2016

Her legg me ut informasjon og små notisar om korleis arbeidet skrid fram og om spesielle hendingar som elles finn stad i Gruo.

Onsdag 14. desember

Han har tala om det lenge, leiar i Venelaget for Gruo Torbjørn Marthinsen, at den store, høge grana like ved sjakttårnet måtte leggjast ned. Av ulike årsaker har fellinga vore utsett fleire gonger. Men i dag sto treet for fall. Ikkje med stort oppbod av skodelystne, Torbjørn tykkjer ikkje så mykje om slikt, det distarherer.  Difor tok han motorsaka i eiga hand og la treet ned nett slik han hadde rekna med.

_mg_1527-kopi

Treet la seg nett slik Torbjørn hadde rekna med. Rota på treet ser du i bakgrunnen like nedanfor sjakttårnet.

Treet la seg i vegen mellom Gjerde og gruveområdet. Difor saga han bort alle dei store greinene som stengde vegen og han kappa ein del av toppen for å gjera vegen framkomeleg. Det vart ein fin korridor å gå i langs treet og greinenen. I området er det teke ned to grantre og nokre bjørkar. Dei vert skorne opp til ved. Greinene skal flisast opp.

_mg_1521-kopi

Korridoren med tre på eine sida og store griner på andre sida. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 5. desember

venelaget-7677

Måndag vart det sett lys på wirehjulet på nest øvste nivå i sjakttårnet.

Sjakttårner har fått meir lys. Måndag sette Rune Johannessen ekstra lys på wirehjulet som stikk ut nest øvst på tårnet. Hjulet styrte wiren på den sønste korga som gjekk i sjakta. Ved renovering av sjakttårnet utvendes, fase to, vart betongdekket på taket av tårnet meisla av. Det har ikkje ført til lekkasje på taket. Inspeksjon måndag synte at taket innvendes er tørt. Den endelege rekneskapen for fase to er enno ikkje heilt ferdig, men så langt har arbeidet kosta 895 tusen kroner. Det er berre mindre summae som står att. Når rekneskapen er endeleg ferdig, vert det tidleg på nyåret  sendt rapport til dei som har ytt midlar til arbeidet.

venelaget-7675

Rune Johannessen monterer lyset på hjulet.

venelaget-7676

Taket innvendes i sjakttårnet ber ikkje teikn på at det kjem vart inn. Alle bileta foto Tor Resser ©

Dugnaden måndag var den siste i år, og vart avslutta med sosialt samvære, litt meir enn vanleg. Dugnadsarbeidet har gått litt på «sparebluss» etter at tårnarbeidet vart avslutta. På møtet vart det sett opp område kvar einskild skal vera ansvarleg for neste år. Dermed vert dugnadsarbeidet meir målretta og kjem inn i faste former. Første økta i det nye året vert 2. januar.

Då står det att å takka alle som har vore med å støtta Venelaget for Gruo, ikkje minst dei som har støtta laget økonomisk ved rehabilteringa av sjakttårnet. Venelaget takkar for i år og ønskjer velkomen att i 2017.

Laurdag 3. desember

Brurefoto i Gruo

Laurdag giftaIneke de Vreede og Anders Meling seg i Fitjar kyrkje. Brurebileta ønskte dei litt originalt og utanom det vaneleg. Dei vart tipsa om Venelaget for Gruo og gruvegangane. Etter synfaring med leiaren for VfG, Torbjørn Marthinsen, fann dei at ladestallen for lokomotiva i stoll Høgåsen var rette staden.

venelaget-7668

Ineke de Vreede og Andreas Meling gifta seg i Fitjar kyrkje laurdag.

Etter viinga i kyrkja troppa brureparet, forlovarane og fotograf med fleire opp i Gruo og vart svært begeistra over ladestallen. Fotograf Ingrid Kvernenes Misje pynta kjapt til med levande lys, blomar og reinskinn å sitja på. Rett nok er det ikkje første gongen gruvegangane er nytta til brurefotografeing, men det krev sitt, særleg av dei festkledde gjestene og ikkje minst av brura med lang kvit kjole. Det heile såg ut til å gå utan nemnande problem. VfG kan brukast til så mangt.

venelaget-7669

Fotograf Ingrid Kvernenes Misje instruerer brureparet og forlovarane Anne Siri Godeseth Storesund, Kristin Aas og Olav Storesund korleis ho vil ha biletet.

venelaget-7672

….og så var det det obligatoriske kysset……… Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 28. november

Det hender ikkje så mykje nytt hjå Venelaget for Gruo for tida. Arbeidet er å rydda og halda orden både inne og ute. Innvendes i sjakttårnet vart eit stillas som vart nytta då nye vindauge vart sette inn, demontert. På dei to øvste nivåa står framleis to mindre stillas som skal nyttast når opningane for wirehjula skal tettast.

venelaget-7660

Thor Hauglid til venstre og Rune Marcussen ryddar i stoll Høgåsen.

I stoll Høgåsen vart det drive ein del ryddearbeid av stein og grus m.m. Ute var ein overvasskumme som tek vatn frå gangen inn til sjakta, gått tett. Det vil seia det var leidingen frå kummen til Kiselva som måtte stakast opp slik at vatnet fekk rette vegen å renna og ikkje ut over kummen og på området kring.

venelaget-7664

Torbjørn Marthinsen til høgre og Ivar J. Helleland staka opp røyret frå kummen til Kiselva. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 7. november

Ryddedag og litt anna. «Basardamene» tok ei alvorleg opprydding i T-skjortelageret. Dei mest vanlege storleikane var det få att av, medan det var mange av store, både ein og to X-ar og barnestorleikar. Vanlege storleikar og caps er det planen å tinga fleire av, men først skal det hentast inn tilbod frå to leverandørar.

venelaget-7659

«Basardamene» Ingvild skaret Sortland til venstre, Jorunn Skaret Vedå og Britt Furre sorterer T-skjorter.

Ei tid attende kjøpte venelaget ein storskjerm til å syna videofilmar på, m.a. videoen som syner korte glimt frå produksjonen ved Stordø Kisgruber i 1960. Ønskje frå «filmmaskinist» Ansgar Vedå  var å få skjermen opp på veggen slik at det vart betre å sjå enn då skjermen sto på eit bord. Han allierte seg med Rune Marcussen som laga ein arm i aluminium skjermen vart festa på og kan svingast ut frå veggen ved bruk. Prøvespeling av videoen synte at det heile fungerte som ønskt frå Vedå.

venelaget-7658

Rune Marcussen med ryggen til, demonstrerer storskjermen montert på svingarmen for Ansgar Vedå til venstre og Wilfred Sætre. Båe bileta foto Tor Resser ©

Onsdag 2. november

Dei fleste legg merke til at skogen trivst godt, og veks snøgt. Gruo er ikkje noko unnatak i så måte. Venelaget for Gruo vil ta litt meir kontroll på den ville vokstern på venelaget sitt område. Onsdag la Thor Hauglid ned ein del lauvtre langs lokstallen, mot Kiselva. Dermed vert det mindre lauv på tak og i -renner neste år. Seinare på dagen gjekk Torbjørn Marthinsen til åtak på den eine av dei tre store granane på vegen bak stigerkontoret til sjakttårnet. Treet la seg nett som det skulle, i vegen frå Gjerde ned til stigerkontoret.

venelaget-7651

83 år talde Torbjørn Marthinsen treet å vera medan Thor Hauglid og Ivar J. Helleland følgjer med.

Saman med Thor Hauglid og Ivar J. Helleland gjekk dei laus med å kvista treet slik at det ikkje er til for stort hinder for folk som nyttar seg av vegen.

venelaget-7653

Thor Hauglid i full gang med å kvista treet

venelaget-7657

Thorbjørn Marthinsen sagar opp stokken som skal kløyvast til ved. I bakgrunnen kvistar Ivar J. Helleland toppen. Alle bileta foto Tor Resser ©

Stokken skal sagast opp og nyttast til ved, greinen skal flisast opp. Ved eit seinare høve skal den store grana like ved sjakttårnet òg takast ned i tillegg til ein del mindre tre og kratt i området. Ryddearbeidet må gjerast på dagtid i dagslys, og kjem slik sett utanom måndagsdugnaden som går på kveldstid når det er mørkt

Sundag 30. oktober

Basaren hjelpsame kvinner hadde skipa til i Heishuset sundag vart ein stor suksses i år som for to år sidan. Huset vart stuvfullt godt hundre personar, åresalet gjekk strykande men ikkje alle vann, sjølvsagt. Det skal vera slik. Sal av årer og trekking gjekk over tre omgangar. Til siste trekking vart årene som ikkje var selde, auksjonert bort i store bunkar. Åge Saue sto for trekkinga, elektronisk, medan Ivar J. Helleland var utropar av tala. Det vart servert gratis kaker, kaffi og saft noko som synte seg å vera populært og overraskane for mange. Kakene var gjevne av vener av laget.

venelaget-7633

Jorunn Skaret Vedå var, saman med søster Ingvild Skaret Sortland, initiativtakar til basaren og ønskte velkomen.

venelaget-7644

Fullt heishus på basaren. Ivar J. Helleland til høgre var utropar av tala.

venelaget-7637

Åge Saue sto for trekkinga.

venelaget-7643

Damene på dette bordet vart vinnarane ved åretrekkinga og stakk av med flest vinstar. Alle bileta foto Tor Resser ©

Etter åresalet var det trekking av lodd selt på bok. Også her var det mange fine vinstar. Då kassen vart talt opp synte resultatet kr. 61.100,00  samla på loddsal bok og åresal. Eit strålande godt resultat Venelaget for Gruo takkar på det hjertelegste for. Damene lovar alt no ny basart om to år.

Måndag 24. oktober

Børtveitaggregatet sviv. I Venelaget for Gruo har det lenge vore snakka om og diskutert om det kunne vera mogeleg å få det gamle Børtevietaggregatet til å gå rundt. Fredrik Bjørnberg tok initiativ til å koma i gang. Han hadde eit gamalt snekkedrev han hadde tenkt å bruka til å driva ein slipestein, utan at det vart noko av. Då starta prosessen med å få snekkedrevet til å dra Børtveitaggregatet rund. Han tenkte, rekna og vurderte utvekslingar og det heile enda med at han kjøpte fleire storleikar kilereimhjul. Fundament for det heile vart bygt med god hjelp av Ansgar Vedå og Wilfred Sætre og etter kvart forma det seg. Det heile vart montert og med litt prøving og feiling byrja svinghjulet på aggregatet å sviva. Dermed kan publikium få sjå korleis aggregatet fungerer, skovl(pelton)hjulet går rundt, det same gjer generatoren som generer straumen, utan at det skjer i dette høvet. Svinghjulet på kring 1000 kg går rundt åtte gonger i minuttet. Til saman er det store vekter  det vesle maskineriet skal trekkja rundt.

_mg_0482

Fredrik Bjørnberg, i midten, tenkte ut og teikna maskineriet som trekk aggregatet rundt, her saman med medhjelparane Ansgar Vedå til venstre og Wilfred Sætre. Del av svinghjulet i høgre hjørne og generatoren som generer straum i bakgrunnen.

Anna arbeid måndag var å byrja rydda innvendes i sjakttårnet. Taket på stigerkontoret vart reinska for mose, som tydeleg trivst godt. Tårnet vart lyssett, med meir moderne lyskjelde enn dei to som vart tekne ned før høgtrykkspyling og maling. Det nye flaumlyset trekk langt mindre straum enn dei to gamle som kvar var på 500 W. Det nye flaumlyset er ledlys på  70 W. «Lysmannen» til VfG, Rune Johannessen, har rekna ut at dei to gamle lysa på til saman 1000 W, trakk 6000 W kvar kveld dei sto på. Det nye trekk berre 420 W på same tid.

_mg_0491

Endre Solheim nærast og Rune Marcussen freitar fjerna mosen på taket av stigerkontoret.

_mg_0494

Rune Johannessen justerer flaumlyset på sjakttårnet. Alle bileta foto Tor Resser ©

Fredag 14. oktober

Seint fredag ettermiddag/tidleg kveld var stillaset kring sjakttårnet i Gruo teke ned og mellombels lagra på plassen framfor Heishuset. Kranbil kom torsdag frå Nordic Crane i Haugesund då det ikkje var ledige kranar lokalt. Stilllasfirmaet Dalto A/S stilte med fem menn til demonteringa, tre på stillaset og to på bakken for å ta imot. I tillegg stilte Venelaget for Gruo med Knut Ekse. Dermed er ein viktig milepåle for VfG gjennomført. Måndag skal stillasdelene, til sman kring 40 tonn, pakkast før det vert transportert attende til utleigar på Karmøy.

_mg_0355

Rivegjengen etter velgjort arbeid fredag ettermiddag, frå venstre Chris Tyback, Christoffer Toft og Morten Dahle som driv firmaet Dalto A/S, vidare Kjetil Aarre og Aleksander Olsen. Knut Ekse var gått då biletet vart teke.

Steinsiloen på sida av tårnet ved inngangen, vart ikkje malt i denne omgang. Det skal VfG gjera sjølv til våren. No står att å rydda kring tårnet for alt som er kome ned av betong m.m. Arbeidet vert gjort utetter hausten. Leiar av VfG, Torbjørn Marthinsen, var eit stort smil fredag ettermiddag då han helsa rivegjengen.

_mg_0383-kopi_redigerad-1

Slik tek tårnet seg ut etter den utvendes renoveringa.

venelaget-6732-kopi

Tårnet i 2014 før renoveringa byrja. Alle bileta foto Tor Resser ©

 

Måndag 10. oktober

Sjakttårnet er malt, vindaugglasa er reingjorte (skrapt), arbeidet med å riva stillaset er byrja. Kor snøgt rivinga går er avhengig av kva tid det er mogeleg å få tilgang på mobilkrane. Måndag vart det sagt at mobilkrane tidlegast kunne vera tilgjengeleg onsdag.  Arbeidet med det utvendes arbeidet på tårnet har stort sett gått etter planen, men det vart ei vekes tid seinking grunna dårleg vêr og sterk vind. Men då malararbeidet tok til har vêret spelt på lag heile tida.

venelaget-7607

Rivinga av stillaset er byrja og alt no er det mogeleg å sjå korleis tårnet vil ta seg ut når heile stillaset er rive.

Dugnadsarbeidet måndag gjekk for det meste på å rydda i og rundt tårnet, sortera plastpresenninga som til dels vart ille skamforen etter stormen. Noko kan nyttast vidare, noko vart skrapa.

OBS Hugs basaren i Heishuset sundag 30. oktober klokka 1600 OBS

venelaget-7580

Primus motorar for basaren er Jorunn Skaret Vedå nr. to frå venstre og Ingvild Skaret Sortland til høgre. Gode medspelarar er Britt Furre til venstre og Ann Tove Slaggerud. Dei har fått mange og fine vinstar. Båe bileta Foto Tor Resser ©

 

Torsdag 6. oktober

Den store vindusvasken på det nymalte sjakttårnet, før stillaset vert rive. Det vil seia vindusvask vart det ikkje, heller skraping. Glasa i vindusrammene vart skrapte reine for skit, vesentleg maling og betongstøv etter høgtrykkspylinga. Til saman er det 140 glasruter i dei sju vindusrammene som må reingjerast, tidvis eit kronglete arbeid då det ikkje er like lett å koma til alle stader. Det meste av arbeidet vart ferdig torsdag,  etter iherdig innsats frå Ivan Slaggerud, Fredrik Bjørnberg  og Wilfred Sætre.

venelaget-7602

Wilfred Sætre……

venelaget-7601

…..og Fredrik Bjørnberg var to av dei tre som reingjorde glasrutene i vindusrammene. Båe bileta Foto Tor Resser ©

I tillegg vart det plukka steinbitar frå lenkene (planken) på stillaset etter meislinga av taket på tårnet. Arbeidet vart ikkje ferdig torsdag.

Onsdag 5. oktober

Onsdag i middagstida var sjakttårnet ferdig malt, nærast på rekordtid.  Rune Marcussen, Venelaget for Gruo sin prosjektleiar for utvendes rehabilitering av tårnet, er glad og nøgd med arbeidet dei fem malarane frå Sunnhordland Sandblåsing har utført. Det heile gjekk utan problem og med dei 20 spanna med maling var det eit halvt att.

venelaget-7596

Dei fem som sto for malearbeidet, tre frå Polen, ein frå Danmark og ein nordmann. Frå venstre Pavel Jasiqk, Svein Mathisen, Finn Kristensen, Remigiusz Wowak og Arkadicisz Werbel. Foto Tor Resser ©

Før stillaset vert teke ned, må vindugo vaskast/reinskast. Målet er å få arbeidet utført torsdag og prosjektleiaren oppmodar flest mogeleg, vener eller ikkje vener av Venelaget for Gruo, å vera med på ein innsats. Førebuingane til riving vil venteleg ta til torsdag ettermiddag.

Måndag 3. oktober

Måndag var fem karar frå Sunnhordland Sandblåsing i full gang med grunningsstrøket før endeleg maling av sjakttårnet. Malinga, to strøk, byrjar tysdag. Arbeidet er venta å vera ferdig seinare i veka.

venelaget-7582

Arkadicisz Werbel til venstre og Pavel Jasiqk styrk grunning på tårnet.

I venelaget er det ein kar som kan «spå» vèret fram i tid. Då det regna og bles som vert tidlegare i haust sa han, Sven Lindseth; fleire gonger at i oktober vert det fint vèr! Månaden var berre ein dag gamal då spådomen slo til.  Rivinga av stillaset tek til måndag om ei veke, det er ein del logistikk som skal gjerast av prosjektleiaren hjå VfG, Rune Marcussen, for å få på plass mannskap og krane.

På dugnaden måndag vart den gamle lynavleiaren på toppen av taket på sjakttårnet teken ned og ny sett opp. Plastpresenninga som øydelagt av den sterke vinden i veka vart plukke ned.

venelaget-7586

Rune Marcussen reinskar hòlet der den gamle lynavleiaren sto før den nye vert sett opp. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 26. september

Arbeidet med å pusseflikka betongen på sjakttårnet vart ferdig fredag ettermiddag. Alt var dermed klart til grunningsmaling måndag morgon. Men slik gjekk det diverre ikkje. Vergudane spelte ikkje på lag med Venelaget for Gruo. Søndag bles det opp, vinden vart så sterk at han øydela ein god del av presenninga som vart strekt for å dekka tårnet mot regn. Dermed vart òg deler av betongen våt, malinga måtte utsetjast.

venelaget-7572

Vinden flekte presenninga av toppen av tårnet søndag ettermiddag.

Måndag ettermiddag berga stillasarbeidarane presenninga då det var meldt endå sterkare vind tirsdag. Malinga er dermed utsett på uviss tid, i alle høve til komande måndag, om vergudane ser i nåde til venelaget i slutten av veka slik at presenninga kan hektast opp att.

venelaget-7573

Eit sørgjeleg syn møtte venelaget og stillasbyggjarane på toppen av sjakttårnet måndag. Presenninga vart plukka ned då det er meldt sterk vind tysdag. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 19. september

Det er full fart i flikkinga av betongskader på sjakttårnet.  Flikkinga skal vera avslutta fredag denne veka, måndag tek malingsarbeidet av tårnet til. Attståande utvendes fuging av ei vinduramme og dei to ventilasjonaristene vart ferdige måndag.

venelaget-7561

Iver J. Helleland fuger den siste av dei to ventilasjonsristene.

Det er ikkje berre sjakttårnet det vert arbeidd jamt og trutt med. I Heishuset styrer Svein Jæger Koppang biletgalleriet. Heile 250 bilete er i galleriet per i dag. Bileta syner personar, arbeidssituasjonar og anlegget frå den tidlege perioden og framover. I tillegg har venelaget ei unik samling bilete då Børtveit kraftstasjon vart bygt i byrjinga av 1920-åra.

venelaget-7565

Svein Jæger Koppang styrer fotogalleriet. Så mange kvinner var ikkje i arbeid direkte i produksjonen, men i scheideanlegget dominerte kvinnene som Koppang syner. Der plukka kvinnene gråfjellet bort og lot det kishaldige fjellet gå vidare til vaskeriet.

Fredrik Bjørnberg med Ansgar Vedå som medhjelpar, arbeider vidare med fundamentet som skal halda elektromotoren som igjen skal driva Børtveitaggregatet. Då får publikum sjå korleis aggregatet fungerer.

venelaget-7564

Fredrik Bjørnberg sveisar fundamentet for elektromotoren. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 12. september

Taket på sjakttårnet er meisla fritt for puss, måndag heldt arbeidet fram med å rehabilitera tårnet. Sår i betongveggane vert puss, presenning vart trekt over taket og ned til indarste stillasrekkja. Målet er å halda tårnet tørt når det regnar slik at malinga kan gå sin gang likevel. Planen er at malinga kan byrja om ei veke, dersom pusseflikkinga vert ferdig denne veka.

venelaget-7546

Kim Amlien frå venelaget til høgre og Christoffer Toft frå stillasfirmaet Dalto A/S festar presenningen over tårntaket.

Ventilasjonsrista vart montert måndag, festa og klar til å verta fuga. Litt lirking måtte til for å få rista på plass, men etter kvart kom ho rett stilling i opninga.

venelaget-7549_redigerad-1

Trangt om plassen øvst i tårnet der Knut Ekse til venstre og Knut Inge Øien Hovin justerer ventilasjonsristat på plass.

venelaget-7552

Knut Inge Øien Hovin borer hòl i betongen for den eine av fire boltar som skal halda rista på plass. Bolten skal gjennom hòlet i den grå flekken på ristsida. Alle bileta foto Tor Resser ©

 

Arbeidet held fram med motoropplegget som skal få Børtveitaggregatet til å sviva.

Og så minner me om at det vert stor basar i Heishuset sundag 30. oktober. «Basardamene» er alt i fullt arbeid med førebuingane.

Måndag 5. september

Arbeidet med å rehabilitera sjakttårnet utvendes går framover, om ikkje så snøgt som ønskjeleg. Skulda må vèret ta, litt mindre regn hadde absolutt vore til fordel for venelaget. Men på dugnaden måndag vart det både pussa leca og meisla bort puss på tårntaket. Pussen er så langt fjerna frå kring halve taket. Heile nordsida av taket er fritt for puss, på dei tre andre sidene er pussen delvis fjerna. Vert vèret lagleg i veka vert resten meisla bort. Då skal taket spylast for støv og restar før det vert lagt presenning over taket og kring fire meter ned langs stillaset.Då kan vidare arbeid med pussing og maling gjerast sjølv om det regnar.

Venelaget 7530

Sven Lindseth pussar lecaveggen med spesialmørtel.

Venelaget 7537

Rune Marcussen, prosjektleiar for rehabiliteringa, meislar bort pussen på nordsida av tårntaket. Båe bileta foto Tor Resser ©

I tillegg er Sunnhordland Sandblåsing byrja å prima synleg armering i betongen på tårnet.

 

Måndag 29. august

Arbeidsmålet for dugnaden måndag, var å få opp ny ventilasjonsrist. Ho skal skiftast med ei eldre rist som står øvst på nordsida av sjakttårnet. Rista veg 150-180 kilo, er med andre ord ikkje noko du slengjer på ryggen og går alle trappene opp på stillaset. Ei tilsvarande rist er montert, for ei god tid sidan, lenger nede på tårnet, på trappesida.

Venelaget 7525 - Kopi

Den nye ventilasjonsrista er komen opp på stillaset og skal setjast inn i opninga oppe til venstre. Kim Amlien til venstre, Rune Marcussen, Thor Hauglid og Knut Ekse legg rista varsamt ned på stillasplankane

Prosjektleiar for rehabilitering av sjakttårnet, Rune Marcussen, hadde tenkt ut korleis operasjonen skulle gjerast, og det fungerte bra. Først vart rista heist opp på framsida av tårnet med ein wirejekk kring halvveges på stillaset. Der vart rista sliska på stillasplanken til bak-(nord-)sida av tårnet og heist vidare opp til like under opninga ho skal inn.  Den gamle rista, i aluminium, vart teken ut. Neste dugnadsøkt vert å få rista inn i opninga og sett fast.

Venelaget 7520 - Kopi

Den gamle ventilasjonsrista vert teken ut.

Taket på sjakttårnet har eit dekke med ikkjearmert betongpuss. Særleg på sørsida er dekket dårleg, avgjerda er at all pussskal fjernast og sjøve betongtaket malast som resten av tårnet. Høgtrykkspylinga er ferdig og resultatet er vorte svært bra. Lecaveggen på sørsida var ikkje så dårleg som først frykta. Somme stader må det noko flikking til, men langt mindre enn trudd.

Venelaget 7509 - Kopi

På sørsida, den vèrharde, av tårntaket, har delar av murpussen losna og er laus. Alt av puss skal bort og betongtaket malast som tårnet.

Venelaget 7511 - Kopi

Lecaveggen på sørsida av tårnet har tre-fire skader som dette, og skal pussast i. Elles er det berre mindre flikking.

Venelaget 7516 - Kopi

På nordsida av tårntaket har eit furufrø funne ein sprekk og slått rot, for eit år eller to sidan. Alle bileta foto Tor Resser ©

Fredag 26. august

Fredag føremiddag kom det på ny etter måten store nedbørsmengder. På kort tid fløymde beker og elvar opp til nye, store høgde. I Høgåsen gruve vart det etter kvart mykje vatn. Utløpet i røyr gjennom fundamentet til portalen til Høgåsen makta ikkje å ta alt vatnet inne frå gruva og vatnet fann vegen under porten.

_DSC3982

Mykje vatn inn mot portalen til Høgåsen gruve.

_DSC3985

Røyret som leiar vatnet ut under fundamentet til portalen, klarte ikkje å ta alt vatnet frå innsida.

Fossen bak det gamle dynamittlageret i svingen inn til Høgåsen, hadde lagt ordentleg på seg.

_DSC3991

Fossen bak det gamle dynamittlageret gjekk brusande stor. Foto alle bileta Tor Resser ©

Torsdag 25. august

Høgtrykkspylinga av sjakttårnet går så det sprutar, bokstaveleg talt. Arbeidet med å spyla kom ordentleg i gang tysdag, og mykje tyder på at dei fire veggane på tårnet er reingjort fredag  To menn frå Sunnhordland Sandblåsing skiftar med å spyla og køyra den roterande dysa  med fire hol. Trykket er stort og  arbeidet er tungt, med 2000bar vatn.

_MG_9675

To menn skiftar på å spyla betongen.

_MG_9683

Den roterande dysa med eit trykk på 2000bar vatn reinskar betongen for gamal maling og skit.

_MG_9713_redigerad-1

Armering som kjem fram etter spylinga vart behandla før maling.

Rune Marcussen er Venelaget for Gruo sin prosjektleiar for arbeidet. Han er godt nøgd med framdrifta og tykkjer resultatet er bra. Betongen ser god ut og armeringsstålet som kjem fram somme stader, vert lett å behandla før ny puss vert lagt på. Der det var opning i tårnet for inn og utkøyring av vogner med sprengt fjell til grovknusaren, vart murt att med lecastein då produksjonen vart lagt ned. Lecamuren på nordsida av tårnet er god, på sørsida har han stort sett ikkje tolt vèr og vind. Her må det noko meir arbeid til for å få veggen i god stand.

_MG_9725

Slik har du aldri før sett sjakttårnet, «innpakka i stillas», og vil heller aldri få sjå det att seinare. Dalto A/S har stått for stillasarbeidet. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 22. august

Stillaset er kome så godt som til tops. Att står noko sikringsarbeid og byggja arbeidsplattformer frå stillaset inn mot tårnet. Då tårnet skrånar inn mot toppen, som ein pyramise, vert det større og større avstand mellom tårn g stillas di høgare ein kjem. For å bøta på det vart det montert knekter på stillaset inn mot tårne med vange. På vangane vert det lagt plank til å stå på og arbeida frå.

Venelaget 7490

På trappesida av tårnet og på framsida, til høgre, er det montert knekter sikra med vangar mot stillaset. På vangane vert det lagt plank.

Høgtryksspylinga byrja så smått måndag og ser ut til å fungera bra.

Venelaget 7495

Åsta Lorentsen ser på området som er høgtrykkspylt. Båe bileta foto Tor Resser ©

Onsdag 17. august

Arbeidet med stillaset kring sjakttårnet går sagte og jamt mot toppen. Onsdag kveld var arbeidet om lag halvveges.  Det er eit tungt arbeid, særleg for dei av medelemmene i venelaget som tek ein dugnadsinnsats  med å løfta utstyr opp på stillaset og som ikkje er van med denne typen arbeid. Planen er at stillaset skal vera til topprn av tårnet innan måndag morgon.

_MG_9360

Langing er ein effektiv måte å arbeida på. Her er det spir som skal opp på fjerde etasje. Tyngst er det å langa tremeter plank som dei heiter, ristene til å gå på. Dei er i fleire ulike dimensjonar. Nede på planet Morten Dahle, vidare oppover Runde Marcusse, Kim Amlien og Richard Myklebust alle frå venelaget. I trappa Bernt Vikanes og øvst Christoffer Toft. Foto Tor Resser ©

Måndag 15. august

Då er bygginga av stillas kring sjakttårnet byrja. Måndag føremiddag vart store mengder utstyr heist opp på plata framfor tårnnet. Om ettermiddagen byrja det lokale firmaet Dalto A/S å reisa stillaset.

_MG_9274

Store mengder utstyr til staillasbygginga er heist opp på plata framfor sjakttårnet.

_MG_9280

Det lokale stordfirmaet Dalto Stillas byggjer stillaset.Til høgre Morten Dahle, Christoffer Toft i midten og Bernt Vikanes til venstre

I dugnadstida  måndag  vart ein god del utstyr som spir, plank og vangar bore opp trappa til baksida av tårnet. Retteleg god mosjon. Trappa har 30 trinn, trappa i Fossabrekko nokre og 640 trinn. Men 25 gonger eller så opp tårntrappa har du gått trappa i Fossabrekko, i alle gøve målt i trinn om ikkje i høgdemeter. Arbeidet med bygginga held fram utetter veka, det same med dugnadsarbeidet, det er berre å melda seg på.

_MG_9292

Den spreke kasseraren i VfG, Åsta Lorentsen, bar plank opp trappa til baksida av tårnet. Nedst i trappa Rune Marcussen

_MG_9289

Ein av dei nye, unge i dugnadsgjengen, Knut Inge Øien Hovin, med to plank på oksla. Alle bileta Foto Tor Resser ©

Laurdag 13. august

Då er venelaget i gong att etter ferien. Har for så vidt vore på måndagsdugnad sidan 1. august. Dei gongene har vore førebuingar til storarbeidet på sjakttårnet. Det arbeidet byrja så smått i dag, laurdag. Fredag ettermiddag kom to trailarlass med stillas frå Karmøy. Dei vart  lossa laurdag ettermiddag. Måndag kjem resten av utstyret og rigginga byrjar, først med å heisa alt opp på plata framfor tårnet.

_MG_9251

Richard Myklebust køyrde gaffeltrucken då stillaset vart lossa laurdag ettermiddag. Foto: Tor Resser ©

I komande veke skal spesialfirma byggja stillaset rundt heile tårnet. I veke 34 skal Sunnhordland Sandblåsing ultrahøgtrykkspyla veggar og tak. I dagane 16. til 31. august skal betongskader utbetrast og veggar med Lecablokker pussast. Er tårnet tørt nok, skal det malast i dagane frå 1. til 9. september. Stillaset vert då rive 9. til 13. september. Om fire veker skal tårnet vera ferdig rehabilitert.

Men, denne timeplanen er avhengig av mest mogeleg opphaldsvèr, særleg i tida etter spylinga og i malingperioden.

Måndag 20. juni

Vedlikehaldet held fram. I dag var det hallen i Høgåsen gruve og rennesteinen i gruvegangen som sto på programmet. I  den store hallen vart ein del «utslitne» pallar skifta med nye. Mellom ann var det hòl i somme av palleborda, fort gjort å trø ned i og vrikka/brekka foten.

Venelaget 7443

Torbjørn Marthinsen til høgre og Ivar J. Helleland skifter dårlege pallar med nye i hallen i Høgåsen.

I gruvegangen vart det reinska i rennesteinen. Det har samla seg mykje slam gjennom åra.

Venelaget 7442

Knut Inge Øien Hovin reinskar rennesteinen i gruvegangen i Høgåsen. Bår bileta foto Tor Resser ©

Denne måndagen er den siste dugnadsdagen og det vert dermed «ferie» fram til 1. august. Fredag førstkomande vert det omvising som var tinga tidleg i vår. Skulle det vera trong for omvisingar i juli, kan interesserte ta kontak på telefon 99499457. Kring midten av august kjem 40 tonn stillas som skal reisast kring sjakttårnet for den utvendes rehabiliteringa.

God sommar og takk til alle som har vitja Venelaget for Gruo så langt i år, særleg barnehagane som er trufaste og er ei glede å ta imot.

Måndag 6. juni

Stadig vedlikehald og opprydding for dugnadsfolka i Venelaget for Gruo. Gras og ugras veks flittig i sommarvarmen, her som alle andre stader. Men kampen om å slå graset ned vart teken opp, med fint resultat.

Venelaget 7428

Ansgar Vedå, nærast med ein noko tilårskomen plenklyppar, og Richard Kvarven tok opp kampen mot høgt gras og ugras. Foto Tor Resser ©

Oppe ved tårnet, på baksida, vart jordmassane som har lege på området fjerna. Fleire måndagar har det vore arbeidd med å fjerna haugen, og i dag var arbeidet ferdig.

Måndag 30. mai

Litt tid sidan førre dagboknotat. Det tyder ikkje at venelaget har lege på latsida, det har vorte rydda og fjelga fleire stader i tillegg at det har vore fleire omvisingar. Det kan du sjå på Omvisingar.

I dag var det på ny rydjing, lauvskog (kratt) som dei siste åra har skote dugeleg i veret, vart skore ned og flist opp. Dermed er det vorte monaleg lysare både ved Smieparken og langs sporet til lokkstallen. Endå står det att meir rydjing i øktene framover.

Venelaget 7425

Wilgot Lorentsen styrte motorsaga i rydjearbeidet.

Venelaget 7424

Richard Kvarven matar flisaren som åt greiner med stor appetitt. Bår bileta foto Tor Resser ©

Måndag 9. mai

Utbetring av sjakttårnet utvendes nærmar seg start.  Men før så langt, må området kring tårnet rydjast slik at stillas kan byggjast på trygg grunn.  Rydjearbeidet byrja måndag, med gravemaskin heilt ved foten av tårnet,

Venelaget 7405

Richard Kvarven i gravemaskinen, riv laus det gamle rekkverket på vegen opp til tårnet.

og med handematk, spade og grafse og trau, på den øvste plattforma.

Venelaget 7406

Knut Ekse til venstre og Sven Lindseth rydjer på den øvste plattforma. Båe bileta foto Tor Resser ©

På plattforma der storknusaren sto, er det langt på veg rydja for buskar og tre som har vakse opp gjennom åra. Planen er å flytta knusaren som står på området, nærmare fjellet, like under grunnmuren til det første sjakttårnet.

I stollane er det skifta ein del lysrøyr som var utbrende.

Tysdag 3. mai

Tysdag ettermiddag tok Venelaget for Gruo i mot 23 studentar frå institutt for geovitskap ved Universitete i Bergen (UiB). Leiar for gruppa var professor Rolf Birger Pedersen. Turen til tidlegare Stordø Kisgruber var for å sjå korleis kis har danna seg.  Gjestene fekk først eit noko kortare kåseri ved Ivar J. Helleland om gruvesamfunnet på Litlabø. Deretter gjekk turen inn i fjellet, først til sjakta under tårnet.

Venelaget 7396

Torbjørn Marthinsen til høgre, orienterte om tårnet og sjakta ned i gruva.

Deretter inn i Sadalen, med særleg stogg i den store hallen.

Venelaget 7398

Professor Rolf Birgert Pedersen til venstre, var leiar for studentane.

På turen orienterte og fortalde Torbjørn Marthinsen. Mellom studentane var ei gruppe innan geobiologi som vart særdeles interessert i kva som rann i rennesteinen langs grusgangen, og kva dei elles fann i dene eldste stollen som står under vatn. Prøver vart tekne for seinare analyse på laboratoriet ved UiB.

Venelaget 7404

Anita Ellen Fedøy har funne noko interessant frå den eldste stollen, som ho puttar i ein kolbe for å ta med til labben ved UiB.

Både professor Rolf Birger Pedersen og dei frå senter for geobiologi var samstemte om at dei skulle attende til gruvene på Litlabø. Geologistudentane har studieturar kvar vår og venelaget oppfatta det slik at Litlabø kan få årviss vitjing av siste årst studentar. Ekstra hyggjeleg i år var at to av studentane var lokale, Line Haukanes frå Stord, og Line Merete Olsen frå grannen i vest, Bømlo.

Venelaget 7401

Line Haukanes.

Venelaget 7400

Linn Merete Olsen i midten, tek bilete medan Anita EllenFedøy hjelper til med lys. I bakgrunnen Rune Johannessen frå venelaget. Alle bileta foto Tor Resser ©

Søndag 1. mai

Endå ein gong kan Venelaget for Gruo notera seg for ein vellukka open dag, skal me tru dei gode attendemeldinagne laget fekk sundag. Frammøtet frå publikum var kan henda noko lågare enn i fjor. Det kan skuldast at dagen fall på ein sundag, at det er konfirmasjon, og at vèret tidleg på dagen tenderte mot haust og ikkje vår. Like fullt var nok 700 – 800 personar innom området.

Venelaget 7370

Per Ivar Tautra var lokførar for toget det meste av dagen

Venelaget 7377

Stadig kø av folk som ville køyra tog inn i fjellet, samla sporlengde kring 1200 meter.

Til saman løyste 107 billett til omvising i fjellet, 83 vaksne og 24 born. Togturen inn i fjellet og ut att, ein liten kvart kilometer i fjellet, hadde ikkje mindre enn506 betalande. Lokkførar, for høvet Per Ivar Tautra, kom ut av talet på turar.Tautra var tidlegare ein viktig person for venelaget mellom anna på lokomotivsida, til han flytta til Fana. Men denne gongen tok han turen til Gruo og var lokførar dei allar fleste turane.

Å skilja startpunktet for omvisingane og togturane synte seg å fungera godt og vert nok eit opplegg for framtidige opne dagar.

Venelaget 7372

Omvisar Iva J. Helleland, med ryggen til, starta turen inn i fjellet ved stigerkontoret og fortalde om kvifor den store bjørka er vorten så knudrete.

Venelaget 7374

Wilfred Sætre i orange jakke til høgre, med ei gruppe i den store hallen i Sadalen gruve.

Seniororkestert gav konsert. og som ei overrasking tok Stord skulekorps turen til open dag som ein lekk i Korps på tur-arrangemnetet. Svært populært, og flinke å spela var dei òg, dei godt 30 korpsmedlemene.

Venelaget 7386

Stord skulekorps på overraskande og populær vitjing på open dag

I kafèen i Heishuset var det stadig fullt, damen bak disken gjorde ein formidabel innsats og det heile glei fint. Borna kasta ball på boks og det var eit sakte sig av folk både til arbeidarbustaden i parken og museet i smio.

Venelaget 7390

Kafèen i Heishuset er alltid populær og damene bak disken hadde det travelt.

Venelaget 7389

Ballkast på boks slo an hjå borna. Alle bileta foto Tor Resser ©

 

Måndag 25. april

Fleire gonger dei siste vekene har me skrive om jernbanesporet som ikkje er kopla ved den nye trafokiosken ved Heishuset.I dag var alt i orden, sporet var «heilt » att og området der det har vore grove grøft mellom sporet og lokstallen var grusa. For å vera på den sikre sida til sundag 1. mai og open dag, vart sporet prøvekøyrt med Geito og dei tre passasjervognene. Ingen avsporing, alt fungerte normalt.

Venelaget 7355

Det nylagte sporet framom den nye trafokiosken til høgre i bakgrunnen, vart prøvekøyrt utan uhell.

I dag byrja òg grunnarbeidet på området ved brua til Smieparken der Børtveietsmio skal byggjast opp att. Området vart grusa før arbeidet med ringmuren tek til.  Smieparken er det nye namnet på det som først vart nemnt som Kiselvparken, eit tungt namn og vart difor døypt om til Smieparken, mykje lettare å seia og kan henda å hugsa. Det gamle namneskiltet på brua skal bort og nytt koma på.

Venelaget 7359

Grunnarbeidet der Børtveitsmio skal byggjast opp att er byrja. Wifred Sætre til venstre og anleggsleiar Sven Lindseth jamnar ut grusen på det 3 x 4 meter store området.

Reidskapsbua, det tidlegare dynamitthuset i tilknyting til Børtveitsmio, vart flytta til mellom lokstallen og 40-fotar konteineren ved inngangdøra tils stallen. Dermed vart området meir ryddig.

Venelaget 7352

Reidskapsbua er flytta til området mello inngangen til lokkstallen og 40- fot konteineren. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 18. april

Endå ein gong var Venelaget for Gruo beden inn til SRBank på Heiane for å ta i mot pengegåve frå  Sparebank 1 Stiftinga Kvinnherad. Dette var sekste gongen VfG fekk gåve frå stiftinga sidan 2013. På dei fire åra har VfG fått ikkje mindre enn 575.000 kroner. Alle gongene etter søknad. Det allar meste øyremerkt til rehabilitering av sjakttårnet. Denne gongen var summen 100.000 kroner.

Venelaget 7344

Rune Marcussen tek imot diplomet frå styreleiar Svein Arne Eidsvik i SpareBank1 Stiftinga Kvinnherad.

Ansvarleg for arbeidet med tårnet i VfG, Rune Marcussen, tok imot diplomet frå styreleiar i stiftinga Svein Arne Eidsvik. Marcussen fortalde kort om det vidare arbeidet med tårnet, utvendes. Med den nye gåva har venelaget så mykje midlar til rådveldet at arbeidet kan ta til. Først med å byggja 1.000 rutemeter stillas. Deretter skal utvendes flater gjerast reine og før dei vert smurt. Det er tingingingar i gan om stillas, arbeidet er rekna å ta til seint i vår eller tidleg i sommar.

Venelaget 7346

Rune Marcussen fortel om det vidare arbeidet med sjakttårnet. Båe bileta foto Tor Resser ©

Venelaget for Gruo er svært takksam for den rause gjevargleda frå stiftinga, som gjer det mogeleg å halda fram med arbeidet med sjakttårnet.

Ved utdelinga vart det gjeve større og mindre summar til 12 ulike lag og organisasjonar på Stord, til saman 480.000 kroner. Samla sum til utdeling denne gongen var 5 mill. kroner, det 80 prosent går til lag og organisasjonar i Kvinnherad, 10 prosent til kvar av Stord og Odda.

Måndag 11. april

Ryddearbeidet held fram. Laskene i jordhaugen er grovne fram og sortert. Lasker venelaget kan gjera seg nytte av, er lagt for seg, dei venelaget ikkje kan bruka er lagt på pallar og vert med tida levert som skrap. Den store 40-fot konteinaren er retta opp og flytta nærare lokstallen medan boskonteineren er flytta lenger bort frå inngangen til stallen. Konteineren er til sals, sjå framsida til Venelaget for Gruo.

Venelaget 7335

Det vert rydda ved lokstallen og den store konteineren vert flytta nærare huset. Også boskonteineren, grøn, får ny stad.

Årsaka til at dei to skjenelengdene på sporet mellom Heishuset og Gruo stasjon ikkje er lagt attende, har si forklaring. Entreprenøren seier at han ikkje kan leggja att ved den nye trafokiosken før netteigaren, Haugaland Krsft, er ferdig med koplinga. Gravemaskinen må køyra over sportrasèen difor kan ikkje skjenen leggjast attende før arbeidet er avslutta.

Venelaget 7342

Når Haugaland Kraft er ferdig med arbeidet ved den nye trafokiosken, vert grøfta lagt att og skjenegangen kan leggjast attende. Båe bileta foto Tor Resser ©

 Måndag 4. april

Vekene går, det er berre tre veker att til open dag 1. mai. For tida skjer det ikkje så all verda som kan ha interesse, det går på vedlikehald og rydding. Utomhus skal den store konteineren bort, men først skal han «fyllast» med skrapjern.

Sidan tidleg i desember i fjor har det vore anleggsarbeid på området til venelaget langs jernbanesporet frå Gruo stasjon mot Heishuset. Det var den gongen Sunnhordland Kraftlag som byrja leggja ny straumkabel til ny trafikiosk like ved Heishuset. I dag har Haugaland Kraft teke over. I samband med gravinga vart to skjenelengder fjerna og ein del jordmassar vart lagt over eit lager med lasker som vert nytta til skøyting av skjener. Enno er ikkje skjenelengdene lagt attende til sporet og området ordna til. I massen som vart lagt over laskehaugen, må venelaget sjølv grava fram laskene. Venelaget meiner at entreprenøren må raska på å få området ferdig. Det er berre få veker att til 1. mai då det vert open dag hjå Venelaget for Gruo.

Venelaget 7240

Slik såg det ut i byrjinga av desember månad i området Gruo stasjon og Heishuset. Kabel er lagt og grøfta lukka, men området er ikkje planert og grusa. Dei to skjenelengdene ligg i dag som på biletet for fire månader sidan.

Venelaget 7334

Sven Lindseth og Kenneth Johansen til høgre grev fram laskene frå moldhaugen. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 8. februar

Veken fyk, me er alt komne godt inn i februar månad. Hjå VfG går dugnadene sin vante gang. Den heilt stor fresen har det ikkje vore så langt i år. Ein god del står på vent, utomhus, grunna kaldt vêr. Øvst på lista står arbeidet med å byggja opp att smio frå Børtveit.

Leiar av VfG, Torbjørn Marthinsen, refererte skriv frå Sunnhordland Kraftlag om at det er overført 50.000 kroner til arbeidet med sjakttårnet.  Midlane er andre delen  av samarbeid– og sponsoravtalen mellom SKL og Venelaget for Gruo frå 2014. Med denne summen har SKL gjeve 100.000 kroner til Venelaget for Gruo. Meldinga vart motteken med applaus av dugnadsgjengen ved kaffipausen måndag kveld. VfG takkar på det hjartelegste.

Frå fleire hald har det vore uttrykt ønskje om ein faldar for VfG , i dag vart dei første eksemplara køyrt ut av kopimaskinen. Wilfred Sætre tok initiativ til faldaren og designa han på datamaskinen. Svein Jæger Koppang var med som språkkonsulent medan bileta er henta ut frå VfG sitt fyldige fotoarkiv. Faldaren vert spreidd til hotella på Leirvik, resepsjonane i rådhuset og kulturhuset, til Samarbeidsrådet for Sunnhordland og Sunnhordland Museum.

faldar 1_edited-1

Framsida av faldaren syner landemerket tårnet, baksida av faldaren gjev opplysningar om VfG.

faldar 2_edited-1

To av sidene inne i faldaren. Teksten er kortfatta og lett å lesa, og bilete som syner aktivitetar i fjellet, omvising og arbeid.

Over lengre tid har det vore vedlikehaldsarbeid på trucken. Mellom anna er styresystemet vølt, eit etter måten omfattande arbeid. I hovudsak er det Knut Ekse som har stått for arbeidet. I dag vart det sluttført. Komande måndag, når hydraulikkolja er komen i tanken, kan trucken på ny starta.

_MG_5706

Knut Ekse, til venstre, har i hovudsak stått for arbeidet med å vøla trucken. Under maskinen Torbjørn Marthinsen. Foto Tor Resser ©

Måndag 11. januar

Venelaget for Gruo vil byggja opp smio laget henta på Børtveit i midten av desember månad i fjor, snarast mogeleg. Måndag var det synfaring på området i Gruo for å finna beste staden for bygningen. Fleire stader vart drøfta, to stader i området ved den gamle gruvesmio. Men dei vart vraka då publikum, som vil inn i den «nye» smio, må kryssa jarnbanesporet. Det kan føra til farlege situasjonar.

Venelaget 7312

Dei fem i VfG som avgjorde kor den nye smio skal reisast. Ikkje til venstre, på andre sida av jarnbanesporet, men til høgre i området der grushaueg ligg, bak Wilfred Sætre. Vidare mot venstre leiar i laget Torbjørn Marthinsen, Iva J. Helleland, Svein J. Koppang og Ivan Slaggerud. Foto Tor Resser ©

Endeleg stad vart like ved brua over til Kiselvparken. Området treng noko planering. Eit arbeid Kannelønning Maskin tek seg av. Firmaet har maskinar i området etter kabelgrøfting for Sunnhordland Kraftlag/Haugaland Kraft.

Årsmøtet for Venelaget for Gruo er sett til måndag 7. mars kl. 1800 i Heishuset.

Måndag 4. januar

Då er me i gang med eit nytt år; godt nytt år til alle. God var byrjinga på året, eller rettare slutten på fjoråret. I romjula kom det melding frå Stord kommune ved rådmann Magnus Mjør og økonomisjef Hege Etterlid som synte til vedtak i kommunestyret sak 62/15 11. november 2015. Dei informerte om at Venelaget for Gruo er tildelt inveteringstilskot på kr. 400.000,00 for 2016. Midlane skal nyttast til restaurering av heistårnet ved Stordø Kisgruber.

Venelaget takkar på det hjartelegste

Første dagen med dugnad i det nye året gjekk mellom anna på ettersyn av varmepumpene i Heishuset, no som kulda er komen for fullt. I lokstallen held vedlikehalde av truck`en fram. I gruvegangane vart det drive vedlikehald på eit par overgangar på rennesteinar. Ein i togsporet i Høgåsen, og ein i krysset Sadalen blå grotte.

Venelaget 7310

Rune Johannessen og Øystein Kyvik til høgre, legg om att fjølene over rennesteinen i krysset Sadalen blå grotte. Foto Tor Resser ©

  • 2014
  • 2013
  • 2012
  • 2011
  • 2010
  • 2009
  • 2008
  • 2007
  • 2006