Det levande gruvemuseet

Det levande gruvemuseet

Gruvemuseet på Litlabø er etablert til minne om samfunnet som eksisterte under A/S Stordø Kisgruber. Svovelkis vart utvunne i området frå 1865 til 1968. Då stoppa drifta grunna vanskeleg avsetningstilhøve, men framleis er det mykje svovelkis att i fjellet.

Litlabø, eller Gruo som dei seier lokalt, har mykje historie å by på, både geologisk, bygningsmessig, teknisk og sosialhistorisk.

Det opphavelege gruvemusset på Litlabø vart opna 29. mai 1984, og er lokalisert i den gamle smia («Smio») på gruveplanet. Her er det samla ein heil del foto og gjendstander frå gruvedrifta i tillegg til to flotte modellar av gruveområdet på Litlabø og utskipingskaia på Grunnavågsneset.

I den triveleg parken mellom gruveplanet og den ærverdige kontorbygningen frå 1910, står den restaurerte arbeidarbustaden. Huset er restaurert og fullt og heilt innreia med originalt inventar frå dei gamle arbeidarbustadene som fanst ved Stordø Kisgruber. Her kan besøkjande sjå korleis det var å leva og veksa opp midt i gruvesamfunnet i 1950-åra. Museet i smio og arbeidarbustaden er Sunnhordland Museum sitt ansvar. Både Sunnhordland Museum og Venelaget for Gruo står for omvisisng i smio og arbeidarbustaden.

Gruo 51

I parken står gruvearbeidarmonumentet, til høgre, og den restaurerta arbeidarbustaden. I bakgrunnen toppen av sjakttårnet.

Venelaget for Gruo har ved iherdig dugnadsinnsats sett i stand og lagt til rette fleire element for spennande opplevingar: På sporvidde 600 mm køyrer det vesle gruvetoget. Det nyleg restaurerte lokomotivet «Geito» trekkjer vogner med besøkjande 250 meter over uteområdet og eit stykke inn i fjellet. Jernbanen er det levande bindeleddet mellom mange av dei gamle bygningane som enno står att i Gruo. Bli med på spennande vandringar inne i dei tronge gruvegangane i fjellet, kombinert  med føredrag og soger om arbeidsmetodar og gruveslusken sin kvardag.

Venelaget 4585

Frå vandring i fjellet. Omvisar er Ivar J. Helleland i blå kjeledress.

Heishuset, som i si tid romma maskineriet for sjaktheisen, er omgjort til utstillings- og forsamlingslokale. Her har mellom anna det originale aggregatet  frå Børtveit kraftstasjon fått plass, eit komplett anlegg frå 1921 med turbin, generator, regulator og kontrolltavle. Det var Stordø Kisgruber som bygde og åtte stasjonen.

Sjakttårnet frå 1928  vert restaurert. Når arbeidet er ferdig, vil publikum få tilgang til tårnet. Innvendes er det bygt nye trapper og fire nivå med golv. Frå øvste nivå er det flott utsikt , like til brutårna i Trekantsambandet i godt vèr.

Venelaget 5629

Flott utsikt frå toppen av sjakttårnet.  Alle bileta foto Tor Resser ©

Venelaget for Gruo tek imot grupper til omvising etter avtale.

Kontaktperson: Torbjørn Marthinsen, mobil: 99499457, e-post: stiger@gruo.no