Omvisingar

Publisert: 7.04.16

Lag, organisasjonar, skuleklassar, barnehagar og andre kan få omvising i Gruo. Minste gruppe 10 personar. Full pakke omvising er først informasjon om det tidlegare gruvesamfunnet på Litlabø og korleis oppveksten for borna som budde der, var . Deretter vert det togtur inn i Høgåsen og vandring i gruvegangane med forteljar. Heile omvisinga med orientering og vandring tek eit par timar. For barnehagar vert opplegget noko kortare då togtur i fjellet nok er det kjekkaste. Grupper betalar kr. 200,00 for kvar person for full pakke. Barnehagar og skuleklassar kr. 500,0 for kvar klasse og lærar(ar) med informasjon, togtur og utvalde  stollar. Skuleklassar på kveldstid kr. 500,00 , i tillegg kr. 100,00 for vaksne følgje og kroner 50,00 for born.

Ta med varme klede då temperaturen i gruvegangane er frå tre til fem grader.

Kontaktperson: Richard Kvarven, mobil  92682452 eller Torbjørn Marthinsen, mobil: 99499457, e-post: stiger@gruo.no

Ver tidleg ute med spurnader/tingingar.

OBS Ver merksam på at Venelaget for Gruo ikkje tek imot omvisingar i månadene desember, januar og februar.

Venelaget 6569_redigerad-1

Kjem du ned Stallbakken og rett over brua ser du dette skiltet. Kjem du frå Sagvåg over vaskeriplanet ser du skiltet frå andre sida like forbi «brakkebyen» Foto Tor Resser ©