Gruvejernbanen

Venelaget 3550

Geito trekk gamle vogner.

Jernbanen er ein viktig del av eit levande og spennande gruvemuseum som kan skapa grobotn for ny turisme. Dei små toga på gruveplanet og på banen mellom vaskeriet og utskipingskaia på Grunnavågneset var eit markant innslag som mange på øya vil minnast med glede. Samstundes representerer banedrifta ein viktig del av den tekniske kultursoga.

Banen er smalspora med sporvidde 600 mm, som alltid var brukt ved Stordø Kisgruber. I første omgang har me bygt bane frå badetomta til stoll-opninga bak Snikkarverkstaden, 250 meter pluss sidespor inn til lok- og vognstallen. Vidare kan det køyrast tog 100 meter inn i stollen og 50 meter inn i stollen ved sjakttårnet. Seinare skal det byggjast bane frå transformatorstasjonen ved Storavatnet og opp til gruveplanet, ei strekning på 600 meter.

Jernbanen knyter på ein naturleg måte saman mange av dei gamle bygningane som ligg på rekkje og rad på gruveplanet og som alle fortel kvar sin del av historia frå gruvetida: Heishuset, stigerkontoret, sjakttårnet med steinknusar, smio og snikkarverkstaden. Den framtidige banen frå Storavatnet vil knyta vaskeriplanet, det tidlegare samvirkelaget, kontorbygningen og gruveparken saman med resten av museet.

Tre vogner til persontransport bygde på dugnad. I tillegg har me bygd ei spesialvogn for rullestolar. Graving, grusing og legging av sviller og skjener skjer ved dugnadsarbeid. Me har fått i gåve ei god mengde jernbaneskjener frå Nittedal Torvindustri i Solør og frå Os kommune i Hordaland. Sviller vert kappa ved Litlabø sag.

Meir detaljert om jernbanen kan du lesa i boka.

Venelaget 5133_redigerad-1

Frå venstre lok Blåmann, handikapvogn, lok Bukken, lok Geito og dei tre passasjervognene. Båe bileta foto Tor Resser ©

Lokomotiva våre:

Namn Fabrikat Byggjenr/år Type Vekt Tilstand
Geito O&K Montania 11921/1942-1943 Diesel MD2 4 t Operativ
Blåmann Levahn 476/1972 Diesel – hydrostatisk 3,5 t Operativ
Bukken Levahn 160/1953 Diesel – «6TD» 6 t Operativ
Oksen Levahn 179/1955 Diesel – «8TD» 8 t Til rep.

«Geito» er imponerande restaurert frå vrak av Matthias Richter og Feldbahnschauanlage Glossen i Tyskland. Loket er prikk likt den gamle «Geito» som gjekk på Litlabø på 1940- og 50-talet. «Bukken» er ei gåve frå Sunnhordland Kraftlag og kjem frå tunneldriving i Blåfalli i Kvinnherad. To make lok var i si tid brukte til skifting på vaskeriplanet og kaia på Grunnavågneset. «Blåmann» har me fått i gåve frå Spenncon Nordvest i Hjørungavåg, og «Oksen» fekk me frå Lommedalsbanen. Loket har opphavleg vorte brukt på Odda Smelteverk.