2014

Her legg me ut informasjon og små notisar om korleis arbeidet skrid fram og om spesielle hendingar som elles finn stad i Gruo.

18. desember

Når arbeidsfolka frå Engelsen Entreprenør A/S tek juleferie fredag frå arbeidet med å rehabilitera sjakttårnet, er arbeidet innvendes kome halvveges, fortel ansvarleg for arbeidet i Venelaget for Gruo, Øyvind Koppang. I byrjinga av januar held arbeidet fram, inn til vidare. Torsdag vart det teke kjerneprøver av betongen i sjakttårnet.

Venelaget 6756

Operatør Birger Bleie køyrer boremaskinen som tek kjerneprøver av betongen i sjakttårnet.

Operatør Birger Bleie frå entreprenøren tykte prøvene såg gode ut. Det var nyta mykje stein i støypinga den gongen i 1928. Og ikkje minst, armerimgsjernet var ikkje meir rusta enn armeringsjern som vert kjøpt i dag, seier Koppang.

Venelaget 6759

Operatør Birger Bleie med den første kjerneprøven.

Venelaget 6760

Holet etter kjerneprøven. Alle bileta foto Tor Resser ©

Den største utfordringa for VfG og Koppang er kva som skal eller må gjerast med taket på sjakttårnet. Det er på det reine at det har vore påstøyp ein gong i tida, denne påstøypen held på å sleppa , og biter er falle ned. Venteleg vert det fotografering av taket med hjelp av drone for å få eit godt inntrykk av situasjonen. Ut frå det vert det teke avgjer om kva som bør gjerast.

8.desember

Arbeidet i stoll Høgåsen heldt fram der det slutta sist måndag. Grusen som vart køyrt i sporet då, vart i dag spadd ut av sporet slik at svillene er komne til syne. Overskotsgrusen vart lagt ut op sidene av sporet. I lokstallen held  arbeidet med lokomotivet Blåmann fram.

Dette var siste dugnadskvelden i år, VfG tek juleferie. Då kan det høva å ta med eit bilete at sjakttårnet som står i peparkakebyen til Stord Røde Kors på Leirvik. Ikkje mindre enn to tårn var det i byen i år. Me fall for denne utgåva der hjulet som styrte wiren frå maskineriet i Heishuset til søndre korg er tydeleg med. Dei har òg fått med h-bjelken over hjulet som var viktig ved vedlikehald. Ikkje nok med det, dei har òg fått med seg eit lokomotiv, likna mykje på det største VfG har, nemleg Oksen. Dei må ha gjort  godt førearbeid.  Sjakttårnet er laga av søskena Tveit, Malene (9 år), Henrik (7 år) og Aurora (4 år) og Angelica A. Tyse (7 år). Første gongen VfG hadde med sjakttårnet frå peparkakebyen var i 2007, seinare i 2010.

God jule til alle som følgjer VfG på heimesida vår. Me er attende i byrjinga av januar, første dugnadskvelden er 5. januar.

Pepartårn 2014 - Kopi

2. desember

Arbeidet med å leggja mørtel på armeringasstålet som er reingjord i sjakttårnet, er byrja. Arbeidet byrjar på toppen. Taket innvendes i tårnet er ferdig, tysdag føremiddag var arbeidet kome ned på golvet på øvste nivå. Som han sa Tørres Absalonsen – me arbeider oss nedover. Arbeidet er tidkrevjande og møysomeleg.  Der det i den gamle betongen syner bordgangar skal det lagast framhald av bordgangen i den nye betongen. Arbeidaren skal vera ganske så stø på neven når han dreg pussebrettet, ikkje berre ein men fleire gonger, for å få bordgangen rett. Med seg på laget hadde han Lars Lothe.

Venelaget 6753

Tørres Absalonsen pussar mørtelen.

Venelaget 6754

Stø på neven når den nye bordgangen skal leggjast. Båe bileta foto Tor Resser ©

1. desember

I lokstallen held arbeidet fram med høgre hjulet på framakslingen til loket Blåmann. Då akslingen vart teken ned sist måndag synte det seg at hjulet var laust på akslingen. I dag vart det gjort førebuingar til å festa hjulet. Det vil seia at det vert sveist til akslingen, slik det venstre hjulet er. Mellom hjula på akslingen vert det sveist avstivarar slik at hjulet som vert sveist ikkje skal vri seg.

Takluka på sjakttårnet er teke ned, skal reingjerast,  malast og få nye glas før ho vert sett på plass att.

Venelaget 6752

Wilfred Sætre til venstre og Ansgar Vedå pussar takluka.

I stoll Høgåsen vart det køyrt grus på den inste delen av skinnegangen. Inn til vidare vert det stopp i skinnelegginga her. Inn til raser er det 36 meter, 6 skinnelengder Det vert lagt på eit seinare tidpunkt. Lenger inn kjem ikkje sporet uansett.  Til å køyra grusen var det leigt ein beltegåande sjølvlastar. Arbeidet byrja måndag morgon med Richard Kvarven som maskinførar.Med seg det meste av dagen hadde han Ivar J. Helleland som la massen ut. Om ettermidagen kom Thor Haugli med i arbeidet og ein  kort periode Kim Amlien. Heile sporet vart dekka med grus slik at sjølvlastaren skulle ha breidde å køyra på. Grusen i sporet, mellom skinnene, skal gravast ut til sidene av sporet slik at svillene vert synlege. Køyring av grus heldt på til langt ut på kvelden før arbeidet var ferdig.

Venelaget 6749

Maskinførar Richard Kvarven køyrde nærast uteljande lass med grus inn på sporet. Til venstre Kim Amlien nærast og Thor Hauglid. Båe bileta foto Tor Resser ©

25. november

Arbeidet med restaurering av sjakttårnet går bra. Synleg armering i dei tre øvste nivåa i tårnet er reinhogge for betong. Sunnhordland Sandblåsing har sandblese jernet for å få bort rust. Deretter gjekk fire menn frå Engelsen Entreprenør i gang med å smørja primer på stålet.. Når området er spylt ned og reingjort, byrjar arbeidet med å støypa i for å dekkja jernet. Entreprenøren reknar med dette arbeidet tek til i slutten av veka eller byrjinga av neste.

Venelaget 6734

Jim Robin Dahl nærast og Lars Lothe smørjer primer på reingjort, synleg armeringsjern. Foto Tor Resser ©

24. november

Ny bru over Kiselva

Venelaget for Gruo har i lengre tid ønskt betre bru over Kiselva mot det kommunale industribygget. Mellom bygget og elva et eit område som kan opparbeidast til park/friområde med etter måten små midlar. Problemet med tilkomst var den gamle brua i stekt forfall. I brua går høgspentkabel og VfG vende seg til Sunnhordland Kraftlag (SKL) om kraftlaget kunne «sponsa» ny bru over elva. Dermed vart kabelen òg sikra på ein god måte. SKL fengde på idèen og sa seg viljug til å betala brua.

Arbeidet med brua vart utført av Stord Vidaregåande skule klasse 2BABYGa med Øystein Olsen som faglærar.

_MG_9527

Noah var ein av dei aller første som gjekk over den nye brua.

Måndag for ei veke sidan byrja arbeidet med å løysa og ta ned framakslingen på loket Blåmann. Denne måndagen vart akslingen teke ned. Det har lenge vore klart at noko var gale og det synte seg at det høgre hjulet var laust på akslingen. Ikkje drog det og det var fleire centimeter slark i lengderetningen. Kloke hovud skal finan ut korleis hjulet kan festast til akslingen på beste måte.

Venelaget 6719

Knut Ekse følgjer med på at akslingen løyser seg fint når loket vert heist opp.

Venelaget 6721

Torbjørn Marthinsen med den løyste akslingen. Hjulet til venstre er laust på akslingen. Alle bileta foto Tor Resser ©

 21. november

500.000 til VfG

Fredag 21. november kan stå som ein merkedag for Venelaget for Gruo. Då kom det offentlege inn med løyvingar til VfG.  På budsjettmøtet i Stord kommunestyre vart det løyvt 400.000 kroner til restaurering av Sjakttårnet. Pengane har lege i rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2015, men sikker på løyvinga er ein aldri før kommunestyret har sagt sitt.

Som om ikkje det var nok, fekk venelaget melding om at det ligg 100.000 kroner inne i budsjettet til Hordaland fylkeskommune. Budsjette er enno ikkje vedteke, men alt tyder på at midlane vert løyvt. Dermed er VfG vorte 500.000 kroner «rikare». Midlane frå Stord kommune er øyremerkte til restaurering av Sjakttårnet. Midlane frå fylkeskommunen kan VfG nytta slik laget sjølv ønskjer. Om også desse midlane skal gå inn i arbeidet med tårnet er ikkje avgjord endå.

Leiar i VfG, Ivar J. Helleand, seier at fylkespolitikar frå FRP, Sigbjørn Framnes har vore «laget sin mann» i fylket og arbeidd hardt for å få fylket til å løyva midlar til Gruo. Då fylkesutvalet hadde møte på Stord tidlegare denne veka roste også stordordførar Liv Kari Eskeland arbeidet VfG driv i Gruo.

Arbeidet med restaurering av tårnet går framover. Ei ny utfordring som er kome, er at taket på tårnet er i svært dårleg stand. Flakar av murpussen losnar og fell ned. Noko må gjerast i same rennet, mogeleg må det byggjast stillas rundt tårnet for å koma til på toppen for å få arbeidet gjort. Glasrutene i tårnet er tekne ut og i staden er det sett inn lemmar for å gje god lufting og få ut kondens som er eit problem for arbeidet innvendes.

_MG_9525

Glasrutene i tårnet er tekne ut og inn er kome lemmar for å gje luftsirkulasjon. Foto Tor Resser ©

17. november

November nermar seg slutten, dermed også tid for omvisingar i Gruo. Venelaget for Gruo har avgjort at i månadene desember, januar og februar vert det ikkje teke imot omvisingar. I november har VfG avtale om tre omvisingar mot slutten av månaden, 22., 25, og 28. november. Etter det er det slutt med omvisingar for i år.

I dei komande tre månadene vert mykje av arbeidet konsentrert om vedlikehald på det rullande materiellet. Først ut er lokomotovet Blåmann. Arbeidet er alt byrja der mellom anna framakslingen med hjul skal demonterast og justerast. Det er eit putlearbeid å få løyst aksling og hjul. ikkje minst er det trongt å koma til. Tre menn la seg på rygg og ålte seg under lokomotivet så godt dei kunne. Loket var heva frå skinnegangen i lokstallen, og sikra på forsvarleg måte.

Venelaget 6709

Knut Ekse til venstre og Fredrik Bjørnberg smyg seg så godt dei kan under Blåmann for å løysa framakslingen. På andre sida av loket ligg Torbjørn Marthinsen i tilsvarande arbeidssituasjon. Bilete Tor Resser ©

3. november

Ful fart i Heistårnet

Engelsen Entreprenør A/S har byrja arbeidet med restaurering av Heistårnet. Fire menn er i full gang med å meisla bort laus betong og betong kring synleg armering. Arbeidet er støvet og skapar mykje støy, arbeidarane er kledde i kvite, glatte spesialkjeledressar, brukar maske, briller, hjelm, høyrselvern og hanskar.

Venelaget 6692

Karane som skal restaurera Heistårnet, frå venstre Tørres Absalonsen, formann Lars Atle Huse, Svein Valen og Marek Leszczyna.

Prosjektleiar Øvind Koppang i Venelaget for Gruo  fortel at det innleiande arbeidet er byrja. Det skal gje meir detaljkunnskap om det vidare arbeidet. Skada armeringsjern vart meisla fram. Det syner seg at jernet er bra med berre overflaterust. Når gamal betong er fjerna vert jernet preima med spesialstoff før set vert støypt i på nytt. Det skal nyttast forskalingsbord for å få att den opphaveleg strukturen på betongen.

Venelaget 6690

Marek Leszczyna meislar bort betong på ei hjørnesøyle.

Venelaget 6691

Svein Valen syner armeringsjern som ligg «tett som hagl» i ei søyle, og gjer det vanskeleg å få bort betong bak. Alle bileta foto Tor Resser ©

I perioden det er arbeid i Heistårnet er området rundt, medrekna plata, gjerda inn og det er ikkje tilgjenge for publikum.

 

13. oktober

60.000,00 til VfG

Basaren i Heishuset i Gruo sundag 12. oktober gav eit overveldande overskot til Venelaget for Gruo. Heishuset var stuvande fullt  av folk, nær 200, som kjøpte lodd, kjøpte årer og drakk kaffi, saft og åt kaker. Utruleg god og høg stemning. Det gjekk tre rundar med åresal, og salet på loddboka gjekk nærast varmt, like til trekking. Vinstane var mange og fine både på loddbok og åresal. Dei to initiativtakarane til basaren, Jorunn Skaret Vedå og Ingvild Skaret Sortland, var strålande nøgde.

På dugnaden til Venelaget for Gruo måndag kveld, møtte dei opp med ein sjekk som lydde på ikkje mindre en 60.075 kroner og var sette inn på konto i banken. Damene fekk stor fagnad får dugnadsgjengen. Leiear i VfG, Ivar J. Helleland, takka på det allar hjartelegste for pengane. Han nytta òg høvet til å gje takk til alle som hadde gjeve vinstar, kjøpt lodd og møtte opp på basaren og kjøpte meir lodd og årer.

Damene var ikkje framande for at det kan verta ny basar om eitt års tid, eller to.

Venelaget 6650

Stuvande fullt i Heishuset på basaren sundag…..

$R7IU1MM

…………….

$RRZTMUD

Jorunn Skaret Vedå til venstre og Ingvild Skaret Sortland la ned eit stort arbeid for å få basaren til

$RLRP5PI

Kaker, kaffi og saft var gratis.

 

$RV0NBD8

Ei handfull årer skiftar eigar.

$RDQ3LAG

Åge Saue styrte trekkinga elektronisk. Alle bileta foto Tor Resser ©

7. oktober

Synfaring i heistårnet

Om kort tid byrjar arbeidet med å rehabilitera heistårnet i Gruo. Prosjektleiar for rehabiliteringa for Venelaget for Gruo, Øyvind Koppang, hadde med Bjørn Skorpen frå Engelsen Anlegg A/S, som skal stå føre arbeidet, på synfaring både utvendes og innvendes. Det største og mest krevjande arbeide vert innvendes. Skorpen gav uttrykk for at det vert eit omfattande arbeid som i realiteten femner om fleire disiplinar, som vil ta si tid.

$R7PKYUK

Veggen i heistårnet der døra står, er er murt med lecastein og skal fjernast. Til høgre Øyvind Koppang og Bjørn Skorpen.

$RL17TBJ

Øyvind Koppang, nærast, forklarar Bjørn Skorpen korleis arbeidet innvendes er tenkt utført. Båe bileta foto Tor Resser ©

6.oktober

Det er kome dobbelspor i Gruo. Frå sporvekslaren frå hovudsporet til lokstallen mot Smio er det lagt 12 meter parallelt sp0r. Det skal ikkje nyttast til trafikk, er ikkje kopla til hovudsporet, skal vera for utstilling av gamle vogner. Dei står i dag på enden av hovudsporet ved Gruo stasjon og skal flytast over på den nye sporet.

$RDVI0Q6

$ROZTX8T

Rune Johannessen spikra sist svilla medan Torbjørn Marthinsen passar på at sporvidda på 600 mm, vert rett.

Biletgalleriet i Heishuset har den siste tida vorte ombygt og utvida, dårlege falma bilete er laga nye. Opphenginga er gjort på ein annan måte. Galleriet er vorte mykje meir tiltalande og oversiktleg. Att står arbeid med å få tekstar til bileta, særleg der det er personar med. Primus motor for biletgalleriet har vore Svein J. Koppang medan Wilfred Sætre og Ansgar Vedå har stått for arbeidet med å montera lister.

$RCZZMQH

Å setja årstal på gamle bilete er mykje eit resoneringsarbeid. Kva tid kom det huset opp? til dømes. Frå venster Wilfred Sætre, Ivan Slaggerud, Johannes Vetås og Svein J. Koppang finn fram til årstalet, slik noko lunde, på eitt av bileta. Alle bileta foto Tor Resser ©

17. september

I slutten av mars månad i år fekk VfG formidla frå Per Ivar Tautra spørsmål frå Akershusmuseet avd. Lommedalsbanen om å overta to tømmerboggiar dei skulle kvitta seg med. VfG takka ja til tilbodet, noko Akershusmuseet sa seg glad for. Då slapp dei å gå utanlands for å verta kvitt boggiane. Endeleg, i dag kom dei til Gruo. Ting tek av og til tid. Årsakene er fleire. Først var det mykje snø i Lommedalen i vinter, det tok tid før boggiane kunne transporterast ut.  Dei v art mellomlagra i Oslo. VfG venta på leilighetsfrakt frå Oslo til Stord, og det ordna seg for ein tre vekers tid sidan. Boggiane er tunge, kring 1300 og 1500 kg., breidda er 2 meter, sporvidde 600 mm lik sporvidda på skjenegangen i Gruo. Venelaget fekk liknande boggi frå Lommedalsbanen for seks år sidan.

$RWF9DY7

 

$RVK62US

Jim Fowler med dei nye sikrings- og styringsskapa i Heishuset. Båe bileta foto Tor Resser

I Heishuset er oppgraderinga av det elektriske anlegget ferdig. Sikringsskap har fått flunkande nytt og moderne innhald , i tillegg er det montert styringsskap for dei nye varmeomnane. Til kjøkenet er det lagt opp nye kablar og monetrt fleire kontaktpunkt.

8. september

Fint vèr  i kveld. Olav Hellesfjord og Svein J. Koppang «heiv seg» på målarkostane og måla ferdig to sider, framsida og eine gavlaveggen.  «Museumsgjengen» hadde måla det meste av veggane, etter avtale.

$R6PJOB3

Svein J. Koppang nærast og Olav Hellesfjord svingar malarkostane på eine gavlveggen.

I Heishuset er det elektriske arbeid så godt som ferdig.  Ny listing til biletavdelinga er òg snart ferdig.Det vil gje plass til bileta på ein betre måte.

Heistårnet er tømt for  all «lausøyre» og gjort klart til rehabiliteringa. Når arbeidet tek til, vert området kring tårnet gjerda inn og det vert anleggsområdet med forbod med tilgjenge for publikum så lenge arbeidet går føre seg.

$RX39VI7

Knut Ekse, frå venstre, Torbjørn Marthinsen og Magne Røsland stuvar traktortilhengaren med stolar og utstyr

$RCELADV

Turen ned frå heistårnet gjekk bra på ein smal og humpet veg. Torbjørn Marthinsen hadde stø hand på rattet på traktoren medan Knut Ekse kontrollerte bak. Alle bileta foto Tor Resser ©

29.august

Denne veka tok arbeidet til med å montera varmeomnar i Heishuset. Elecon A/S har fått arbeidet med å montera åtte-ni omnar på stålwire, tre på kvar wire jamt delt får vegg til vegg. Omnane er av typen Elztrtip EZ200 og gjev infraraud stråling. Kvar omn har to varmepanel som har ein temperatur på opp til 340 grader C når dei er i drift,og gjev varme med stråling mot kaldare overflater. Oppvarming med varmestråler skal vera svært energieffektivt og skal gje høg varmekomfort. Omnane heng om lag fire meter over golv. Når dei nye omnane vert tekne i bruk, ar det slutt med det dieseldrivne varmluftaggregatet som har stått for oppvarminga til no. Aggregatet held høg støy når det er i drift.

Venelaget 6589_redigerad-1

Elektrikarane Jonas Hølland til venstre og Alexander Thunestvedt frå Elecon A/S monterer ein av omnane.

Venelaget 6590_redigerad-1

Innmaten i sikringsskapet er gamal. Jim Fowler førebur utskiftinga til ny innmat. Båe bileta foto Tor Resser ©

I tillegg skal det monterast ny innmat i sikringsskapet. Innmaten med sikringar i dag er både gamalt og nedslite. Den nye innmaten vert topp moderne med jordfeilbrytar.

Arbeidet er rekna å ta eit par veker.

25. august

Fredag 23. august kom det opp serviceskilt, som det eiter hjå vegstellet, til Stordø Kisgruber Gruvemuseum. Då mangla det berre ein månad på to år sidan Venelaget for Gruo søkte  om å få skilt for å rettleia publikum på rett veg frå Gruvevegen. Slik sett er det å takka for skiltet. Men, det er ein hake ved skiltet, det syner veg berre for dei som kjem frå Leirvik ned Stallbakken. «Baksida» for å nytta eit slikt uttrykk, for dei som kjem frå sagvågsida over vaskeriplanet, er det ikkje tilvising. Leiar Ivar Helleland sende denne meldinga til vegstellet etter at skiltet var kome opp:

Me syner til vår søknad datert 30.10.2012 og Dykkar svar datert 07.11.2012,
Referanse 2012/135725-002.

I dag kom skiltet opp, noko me er mykje takksame for!

Diverre er det berre tekst som kan lesast for besøkande som kjem Gruvevegen frå Leirvik.
På skissa me sende med søknaden, bad me om at teksten måtte kunna lesast også for dei som kom Gruvevegen frå Sagvåg.

Vonar dette er noko som snart kan rettast opp no stativet er på plass?

Me får vona at det går snøgt å få tekst  «på andre sida!

Venelaget 6568_redigerad-1

Dei som kjem ned Stallbakken vert synt til gruvemuseet med nytt skilt.

Og det gjorde det. Alt i dag måndag var skiltet på «andre sida» kome opp. No er det godt synleg også for dei som kjem frå sagvågsida over vaskeriplanet. Takk for velgjort til vegstellet.

_MG_7924 - Kopi

Kjem du over vaskeriplanet frå sagvågsida er det ikkje tvil om kor du skal ta av til gruvemuseet. Båe bileta foto Tor Resser ©

11. august

Hausten er komen etter ein fantastisk sommar. Venelaget byrja så smått etter ferien måndag for ei veke sidan.  Det var ikkje så mange til stades då, men dei som var, var sterke. I stoll Høgåsen vart den lagde skinnegangen flytta 10-15 cm ut frå rasoverbygget mot midten av gruvegangen for å gje betre plass til toget. Årsaka er nye støttestolper som skal setjast opp ved rehabiliteringa av rasovebygget. Men med rå muskelkraft vart skinnegangen flytta på ei lenge av 20-30 meter.

Venelaget 6545_redigerad-1

Rå muskelkraft vart nytta for å flytta skinnegangen, frå venstre Olav Hellesfjord,Ivar J. Helleland, Rune Johannessen og Knut Ekse.

Denne måndagen heldt arbeidet fram med å oppgradera eit rasoverbygg.  I den samanheng vart ein del skinner flytta lenger inn i stollen for å gje plass til nye stolpar.

Venelaget 6548_redigerad-1

Rune Johannessen stropper skinner for transport med loket lenger inn i stollen. Til venstre leiter Wilfred Sætre fram skinner som skal flyttast.

Venelaget 6550_redigerad-1

Skinnene er transportert lenger inn i stollen og skal lagrast til venstre der Ivar J. Helleland står, før dei vert lagt i spor lenger inn i stollen. Alle bilete foto Tor Resser ©

30. juni

Me er komne halvveges i året. Første halvår har vore ganske hektisk med omvisingar, særleg dei siste par månadene. Omvisingane byrja alt 11. januar.  og vart avslutta 20. juni. Til saman har det vore 1409 personar på omvisingar. Flest var det sjølvsagt på open dag 1. mai. Då vart det selt 690 billettar. Kor mange som var på området denne dagen, er vanskeleg å seia, men kring eitt tusen peronar, truleg. I tillegg er Heishuset leigt ut til fem tilstellingar, frå møte til 50 års dag, 99 års dag og bryllaup, til saman 194 personar.

Semesteret vart avslutta med dugnadsarbeid i stoll Høgåsen der eit rasoverbygg må rehabiliterast. Arbeidet held fram til hausten.

Venelaget 6543_redigerad-1

Wilfred Sætre til venstre og Øystein Kyvik høgg til ein stokk til rehabiliteringa av rasoverbygget. Fotot Tor Resser ©

God ferie og sommar til alle som følgjer Venelaget for Gruo på heimesidene vår. Me møtest att til hausten.

6. juni

I lengre tid har det vore problem med avløpet frå Stigerkontoret. For eit par veker sidan vart det gjort freistnad med å staka opp avløpsrøyret med det resultat at stakefjøra sette seg bom fast. Stord vatn og avlaup KF vart bodsendt, huset er kommunal eige Venelaget for Gruo leiger. Etter noko graving her og der, det var ukjent kor langt ute stakefjøra sette seg fast, vart problemområdet funne, ved det gamle stakerøyret.  Ingen visste om røyret, det låg under torva, og ikkje berre det, utan lokk på toppen. Ein gong i tida, då stakerøyret var synleg, hadde nokon fjerna lokket og fylt stakerøyret og dermed også avløpet, med stein og grus. Stakefjøra hadde kilt seg opp i stakerøyret og sett seg fast der.

Det øydelagte røyret vart fjerna, røyret reinska for grus og stein, før det vart spylt. Ut kom store mengder slam frå steinsliping etter geologiklubben som nytta Stigerkontoret nokre år før dei la ned og VfG overtok bruken av huset. Tre-fire meter nytt røyr vart sett inn for det øydelagde, og avløpet fungerer som om det var nytt. Takk til vatn og avlaup.

Venelaget 6476

Problemområdet der stakefjøra stikk opp i det gamle stakerøyret.

Venelaget 6480

Slamfullt vatn etter steinslipng vart spylt ut av avløpsrøyret. Bå bileta foto Tor Resser ©

2. juni

Det har ikkje vore dei store hendingane å snakka om sidan sist. Stort sett har det gått på forefallande arbeid og rydding. I mai månad var tre elevar frå Stord vidaregåande skule på arbeid med å mura att opninga rundt og over portalen i Høgåsen. Området har berre vore mellombels sikra for at folk ikkje skal ta seg inn i stollen. Muren vart sett opp med blokkstein, til dels ei utfordring for elevane der blokkene møtte fjellet og måtte skjerast til for å høva best mogeleg inn. Det er laga ei lita opning mellom steinane i lengderetningen for å få luftsirkulasjon gjennom muren, ikkje berre gjennom portalen.

Måndag vart det mellombels stenge teke ned og fjerna.

Venelaget 6383

Utfordring å skjera til blokka rett slik at han passar mot fjellet. Morten Naustvik styrer vinkelsliparen medan Tarjei Husby, Ole Morten Sulen og lærar Øystein Olsen ser på.

Venelaget 6385

Fredig oppsett mur

Venelaget 6444

Mellombels stenge vert fjerna, Til venstre Olav Hellesfjord, til høgre Thor Hauglid og Ivan Slaggerud bak. Oppe på portalen Fredrik Bjønnberg til venstre og Rune Markusen

Venelaget 6448

Millimeter klaring ved sporvekslaren. På loket Rune Johannessen, vidare mot høgre Torbjørn Marthinsen, Thor Hauglid og Ivan Slaggerud. Alle bilete foto Tor Resser ©

9.mai

Blåmann av sporet

Arbeidshesten lokomotivet Blåmann til Venelaget for Gruo hoppa av sporet torsdag kveld. Ordentleg vart det gjort. Ikkje berre køyreskinna hoppa det av, men òg ove styreskinna i sporskiftaren. Lokket hadde vore på oppdrag med dei tre passasjervognene med eit lag frå Conoco Philips og Kværner Stord på omvising i gruvegangane. Toget var på skinner attende til stallen, lokførar hadde pensa over frå hovudspor til sidespor stallen då loket hoppa av midt på sporskiftaren. Loket veg 3.5 tonn, det var ikkje berre berre å få det på sporet att.

Men venelaget har tusenkunstnaren Torbjørn Martinsen, som visste råd. Sjølv om han ikkje var på vaktlaget den kvelden, stilte ha snøgt på staden med tre jekkar. Saman med Rune Johannessen gjekka han loket opp slik at hjula kom klar skinna, kopla på ein ny gjekk og drog loket som då glei på treboksar, over på skinna og sette det fint ned att. Først hjula bak, deretter hjula framme. På halvannan times tid var heile operasjonen avvikla.

Venelaget 6342_redigerad-1

Loket sto godt planta utanfor skinnene midt i sporvekslaren. Loket skulle følgja sporet til høgre midt i biletet, til lokstallen.

Venelaget 6343_redigerad-1

Hjula på loket var komne på innsida av styreskinna på venstre side.

Venelaget 6345_redigerad-1

Rune Johannessen dreg det 3,5 tonn tunge loket attende på sporet.

Venelaget 6347_redigerad-1

Er bakhjula komne overt skinnene? undrast Ivar J. Helleland til høgre, Torbjørn Martinsen og Rune Johannessen som styrer løftejekken.

Venelaget 6350_redigerad-1

Rune Johannessen ser at framhjula er komne over skinneganen og Torbjørn Martinsen kan sleppa loket ned. Alle bileta Foto Tor Resser ©

2. mai

Kring 1.000 på open dag

Endå ein gong vart det full klaff for den opne dagen Venelaget for Gruo baud inn til 1. mai. Veret var strålande og ut over dagen strøymde folk til; for å køyra tog, for å få omvising inne i gruvegangane, for å få hesteskyss,  sjå seg om i Smio eller i arbeidarbustaden, som er noko annleis enn slik me bur i dag. For borna var det pilkast på ballongar, ballkast på boksar eller skattejakt i sandkassen. Og  så var det kafè i Heishuset. Damene i kafèen sto på «i hondra» heile dagen og alt som var til sals av pølser, vaflar, lappar og kaker vart selt. I Heishuset kunne publikum sjå bilete frå Gruo i gamle dagar, og nytt av året var dei to eldste fanene til arbeidarforeninga, den første frå 1910, den andre frå 1950. Utomhus hadde Seniorkorpset konsert til stor fagnad frå publikum.

Kor mange som var i Gruo torsdag veit ikkje venelaget med visse. Men det vart selt til saman 690 billettar, 349 på togtur inn i gruvegangen (Høgåsen) og ut att, og 341 på omvising i Sadalen. Med så stor interesse, seier det seg sjølv at omvisarane hadde ein travel dag. Det kan òg seiast om lok-føraren som køyrde inn i og ut frå fjellet heile dagen. At det kan ha vore eit par tre hundre som ikkje kjøpte billett til turane, er rimeleg å tru. Då er me oppe i kring eitt tusen personar. Sjølv om det er stor p-plass ved industrihuset, vert han for liten på ein slik dag.

I samband med den opne dagen hadde Stord Husflidslag ope hus i sine lokale i Kontoret og Stord Knivklubb ope hjå seg i Snikkarverkstaden.

Venelaget 6324

Yrande liv og heftig togkøyring i Gruo 1. mai.

Venelaget 6311

341 personar løyste billettar til omvising i gruvegangane. Ei av gruppene med Wilfred Sætre til høgre, som omvisar

Venelaget 6313

Hesteskyss var populært. Hesten takla all ståheien med tog og publikum på ein fin måte.

Venelaget 6319

Seniorkorpset underheldt.

Venelaget 6321

Skattejakt i sandkassen. Alle bileta foto Tor Resser ©

Sundag 27. april

Innbrot hjå Venelaget

Natt til torsdag 24. april var det innbrot i Stigerkontoret hjå Venelaget for Gruo. Innbrotet vart oppdaga laurdag 26. april. Men torsdag var det funne at det var borte to større og tre mindre sambandsradioar. At det ikkje vart sett i samband med innbrot, var at første mann til Stigerkontort torsdag fann døra open, og trudde/rekna med at siste mann onsdag hadde gløymt å låsa. Laurdag derimot vart det oppdaga at folk hadde brote opp og teke seg inn eit vindauga på baksida av huset. Forutan sambandsutstyret, er det stole kring 20 lommelykter 8,5 cm lange med diameter  2,7 cm. Lyktene er i fargane raud, blå og blank, som biletet.I tillegg er det fjerna nøkkel til arbeidarbustaden, nøkkel til smio og nøkkel til toalettet. Årsaka til at døra torsdag morgon var open, var at tjuvane hadde gått ut den vegen, men hadde ikkje nøkkel å låsa døra med.

Innbroete er alt meldt til Sunnhordland Museum, og vert meldt til Stord kommune som er eigar av bygningane, måndag.  Venteleg vert innbrotet då politimeldt.

Får nokon tilbod om kjøpa av ovannemnde gjenstandar, må dei melda frå.

Venelaget 6306

Krin 20 lommelykter av denne typen er stolne. Ver OBS om du får tilbod om å kjøpa

Venelaget 6307

To stykk sambandaradioar type Motorola og tre mindre, er stolne

Venelaget 6308

Tydeleg merke i vindaugskarmen etter brekkjarn Alle bilete Foto Tor Resser ©

Torsdag 24. april

DHLR kurs

Etter søknad fekk Venelaget for Gruo 25.000 kroner frå Sparebank 1 Stiftinga Kvinnherad til kjøp av hjartestartar og kurs. I dag torsdag vart kurset avvikla. Venelaget kontakta Stord akuttmedisinske undervisning A/S  ved Christian Andrè Balchen som leverte hjartestartar og heldt kurs i DHLR, hjarte lungeredning med hjartestartar (defibrillering). Ni medlemer frå venelaget var med på kurset, for somme nytt, for andre oppattfrsking av «gamle» kunnskapar. Ting har endra seg sidan dei eldste gjekk kurs, no er prosedyren ved HLR  30 brystkompresjonar og to innblåsingar (30-2).

Christian Andrè Balchen og medhjelparen Erlend Lundberg gjekk først gjennom teorien ved eit kurshefte i Stigerkontoret. Deretter gjekk kurset over på det praktiske i Heishuset ved å læra rett brystkompresjon, 30 kompresjonar med takt på 100 i minuttet  og to innblåsingar. Hjartestartaren (defibrillator på fagspråket) fortel om framgangsmåten ved bruken, når det skal gjevast elektrosjokk eller når det ikkje skal gjevast sjokk. Brystkompresjonen med innblåsin går ove ein periode på tre minuttar før hjartestartaren koplar seg inn att. Tre lange minuttar, for den som driv kompresjon, tungt arbeid for den urøynde. Kurset var lærerikt for deltakarane.

Venelaget for Gruo har hjartestartar til bruk, dersom ulukka skulle koma. Men medlemene vona sterkt at det ikkje kjem ein slik situasjon.  Likevel, det vert oppfriskingskurs ein gong i året, for å halda kunnskapen ved like.

Venelaget 6251

Teoridelen var i Stigerkontoret.

Venelaget 6255

Christian Andrè Balcen syner stabilt sideleie på Ivar J. Helleland. Bak frå venstre Knut Ekse, Olav Hellesfjord, Ivan Slaggerud, Richard Kvarven, Else Berit Helle, Øyvind Koppang, Kenneth Johannesen og medinstruktør Erlend Lundberg.

Venelaget 6256

Ivan Slaggerud driv brystkompresjon medan Ivar J. Helleland er klar med innblåsingsmaska.

Venelaget 6258

Instruktør Christian Andrè Balchen gjev rettleiing til Kenneth Johannesen, Else Berit Helle driv brystkompresjon medan Øvind Koppang til venstre gjer klar hjartestartaren. Alle bilete foto Tor Resser ©

Torsdag 10. apri

Konteinerbil med grabb og tilhengar frå Norscrap Karmøy A/S stillte i Gruo torsdag føremiddag for å henta jarnskrap som vart kassert. På dugnadane dei siste par måndagane var det plukka fram og merka skrap som skulle bort frå området, òg noko gamalt skinnemateriell frå stoll Høgåsen som måtte vika for nytt spor. Eir par offshoretrappar fòr med, saman med ein god del rekkverk til trapper som er plukka frå kvar andre der venelaget har teke vare på trinn og vangar. Til saman vart det levert 9.360 kg tonn skrapjarn frå venelaget.

Når først bil med grabb var på staden, vart det òg plukka fram ein del  brukbart materiell som har lege meir eller mindre bortgøymt, og delvis overgrodd av gras op gamalt lauv, mellom anna ei dreieskive som venelaget fekk frå Lommedalsbanen for nokre år sidan. Skiva vart lit hardhendt handsama. Det førte til at ho vart opna og ligg no lett tilgjengelg for reingjering og bruk, i påkomne tilfelle.

Venelaget 6238

Graben plukka småting med «nensam hand».

Venelaget 6243

To offshoretrapper hamna i skrapet

Venelaget 6245

Dreieskiva vart plukka fram frå graset. Alle bilete foto Tor Resser ©

 

Måndag 7. april

Ryddesjauen hjå Venelaget for Gruo har gått dei siste måndagane, dei to siste vesentleg på uteområdet.Den store «skogen2 av berberisbuskane ved vegen opp frå parken til planet er bokstaveleg talt røska opp med rota. Thorbjørn Marthinsen slo kjetting rundt nede ved rota, og nytta eigen traktor til å dra buskane opp. Somme av buskane hadde eit så kraftig rotsystem at ekstra jekk på fire tonn måtte vara med på prosessen, men då vart overmakta for stor. Berberisen er ein ekkel busk som mange «stikkara» noko Thorbjørn fekk kjenn då ha ålte seg inn under busken med kjettingen.

Dei to SIM-konteinarane vart fylt opp med all slag skrot og rask. Mellom anna fòr restane, vindaugo og dører, frå «Leirvikhuset» i konteinaren. Dermed er det ikkje meir att av huset som i mange år låg lagra i noverande vognstall, men vart rydda ut der frå for eit par år sidan.

Venelaget 6218

Store og gjenstridige berberisbuskar måtte vika for traktorkjetting og ekstra jekk, til høgre Rune Johannesen med jekken.

Venelaget 6225

Opnare og lysare når buskane er borte.

Venelaget 6233

Siste rest av «Leirvikhuset» går i konteineren. Richard Kvarven til venstre og Ivar J. Helleland styrer vindauget mot enden. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 24. mars

Måndag vart dagen med ryddesjau. Oppgraderinga av Heishuset er så godt som ferdig, utvendes nyfuga , innvebdes vaska og måla. Arbeidet vart eit storarbeid med Øvind Koppang som primus motor. Att ståpr berre små detaljar, finpussen for å seia det slik. Måndag vart kjellaren i Heishuset rydda for ein bråte med ting og tang som ikkje er i bruk. Mellom anna ein god del gamle bussete som vart nytta i ein tidleg fase i personvognene. Der vart det i staden montert benker som gjer at fleire kan reisa med toget. Ein gamal feiemaskin, mellom anna, vart demontert, med tvang, og hamna i conteineren.

I stoll Høgåsen vart nota som vart nytta til sprenginga, rydda ut. Vidare vart arbeidstralla lasta full, og vel så det, med gamle sviller som måtte vika plassen for det nye sporet. Alt hamna i conteineren.

Venelaget 6203

Ivan Slaggerud nærast og Ivar J. Hellend ryddar reol i kjellaren i Heishuset.

Venelaget 6211

Arbeidstralla vart lasta med gamle sviller som vart hivne i conteiner. Lokførar er Rune Johannesen.

Venelaget 6212

Til slutt vart arbeidstralla så nedlasta at Olav Hellesfjord måtte hjelpa med å dra. Alle bileta foto Tor Resser ©

Torsdag 27. februar

I stoll Høgåsen har det lege fleire store steinar like inn til jernbanesporet. To av steinane ligg kring 50 meter innanfor Høgåsen stasjon, tre steinar kring femti meter endå lenger inne. Olav Hellesfjord hadde tidlegare vore i samtale med Engelsen Anlegg A/S om mogeleg å sprenga steinane. Skytebas i firmaet, Kjell Kristian Olsen, vurderte saka som enkel. Torsdag stilte han med turvande remediar, og på eit par timars tid, var arbeidet gjort og steinane sprengt, eller kaka som somme seier. Ein heller vanleg måte å knusa uhandterlege steinar på.

Skytebas Olsen bora hòl i kvar stein, djupne på kring helvta av tjukna på steinane. Korkje lampepunkt eller det gamle, rusta luftrøyret som heng langs den motsette veggen i stollen, vart skada ved sprenginga. Til overdekning nytta han kassert merd frå lakseanlegg, To av dei tre inste steinane vart sprengt i ein eingong, det same med dei to ytste. No er det for venelaget å ryddja sporet reint for stein.

Engelsen Anlegg A/S tok kostnadene med arbeidet og Venelaget for Gruo takkar hjarteleg .

Venelaget 6164

Dei tre steinane lengst inne i stollen.

Venelaget 6166

Skytebas Kjell Kristian Olsen borar hòl i ein av steinane.

Venelaget 6170

Ikkje store dynamitten som skal til for å kaka steinen.

Venelaget 6173

Olav Hellesfjord fyller sand over hòlet med dynamitten.

Venelaget 6174

Kjell Kristian Olsen legg overdekning med kassert not frå laksemerd.

Venelaget 6179

Skytebasen trykkjer på knappen til ei av salvene.

Venelaget 6182

Steinen er kaka og sprenginga var vellukka. Alle bilete foto Tor Resser ©

Måndag 24. januar

Oppussinga av Heishuset innvendes er kome godt i gang. Arbeidet byrja så smått for to veker sidan. Alt på veggene vart plukka ned, isopor bileta var sett fast til skrella av og dei same veggene vart plata. Muren vert skrubba og støvsugt for å verta mest mogeleg reine før praimer vert smurt på. Over to av vindaugo var murpussen så dårleg at han måtte takast bort og ny mørtel leggjast på. Opninga ved trappa ned til kjellaren er bygt att. Vindaugo er vaska og gesimsen der kranbanen går, er reingjort. Maling av veggene er byrja.

Venelaget 6139

Isoporen er reinska frå veggene.

Venelaget 6145

Rune Johannesen nærast og Richard Kvarven monterer stelling. Til venstre Øyvind Koppang

Venelaget 6143

Richard Kvarven støvsyg veggen.

Venelaget 6148

Øvind Koppang legg ny mørtel over eitt av vindaugo.

Venelaget 6156

Opninga over trappa ned til kjellaren er kledd att og Thor Hauglid til høgre og Ansgar Vedå malar kassen

Venelaget 6159

Knut Ekse praimar før maling Alle bilete foto Tor Resser ©

Måndag 17. februar

 ÅRSMØTE 17.02.2014

 HEISHUSET

 34 medlemer møtte

 Opning ved leiar Ivar Helleland.

 Saker:

 1) Godkjenning av innkalling og dagsorden.

 Ingen merknader.

 2) Val av ordstyrar og referent.

 Ivar Helleland vald til ordstyrar,

 Svein J. Koppang vald til referent.

 3) Årsmeldig/Rapport om arbeidet i laget i ord og bilete.

 Tor Resser gav ei grundig orientering om arbeidet i laget året 2013.

 Han synte DVD med flotte bilete frå dugnadsgjengen sin ulike gjeremål.

 Årsmelding/»Året 2013 i korte trekk « er sendt medlemene saman med innkalling til årsmøtet.

 Pr. dato har dugnadsgjengen passert 37000 dugnadstimar.

 Årsmeldinga vart godkjent.

 4) Årsrekneskap for 2013

 Sigmund Lorentsen gjorde nærare greie for dei ulike postane.

 Rekneskapen godkjend av revisor Helge Ottesen. Stor takk til revisor for hjelp og støtte.

 Rekneskapen godkjend av årsmøtet.

 5)Val.

 Leiar: Ivar Helleland

 Kasserar: Sigmund Lorentsen; ny

 Skrivar : Svein Koppang

 Dugnadsleiar: Olav Hellesfjord

 Varaleiar: Øyvind Koppang; ny

 Varamedlem: Ivan Slaggerud;ny

 Ymse.

 Venelaget for Gruo har saman med Sunnhordland museum og Stord kommune fått tildelt

 3-åreg LivOGLyst-prosjekt; Vitalisering av Gruveområdet på Litlabø,samt skapa felles identitet i bydelane Sagvåg/Litlabø .Av 20 søknader fekk tre tildelt 3-åreg prosjekt!

 Else Berit Helle informerte om prosjektet.

 Øyvind Koppang har sagt seg villeg til å vera med i valnemnd til neste årsmøte. Øyvind har gjort ein stor dugnadsinnsats med å sortera/registrera teikningar frå arkivet til Stordø Kisgruber.

 Øyvind står også i brodden for å skaffa pengar til storvøla på tårnet.

 Kvelden vart avslutta med kaffi, kaker og prat.

 Stord,17.02.2014

 Svein J. Koppang, Ivar Helleland, Olav Hellesfjord, Trine Kyvik

 -referent-

Venelaget 6152

34 medlemer møtte til årsmøtet i Heishuset måndag. Møtet vart leia av Ivar Helleland med ryggen til.

Som det går fram av biletet, er arbeidet med å renovera Heishuset innvendes teke til.

Venelaget 6153

Kasserar Sigmund Lorentsen la fram eit rekneskap med solid overskot. Båe bileta foto Tor Resser ©

Fredag 7. februar

Dei siste par veken har venelaget hat fleire omvisingar. Den første  var i veke fire for ein delegasjon frå Norsk Arbeidsmannsforbund. I veke fem hadde venelaget Stord Fitjar Lionsklubb på vitjing.

Venelaget 6133_redigerad-1

Omvisar Olav Hellesfjord i blå jakke, med Stord Fitjar Lionsklubb på «plata» i Sadalen gruve.

 

Venelaget 6137_redigerad-1

Kommunikasjonssjef ved Kværner Stord Alf Terje Myklebust til høgre, var einaste representant frå industrien som møtte til synfaringa, her i tårnet. I midten Johanne Øvstebø Tvedten frå Sunnhordland Museum. til venstre prosjektleiar for tårnet Øyvind Koppang. Båe bileta foto Tor Resser ©

Seinare i veka hadde VfG bede inn industri og næringsliv til informasjon og omvising med tanke på «kronerulling» til rehabilitering av heistårnet. Berre ein representant frå industrien møtte; kommunikasjonssjef Alf Terje Myklebust frå Kværner Stord. Han vikarierer i stillinga for Odd Naustdal som er ute i farspermisjon. I tillegg møtte Håkon Frode Særsten frå Stord kommune.

For venelaget vart det eit vonbrot at industrien og næringslivet synte så lita interesse for informasjonsmøtet. Fleire frå industrien har tidlegare ønskt å få sjå anlegget i Gruo, men møtte ikkje opp då dei fekk innbyding. Likevel, Myklebust hadde med seg tilsegn om 100.000 kroner frå Kværner Stord. Då kan me sjå det historiske i gåva, den største industriarbeidsplassen i dag støttar opp om det som i si tid var den største industriarbeidsplassen i kommunen. Venelaget for Gruo takka på det hjartelegste for gåva.

Stord kommune står som eigar av gruveområdet og har dermed òg eit ansvar for tårnet. I den kommunale verditaks dagsett til 30. november 1971, i samband med saneringa av området, heiter det:

Heistårnet, betongbygg, treng ikkje sanerast. Bør stå som minne frå gruvetida.

VfG sin prosjektleiar for rehabilitering av heistårnet, Øyvind Koppang, skriv i presentasjonen av tårnet at i dag kan tårnet trygt karakteriserast som eit monumet over starten på industri og næringssoga i Stord kommune, og ein bauta på Litlabø.

Rehabiliteringa av heistårnet vert eit omfattande arbeid og er førebels stipulert til ein kostnad på 1,5 mill. kroner.

Måndag 20. januar

Særleg mykje nytt har det ikkje vore å melda om sidan sist. I stoll Høgåsen vart det grusa på det nylagde sporet. Ein god del lengder vart pakka i grus.

Fasaden på Heishuset er snart ferdig nyfuga. Måndag vart det vedteke at huset skal totalrenoverast innvendes. Veggene skal vaskas ned og målast. Eit ganske omfattande arbeid, men på «heildagsdugnad» vart det rekna med at arbeidet kan gjerast på ei vekes tid. Arbeidet skal gjerast i februar månad, men om det vert før eller etter årsmøtet 17. februar, er ikkje avgjort. Golvet fekk nytt slitedekke for eit par år sidan. Det held godt og skal ikkje gjerast noko med

Måndag 6. januar

Godt nytt år til alle. Ja, så er me i gang att etter ein lang pause. Anleget fann me i same stand som då me gjekk frå i byrjinga av desember i fjor. Sjølv med mykje regn sidan sist, var det uvanleg turt  både i tårnet og i dei store hallane, særleg Høgåsen. Det skriv me truleg på vinden, for det har blese mykje og kraftig dei siste vekene.

I stoll Høgåsen vart trasèen for spor vidare innover justert og jamna måndag.

Omvisingssesongen byrja tidleg i år. Alt laurdag 11. kjem en første pulja. Dei som skal tinga tid for omvisingar må merkja seg at det no er vorte nye rutinar. E-postadressa er ny, stiger@gruo.no.. Telefonnr. er òg nytt, 48000967. På telefon når de berre folk måndagar frå kl.1200 til kl 2100 og torsdagar frå kl.1000 til 1400

Venelaget 6116

Grusen vert grove ut av transportvogna og ned på sporet. Til venter Thor Hauglid, til høgre Magne Røssland, i vogna Ivar J. Helleland og aller bakarst lokførar Richard Kvarven Bilete: Tor Resser ©

.

 

  • 2014
  • 2013
  • 2012
  • 2011
  • 2010
  • 2009
  • 2008
  • 2007
  • 2006