Heishuset

Heishuset vart oppført i 1942 og romma maskineriet for gruveheisen, inkludert dei svære tromlane som vaierane gjekk rundt, og omformaraggregat. Bygningen vart sprengt under eit kommando-raid i januar 1943, men vart bygt opp att. Diverre vart alt maskineriet fjerna då gruveområdet vart sanert på 1970-talet.

Det er slutta avtale mellom Sunnhordland Museum og Stord kommune om leige av Heishuset. Venelaget får disponera huset.

Venelaget 4860 Heishuset

Vår plan for Heishuset:
* Kjellaren skal vera magasin/lager/verkstad.
* I hovudetasjen vil me laga utstilling av større gruveutstyr, som hestekjerrer, sleder, verktøybenkar og lokomotiv m.v.
* Forsamlingslokale med m.a. minikonsertar og føredrag i hovudetasjen.
* Aggregatet frå Børtveit kraftstasjon vert stilt ut i enden av hovudetasjen.

Utført arbeid:
* Traverskrana er sett i stand. Krana har vore til uvurderleg nytte i alt seinare arbeid.
* Rydda i begge etasjane.
* Kjellargolvet er planert.
* Lysarmaturar er monterte i kjellaren.
* Vasslekkasje er tetta.
* Pallereolar er skaffa og monterte for å kunna nytta delar av kjellaren som magasin.
* I februar 2006 vart golv og veggar i hovudetasjen måla.
* Våren 2007 stod aggregatet frå Børtveit kraftstasjon ferdig montert.

Venelaget 4665

* I mai månad 2012 vart golvet rehabilitert med ny maling.

Venelaget 6589_redigerad-2

*Hausten 2014 vart det montert åtte elektriske ståleomnar til oppvarming. Elektrisk anlegg og sikrings-og styreskap  vart nytt.

* Biletgalleriet vart nytt, og langt betre for publikum.

* Dei to gamle arbeidarfanene fekk monter og heng til ustilling.

Hovudattraksjonen i bygget er naturleg nok det komplette aggregatet frå Børtveit kraftstasjon. Les meir om kraftstasjonen her.