Det er ikkje alltid veret vert slik vermeldinga meiner det skal verta. Heller ikkje slik sist veke då planen var å få malt steinsiloen ved portalen til sjaktheisen på to dagar. Første strøket onsdag gjekk rimeleg bra, men seinare utetter veka vart det for vått. Først i dag, måndag, vart malinga endeleg ferdig. Karane som tok eit tak med malarrulle i liftkorga var Thor Hauglid, Rune Marcussen, Torbjørn Marthinsen og Rune Johannessen.  Venelaget er glade for, og ikkje så lite stolte over, at arbeidet endeleg er fullført.

Thor Hauglid i full rulle med første strøket onsdag.

Rune Johannessen er komen ned på bakken etter å ha rulla ferdig resten av siste strøket.

Slik såg det ut før malinga.

Det var stor aktivitet på anna hald måndag. Etter fleire års venting har venelaget endeleg fått lovnad om at firma skal koma å leggja asfalt på vegen frå motorsykkelklubben til skjenegangen som svingar ned til lokstallen. Skjenelengda i svingen vart fjerna, for å verta lagt ned att i rett høgde når asfalten er lagt. Voneleg kjem det svarte dekket i denne veka slik at den dårlege og hòlete vegen vert ordentleg, til glede for alle som vitjar venelaget.

Rune Marcussen løfter skjenegangen med trucken. Til venstre Torbjørn Marthinsen og lengst borte Gunnar Almås.

Thor Hauglid med kløyvaren og Ivar J. Helleland som sekkeleggjar av veden hade høgt tempo i arbeidet. Alle bileta foto Tor Resser ©

 

Måndag 7. august

Sidan i fjor haust då Sjakttårnet vart pussa opp og malt, har planen vore at venelaget sjølv skulle mala siloen som står ved inngangen til sjaktstollen.  No er arbeidet byrja. Lift er leigt for heile denne veka og måndag vart veggane på siloen høgtrykkspylt. Det var ikkje lite skit som hadde festa seg. 

Rune Johannessen spyler veggane på siloen. Foto Tor Resser ©

Planen vidare utetter veka er at siloen vart malt onsdag og torsdag, vermeldinga seier at desse to dagane kan det verta opphald. Då får me vona at det held stikk. Arbeidet elles måndag var å rydda opp etter alle småtre og buskar som måtte fjernast for å koma til siloen. Det vart òg kløyvt ved.

Måndag 31. juli

Så er det på  «an igjen. ferien er over for dei fleste, kvardagen byrjar, også for dugnadsgjengen. Rett nok var ikkje oppmøtet så allverda i dag, men likevel nok til at det vart ei god økt. På vegen (stien) opp til sjakttårnet, er det framleis mange kubbar att etter dei store grantrea som vart tekne ned i vinter. Noko er kløyvt og lagt i sekker, men brorparten står att å kløyva. Kløyvinga skal gjerast på planet ved skuten atmed lokstallen, difor vart resterande kubbar langs stien henta ned, to tilhengjarlass på traktoren vart lasta og køyrt.  Endå er det att eit «lite» lass som vert teke ved eit seinare høve.

– Slik skal de kløyva store kubbar for å få dei mindre og meir handterlege, syner Torbjørn Marthinsen og høgg øksa i kanten på kubben, ikkje inne på flata. Rune Marcussen nærast og Sven Lindseth tek imot lærdomen.

To traktortilhengjarar med kubbar lasta Sven Lindseth, nærast, Torbjørn Marthinsen og Rune Marcussen. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 26. juni

Etter ein etter måten hektisk seinvår/tidlegsommar med ganske mange omvisingar dei siste par månadene, hadde dugnadsgjengen i Venelaget for Gruo siste dugnadskveld måndag 26. juni. Økta vart nytta til å grusa ein del av planet lengst borte frå Heishuset, området vert ofte nytta til parkering for gjester. Grusen har lenge stått lagra i store sekker.

Med trucken snudde Torbjørn Martinsen sekkene opp ned for å få gusen lett ut. Til høgre Sven Lindsteh.

Ivar J. Helleland, til venstre, Thor Hauglid og Sven Lindseth drog grusen ut.

Dei to Run’ane i VfG, Marcussen og Johannessen spylte røyr inn til og ut frå ein avløpskumme for skit, slam og grus. Kummen har utløp til Kiselvo sjølv om det ikkje er nokon røyrstuss i muren som syner kor, vatnet berre kjem ut mellom steinane i muren.

Kvelden vart avslutta med grillfest der basardamene sytte for grillmaten.

Basardamene Jorunn Skaret Vedå til venstre, Britt Furre og Ingvild Skaret Sortland serverte grillmat til dugnadsgjengen. Alle bileta foto Tor Resser ©

Den faste måndagsdugnaden tek pause fram til måndag 31. juli.

God sommar! til dykk alle og takk for følgjet dette halve året.

Laurdag 10. juni

Så har det skjedd endå ein gong på berre eit par veker, uvedkomande har teke seg inn i gruvegangane på Litlabø. Denne gongen er det porten inn til området undet Sjakttårnet som er utsett for hærverk. Ei sprosse i porten er bøygd og fjerna, dermed er det nok opning til at mindre personar kan smyga seg inn. Dei har først freista brekka ned stenge på toppen av porten utan at det lukkast. Innbrotet må ha skjedd natt til laurdag. Då folk frå Venelaget for Gruo kom om morgonen for å førebu omvising laurdag føremiddag, oppdaga dei innbrotet. Det var òg omvising fredag kveld, då var alt normalt.

Venelaget 7935

I sprosse er bøygd og knekt og små personar kan ta seg inn i gruvegangen.

Til alt hell har VfG ein særdeles kreativ leiar, Torbjørn Marthinsen, som «på strak arm» tenkte ut korleis porten skal sikrast. VfG hadde ein stålport som Marthinsen krympa litt i lengda og bygde litt høgare. Han arbeidde på spreng med å kutta med vinkelslipar og sveisa for å få det heile «sydd saman» og montert før ny omvising om ettemiddagen. Med hjelp av Ivar J. Helleland og Ansgar Vedå vart den nye porten hekta utanpå den gamle som ei mellombels løysing.

Venelaget 7940

Torbjørn Marthinsen, med ryggen til, og Ivar J. Helleland gjer seg klare til å heisa den nye proeten utanpå den gamle.

Venelaget 7942

Den nye proten heng på den gamle, som ei mellombels løysing. Alle bileta foto Tor Resser ©

Innbrota vil verta melde til politiet.

Tysdag 6. juni

Rydde og oppgraderingsabeid i den store hallen i Høgåsen gruve. Bakgrunnen er at det seinare i sommar skal vera bryllaupsvigsle i hallen. Ein del dårlege pallar vart skifta ut med nye. Betre podium vart bygt om att. På gangvegen inn i hallen vart ny netting montert, slik at det vert tryggare å gå. Gangvegen vert tidvis  glatt når han vert våt.

Venelaget 7919

Ivar J. Helleland til venstre og Thor Hauglid monterer nytt podium.

Venelaget 7918

Torbjørn Marthinsen spikrar fast ny netting på gangvegen opp til hallen. Båe bileta foto Tor Resser ©

Litt lenger ute i gruvegangen, ved inngangne til dei to figurane som symboliserer arbeidarane, vart det lagt ny pallar i staden for dei som var utslitne. Knut Ekse «slåst» med truck’en som ikkje vil starta. Men i dag var det teikn til liv, utan at han heilt kan forklarar kvifor. I skuret vart det rydda, gamle bosspann vart kassert og pallar lagt ut klare til å ta imot veden som er lagt i sekker, til tørk.

Måndag 29. mai

På nytt har uvedkomande teke seg inn i gruvegangane på Litlabø. Stengingane venelaget gjorde måndag for ei veke sidan under porten til Høgåsen, har fungert. Denne gongen hadde inntregjarane gått til åttak på sjølve porten. Metallstrips som held nettingen til portramma, var klipte av nede til venstre der det òg mangla ei sprosse. Dermed kunne nettingen bøyast så mykje ut at personar kunne ta seg inn.

Venelaget 7903

Metallstrips som held gitteret til portramma, var klipt av .

Portramma er aluminium, gitteret er stål. Gitteret kunne difor ikkje sveisast fast til ramma. Rune Marcussen i samråd med Torbjørn Marthinsen meinte det enklaste ville vera å skrua ned porten og ta han på hengar til Apply Leirvik avd. Seilneset i Sagvåg. (Marcussen sin arbeidsplass når han ikkje er i Aslaksvikjo). På Seilneset vart porten m.a. forsterka i kvart hjørne, manglande sprosse vart sett på. Venelaget rettar ein hjarteleg takk til Arne Johannesen og Håvard Hansen på Seilneset for velvilje og hjelp.

Venelaget 7911

Ny sprosse og hjørneforsteking på porten. Båe bileta foto Tor Resser ©

Av anna arbeid måndag kan nemnast at brurevogna vart vaska og reingjort og sete montert for bryllaup seinare i sommar. Vedkøyvinga heldt fram.

Måndag 22. mai

Mykje tyder på at uvedkomande har, i alle høve heilt klart freista, å ta seg inn i stoll Høgåsen. Ein stein som har tetta eit hôl under porten i portalen til Høgåsen er teken bort og grus grove vekk. Tidlegare har det òg vore freista klippa hengelåsen til porten i portalen, utan at det lukkast.

Venelaget 7894

Gjennom dette hôlet under porten i portalen til Høgåsen, kan nokon freista å ta seg inn i gruvegangen.

Å ta seg inn i ein mørk gruvegang og i tillegg ikkje vera kjent, er svært farleg. Der er fleire opne synkar framande kan falla i med tragisk utfall. Måndag vart holet under proten tetta med,store steinar og grus vart lagt over i høgd med skjenegangen. Vona er at tiltaket skal hindra at uvedkomande freistar å ta seg inn i gruvegangane.

Venelaget 7897

Knut Inge Øien Hovin gravsar grus ned på fyllinga. I bakgrunnen lokførar Rune Marcussen.

Venelaget 7899

Hôlet er tetta, grusen går jamt med skjenegangen. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 8. mai

Tysdag 2. mai var det synfaring i den hogne skogen som høyrer til Stordø Kisgruber sitt område i Høgåsen og derikring. Med på synfaringa var folk frå Stord kommune som er eigar av området, og Venelaget for Gruo som m.a. har merka fleire turløyper i området. Etter at skogen vart hoggen, mykje av årsaka var vandaliseringa orkanen Nina gjore for nokre år sidan med stort vindfall av tre, har det vore til dels vanskeleg å ta seg fram då terrenget vart «sundkøyrt» av tunge skogsmaskinar

Frå kommunen si side vart det lova at der det er turvande , skal turvegane vølast slik at det vert betre å ta seg fram. Også brua over Stordalselva (Fiskarelva) hadde dårleg gangdekke. Venelaget for Gruo ved leiar Torbjørn Marthinsen og Svein Jægrer Koppang meinet arbeidet med nytt dekke kunne VfG leggja, om kommunen heldt materialar.

Kommunen ved Ole Tufteland tok venelaget på ordet, alt tordag var materiala komne på plass og måndag gjekk venelaget «til åtak» på brua. Ikkje utan dramaitikk. Vegen fram er dårleg, somme stader smal og synte det seg, litt for smal for traktoren, ved eit myrhòl. Det enda med at bakhjulet på venstre sida sklei ned i myra og sette seg til slutt fast.

Venelaget 7845

Traktoren sette seg fast i gjørmehòlet.

Venelaget 7846

Rune Johannessen pumpar jekken medan Torbjørn Marthinsen gjev varsamt gasspådrag på traktoren.

Men leiar Torbjørn er på ingen måte «tapt bak ein stol» Han strauk rett heim, henta ein jekk og freste opp den dårlege vegen med Land Roveren. Jekken vart festa kring ein granstubbe, andre enden i traktoren,  med jekking og varsamt gasspådrag på traktoren, vart han lirka opp av gjørma. Traktor og hengar kom vel fram til elva. Det gamle gangdekket på brua vart fjerna i ein fart, spiker trekt ut og teke vare på.

Venelaget 7849

Det gamle gangdekket på brua var skrøpeleg, mest farleg å gå på.

På hengaren vart aggregat til sirkelsaga og to karar skar materialane i rette lenger medan tre karar bora gangdekket fast i berestolpane. På ein times tid eller så var det ny bru over Stordalselva (Fiskarelva).

Venelaget 7854

Rune Johannessen fører saga medan Sven Lindseth er handlangar.

Venelaget 7857

Ivar J. Helleland i elva passar til gangborda medan Thor Hauglid på kne og Knut Inge Øien Hovin festar med skruar.

Venelaget 7861

Ein glad dugnadsgjeng på ny bru, frå venstre Sven Lindseth, Rune Johannessen, Knut Inge Øien Hovin, Thor Hauglid og Ivar J. Helleland. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 1. mai

Venelaget for Gruo kan endå ein gong notera seg for ein vellukka open dag. Vêret var topp med strålande sol og nesten vårlege temperaturar, i alle høve eit stykke ut på dagen. Publikum rann til jamt og trutt. Kor mange som var innom området er vanskeleg å seia. Nytt i år var at tårnet vart opna for publikum. Dei fekk koma inn og opp mest til topps i puljer på 15-20 personar. Det var kø for å sleppa til.

IMG_1254

Først opp så langt publikum fekk koma var Tristan og Solfrid Furre som her ser på den storslegne utsikten.

Kring 260 personar verta guida opp i tårnet av Rune Marcussen.

IMG_1304

Stor interesse for «tårnklatring» i bratte og smale trapper.

Og så var det togkøyring inn i fjellet. Det har alltid vore populært og var det ikkje minst i år, 590 billettar vart løyste og lokkførararne Per Ivar Tautra og Knut Ekse køyrde tur på tur. Tre avsporingar sytte den bakerste vogna for, men det tykte dei som var med på desse turane berre var spanande og eksotisk.

IMG_1281

590 passasjerar og tre avsporingar med toget inn i fjellet med Per Ivar Tautra til høgre og Knut Ekse som lokførarar..

Dei tre guidane for fotturar inn i fjellet og Sadalen gruve hadde med seg til saman 114 interesserte personar. Dei fekk vita mangt og mykje om og frå gruvene. Størst inntrykk gjorde nok den store hallen i Sadalen, men òg arbeidet VfG har lagt ned i dugnadstimar som ligg kring 50.000 til saman.

IMG_1267

Torbjørn Marthinsen til venstre, guidar ei gruppe i den store hallen i Sadalen gruve.

For borna var det ballkst mot bokspyramide.

Seniororkesteret kom i år som mange år tidlegare og gav konsert klokka 1200. Alltid kjekt å høyra på.

IMG_1307

Seniororkesteret speltet og måtte av og til kjempa om lyden mot lokomotivet som køyrde framom. Men dei lot seg ikkje merka av det.

Museet i smio var ope, det same var arbeidarbustaden i parken.

IMG_1330

Frå museet i smio, her med omvisar Svein J. Koppang i blå kjeledress, som omvisar.

Kafêen i Heishuset var som vanleg populær. Damene bak disken sto på og serverte alt dei makta; kaker, vaflar, saft, kaffi, pølser og is. Det vart selt mykje is på pinne. Mange nytta høvet til å sjå den store biletsamlinga venelaget har i Heishuset. Ein ekstra spiss på turen inn i Heishuset var at Børtveitaggregatet tusla og gjekk i det stille.

IMG_1320

Full rulle i kafêen. Alle bileta fotot Tor Resser ©

Måndag 24. april

Frå dødsbuet etter Sjur Hjøllo har Venelaget for Gruo fått ein del gjenstandar og skrifter. Mellom anna ein hjelm med lykt og tilhøyrande batteriboks. Hjøllo var gift med Svanhild Valvatne dotter til verksmeister ved Stordø Kisgruber A/S, Einar Valvatne.  Utstyret nytta nok Valvatne når han var nede i gruva. Hjelm og batteriboks er av skotsk fabrikat. På batteriboksen står:

Edison Electric Cap lamp ModelK1-PMX. Batteriboksen kan festast til buksbeltet til arbeidaren. I hjelmen står årstalet 1954. Kva tid Stordø Kisgruber byrja med hjelm med lykt er uvisst, men truleg kring 1954. Slik sett er utstyret VfG har fått, eitt av dei første som vart teke i bruk ved Stordø Kisgruber.

Venelaget 7797

Hjelmen med batteriboks VfG har fått frå dødsbuet etter Sjur Hjøllo. Karbidlykta i midten var lyskjelda gruvearbeidaren ved Stordø Kisgruber nytta fram til kring 1954. Foto Tor Resser ©

Svein J. Koppang har lese bedriftsbladet Stordøkis frå 1953 der han har funne bilete av gruvearbeidar med karbidlykt og huve. Året etter vart det sett ned eit sikringsutval ved gruva. M.a. skulle utvalet koma med retningsliner for tiltak som skulle redusera faren for ulukker og skadar. Men i bladet Stordøkis står det ikkje noko om at utvalet konkret peika på hjelm med batteriboks, eller andre konkrete tiltak.

Ansgar Vedå meiner å hugsa at stigerkontoret vart utvida i 1954 for å gje plass til lading av batteri.

Venelaget for Gruo takkar på det hjartelegste for gåva frå Sjur Hjøllo sitt dødsbu.

Laurdag 22. april

Knapt 30 modige kvinner og menn hadde funne vegen til Stordø Kisgruber laurdag kveld. Årsaka var filmframsyning av grøssarfilmen «Død Snø», norsk skrekkfilm frå 2009. Framsyninga var ein lekk i Stord Filmklubb sin skrekkfilmfestival. Tilskipar av framsyninga var forutan filmklubben, Stord Fotoklubb og Venelaget for Gruo som stilte med rom for framsyning og transport inn i gruvegangen med tog. Framsyninga var i den tidlegare ladestasjone for el-lokomotiv i Høgåsen gruve. Lokalet eigna seg godt til denne typen framsyning, det var andre gongen skrekkfilm vart synt her.

Venelaget 7795

Filmframsyninga var i den tidlegare ladestasjonen for el-lok i Høgåsen gruve.

Filmen handlar om ein venegjeng som er på ein triveleg påsketur i fjelle, triveleg til dei møter nazizombiar. Då vert det ikkje så triveleg lenger……… meir grøss og gru.

Venelaget 7796

Gjestene vart møtt av spøkelse med både lyd og lys i gruvegangen. Båe bileta foto Tor Resser ©

Tysdag 18. april

Grunna påske, 2. påskedag var måndag, heiv venelaget seg på dugnad tysdag i staden. Årsaka er at det berre ville vore ei dugnadsøkt til open dag 1. mai dersom ikkje tysdag vart teken i bruk. Greiner og kvist og kvast der det i vinter vart hogge langs Kiselva bak lokstallen vart rydda ferdig.

Venelaget 7785

Thor Hauglid i full gang med brakasaksa ved rydding langs Kiselva.

På planet vart gamle, utslitne pallar samla og klare til destruksjon. Anna vart òg samla og lagra. Lageret til klede, hjelmar, sko m.m.i Heishuset er rydda og systematisert av «basardamene».

Skjenegangen krev stadig ettersyn. Det vart drive varmretting av skjener ved den eine av sporvekslarane. Endane av skjenene ved ei laske vart heva kring 10 millimeter.

Venelaget 7787

Rune Marcussen varmar skjena for å retta opp i skøyten. Lenger bakover i biletet er det tydeleg å sjå at skjenegangen går litt «opp og ned».

Venelaget 7788

Richard Kvarven til venstre, Sven Lindseth og Gunnar Almås ned på bakken og ser at hjula går fint på skjenene gjennom sporvekslaren. Alle bileta foto Tor Resser ©

Venelaget for Gruo minner på ope hus i Gruo 1. mai frå kl 1000 til kl 1600. Velkomne. Togkøyring inn i fjellet, guida turar i gruvegangane, ballkast for borna, kafè i Heishuset, og gutane i «gamlekorpset» spelar i år som mage år før.

 

Måndag 10. april

I dag skal det verta skryt til Venelaget for Gruo. Det er ikkje kvar dag laget får så mykje skryt på ein gong som etter geocahingsamlinga i Gruo 1. april. Sjå om samlinga på Omvisingar.

Etter samlinga rann det inn på attendemeldingar på fjesboksida til Kim Amlien. BenteB skreiv m.a. «Takk for flott, innholdsrik og interessant event. Omvisingen i gruva var en opplevelse. Ekstra kjekt var det med en kunnskapsrik guide som også var flinkt til å formidle historien», skriv ho og kjem gjerne att. Team Bramo frå Bergen skreiv m.a. om gruvefilmen frå 1960 at det «var interessant å se hvordan driften av gruvene artet seg i etterkrigstiden, og ikke minst hvor levende samfunnet på Litlabø fremsto den gangen. (……) Deretter startet omvisnigen med et helt team av guider ledet av nesten 80 år gamle Ivar som selv hadde jobbet i anlegget. (…..) Tusen takk for et fantastisk event, kimamlien. Skulle gjerne gitt deg et dryss av favorittstjerner dersom det var mulig. Vi håper du kommer til å arrangere flere eventer i Gruo i fremtiden, for dette gav absolutt mersmak».

Venelaget 7769

Gruvefilmen frå 1960 vekte åtgaum og vart synt før turen gjekk inn i fjellet. Foto Tor Resser ©

gebrei tykkjer «WOW for en plass og event.» han vedgår aldri å ha vore i gruo før og venta seg mykje, noko som vart innfridd til fulle. Fantastisk opplegg han vonar vert teke opp att ein gong. thomfre, saman med Heltinnen, skriv m.a. at» I tillegg til at det i seg selv faktisk er ganske kult å vandre rundt i gruvegangene, gjør historien fra de engasjerte og dyktige guidene det hele til en opplevelse. Dette er folk som brenner for gruva, og det merkes!». (thomfre har laga ein video du kan finna på YouTube med tittel Innn i berget det blå).

Oss to tykte turen inn i fjellet var ei fantastisk oppleving, inn i ei verd dei ikkje kunne forestilla seg mykkje takk vere ein entusiastisk ildsjel av ein omvisar som gjorde ein kjempejobb. «Tusen, tusen takk til Ivar og tusen takk også til resten av Gruo`s venelag for jobben de har utført på dugnad og for å få oss til å føle oss så velkomne og ivaretatt underveis», skriv Oss to.

Dette får vera nokk skryt til VfG og Kim denne gongen, sjølv om det var mange fleire som sende melding.

Måndag 3. april

God dugnadsøkt i dag, og ei overrasking. Venelaget har i fleire år ønskt ein ordentleg støvsugar, helst av industritypen som òg syg vatn. Nokon hadde snakka saman, og i dag kom Rune Marcussen med ein flunkande ny Nilfisk Aero 26. Maskinen, utsalspris 2.600 kroner, var gjeve av byggjevarebutikken Montèr på Stord og Nilfisk  i samarbeid. Venelaget takka på det hjartelegste.

Venelaget 7781

Rune Marcussen prøver den nye støvsugaren Nilfisk Aero 26.

I området mellom lokstallen og Kiselvo er det teke ned nokre tre, her rydda Thor Hauglid for greiner og kvist og kvast slik at gangvegen langs elva vert framkomeleg. Litt rydding står att. Rune Johannessen tok ei ny økt med vedkløyvaren. Det minkar stadig med kubbar som skal kløyvast og aukar med sekker klare til tørk.

Venelaget 7778

Rune Johannessen har hat fleire økter med vedkløyvaren og vil nok få fleire til før alle kubbane er kløvde.

Kring Sjakttårnet vart det rydda, både på plattinga på framsida, der pallar og anna etter tårnarbeidet vart køyrt bort, og på avsatsen over, på baksida. Dei gamle stigane opp mot trafokiosken, trappene til kiosken og til det som er att av det gamle heistårnet er rydda for mose.

Venelaget 7782

Knut Ekse til venstre og Ivar J. Helleland ryddar bak Sjakttårnet.

Venelaget 7763

Sven Lindseth byrja å pussa muren til Børtveitsmio forige måndag og avslutta arbeidet denne måndagen. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 27. mars

Full fart i dugnaden. Rune Johannessen kløyver grankubbar oppe ved Sjakttårnet. Støyping av ringmuren til Børtveitsmio gjek handlaust utan problem. Noko av førearbeidet var alt gjort og resten av blokkene vart fylt med støyp. Fire-fem blandemaskinsatsar måtte til før arbeidet var ferdig.

Venelaget 7757

Gunnar Almås tømer ein ny sats støyp i trillebåra til Sven Lindseth.

Venelaget 7759_redigerad-1

Wilfred Sætre til venstre og Gunnar Almås dyttar støyp i blokkene.

Venelaget 7764_redigerad-1

Ringmuren til Børttveitsmio er ferdig støypt.

Ein annan gjeng byrja vedlikehald av skjenegangen som fleire stader har sige. Årsaka skal vera at svillene er lagt på jord i staden for på pukk som det berre er mellom svillene. Den alltid aktive kasseraren til VfG, Åsta Lorentsen, gjekk ihuga i gang med vårarbeidet, klypte visne buskar og småtre.

Venelaget 7766

Knut Inge Øien Hovin nærast og Ivar J. Helleland dyttar grus kring lause sviller.

Venelaget 7767

Full fart i dugnadsarbeidet måndag. I framgrunnen med saks Åsta Lorentsen. Alle bileta foto Tor Resser ©

I kaffipausen vart opplegget til open dag 1. mai drøfta. Arbeidet med Børtveitsmio vart sett på vent til etter 1. mai, dei resterande dugnadsdagane til då, skal nyttast til å gjera klart til den opne dagen. Det vart mellom anna drøfta om Sjakttårnet skulle vera ope for publikum på open dag. Det var semje om at det ikkje er mogeleg då det vil krevja fleire vakter i tårnet enn det venelaget rår over denne dagen. Men det er fritt fram for publikum å gå opp til tårnet, området er ikkje avsperra i år slik det var i fjor.

Altså, hugs open dag 1. mai og ver velkomne.

Torsdag 16. mars

Då arbeidet med Sjakttårnet fase 2, utvendes rehabilitering var sluttført, meinte VfG at det ville vera på sin plass å be inn dei som hadde vore med på arbeidet og dei som hadde gjeve økonomisk støtte, til ei samkome. Både for å sjå resultatet, og få ei omvising i gruvegangane. Mange av dei innbedne hadde ikkje vore inne i fjellet. Det drog litt ut med å få til samkoma, men torsdag samlast eit godt trettitals personar i Heishuset. I god blanding av gjester og dugnadsgjengen frå VfG.

Leiar i VfG, Torbjørn Marthinsen, ønskte velkomen før leiar av arbeidet fase 2, Rune Mracussen, orienterte og synte video frå arbeidet. Turen inn i fjellet tok leiaren av VfG seg av og fortalde om verksemda då gruvene vart drivne. Attende i Heishuset vart det servert betasuppe, kaffi og kvit dame. Det vart òg synt film om gruvedrifta på 1960-talet og «skrytefilm» om kva VfG har gjort i gruvene.

Venelaget 7739 - Kopi

Frå omvisinga inne i fjelet, her frå den store hallen i Sadalen gruve.

 

Gjestene var imponert over kva dei hadde sett og høyrt. Ordførar Harry Herstad tykte det hadde vore særdeles kjekk omvising og uttrykte det i ord og med å gje ein bukett blomar til VfG ved leiaren.

Venelaget 7743

Takk og godord frå ordførar Harry Herstad og blomar til VfG tekne imot av leiar Thorbjørn Marthinsen. Båe bileta foto Tor Resser ©

 

Måndag 13. mars

Plata til Børtveitsmio vart støypt i dag. Betongbilen svinga inn kloka 1200, tromla ut 1,3 kub.m. betong og på mindre enn 20 minuttar var plata ferdig. Det regna godt, men det skal jo vera bra i herdeprosessen. Mengda som vart levert var nøyaktig nok, ikkje meir overskot enn det som måtte til for å få ei jamn rett overflate.

Venelaget 7729

Wilfred Sætre til venstre og Sven Lindseth jamnar flata. I bakgrunnen Torbjørn Marthinsen.

På dugnaden om kvelden heiv Kenneth Johansen og Gunnar Almås seg på vegvedlikehald. Dei byrja eit bort imot håplaust  arbeid med å fylla hòla i vegen framom motorsykkelklubben. Hòla er vortne som små innsjøar. Det har i lengre tid vore tale om å leggja asfalt på vegen bort til skinnegangen mot togstallen. Leiar i VfG TorbjørnMarthinsen har vor i samtale med vegmynde i Stord kommune og Lemminkäinen som skal leggja asfalten. Det kan skje kring førstkomande månadsskifte. Me gler oss.

Venelaget 7731

Kenneth Johansen til venstre og Gunnar Almås hadde bort imot eit håplaust arbeid med å fylla grus i alle veghòla. Båe bileta foto Tor Resser ©

I Sjakttårnet vart det rydda i dei tre øvste avsatsane. Der er det vorte rimeleg presentabelt.

Måndag 6. mars

Arbeidet med å reisa Børtveitsmio att, byrja så smått i dag. Første steget på vegen var å få lagt ramma der plata skal støypast. Sven Lindseth, Wilfred Sætre og Gunnar Almås var dei utførande arbeidarane. Ramma vart lagt i vater og alle vinklar vart rette etter litt finjustering her og der.  Til slutt stemte måla på centimeteren.

Venelaget 7716

Ramma til plata for Børtveitsmio er lagt og Gunnar Almås framme og Wilfred Sætre kontrollerer at måla stemmer. Bak til høgre Sven Lindseth. Bilete Tor Resser ©

Skogsarbeidet med den store grana haldt fram. Torbjørn Marthinsen styrde motorsaga gjennom det tjukkaste nedre delen av stamma. Rune Johannessen og Knut Ekse kløyvde kubbar til den store gullmedaljen. Då mørkret kom var 11 sekker med gran kløyvt, og ein sekk med bjørk, som Torbjørn Martinsen kløyvde med øks.

Laurdag 4. mars var Heishuset leigt ut til 40-års dag. 42 gjester var bedne til festen som etter gjesteboka hadde ei fin feststund.

Måndag 27. februar

Dagane vert lengre, arbeid ute kan ta til med dagslys ein god time og så. Måndag vart det rydda på vegen frå Gjerde mot Sjakttårnet der dei to store grantrea vart lagt ned i vinter. Det har vore rydda ein sti i alt av greiner og kubbar. Men måndag vart vegen gjort rein for hinder. Att står å rydda stigen mellom vegen og stigerkontoret. Kubbane skal kløyvast og leggjast i sekk til tørk. Skatet skal flisast.

Venelaget 7714

Eit par av «gamlekarane», Gunnar Almås og Sven Lindseth til høgre, i arbeid med å rydda vegen og å samla kubbane. Bilete Tor Resser ©

Måndag vart det avgjort at arbeidet med å reisa «Børtveitsmio» endelg kan ta til. Sven Lindseth, Gunnar Almås og Wilfred Sætre er ansvarshavande for arbeidet som tek til neste måndag. Etter trong kan dei henta inn fleire frå laget. Det vart òg vedteke at Gruo stasjon skal malast i same raudfarge som stigerkontoret. Arbeidet skal gjerast til våren/sommaren alt etter vèret.

Måndag 20. februar

Kring 30 medlemer av Venelaget for Gruo møtte på årsmøtet i Heishuset måndag. Årsmeldinga i bilete og video vart synt med utfyllande kommentarar ved Ivar J. Helleland. Rekneskapen vart lagt fram ved rekneskapsførar Sigmund Lorentsen og kasserar Åsta Lorentsen, revidert av Svein Ottesen. Balansen syner ein eigenkapital pr 31.12. 2016 på 565.231 kroner og ei gjeld på 88.315 kroner. Største utgiftsposten i 2016 var oppgradering av Sjakttårnet på noko over 900.000 kroner.

Venelaget 7709

Kring 30 medlemer av Venelaget for Gruo møtte til årsmøtet. Bilete Tor Resser ©

Ved vala sa sitjande leiar, Torbjørn Marthinsen, seg viljug til å ta eitt år til. Leiaren vert valt for eitt år om gongen. Styret elles vert valt for to år, Åsta Lorentsen og Ivan Slaggerud sto ikkje på val i år. Richard Kvarven sto på val og vart attvald for to nye år. Wilgot Lorentsen sto på val men ønskte ikkje å halda fram to nye år. I hans sat vart valt Rune Marcussen.

På varaplassene til styret vart Ingebjørg Bosvik og Thor Hauglid valde for eitt år. Valnemnda Kim Amlien og Øystein Kyvik tok attval. Svein Ottesen held fram som revisor.

Etter årsmøtet var det kaffi og noko å bita i medan drøsen gjekk  kring borda.

Her kjem eit fyldig referat frå årsmøtet ført i «pennen» av Svein J. Koppang:

ÅRSMØTE I VENELAGET FOR GRUO

Leiar Torbjørn Marthinsen ønskte dei 30 frammøtte velkomne til årsmøte i Heishuset på Litlabø måndag 20.02. 2017. Ivar Helleland vart vald til møteleiar og Svein J. Koppang vart vald til referent.

Årsmeldinga vart i år også vist i bilete flott laga av Tor Resser. Også i 2016 har tårnet vore prioritert. Rune Marcussen overtok leiinga av tårnprosjektet og har leia det på ein framifrå måte. Det er gjort eit imponerande arbeid der Venelaget har lagt ned mange dugnadstimar. Venelaget er og svært godt nøgd med arbeidet til Sunnhordland Sandblåsing og stillasfirma Dalto A/S. Heile Tårnet er no nymåla og tett og ser flott ut. Me har mange å takka for økonomisk støtte til dette arbeidet. Me har halde budsjettet og skal koma vel i hamn med arbeidet. Me har tre lokomotiv i drift og om lag 700 m lang jernbane. Smia frå Børtveit skal setjast opp i Smieparken ved Kiselvbrua. Dette arbeidet skal gjerast no til våren. Elles driv me med arbeid inne i gruvegangane, me arbeider med lokomotiva, me arbeider med biletsamlinga, og me gjer anna arbeid på området. FRP politikar Sigbjørn Framnes saman med bl.a. partikollega Helge Andre Njåstad og Laila Reiertsen frå Stortinget besøkte oss og viste stor interesse for arbeidet vårt.

Me set stor pris på at skular og barnehagar har oss fast på årsplanen sin og bruker oss flittig. Det same har no geologistudentane og lærarar ved Universitetet i Bergen. 1.mai har me vår årlege Open dag med mykje folk.

Venelaget har vel 150 medlemer, dei fleste av desse er passive medlemer som støttar laget med kontingent. Me tar gjerne mot fleire passive medlemer, og me tar svært gjerne imot aktive medlemer. Me er ein gjeng på ca. 15 – 20 menn og damer som gjer dugnad kvar måndag kveld.

Nokre driftige damer har laga basar for oss og fått inn pengar som me kan bruka til drift og vedlikehald. Det har blitt ein viktig og stor del av budsjettet vårt.

Sigmund Lorentsen og Åsta Lorentsen gjekk gjennom rekneskapen. Svein Ottesen har vore revisor.

Det nye styret ser slik ut: Leiar: Torbjørn Marthinsen Styremedlem: Åsta Lorentsen Styremedlem: Ivan Slaggerud Styremedlem: Richard Kvarven Myklebust Styremedlem: Rune Marcussen Varamedlem: Thor Hauglid Varamedlem: Ingebjørg Bosvik

Revisor: Svein Ottesen Valnemnd: Øystein Kyvik og Kim Amlien

Kvelden vart avslutta med kaffi, kaker og prat.

Svein Jæger Koppang – ref

Måndag 6. februar

Sven Lindseth heldt fram arbeidet frå sist måndag med å tetta hòlet i veggen i Sjakttårnet. Då området som skulle støypast i var etter måten stort, valde han å gjera arbeidet i to omgangar slik at grovarbeidet fekk herda før finpussinga kunne gjerast.

Venelaget 7705

Sven Lindseth kliner mørtel på området der hòlet i tårnveggen var.

Ivar J. Helleland gjekk synfaring i gruvegangane for å sjå etter mogeleg nedfall av stein. Noko som vert gjort med jamne mellomrom og protokollført. Ved synfaringa denne gongen vart det funne noko nedfall i den store hallen i Sadalen og i den store hallen i Høgåsen. Ikkje så mykje, men litt meir enn vanleg.

Venelaget 7706

Fast fjell, konstaterer Ivar J. Helleland når han kjenner i sprekken i fjellet. Båe bileta foto Tor Resser  ©

Jim Fowler og Rune Johannessen monterte naudstopp for kokoverket på utsida av inngangsdøra til Heishuset. Skulle det byrja brenna i verket, kan det stoggast frå utsida av huset.

NB Hugs årsmøtet 20. februar klokka 1800 i Heisthuset.

Måndag 30. januar

Rimeleg god aktivitet på dugnaden i dag. I Sjakttårnet byrja arbeidet med å tetta eit hol i veggen på platået på baksida. Ei stålplate gjekk  gennom veggen, då tårnet var i bruk var det ope her men vart murt att med lecastein då anlegget vart avvikla. Under stålplata var det opning og vatn rann inn i tårnet. Måndag vart ein del av stålplata kutta på utsida av veggen og trekt ut. Neste dugnad skal hòlet murast att.

Venelaget 7695

Sven Lindseth deler stålplata på utsida av veggen.

Venelaget 7697

Gunnar Almås trekk den avskorne delen ut på innsida av veggen.

Kokkoverket i Heishuset har surra og gått i mange år for å gje varme på kalde dagar. Men vedlikehald og reingjering har det vorte mindre av dei same åra. Måndag tok Rune Marcussen arbeidet med å reingjera verket, og det var ikkje så lite sot og skit han reinska ut.

Venelaget 7700

Rune Marcussen plukka sund kokkoverket og gjorde det reint.

I haust vart det montert motor til å trekkja Børtveitaggregatet rundt slik at publikum kan sjå korleis det fungerer. Litt justeringsarbeid sto att og Fredrik Bjørnberg og Knut Ekse sto for arbeidet.

Venelaget 7701

Fredrik Bjørnberg til høgre og Knut Ekse gjer dei siste justeringane på motoren.

Venelaget 7703

Store fingrar i små rom gjer det trong å arbeida. Alle bileta foto Tor Resser ©

 

Måndag 2. januar

Godt nytt år til dykk alle. Så er det «på «an igjen» med nytt år og nye oppgåver. For Venelaget for Gruo byrja året godt. Me fekk nemleg vitjing av Terje Dreyer. Med seg hadde han nivelleringkikkert med stativ. Kikkerten hadde han nytta då han arbeidde ved Stordø Kisgruber. Han fekk kikkerten med seg då han slutta.

venelaget-7689

Terje Dreyer med nivelleringskikkerten han gav til venelaget.

Terje Dreyer er frå Troms og kom til Stordø Kisgruber i 1965 etter å ha vore tilsett ved ulike gruber kringom i landet, men som alle etter kvart vart lagt ned. Terje Dreyer er utdanna stiger men vart tilsett som verksmeister ved Stordø Kis. Han var tilsett ved gruvene til 1970 då dei vart endeleg nedlagt. Til då hadde det vore ei ørlita von om å få opna gruvene att. Sidan var han tilsett ved teknisk etat i Stord kommune.

Ved inspeksjon av gruvegangane måndag, vart det registrert høg vasstand i den gamle gruvegangen som i dag ligg kanpt to meter lågare enn nivået i dag. Dagens gruvegang til Sadalen gruve kryssar den gamle to stader med like mange bruer.  Ved den første brua frå inngangen har det aldri vore synleg vatn så lenge VfG har drive på anlegget. Måndag sto vatnet tett opp under brua.

venelaget-7687

Det har aldri stått vatn under denne brua så lenge VfG har drive i gruo.

Noko har skjedd med dreneringa, det vart freista å staka opp dreneringsrøyret frå gruvegangen utan at det lukkast.  Ved inngangen til den gamle gruvegangen vart det reinska for ein del steinar for å få betre utløpe. Vatn- og avlaupsavdelinag i kommunen skulle kontaktast for å gå inn i drensrøyret med kamera for å sjå kva som stengjer.

venelaget-7685

Sven Lindseth til høgre, Gunnar Almås og Thor Hauglid på»alle fire» reinskar for betre utløp frå den gamle gruvegangen. Alle bileta foto Tor Resser ©.