Gruva – ny turistattraksjon!

Venelaget 7771_redigerad-1

Frå omvising i Sadalen gruve. FotoTor Resser ©

Venelaget har klart å gjenopna ein del av den gamle gruva. No kan besøkjande leiast på ein spennande gruvesafari 300 meter inn i fjellet. Opplevingsturen startar med tog, og frå endestasjonen ved Høgåsen grube går ferda vidare til fots.

På vandreturen vil folk mellom anna få føredrag om arbeidslivet og kvardagen i gruva, arbeidsmetodar og gruveteknikk. Dokker i menneskestorleik kledde med gruvearbeidartøy syner gruvearbeidarar i arbeid fleire stader inne i fjellet.

Tryggleik må setjast høgt, og publikum vert utstyrte med hjelm og lys, og går i lag med guide. Ingen får gå for seg sjøl.

Utført arbeid til no
* Montert fordelingsskap, straumkablar og lysarmaturar i alle stollane der besøkjande skal takast med inn.
* Ingeniørgeolog har i august 2006 føreteke stabilitetsvurdering av fjellet i gruvegangane.
* Begge gruveopningane er gjenopna. Bak snikkarverkstaden er dessutan den gamle overbygginga og mykje lausmassar fjerna
* Lausfjell over hovudinngangen er sprengt ned og køyrt vekk, såleis at hovudportalen til gruva kjem ti meter lenger inn.
* Ny portal til hovudinngangen er støypt, var ferdig 31. august 2007.
* Gruvegangane er drenerte, slam er spylt vekk, grøftene er gjenopna og skrap fjerna.
* Hovudstraumkabel er lagt fram til den eine gruveopninga.
* Nytt jernbanespor er lagt 250 – 300 meter innover i hovudstollen.
* Lagt godt lag med grus på golvet i dei gruvegangane som er opna for publikum. Stengt sidegangar og montert opplysningsskilt.
* Lyd-anlegg med mikrofon, forsterkar og høgtalarar er motteke som gåve.
* Har skaffa sikringsutstyr som luftmålar, gjerde, skiltplater og lysande utgangsskilt.
* Spettreinsking utført. I alt 18 boltar er slegne inn der det var naudsynt, arbeidet utført i mars 2010.

Venelaget 4192

Tårnet Stasjon like ved heissjakta.

Venelaget 4334

Snø er kome ned i stoll Høgåsen gjennom stigort til dagen. Alle bileta foto Tor Resser ©