Sjakttårnet

_mg_0383-kopi_redigerad-1

Som ein kvitmåla obelisk, ruvande i terrenget og synleg mange kilometer vekke frå Litlabø, reiser sjakttårnet seg midt i gruveområdet. Bygningsmassen rundt tårnet – grovtyggjarhuset med rundtipparen og tomvognstallen – vart rivne på 1970-talet. Til all lukka fekk sjølve tårnet stå. Tårnet er eit flott minnesmerke over gruvedrifta på Litlabø. Sjaktheisen var sjølve livsnerven i gruva – opp og ned med heisen gjekk alt som skulle ut eller inn frå dei lågareliggjande etasjane i gruva. Arbeidarar vart frakta opp og ned, forbruksvarer og materiell vart frakta ned og ikkje minst: alt utskote fjell – kishaldige steinklumpar som verdilaust gråberg – vart transportert opp med heisen og tippa i eit tilbygg til tårnet.

Det første sjakttårnet på Litlabø vart bygt i tre og vart oppført i 1910. Det vart fort for lite, og dagens tårn er støypt i betong og stammar frå 1928. Årstalet prydar framveggen nesten heilt oppe mot toppen.

Venelaget 1216

Sjakttårnet før restaureringa byrja.

Venelaget for Gruo har sett inn ny dør i tårnet, bygt nye golv på kvar av etasjane eller nivåa, og i tillegg sett inn nye trapper. På alle nivåa er sjakta sikra med grinder. Arbeidet vart fullført i september 2012.

Inne i tårnet er det fire etasjar eller nivå. Frå øvste nivået er det eit flott utsyn.

Venelaget 5629

Utsikt frå toppen av sjakttårnet

På eit lågare nivå står dei to heiskorgene som alt av arbeidarar, materiell og massar i si tid vart frakta i. Korgene får stå som eit minne om den funksjonen tårnet tente.

Venelaget 1210

Dei to heiskorgene. Alle bileta foto Tor Resser